Forslag til vedtak om fullmakt til å ta opp statslån mv.
I
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye, langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 40 000 mill. kroner i 2007.
II
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir halden uendra på 80 000 mill. kroner.
III
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande andre kortsiktige lån blir halden uendra på 100 000 mill. kroner.
IV
Finansdepartementet si fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareført.