6 Vurdering og tilråding
EUs samarbeid innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing skal redusere risiko for og skade på menneske, miljø, eigedom og kulturverdiar ved katastrofar, store uønskte hendingar og ulukker. På bakgrunn av røynsler frå større hendingar som har ramma Europa og europearar dei siste åra, ønskjer EU å styrkje dette samarbeidet. Nye økonomiske rammer og dagens politiske merksemd rundt krisehandtering og EUs evne til å drive krisehandtering i og utanfor EU, vil medverke til ytterlegare satsing på samarbeidet innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing.
Deltakinga i samarbeidet innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing vil styrkje den nasjonale vernebuinga. Noreg kan dersom det trengst be om hjelp i form av ekspertar, ressurar og kompetanse for å støtte nasjonal krisehandtering, og gjennom omfattande trenings- og kursprogram kan ekspertar få auka kompetansen sin innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing.
Det vil vere gunstig for Noreg å kunne påverke og styrkje arbeidet som er i gang i EU innanfor sivil krisehandtering og katastrofevernebuing i ein retning som utfyller og støttar arbeidet innan SN og andre internasjonale organisasjonar. Ettersom Noreg ikkje har tilgang til diskusjonen i Rådet, er Komiteen for sivil krisehandtering under Europakommisjonen ein viktig kanal der Noreg kan fremje faglege innspel og fange opp initiativ på eit tidleg stadium. Under visse føresetnader vil fellesskapsordninga for sivil krisehandtering og katastrofevernebuing vere ein reiskap for å støtte krisehandtering som fell innanfor avdeling V i EU-konvensjonen om EUs felles tryggleiks- og utanrikspolitikk (ESDP). Norsk deltaking i finansieringsordninga for sivil krisehandtering kan difor gjere det mogleg med ei nærmare tilknyting til ESDP.
Deltakinga i finansieringsordninga vil vere i tråd med dei måla som ligg til grunn for det nasjonale samfunnstryggleiksarbeidet, jfr. Innst. S. nr. 49 (2004-2005), jfr. St.meld. nr. 39 (2003-2004) «Samfunnstryggleik og sivilt-militært samarbeid».
Utanriksdepartementet vil peike på at utvidinga av ordninga til å gjelde innsats i tredjestatar der det oppstår humanitære kriser reiser fleire humanitærpolitiske og prinsipielle spørsmål. I første rekkje gjeld dette tilhøvet til SN og faren for at auka felleskapsengasjement kan føre til at fellesskapsengasjementet vil overlappe SNs innsats på det humanitære området. Det er SNs kontor for koordinering av humanitær hjelp (OCHA) som har hovudansvaret for å koordinere internasjonal humanitær hjelp. Frå norsk side er det ei hovudprioritering å støtte SN og OCHAs rolle på dette området. Gjennom deltakinga i programmet bør Noreg arbeide for å sikre SNs leiande rolle i koordineringa av humanitær hjelp, motverke overlapping og sikre effektiv arbeidsdeling med SN, Raudekross-systemet og andre sentrale humanitære aktørar. Dette samsvarar med haldninga til sentrale humanitære aktørar som Sverige og Storbritannia med omsyn til koordineringa av internasjonal humanitær innsats.
Det er viktig at den internasjonale humanitærpolitiske innsatsen og bruken av dei humanitære midla tek utgangspunkt i kva dei naudlidande treng og resultat i felten slik at det internasjonale hjelpearbeidet vert organisert på ein mest mogleg føremålstenleg, kostnadseffektiv og upartisk måte. Noreg er blant dei statane som har slutta seg til prinsippa om «godt humanitært gjevarskap» der dette står sentralt. Det må heller ikkje oppstå tvil om rolla og funksjonen til dei deltakande kapasitetane i den aktuelle krisa, t.d. ved bruk av ikkje-sivile element.
Norsk deltaking i ordninga inneber ikkje at Noreg legg opp til å kanalisere ytterlegare humanitære midlar til konkrete operasjonar gjennom ordninga. Hovudkanalane for Noregs humanitære hjelp bør framleis vere SN, Raudekrossen og frivillige organisasjonar. Utanriksdepartementet legg likevel vekt på det høvet aktiv deltaking i programkomiteen gjev til å påverke og koordinere EUs framtidige vegval med omsyn til kanalisering av hjelp ved internasjonale humanitære kriser og katastrofar.
Justis- og politidepartementet tilrår norsk deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.