1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og
på følgjande bakgrunn:
Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1 .
Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte rådsvedtak 2007/162/EF, Euratom av 5. mars 2007 om fastsetjing av ei finansieringsordning for sivil krisehandtering 2 .
Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2007 –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I artikkel 10 nr. 8 i protokoll 31 til avtala, etter bokstav b), skal ny bokstav c) lyde:
«c Fellesskapsrettsakter som får anvendelse fra 1. januar 2007:
32007 D 0162 : Rådsvedtak 2007/162/EF, Euratom av 5. mars 2007 om fastsetjing av ei finansieringsordning for sivil krisehandtering (EUT L 71 av 10.3.2007, s. 9).»
Artikkel 2
Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3 .
Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2007.
Artikkel 3
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel, [...]
For EØS-komiteen
Formann
[...]
Sekretærar for EØS-komiteen
[...]