6 Opplåninga
6.1 Langsiktige lån
6.1.1 Statsobligasjonar
Statens opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 hovudsakleg skjedd gjennom auksjonar av obligasjonar. For å skape ein oversiktleg og likvid marknad har ein konsentrert opplåninga om eit fåtal avdragsfrie lån som gradvis blir bygde opp til relativt store volum (referanselån), jf. avsnitt 5. Ein kan derfor få store forfall i enkelte år og ingen forfall i andre år.
Det er for tida seks referanselån i marknaden, jf. tabell 6.1. For løpetider på opp til eitt år blir referanselånfunksjonen i hovudsak dekt av statskassevekslar, jf. omtale under avsnitt 6.2.
Tabell 6.1 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån1 per 30. september 2006
Børsnummer | Første gong lagt ut | Forfall | Nominelt pålydande beløp (mill. kroner) | Kupongrente (pst.) | Effektiv marknadsrente2 (pst.) |
---|---|---|---|---|---|
NST467 | 08.01.96 | 15.01.07 | 35 900 | 6,75 | 3,32 |
NST468 | 26.01.98 | 15.05.09 | 32 100 | 5,50 | 3,88 |
NST469 | 09.06.00 | 16.05.11 | 28 900 | 6,00 | 3,94 |
NST470 | 27.05.02 | 15.05.13 | 35 900 | 6,50 | 3,98 |
NST471 | 27.05.04 | 15.05.15 | 27 500 | 5,00 | 4,04 |
NST472 | 19.05.06 | 19.05.17 | 14 500 | 4,25 | 4,09 |
1 Inkluderer statens eigenbehaldning til bruk i marknadspleia.
2 Gjennomsnitt av kjøps- og salsrente på same obligasjon notert på Oslo Børs 29. september.
Kjelde: Finansdepartementet.
Salet av statsobligasjonar skjer ved auksjonar som blir annonserte på førehand i ein auksjonskalender. Så langt i 2006 har det vore avvikla seks auksjonar. Etter auksjonskalenderen skal det i tillegg avviklast ein obligasjonsauksjon den 27. november.
Tabell 6.2 Opptak av obligasjonslån i 4. kvartal 2005 og hittil i 2006
Auksjonsdato | Børsnummer | Kupongrente | Auksjonsvolum | Effektiv rente | Midtrente i andrehandsmarknaden1 | Midtrente i rentebyte marknaden3 | Dekningsgrad2 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
28.11.05 | NST471 | 5,00 | 4 000 | 3,92 | 3,88 | 4,30 | 1,8 |
30.01.06 | NST471 | 5,00 | 3 000 | 3,78 | 3,75 | 4,12 | 2,4 |
27.03.06 | NST469 | 6,00 | 3 000 | 3,66 | 3,66 | 4,06 | 3,2 |
15.05.06 | NST472 | 4,25 | 8 5004 | 4,37 | 4,73 | 1,2 | |
13.06.06 | NST472 | 4,25 | 3 000 | 4,21 | 4,22 | 4,69 | 4,8 |
11.09.06 | NST472 | 4,25 | 3 000 | 4,18 | 4,18 | 4,61 | 3,7 |
16.10.06 | NST472 | 4,25 | 4 000 | 4,24 | 4,23 | 4,64 | 3,0 |
1 Gjennomsnitt av kjøps- og salsrente på same obligasjon notert på Oslo Børs på auksjonstidspunktet.
2 Samla bodvolum i høve til auksjonsvolum.
3 Gjennomsnitt av bankane sine kjøps- og salsrenter i rentebytemarknaden på auksjonstidspunktet.
4 Av dette 2,5 mrd. direkte til staten si eigenbehaldning for marknadspleieformål.
Kjelde: Finansdepartementet og Noregs Bank.
Kursen i ein auksjon blir fastsett etter prinsippa for såkalla hollandsk auksjon eller einsprisauksjon. I ein slik auksjon vil dei som har gitt aksepterte bod, få tildelt obligasjonar eller vekslar til den lågaste aksepterte kursen. Statspapira har pålydande 1 000 kroner og kan kjøpast av alle gjennom verdipapirføretak og bankar.
Ein indikator på kor vellukka ein auksjon har vore, er den effektive renta ein har oppnådd i auksjonen sett i forhold til rentenivået i andrehandsmarknaden på same tidspunkt. Ei slik samanlikning er enklast å gjere i dei tilfella der ein utvidar eit lån som allereie er prisnotert i marknaden. Det normale i ein auksjon av norske statsobligasjonar er at den effektive renta ein oppnår ligg mellom tilsvarande kjøps- og salsrente i andrehandsmarknaden på auksjonstidspunktet. Hittil i år har auksjonsresultatet i gjennomsnitt vore 1 rentepunkt over midtrenta i andrehandsmarknaden, jf. tabell 6.2. Samanlikna med midtrenta i marknaden for rentebyteavtalar har gjennomsnittleg rente i auksjonane hittil i år vore om lag 40 rentepunkt lågare. I 2005 var renta i gjennomsnitt 36 rentepunkt under midtrenta.
Endringar i rentenivået etter at kupongrenta er fastsett, kan gi over- eller underkurs når ein emitterer i eit lån. Slik over- eller underkurs blir avsett i statsrekneskapen og ført som inntekt eller utgift over den attståande løpetida på dei aktuelle låna. Emisjonane hittil i 2006 er teikna med overkurs for til saman 939 mill. kroner og ein underkurs på til saman 85 mill. kroner.
