St.prp. nr. 66 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering (2007–2013)

Til innhaldsliste

2 Rådsvedtak av 5. mars 2007 om fastsetjing av ei finansieringsordning for sivil krisehandtering (2007/162/EF, Euratom)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 308,

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske atomenergifellesskapet, særleg artikkel 203,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet 1 og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I medhald av artikkel 3 nr. 1 bokstav u) i EF-traktaten skal verksemda til Fellesskapet omfatte tiltak på området sivil krisehandtering.

  2. For dette føremålet vart det ved vedtak 2001/792/EF, Euratom 2 skipa ei fellesskapsordning for å styrkje samarbeidet om hjelpeaksjonar innanfor sivil krisehandtering (fellesskapsordninga).

  3. Rådsvedtak 1999/847/EF av 9. desember 1999 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing 3 slutta å gjelde 31. desember 2006.

  4. Det må skipast ei finansieringsordning for sivil krisehandtering (heretter kalla «finansieringsordninga») som gjer det mogleg å gje økonomisk hjelp, både for å medverke til ein meir effektiv innsats ved større katastrofesituasjonar, særleg i samanheng med vedtak 2001/792/EF, Euratom, og for å styrkje førebyggjande tiltak og vernebuingstiltak ved alle former for katastrofar, både naturlege og menneskeskapte, ved terrorhandlingar, medrekna kjemiske og biologiske terrorhandlingar, og terrorhandlingar knytte til stråling og kjernekraft, og ved teknologiske ulukker, strålingsulukker eller miljøulukker, medrekna vidareføring av tiltak som før var gjorde i medhald av vedtak 1999/847/EF.

  5. For å sikre kontinuiteten med vedtak 1999/847/EF bør dette vedtaket nyttast frå 1. januar 2007.

  6. Finansieringsordninga vil sikre at den europeiske solidariteten med statar som vert råka av større katastrofesituasjonar, får eit synleg uttrykk ved at det vert stilt støtte til rådvelde gjennom mobilisering av hjelpeaksjonsmiddel i medlemsstatane.

  7. På grunn av dei geografiske, topografiske, sosiale og økonomiske tilhøva sine har dei isolerte og mest fjerntliggjande regionane eller øyane og einskilde andre område i Fellesskapet ofte visse særtrekk og særskilde krav. Desse særtrekka har negative verknader som gjer det vanskeleg å kome fram til dei med hjelp og innsatsgrupper, og gjer det naudsynt med særlege tiltak dersom det ligg føre ein alvorleg risiko for ein større katastrofesituasjon.

  8. Dette vedtaket bør ikkje røre ved tiltak som høyrer inn under europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1717/2006 av 15. november 2006 om fastsetjing av ei stabilitetsordning 4 , folke­helsetiltak som er vedtekne i medhald av fellesskapsregelverket om fellesskapshandlings­program på helseområdet, eller forbrukarverntiltaka som er vedtekne i medhald av europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1926/2006/EF av 18. desember 2006 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram på området forbrukarpolitikk (2007-2013) 5 .

  9. Av omsyn til samanhengen bør dette vedtaket ikkje omfatte tiltak som høyrer inn under rådsavgjerd 2007/124/EF, Euratom av 12. februar 2007 om fastsetjing, for tidsrommet 2007–2013, av særprogrammet «Førebygging, vernebuing og konsekvenshandtering av terrorisme og andre tryggleiksrelaterte risikoar» 6 som ein del av det allmenne programmet om tryggleik og vern av fridommar, eller tiltak som er knytte til trygging av lov og orden og til vern av den indre tryggleiken.

  10. Dette vedtaket bør ikkje nyttast på verksemd som er omfatta av rådsforordning (EF) nr. 1257/96 av 20. juni 1996 om humanitær hjelp 7 .

