2 Nærmare om sysselsetjingspolitikken til EU
Sysselsetjingspolitikken til EU har heimel i artikkel 125-130 i Amsterdamtraktaten, som tok til å gjelde i 1999. Men alt på møtet i Det europeiske rådet hausten 1997 vart det fastsett å setje i verk sysselsetjingsstrategien til EU, den såkalla Luxembourg-prosessen. Denne prosessen inneber at medlemsstatane fastset felles mål og retningslinjer, og rapporterer om gjennomføringa av sysselsetjingspolitikken sin i årlege handlingsplanar. På grunnlag av Kommisjonen si gjennomgåing av handlingsplanane til medlemsstatane kan Rådet kome med tilrådingar om tilhøve som det meiner kan betrast i politikken til medlemsstatene.
Under møtet i Det europeiske rådet i Lisboa våren 2000 vart EU-statane samde om eit nytt strategisk mål for EU for det komande tiåret. Målet er å gjere EU til den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien, med fleire og betre jobbar og auka sosial samhøyrsle. Dette målet skal oppnåast gjennom tiltak innanfor ei rekkje ulike politikkområde, der sysselsetjingspolitikken har ei viktig rolle. Til saman er dette kjent som Lisboa-strategien. Målsetjingane for Lisboa-strategien på arbeidslivsområdet vert mellom anna følgde opp gjennom sysselsetjingsstrategien.
Sysselsetjingsstrategien er ikkje ein del av EØS-avtala, men område som vert omfatta av strategien, som til dømes arbeidskraftsmobilitet, arbeidsrett, likestilling og helse- og tryggleik på arbeidsplassen, er omfatta av EØS-avtala.