5 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking frå EØS/EFTA-statane i EU-programmet for å stimulere sysselsetjingspolitikken vil EØS-komiteen vedta ei endring av artikkel 15 i protokoll 31 i EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar det nye sysselsetjingsprogrammet (2002-2006). I innleiinga til utkastet til avgjerd vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga og visse protokollar i avtala. Vidare vert det slått fast at avtalepartane skal utvide samarbeidet til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1145/2002/EF av 10. juni 2002 om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga.
Artikkel 1 i utkastet slår fast at denne avgjerda vert teken inn i protokoll 31 artikkel 15 nr. 5 og nr. 8 i EØS-avtala.
Artikkel 2slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har fått den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.