  11. Ettersom europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2850/2000/EF av 20. desember 2000 om fastsettelse av en fellesskapsramme for samarbeid om utilsiktet eller tilsiktet havforurensning 8 slutta å gjelde 31. desember 2006, bør dette vedtaket gjennom fellesskapsordninga omfatte innsats i tilfelle katastrofar med utilsikta havureining. Dei førebuande aspekta og vernebuingsaspekta bør omfattast av andre rettsakter, t.d. europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1406/2002 av 27. juni 2002 om opprettelse av et europeisk sjøsikkerhetsbyrå 9 .

  12. For å sikre at finansieringsordninga verkar på ein fullgod måte bør dei tiltaka som får tildelt finansiell støtte, ha potensial til å kunne medverke på ein praktisk og snøgg måte ved førebygging av og vernebuing ved katastrofesituasjonar og med innsats ved større katastrofesitua­sjonar.

  13. Fellesskapsordninga bør støttast av eit effektivt og integrert system for oppdaging og tidleg varsling som kan varsle medlemsstatane og Fellesskapet om katastrofar eller katastrofetrugsmål som kan få verknader for territoriet til medlemsstatane. Sjølv om avgjerder om skiping av slike system bør takast i medhald av andre særskilde ordningar, bør finansieringsordninga — ettersom fellesskapsordninga òg er ein brukar — medverke til at slike system vert skipa ved å melde frå om kva som trengst, og ved å sikre at systema både er kopla saman med kvarandre og knytte til fellesskapsordninga. Straks desse systema er på plass, bør fellesskapsordninga utnytte dei fullt ut og medverke til at dei vert utvikla vidare med alle dei midla som elles finst tilgjengelege i medhald av dette vedtaket.

  14. Kommisjonen bør syte for høveleg logistikkstøtte til dei sakkunnige som han sender ut i samband med vurdering og/eller samordning.

  15. Medlemsstatane har ansvaret for å syte for utstyr og transport i samband med den hjelpa som dei gjev til sivil krisehandtering innanfor ramma av fellesskapsordninga. Medlemsstatane bør òg syte for høveleg logistikkstøtte til dei innsatsgruppene eller –einingane som dei sender ut.

  16. Kommisjonen har likevel ei rolle å spele når det gjeld å støtte medlemsstatane ved å leggje til rette for at medlemsstatane kan samle ressursane sine når det gjeld transport og utstyr. Kommisjonen vil òg kunne hjelpe medlemsstatane med å identifisere og lette tilgangen deira til transportressursar som kan vere tilgjengelege frå andre kjelder, medrekna den kommersielle marknaden. Kommisjonen vil kunne hjelpe medlemsstatane med å identifisere utstyr som kan stillast til rådvelde frå andre kjelder.

  17. Der det er naudsynt, bør Kommisjonen òg kunne utfylle dei transportmidla som medlemsstatane stiller til rådvelde, ved å finansiere utfyllande transport som er naudsynt for å sikre ein mest mogleg ein snøgg og effektiv innsats for sivil krisehandtering i medhald av fellesskapsordninga. Slik finansiering bør vere underlagd visse kriterium, og delar av den mottekne støtta bør kunne betalast tilbake.

  18. Tildelinga av kontraktar om offentlege innkjøp og tilskot i medhald av finansieringsordninga bør gjennomførast i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 10 (heretter kalla «finansreglementet»). Ut frå særtrekka ved tiltaka på området sivil krisehandtering bør det fastsetjast at det òg kan gjevast finansiell støtte til fysiske personar. Det er dessutan viktig at reglane i den nemnde forordninga er stetta, særleg når det gjeld dei prinsippa om økonomi, effektivitet og verknader som er fastsette i forordninga.

  19. Det bør vere mogleg for tredjestatar å ta del i finansieringsordninga.

  20. Når fellesskapsordninga vert aktivert for å etterkomme ei oppmoding om hjelp utanfor Fellesskapet som ledd i den overordna humanitære fellesskapsinnsatsen, er det særleg viktig at det er komplementaritet og samanheng mellom tiltak i medhald av dette vedtaket og tiltak som er finansierte i medhald av forordning (EF) nr. 1257/96, og at tiltaka i medhald av dette vedtaket er underlagde dei humanitære prinsippa som er fastsette i den nemnde forordninga, dvs. at slike tiltak, i samsvar med dei allmenne reglane for sivil krisehandtering, bør sikre lik handsaming og vere uavhengige, upartiske og i samsvar med behova og interessene til ofra.

