7 Vurdering
Hovudmålet med avgjerda om å skipe eit program om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006) er å støtte opp under sysselsetjingsstrategien til Det europeiske fellesskapet. Målsetjingane i sysselsetjingsstrategien til EU er i hovudsak samanfallande med norske mål på området. Særleg interessant er dei ulike prosessane i EU for utveksling av informasjon og god praksis, og utvikling av metodar og instrument for oppfølging og vurdering av strategien.
Det er nyttig for Noreg å ta del i programmet fordi det gjev norske styresmakter og organisasjonar tilgang til den metode- og kunnskapsutviklinga som finn stad innanfor ramma av sysselsetjingsstrategien til EU. Deltaking i programmet vil gjere det mogleg å ta del i utveksling av røynsler og god praksis på sysselsetjingsområdet. Samstundes gjer deltakinga i programmet det mogleg for Noreg å synleggjere Noreg som aktør og samarbeidspartnar i EØS-området. Arbeids- og administrasjonsdepartementet rår difor til at Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006) i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.