5 Pleie av statspapirmarknaden
Finansdepartementet legg vekt på å sikre tilstrekkeleg likviditet i den norske marknaden for statskassevekslar og statsobligasjonar. Ein marknad har god likviditet når ein kan kjøpe og selje for eit vesentleg beløp i eit verdipapir på kort varsel utan at det har særleg effekt på marknadsprisen.
Investorane legg gjennomgåande vekt på sikkerheit om realisasjonsverdien av dei finansielle investeringane sine. Dersom andrehandsmarknaden for eit lån har god likviditet, kan investorane leggje til grunn at kursane i andrehandsmarknaden er ein god indikasjon på realisasjonsverdien. Dette vil dei normalt premiere med ein reduksjon i avkastningskravet. God likviditet krev mellom anna eit visst uteståande volum i kvart av låna. For å skape ein oversiktleg og likvid marknad konsentrerer staten opplåninga si om eit fåtal avdragsfrie lån som gradvis blir bygde opp til relativt store volum.
Finansdepartementet vurderer jamleg saman med Noregs Bank tiltak som kan betre likviditeten i den norske statspapirmarknaden. For å fremje likviditeten i statspapirmarknaden har Noregs Bank på vegne av Finansdepartementet inngått avtalar med meklarar (såkalla primærhandlaravtalar). Desse avtalane sikrar at det til ei kvar tid blir stilt kjøps- og salskursar på Oslo Børs sitt elektroniske system for andrehandshandel for eit visst minstevolum i kvart av låna. Primærhandlaravtalane set maksimumsgrenser for skilnaden mellom kjøps- og salskursane. I tillegg til å stille prisar på Oslo Børs stiller primærhandlarane på spørsmål prisar overfor kvarandre med større volum og mindre skilnad mellom kjøps- og salskursar. Den største delen av omsetninga i andrehandsmarknaden skjer på denne måten. All omsetning der ein medlem av Oslo Børs er part, blir rapportert i børsens handelssystem ved slutten av dagen.
I auksjonar av statskassevekslar og statsobligasjonar har det tidlegare vore mogleg for alle å legge inn bod direkte til Noregs Bak, men som eit tiltak for å betre funksjonsmåten i marknaden fekk primærhandlarane i februar 2006 einerett til å legge inn bod i auksjonane. Samstundes blei dei pliktige til å leggje inn bod i alle auksjonane. Andre marknadsaktørar må nå leggje inn sine bod via ein primærhandlar.
Primærhandlaravtalane gir også primærhandlarane tilgang til å ”låne” statspapir frå staten i ein kort periode ved bruk av gjenkjøpsavtalar (såkalla repo-tilgang). Lånetilgangen er med på å redusere risikoen primærhandlarane tek på seg. Utnyttinga av reporammene gir ein god indikasjon på handelsaktivitet og etterspørsel i dei ulike låna.
Den norske staten har eit avgrensa lånebehov i forhold til mange andre statar, og uteståande volum av innanlandske statspapir er relativt lite. Dette har påverka både omsetninga og likviditeten i marknaden. Med unntak av ein viss vekst i 2002 og 2003 har det sidan 1997 vore ein trendmessig nedgang i omsetninga av norske statsobligasjonar. Nedgangen kan mellom anna ha samanheng med framveksten av alternative finansielle produkt. Det har også vore ein aukande kapitalmobilitet over landegrensene som har ført til at Oslo Børs møter aukande konkurranse frå utanlandske marknadsplassar som kan tilby fleire produkt, høgare omsetning og betre likviditet for aktørane i marknadene. Dei siste åra har også statsobligasjonanes del av total omsetning i den norske obligasjonsmarknaden falt.
Også eigarsamansetjinga har innverknad på kor god likviditeten er i andrehandsmarknaden. Eigarsamansetjinga av norske statspapir har endra seg sidan 1998, jf. figur 5.1. Den utanlandske eigardelen av norske statsobligasjonar auka frå 30 pst. ved utgangen av 1999 til 41 pst. i 3. kvartal 2006. Livsforsikringsselskapa og private pensjonskassar har også auka eigardelane sine i denne perioden. Til saman eide desse gruppene 36 pst. av statsobligasjonane ved utgangen av 3. kvartal 2006. Obligasjonar som desse gruppene eig blir ofte mindre omsette i marknaden. Ein vesentleg del av behaldninga til livsforsikringsselskapa ligg som anleggsmidlar i balansen deira, og blir derfor som regel ikkje omsett i marknaden.