  21. Samordning og samsvar med tiltaka til internasjonale organisasjonar og organ bør sikrast når det gjeld hjelpeaksjonar i tredjestatar.

  22. For at det skal vere enklare for Kommisjonen å følgje gjennomføringa av dette vedtaket, bør det vere mogleg, på initiativ frå Kommisjonen, å finansiere utgifter i samband med overvaking, kontroll, revisjon og evaluering av gjennomføringa.

  23. Det bør fastsetjast eigna føresegner for å sikre tilstrekkeleg overvaking av gjennomføringa av dei tiltaka som får finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga.

  24. Det bør òg gjerast eigna tiltak for å hindre avvik og svik, og for å krevje tilbake midlar som er tapte, utbetalte på urettkome vis eller nytta på feil måte, i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 av 18. desember 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser 11 , rådsforordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å beskytte De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter 12 og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1073/1999 av 25. mai 1999 om undersøkelser som foretas av Det europeiske kontor for bedrageribekjempelse (OLAF) 13 .

  25. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør gjerast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 14 , på ein slik måte at det vert skilt mellom dei tiltaka som er underlagde framgangsmåten med forvaltingsutval, og dei tiltaka som er underlagde framgansmåten med forskriftsutval, der den sistnemnde i visse tilfelle er den mest eigna med tanke på kor viktige tiltaka er.

  26. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som finansieringsordninga varer, ført opp ein finansiell referansesum slik det er definert i nr. 38 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og god økonomistyring 15 , utan at dette rører ved dei fullmaktene som budsjettstyresmakta har i medhald av EF-traktaten. Denne summen bør finansierast delvis frå underavsnitt 3B «Borgarskap» og delvis frå underavsnitt 4 «EU som ein global partnar» i den finansielle ramma 2007-2013.

  27. Gjennomføringa av dette vedtaket bør evaluerast jamleg.

  28. Ettersom måla for dette vedtaket ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane aleine og difor, på grunn av omfanget og verknadene av tiltaka som skal finansierast i medhald av denne finansieringsordninga, samstundes som det vert teke omsyn til føremonene når det gjeld å redusere tap av menneskeliv og personskadar og dessutan miljømessige, økonomiske og materielle skadar, betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet gjere tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i EF-traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  29. EF-traktaten og Euratom-traktaten inneheld ingen andre fullmakter for å gjere dette vedtaket enn dei som er fastsette i høvesvis artikkel 308 og 203 —

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

Mål

  1. Ved dette vedtaket vert det skipa ei finansieringsordning for sivil krisehandtering («finansieringsordninga») som skal støtte og utfylle den innsatsen som medlemsstatane gjer for å verne, først og fremst personar, men òg miljø og eigedom, medrekna kulturarven, i tilfelle naturkatastrofar og menneskeskapte katastrofar, terrorhandlingar og teknologiske ulukker, strålingsulukker eller miljøulukker, og styrkje samarbeidet mellom medlemsstatane på området sivil krisehandtering.

    Finansieringsordninga skal gjelde i tidsrommet 1. januar 2007–31. desember 2013.

  2. I dette vedtaket er det fastsett reglar for yting av finansiell støtte til:

    1. tiltak innanfor det området som fellesskapsordninga omfattar, med sikte på å styrkje samarbeidet om hjelpeaksjonar innanfor sivil krisehandtering (fellesskapsordninga),

    2. tiltak for å hindre eller minske verknadene av katastrofesituasjonar, og

    3. tiltak som tek sikte på å betre vernebuinga til Fellesskapet i samband med innsats ved katastrofar, medrekna tiltak for å gjere EU-borgarane meir medvitne.

  3. Dette vedtaket inneheld særlege føresegner for finansiering av visse transportressursar dersom det skulle oppstå ein større katastrofesituasjon, slik at det vert mogleg med ein snøgg og effektiv innsats i eit slikt tilfelle.

