St.prp. nr. 7 (2006-2007)

Om fullmakt til å ta opp statslån mv.

Til innhaldsliste

4 Utviklinga i statsgjelda

Statens bruttogjeld var i tiårsperioden fram til utgangen av 2002 om lag uendra. Gjennom 2003 auka bruttogjelda, hovudsakleg som følgje av at ein brukte dei statlege låneinstrumenta til å trekkje inn overskotslikviditet frå pengemarknaden. Denne meiropplåninga fekk sitt motstykke i auka kontantbehaldning, jf. avsnitt 2.2.

Ved utgangen av 2005 var staten si bruttogjeld 334 mrd. kroner. I tillegg kjem kontolån frå ordinære fond på vel 56 mrd. kroner. Til samanlikning utgjorde statens fordringar på same tid om lag 2 044 mrd. kroner. Statens pensjonsfond – Utland inngår i dette talet. Statskassens netto fordringar utgjorde 1 631 mrd. kroner, jf. St.meld. nr. 3 (2005-2006) Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2005. Tabell 4.1 gir ei oversikt over utviklinga i staten si gjeld, saman med ei oversikt over utviklinga i staten si kontantbehaldning og utlån til statsbankane.

Den marknadsomsette, innanlandske statsgjelda (statsobligasjonar og statskassevekslar) var om lag uendra fram til utgangen av 2002, jf. figur 4.1B. Gjennom 2003 auka den marknadsomsette gjelda, og ho har sidan halde seg på om lag same nivå.

Figur 4.1 1
  Ved utgangen av 3. kvartal 2006.

Figur 4.1 Utviklinga i statsgjelda1

Kjelde: Finansdepartementet.

Marknadsgjelda som del av bruttonasjonalproduktet (BNP) fall fram til 2001, jf. figur 4.1B. Frå 2001 til 2003 steig denne delen noko som følgje av ein auke i marknadsgjelda. Ved utgangen av 2005 utgjorde marknadsgjelda om lag 11 pst. av BNP. Til samanlikning utgjorde marknadsgjelda nær 50 pst. av BNP i Sverige og nær 40 pst. i Danmark.

Tabell 4.1 Samansetjinga av statsgjelda. Mill. kroner

  31.12.0431.12.0530.09.06
Langsiktige lån1207 240241 092278 356
Kortsiktige marknadspapir284 50063 00047 000
Andre kortsiktige lån29 01430 04060 809
Statsgjeld i alt3320 754334 132386 165
Memo :
Utlån til statsbankane188 681192 382
Kontantbehaldning88 816109 627104 908

1 Lån med lengre løpetid enn eitt år. Tilbakekjøpte, ikkje nedskrivne avdragsobligasjonar er trekte frå. Medrekna grunnkjøpsobligasjonar og langsiktige kontolån frå Statens pensjonsfond – Noreg.

2 Låne med løpetid inntil eitt år. Medrekna kortsiktige kontolån frå Statens pensjonsfond – Noreg.

3 Utanom skyldnader på inneståande fondsmidlar (gruppe 81 i statsrekneskapen).

Kjelde: Finansdepartementet.

Ved utgangen av 3. kvartal 2006 var gjennomsnittleg effektiv rente på statens samla marknadsomsette gjeld 4,8 pst. Gjennomsnittleg effektiv rente i andrehandsmarknaden for statspapir med like lang rentebinding som den marknadsomsette statsgjelda låg på same tidspunkt på 3,8 pst. For statens obligasjonslån var gjennomsnittsrenta om lag 5,2 pst. ved utgangen av 3. kvartal, medan tilsvarande rente i andrehandsmarknaden for statsobligasjonar låg på om lag 3,8 pst. Den lågare renta i andrehandsmarknaden reflekterer at ein betydeleg del av låna blei teken opp på tidspunkt med høgare rente enn dagens nivå. I avsnitt 6.1 og 6.2 gjer ein nærare greie for resultata av auksjonane i statspapir det siste året.