St.prp. nr. 6 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltaking for EØS/EFTA-statane i EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006)

Til innhaldsliste

4 Konstitusjonelle tilhøve

Ettersom den norske deltakinga vil verte finansiert over eit tidsrom på fire år, må Stortinget gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. Island og Liechtenstein har ikkje tilsvarande trong for slike prosedyrar i denne saka. Ei avgjerd i EØS-komiteen kan ikkje ta til å gjelde for EØS/EFTA-statane før alle dei naudsynte meldingane om at konstitusjonelle prosedyrar er avslutta, er mottekne.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda og gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane å ta del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda er teken i EØS-komiteen, som eit samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Då vil det ikkje vere naudsynt å ta noko atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at utkastet til avgjerd i EØS-komiteen vil verte endra. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som vert lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.