  4. Dette vedtaket skal ta omsyn til dei særlege behova til isolerte, fjerntliggjande og andre regionar eller øyar i Fellesskapet dersom det skulle oppstå ein katastrofesituasjon.

Artikkel 2

Verkeområde

  1. Dette vedtaket skal nyttast på førebyggjande tiltak og vernebuingstiltak ved alle former for katastrofar som skjer innanfor Fellesskapet og i statar som tek del på grunnlag av artikkel 7.

  2. Dette vedtaket skal nyttast på innsats for å motverke dei direkte følgjene av større katastrofar av alle slag, medrekna bruk av fellesskapsordninga til innsats ved katastrofesituasjonar som omfattar utilsikta havureining i eller utanfor Fellesskapet, dersom det vert bede om hjelp i samsvar med fellesskapsordninga.

  3. Dette vedtaket skal ikkje nyttast på følgjande:

    1. tiltak som høyrer inn under forordning (EF) nr. 1717/2006,

    2. tiltak som høyrer inn under fellesskapshandlingsprogram på helseområdet,

    3. tiltak som høyrer inn under avgjerd nr. 1926/2006/EF,

    4. tiltak som høyrer inn under avgjerd 2007/124/EF, Euratom,

    5. tiltak som høyrer inn under forordning (EF) nr. 1257/96, utan at det rører ved artikkel 4 nr. 2 bokstav c) i dette vedtaket,

    6. tiltak som høyrer inn under forordning (EF) nr. 1406/2002.

Artikkel 3

Definisjonar

I dette vedtaket tyder

  1. «katastrofesituasjon» alle situasjonar som har eller kan ha ein negativ verknad på personar, miljø eller eigedom,

  2. «større katastrofesituasjon» alle situasjonar som har eller kan ha ein negativ innverknad på personar, miljø eller eigedom, og som kan føre til at det kjem ei oppmoding om hjelp i medhald av fellesskapsordninga,

  3. «innsats» alle tiltak som vert gjorde i medhald av fellesskapsordninga under eller etter ein større katastrofesituasjon for å motverke dei direkte følgjene ein slik situasjon,

  4. «vernebuing» ein tilstand der menneskelege og materielle ressursar vert stilte til rådvelde på førehand for å sikre ein effektiv snøgg innsats dersom det skulle oppstå ein katastrofesituasjon,

  5. «førebygging» alle tiltak som støttar medlemsstatane i å førebyggje risikoar eller minske skadar på personar, miljø eller eigedom som følgje av katastrofesituasjonar,

  6. «tidleg varsling» informasjon som er effektiv og skaffa fram i rett tid, og som gjer det mogleg å setje i verk tiltak for å unngå eller minske risikoar og sikre vernebuinga for ein effektiv innsats.

Artikkel 4

Tiltak som kan få støtte, og kriterium

  1. Følgjande tiltak kan få finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga med omsyn til førebygging og vernebuing:

    1. Studiar, granskingar, utarbeiding av modellar og scenario med sikte på

      1. å fremje utveksling av kunnskap, god praksis og informasjon, og

      2. å betre førebygging, førebuing og effektiv innsats,

    2. Opplæring, øvingar, arbeidsgrupper, utveksling av personale og sakkunnige, skiping av nettverk, demonstrasjonsprosjekt og teknologioverføring med sikte på å betre førebuing, vernebuing og effektiv innsats.

    3. Offentleg informasjon, utdanning, haldningsskapande arbeid og tilhøyrande spreiingstiltak som tek sikte på å minske verknadene av katastrofesituasjonar mest mogleg for EU-borgarane, og hjelpe EU-borgarane med å verne seg sjølve på ein meir effektiv måte.

    4. Vedlikehald av dei funksjonane som overvakings- og informasjonssenteret til ordninga har for å fremje ein snøgg innsats dersom det skulle oppstå ein større katastrofesituasjon.

