5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EØS-EFTA-statane til å ta del i finansieringa av programmet.
Det finansielle bidraget til EØS-EFTA-statane til programdeltaking vert fastsett i medhald av artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala. Bidraget reflekterer den relative delen som bruttonasjonalproduktet til kvar stat utgjer i høve til det samla bruttonasjonalproduktet til EU-statane. For 2007 utgjer bidraget frå EØS-EFTA-statane 2,28 prosent av totalbudsjettet for finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering. Noregs del er 94,15 prosent av EFTA-bidraget. Desse to fordelingsnøklane vert justerte kvart år.
Finansieringsordninga for sivil krisehandtering har eit budsjett på 189 800 000 euro for perioden 2007-2013. EØS-EFTA-statane sin del av dette vil vere på om lag 4 327 000 euro. Noregs gjennomsnittlege årlege bidrag fordelt på programperioden vil utgjere om lag 5,7 millionar kroner, medrekna administrative kostnader.
Røynsler viser at faktiske utgifter som har kome på for kvart einskilt år i programperioden, vil variere i takt med framdrifta for dei prosjekta som inngår i programmet. Kontingentutbetalingane fordeler seg difor ujamnt over åra. Prosjekt som vert sette i gang mot slutten av ein programperiode, held fram også etter at det aktuelle programmet formelt er avslutta, i praksis i inntil tre år. Kontingentutbetalingane og nokre av følgjekostnadene vil difor fordele seg på fleire år enn programperioden.
Noregs bidrag til programdeltakinga har hittil vorte dekte over budsjettet til Justis- og politidepartementet gjennom Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det vert gjort framlegg om at de norske bidraget framover òg vert dekt over budsjettet til Justisdepartementet ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, kap 451, post 01. Utanriksdepartementet vil dekkje utgiftene til den delen av programmet som kan knyttast til humanitær hjelp overfor tredjestatar over kap. 163, post 70. For 2007 vil det norske nettobidraget til det nye programmet utgjere totalt 373 421 euro eller om lag 3 mill. kroner.
Deltakinga i ordninga krev ikkje lov- eller forskriftsendringar.