3 Nærmare om EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga
Aktivitetane under sysselsetjingsprogrammet skal medverke til gjennomføringa av sysselsetjingsstrategien. Tiltak som kan finansierast gjennom programmet omfattar mellom anna:
analyse og vurdering av utviklingstrekk og rammevilkår for sysselsetjingspolitikken;
tiltak som er til støtte for vurderinga til medlemsstatane av deira eigne handlingsplanar for sysselsetjing. Desse tiltaka omfattar mellom anna deltaking frå partane i arbeidslivet og lokale og regionale styresmakter i gjennomføringa av sysselsetjingspolitikken;
vurdering av verknadene av sysselsetjingsstrategien, medrekna analyse av tilhøvet mellom sysselsetjingspolitikken og den generelle økonomiske politikken, samt andre politikkområde;
samle og dele røynsler frå medlemsstatane, medrekna utveksling av best mogleg praksis, for å utvikle politikken vidare ut frå dei røynslene som er gjorde;
teknisk og vitskapleg arbeid for å utvikle felles kvalitative og kvantitative indikatorar, betring og utfylling av statistikkar som kan jamførast, referansemåling og utveksling av informasjon om best mogleg praksis;
oppfølging av sysselsetjingspolitikken til medlemsstatane, særleg gjennom Det europeiske senteret for observasjon av sysselsetjinga.
Under alle desse aktivitetane skal det rettast spesiell merksemd mot grupper som er utsette i høve til deltaking i arbeidslivet. I tillegg skal det leggjast vekt på å sikre likestilling mellom kjønna, særleg med omsyn til like høve for kvinner og menn i arbeidslivet og med omsyn til å kunne kombinere arbeidsliv og familieliv.
Programmet skal forvaltast av ein eigen programkomité som skal gje nærmare retningslinjer for mellom anna utveljing av dei aktivitetane som skal få finansiell støtte og kriterium for publisering og spreiing av resultat.
Deltakinga i programmet er open for EØS/EFTA-statane gjennom EØS-avtala. I tillegg er deltakinga open for dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa, for Kypros, Malta og Tyrkia og for andre middelhavsstatar som samarbeider med EU innanfor rammene av tilhøvet mellom EU og desse statane.