6 Krigspensjonering
Staten dekkjer utgiftene til krigspensjon etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25).
Under kap. 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2008 løyvd respektive 215 mill. kroner og 517 mill. kroner.
Etter ei tilleggslov av 29. juni 1951 nr. 34 skal krigspensjonane regulerast like mykje som statspensjonane, dvs. i takt med grunnbeløpet i folketrygda. Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Auken i særtillegget vil gi auka samordningsfrådrag for ein del krigspensjonistar. For 2008 blir det rekna med meirutgifter på 3 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 8 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 11 mill. kroner for 2008.