    5. Kommunikasjonstiltak med sikte på å gjere fellesskapsinnsatsen meir synleg.

    6. Medverknad til utvikling av system for påvising og tidleg varsling av katastrofar som kan ha innverknad på territoriet til medlemsstatane, for såleis få i stand ein snøgg innsats frå medlemsstatane og Fellesskapet si side, og medverknad til skiping av slike system på grunnlag av studiar og vurderingar av kva slags system som trengst og korleis dei kan gjennomførast, og på grunnlag av tiltak for å fremje sambandet deira med overvakings- og informasjonssenteret og CECIS-systemet, som er nemnt i bokstav g). Desse systema skal ta omsyn til og byggje på dei informasjons-, overvakings- og påvisingskjeldene som alt ligg føre,

    7. Skiping og vedlikehald av eit sikkert felles kommunikasjons- og informasjonssystem ved katastrofesituasjonar (CECIS) og verktøy med sikte på kommunikasjon og informasjonsdeling mellom overvakings- og informasjonssenteret og kontaktpunkta til medlemsstatane og andre som tek del innanfor ramma av fellesskapsordninga.

    8. Overvakings-, vurderings- og evalueringsverksemd.

    9. Skiping av eit program som byggjer på dei røynslene som er gjorde i samband med hjelpeaksjonar og øvingar innanfor ramma av fellesskapsordninga.

  2. Følgjande tiltak kan få finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga med omsyn til innsats i medhald av fellesskapsordninga:

    1. Utsending av sakkunnige på området vurdering og samordning, saman med støtteutstyr til desse, særleg kommunikasjonsverktøy, for å gjere det enklare å yte hjelp og å samarbeide med andre aktørar på staden.

    2. Støtte til medlemsstatane for at dei skal få tilgang til utstyr og transportressursar ved å

      1. gje og dele informasjon om utstyr og transportressursar som medlemsstatane kan stille til rådvelde med sikte på felles bruk av slikt utstyr eller slike ressursar,

      2. hjelpe medlemsstatane med å identifisere og lette tilgangen deira til transportressursar som kan vere tilgjengelege frå andre kjelder, medrekna den kommersielle marknaden,

      3. hjelpe medlemsstatane med å identifisere utstyr som kan stillast til rådvelde frå andre kjelder, medrekna den kommersielle marknaden.

    3. Styrking av dei transportressursane som medlemsstatane stiller til rådvelde gjennom finansiering av dei tilleggsressursane innanfor transport som er naudsynte for å sikre ein snøgg innsats ved større katastrofesituasjonar som høyrer inn under verkeområdet til artikkel 1. Slike tiltak kan få finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga berre dersom dei følgjande kriteria er stetta:

      1. tilleggsressursane når det gjeld transportmiddel er naudsynte for å sikre ein effektiv innsats innanfor sivil krisehandtering i medhald av fellesskapsordninga,

      2. det er ikkje mogleg å finne transportmiddel på andre måtar i medhald av fellesskapsordninga, medrekna bokstav b),

      3. den hjelpa som skal transporterast,

      • er vorten stilt til rådvelde for og godteken av ein oppmodande medlemsstat i medhald av fellesskapsordninga,

      • er naudsynt for å dekkje grunnleggjande behov som følgje av katastrofesituasjonen,

      • utfyller den hjelpa som medlemsstatane yter,

      • utfyller den samla humanitære fellesskapsinnsatsen som eventuelt vert driven i samband med katastrofesituasjonar i tredjestatar.

    1. Medlemsstatar som ber om finansiell støtte til transport av hjelpa si, skal seinast 180 dagar etter hjelpeaksjonen betale tilbake minst 50 % av dei fellesskapsmidlane som dei har motteke.

    2. Eventuell finansiering i medhald av finansieringsordninga skal ikkje røre ved det ansvaret som medlemsstatane har til å verne personar, eigedom og miljø på territoriet deira mot katastrofar, og skal ikkje frita medlemsstatane frå den plikta dei har til å setje krisehandteringssystema sine tilstrekkeleg i stand til at dei på ein føremålstenleg måte kan handtere katastrofar av eit slikt omfang og ein slik art at dei på ein rimeleg måte kan ventast og førebyggjast.

  3. Reglane for gjennomføring av nr. 2 bokstav b) og c) og nr. 3 skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 13 nr. 3.

