St.prp. nr. 65 (2007-2008)

Om trygdeoppgjeret 2008

Til innhaldsliste

4 Nærare om utviklinga i grunnbeløp og løner dei seinare åra

Tabell 4.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for pensjonistar i folketrygda og lønstakarar i perioden 2002 - 2007. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.

Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløpet, minstepensjonane, gjennomsnittleg alders- og uførepensjon og inntekta for lønstakarar. Prosentvis endring frå året før og gjennomsnittleg endring per år 2002 - 2007.

  200220032004200520062007Endring per år 2002-2007Endring 2002-2007
Grunnbeløp5,25,13,93,33,55,384,423,1
Minstepensjon for einslege5,25,13,93,33,55,384,423,1
Minstepensjon for ektepar/sambuande5,27,46,14,94,05,385,531,0
Alderspensjon i gjennomsnitt16,26,65,44,84,86,485,731,5
Uførepensjon i gjennomsnitt7,06,73,33,93,75,425,025,1
Lønstakarar i alt5,74,53,53,34,15,44,222,6
Industriarbeidarar i NHO- området5,03,53,63,43,65,53,921,2
Statstilsette5,94,33,73,44,55,14,222,8
Kommunetilsette6,04,43,83,44,14,84,122,0

1 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapen.

Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2008: 10 og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Pensjonane til den einskilde aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Gjennomsnittleg pensjon har auka med meir enn grunnbeløpet. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon. Pensjonane for ektepar og sambuande auka sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003-2006. Årsaka er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Som det går fram av tabellen, er den gjennomsnittlege auken i grunnbeløpet og pensjonane for dei einslege minstepensjonistane i perioden 2002-2007 på 4,4 prosent, som er 0,2 prosentpoeng meir enn tilsvarande utvikling for lønstakarar i alt i same tidsrom. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare av di grunnpensjonen blei trappa opp.

Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Dei viser mellom anna utviklinga av minstepensjonane frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra. Denne utviklinga vil halde fram dei neste åra som følgje av planen for opptrappinga av særtillegget som partane blei samde om i trygdeoppgjeret i år.