St.prp. nr. 65 (2007-2008)

Om trygdeoppgjeret 2008

Til innhaldsliste

9 Ytingar til yrkesretta attføring

Løyvinga for 2008 under kap. 2653 Ytingar til yrkesretta attføring er på 10 484 mill. kroner fordelt med 9 413 mill. kroner til attføringspengar og 1 071 mill. kroner til attføringsstønader.

Attføringspengar

Med utgangspunkt i eksisterande informasjon om utbetalingane hittil i år og overslag på utbetaling­ane ut året, blir det rekna med eit meirbehov under attføringspengar på 323 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga for 2008 under kap. 2653 Ytingar til yrkesretta attføring, post 70 attføringspengar med 323 mill. kroner.

Attføringsstønader

Endringa i grunnbeløpet rører i første rekke ved stønad til hushaldsutgifter. Den sentrale faktoren i ordninga med stønad til hushaldsutgifter er ein levekostnadsfaktor som skal dekkje andre utgifter enn buutgifter.

Levekostnadsfaktoren blir sjablongberekna på bakgrunn av veksten i konsumprisindeksen. Per 1. september 2008 blir satsane i levekostnadsfaktoren auka til:

  • 5 670 kroner per månad for trygda, ein auke på 170 kroner.

  • 3 400 kroner per månad for ektefelle, ein auke på 100 kroner.

  • 6 200 kroner per månad for kvart barn, ein auke på 60 kroner.

Tilskottet kan maksimalt utgjere 5 670 kroner per månad, ein auke på 170 kroner. Stønadsbeløp på under 100 kroner per månad blir ikkje utbetalt.

Stønaden til hushaldsutgifter under yrkesretta attføring er under avvikling, jf. lovendringa om nye berekningsreglar som blei innført med verknad frå 1. januar 2002. På bakgrunn av dette er det få personar som no mottek stønad til hushaldsutgifter.

Budsjettverknaden på kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 71 attføringsstønad er rekna å vere så låg at det ikkje gjev grunnlag for å endre løyvinga for 2008.