    Kommisjonen skal jamleg melde frå om bruken av nr. 2 bokstav b) og c) og nr. 3 til det utvalet som er nemnt i artikkel 13.

    Dersom det er naudsynt, skal desse reglane reviderast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 13 nr. 3.

Artikkel 5

Støttemottakarar

Finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga kan gjevast til privatrettslege eller offentlegrettslege fysiske eller juridiske personar.

Artikkel 6

Ulike former for finansielle hjelpeaksjonar og framgangsmåtar for gjennomføring

  1. Kommisjonen skal yte finansiell støtte frå Fellesskapet i samsvar med finansforordninga.

  2. Finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga kan ytast i form av tilskot eller kontraktar om offentlege innkjøp som vert tildelte i samsvar med finansforordninga.

  3. Når det gjeld tilskot, skal Kommisjonen vedta årlege arbeidsprogram der det vert opplyst om måla, tidsplanane for ei eller fleire innbydingar til framlegg, dei aktuelle rettleiande summane, høgstesatsen for finansiell støtte og dei resultata som er venta.

  4. Når det gjeld offentlege innkjøp, skal kontraktane, medrekna rammekontraktar for mobilisering av dei midlane som er naudsynte for å gjennomføre tiltak i samband med snøgg innsats, takast med i dei årlege arbeidsprogramma.

  5. Dei årlege arbeidsprogramma skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 13 nr. 2.

  6. Budsjettet til finansieringsordninga skal gjennomførast av Kommisjonen sentralt og direkte av kontora til Kommisjonen i samsvar med artikkel 53 nr. 2 i finansforordninga.

Artikkel 7

Deltaking for tredjestatar

Finansieringsordninga skal vere open for deltaking for kandidatstatar.

Andre tredjestatar kan ta del i verksemd innanfor ramma av finansieringsordninga dersom det finst avtaler mellom desse tredjestatane og Fellesskapet som tillèt dette.

Artikkel 8

Komplementaritet og samanheng i fellesskapstiltaka

  1. Tiltak som får finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga, skal ikkje ta imot støtte frå andre finansieringsordningar i Fellesskapet.

    Kommisjonen skal syte for at både dei som søkjer om finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga og dei som mottek slik støtte, gjev opplysningar til Kommisjonen om finansiell støtte som dei mottek frå andre kjelder, medrekna det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen, og om søknader som er innleverte om slik støtte.

  2. Det skal leggjast vekt på samverknad og komplementaritet med andre ordningar i Unionen eller Fellesskapet. Når det gjeld innsats i tredjestatar, skal Kommisjonen sikre at det er komplementaritet og samanheng med tiltak som er finansierte i medhald finansieringsordninga, og tiltak som er finansierte i medhald av forordning (EF) nr. 1257/96.

  3. Når hjelp som vert gjeven i medhald av fellesskapsordninga, medverkar til ein breiare humanitær fellesskapsinnsats, skal tiltak som får finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga, stemme overeins med dei humanitære prinsippa som er nemnde i forordning (EF) nr. 1257/96.

Artikkel 9

Samanheng med tiltaka til internasjonale organisasjonar og organ

Når det gjeld hjelpeaksjonar i tredjestatar, skal Kommisjonen syte for at tiltak som er finansierte av Fellesskapet, er samordna og i samsvar med tiltak som vert gjorde av internasjonale organisasjonar og organ, særleg dei som er ein del av systemet til Dei sameinte nasjonane.

Artikkel 10

Teknisk og administrativ støtte

  1. På initiativ frå Kommisjonen kan finansieringsordninga òg dekkje utgifter som er knytte til overvaking, kontroll, revisjon og evaluering som er direkte naudsynt for gjennomføringa av dette vedtaket.

    Slike utgifter kan omfatte studiar, møte, informasjonsverksemd, publikasjonar, utgifter til datanett (og tilhøyrande utstyr) for utveksling av informasjon og eventuelle andre utgifter til teknisk og administrativ hjelp som Kommisjonen kan ha i samband med gjennomføringa av dette vedtaket.

