3 Konstitusjonelle tilhøve
Fordi den norske deltakinga i ordninga inneber økonomiske utgifter som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltakinga i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.
For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane å formelt ta del i ordninga så snøgt som råd i 2007, ber Regjeringa om Stortinget sitt samtykke før avgjerda i EØS-komiteen vert teken. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle prosedyrar ved avgjerd i EØS-komiteen.
Det er ikkje venta at det vil kome endringer i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.