    Utgiftene som er nemnde i første og andre leddet, skal ikkje overstige 4 % av budsjettet.

  2. Budsjettet som er knytt til dei tiltaka som er nemnde i nr. 1, skal gjennomførast av Kommisjonen sentralt og direkte av kontora til Kommisjonen i samsvar med artikkel 53 nr. 2 i finansforordninga.

Artikkel 11

Overvaking

  1. Kommisjonen skal syte for at kontraktar og tilskot som følgjer av gjennomføringa av finansieringsordninga, inneheld føresegner om overvaking og finansiell kontroll som skal utførast av Kommisjonen (eller ein representant som har fullmakt frå Kommisjonen), om naudsynt i form av kontrollar på staden, medrekna stikkprøvar, og revisjon som skal utførast av Revisjonsretten.

  2. Kommisjonen skal syte for at mottakaren av finansiell støtte i eit tidsrom på fem år etter den siste utbetalinga til eit tiltak, stiller til rådvelde for Kommisjonen all dokumentasjon om utgifter som gjeld tiltaket.

  3. På grunnlag av resultata frå kontrollane på staden som er nemnde i nr. 1, skal Kommisjonen om naudsynt syte for at omfanget av eller vilkåra for tildeling av den finansielle støtta som opphavleg var godkjend, og tidsplanen for utbetalingane, vert tilpassa.

  4. Kommisjonen skal syte for at alle naudsynte åtgjerder vert gjorde for å kontrollere at dei tiltaka som vert finansierte, vert gjennomførde på korrekt måte og i samsvar med føresegnene i dette vedtaket og i finansforordninga.

Artikkel 12

Vern av dei økonomiske interessene til Fellesskapet

  1. Ved gjennomføringa av tiltak som vert finansierte i medhald av finansieringsordninga, skal Kommisjonen syte for at dei økonomiske interessene til Fellesskapet vert verna gjennom bruk av førebyggjande tiltak mot svik, korrupsjon og anna ulovleg verksemd, gjennom effektiv kontroll og tilbakebetaling av midlar som er utbetalte på urettkome vis, og dersom det vert oppdaga avvik, gjennom sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot, i samsvar med forordning (EF, Euratom) nr. 2988/95, forordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 og forordning (EF) nr. 1073/1999.

  2. Når det gjeld fellesskapstiltak som vert finansierte i medhald av finansieringsordninga, skal forordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 og forordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 nyttast på alle brot på ei føresegn i fellesskapsretten, medrekna brot på ei avtaleplikt som følgjer av ei handling eller forsømming frå ein marknadsdeltakar si side, som skadar eller kan skade det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen eller andre budsjett som Unionen forvaltar, som følgje av ei utilbørleg utgift.

  3. Kommisjonen skal syte for at den finansielle støtta som vert tildelt eit tiltak, vert redusert, oppheva eller kravd tilbake dersom han oppdagar avvik, medrekna manglande samsvar med føresegnene i dette vedtaket eller einskildvedtaket, eller i kontrakten om løyvinga av den aktuelle støtta, eller dersom det syner seg at tiltaket er vorte endra på ein slik måte at det er i strid med arten av tiltaket eller gjennomføringsvilkåra for prosjektet, utan at Kommisjonen på førehand har fått skriftleg søknad om ei slik endring.

  4. Dersom fristane ikkje er vortne etterlevde, eller dersom utviklinga i gjennomføringa av eit tiltak berre rettferdiggjer bruk av ein del av den finansielle støtta som eit tiltak har fått tildelt, skal Kommisjonen syte for at støttemottakaren vert oppmoda om å leggje fram synspunkta sine innan ein fastsett frist.

    Dersom støttemottakaren ikkje gjev eit tilfredsstillande svar, skal Kommisjonen syte for at den finansielle støtta som står att, kan stansast, og at summar som alt er vortne betalte ut, vert kravde tilbake.

  5. Kommisjonen skal syte for at alle urettkomne utbetalingar vert betalte tilbake, saman med renter på summar som ikkje vert betalte tilbake til rett tid i medhald av dei vilkåra som er fastsette i finansforordninga.

Artikkel 13

Utvalsframgangsmåte

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval (heretter kalla «utvalet»).

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast.

    Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 5 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast.

    Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 5 nr. 6 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  4. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 14

Budsjettmidlar

  1. Den finansielle referansesummen for gjennomføringa av finansieringsordninga i tidsrommet 2007–2013 skal vere 189 800 000 euro etter gjeldande prisar.

    Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

    133 800 000 euro etter gjeldande prisar skal kome frå underavsnitt 3B «Borgarskap» i den finansielle ramma, og 56 000 000 euro skal kome frå underavsnitt 4 «EU som ein global partnar».

  2. Høgst 50 % av den finansielle referansesummen skal tildelast tiltak som høyrer inn under artikkel 4 nr. 2 bokstav b) og c).

Artikkel 15

Evaluering

  1. Gjennomføringa av tiltak som får finansiell støtte i medhald av finansieringsordninga, skal overvakast jamleg.

  2. Kommisjonen skal leggje fram følgjande for Europaparlamentet og Rådet:

    1. Seinast 31. desember 2008, ein første evalueringsrapport om dei kvalitative og kvantitative sidene ved gjennomføringa av artikkel 4 nr. 2 bokstav b) og c) og nr. 3. I denne rapporten skal det takast omsyn til resultata av ein analyse som Kommisjonen og medlemsstatane skal gjennomføre i fellesskap innan 31. desember 2007, om kva transportmiddel og utstyr som har synt seg å vere naudsynte ved større hjelpeaksjonar innanfor sivil krisehandtering, og om dei tiltaka som er gjorde for å stette desse behova i medhald av dette vedtaket.

      Dersom det verkar naudsynt i lys av konklusjonane frå denne rapporten,

      1. kan Kommisjonen eventuelt gjere framlegg om å revidere dei aktuelle føresegnene,

      2. kan Rådet oppmode Kommisjonen om å gjere eit framlegg med sikte på å vedta eventuelle endringar av desse føresegnene innan 30. juni 2009.

    2. Seinast 30. juni 2010, ein mellombels evalueringsrapport om dei resultata som er oppnådde, og om dei kvalitative og kvantitative sidene ved gjennomføringa av dette vedtaket.

    3. Seinast 31. desember 2011, ei melding om vidareføringa av dette vedtaket.

    4. Seinast 31. desember 2014, ein sluttvurderingsrapport.

Artikkel 16

Bruk

Dette vedtaket skal nyttast frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013.

Artikkel 17

Adressatar

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 5. mars 2007.

For Rådet

F.-W. STEINMEIER

President

Fotnotar

1.

TEU C 291 E av 30.11.2006, s. 104.

2.

TEF L 297 av 15.11.2001, s. 7.

3.

TEF L 327 av 21.12.1999, s. 53. Vedtaket endra ved vedtak 2005/12/EF (TEU L 6 av 8.1.2005, s. 7).

4.

TEU L 327 av 24.11.2006, s. 1.

5.

TEU L 404 av 30.12.2006, s. 39.

6.

TEU L 58 av 24.2.2007, s. 1.

7.

TEF L 163 av 2.7.1996, s. 1. Forordninga sist endra ved europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 2003/1882/EF (TEU L 284 av 30.10.2003, s. 1).

8.

TEF L 332 av 28.12.2000, s. 1. Vedtaket endra ved vedtak nr. 787/2004/EF (TEU L 138 av 30.4.2004, s. 12).

9.

TEF L 208 av 5.8.2002, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 1891/2006 (TEU L 394 av 30.12.2006, s. 1).

10.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1. Forordninga endra ved forordning (EF) nr. 1995/2006 (TEU L 390 av 30.12.2006, s. 1).

11.

TEF L 312 av 23.12.1995, s. 1.

12.

TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.

13.

TEF L 136 av 31.5.1999, s. 1.

14.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23. Vedtaket endra ved avgjerd 2006/512/EF (TEU L 200 av 22.7.2006, s. 11).

15.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.