6.1.2 Langsiktige kontolån frå Statens pensjonsfond – Noreg
Statens pensjonsfond – Noreg kan plassere midlar i form av kontolån til vilkår som svarar til dei vilkåra statslåna blir omsette til i marknaden. Per 30. september 2006 var uteståande volum i slike lån vel 103 mrd. kroner, ein auke på nær 15 mrd. kroner frå utgangen av 2005. Fondet har etter avtale hatt høve til å førtidig innfri plasseringar i langsiktige kontolån. Dersom replasseringar i nye, langsiktige kontolån skjer på basis av innfriing av lån med mindre enn eitt år til forfall, blir desse avrekna mot ramma for langsiktige låneopptak.
Ved slutten av 2006 skal samtlege kontolån frå Statens pensjonsfond – Noreg innløysast, jf. omtale i Revidert nasjonalbudsjett 2006 og Budsjett-innst. S. nr. 41 (2005-2006). Det blir samtidig lagt opp til at 10 mrd. av kontolåna tilbakebetalast til Fondet. Den resterande delen av kontolåna blir nedskriven. Tilbakebetalinga vil skje gjennom ei konvertering av kontolåna til marknadsomsette statspapir som Fondet over tid vil omplassere i aksjar og private obligasjonar.
6.2 Kortsiktige lån
6.2.1 Statskassevekslar
Den kortsiktige opplåninga skal sikre det kontantbehovet staten har for transaksjonsformål . I tillegg er den kortsiktige opplåninga lagt opp slik at ein tar omsyn til balansen i pengemarknaden. Opplåninga i marknaden skjer gjennom sal av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente der avkastninga er knytt til underkursen dei blir lagde ut til.
Med dagens opplegg blir det opna nye veksellån med 12 månaders løpetid fire gonger i året. Forfall er knytt til oppgjersdato for standardkontraktar i dei internasjonale marknadene, såkalla IMM-datoar.
Tabell 6.3 Opptak av veksellån i 4. kvartal 2005 og hittil i 2006
Auksjonsdato | Børs nummer | Forfallsdato | Auksjonsvolum | Effektiv rente | Midtrente i pengemarkn.1 | Dekningsrate2 |
12.10.05 | NST92 | 20 09 06 | 3 000 | 2,53 | 2,69 | 2,3 |
07.11.05 | NST92 | 20.09.06 | 3 000 | 2,67 | 2,80 | 1,9 |
05.12.05 | NST90 | 15.03.06 | 3 000 | 2,38 | 2,51 | 2,5 |
19.12.05 | NST93 | 20.12.06 | 9 0003 | 2,79 | 2,93 | 3,7 |
09.01.06 | NST93 | 20.12.06 | 3 000 | 2,77 | 2,92 | 2,2 |
13.02.06 | NST91 | 21.06.06 | 3 000 | 2,42 | 2,49 | 1,5 |
13.03.06 | NST94 | 21.03.07 | 9 0003 | 2,98 | 3,05 | 1,7 |
03.04.06 | NST94 | 21.03.07 | 3 000 | 3,04 | 3,09 | 1,7 |
08.05.06 | NST94 | 21.03.07 | 3 000 | 3,15 | 3,18 | 2,3 |
01.06.06 | NST92 | 20.09.06 | 3 000 | 3,01 | 3,01 | 2,4 |
19.06.06 | NST95 | 20.06.07 | 7 0003 | 3,35 | 3,41 | 2,3 |
03.07.06 | NST95 | 20.06.07 | 3 000 | 3,41 | 3,42 | 2,8 |
04.09.06 | NST93 | 20.12.06 | 2 000 | 3,23 | 3,30 | 3,1 |
18.09.06 | NST96 | 19.09.07 | 8 0003 | 3,70 | 3,74 | 1,7 |
28.09.06 | NST96 | 19.09.07 | 3 000 | 3,75 | 3,83 | 2,6 |
1 Gjennomsnitt av innlåns- og utlånsrenter til bankane i interbankmarknaden på auksjonstidspunktet, interpolert og omrekna til effektive renter på faktisk/365-basis.
2 Bodvolum i høve til auksjonsvolum.
3 Av dette 3 mrd. direkte til staten si eigenbehaldning for marknadspleieformål.
Kjelde: Finansdepartementet og Noregs Bank.
Som for statsobligasjonar blir det for statskassevekslar publisert ein årleg auksjonskalender. For 2006 er det annonsert 14 auksjonar.
Jamfører ein resultatet av auksjonane i kortsiktige statspapir med tilsvarande rente i pengemarknaden, ventar ein at renta på statspapir skal liggje under denne, jf. at investeringar i statspapir blir rekna som kredittrisikofrie. Tabell 6.4 viser resultata i vekselauksjonane det siste året. Renta staten har oppnådd i auksjonane hittil i år har gjennomsnittleg lege 6 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet. I 2005 var renta i gjennomsnitt 11 rentepunkt under midtrenta.
6.2.2 Andre kortsiktige lån
Andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og dessutan eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.
Per 30. september 2006 var dei totale plasseringane under fullmakta for andre kortsiktige lån om nær 61 mrd. kroner. Den største plasseraren er operatørbanken som forvaltar likviditeten i samband med visse skatte- og avgiftsbetalingar (for tida DnB Nor). Denne operatørbanken skal etter dagens ordning plassere den likviditeten banken får ved slike statlege betalingar som uforrenta kontolån til staten. Slike kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året. Per 30. september 2006 var det uteståande kontolån på vel 55 mrd. kroner under denne ordninga. Hovuddelen av kontolåna frå DnB Nor er no knytt til ordninga for innbetaling av folketrygdavgift og skatt på inntekt til kommunekasserarane. Desse er pålagde å ha eigen kassefunksjon og eigen bankkonto for innbetalte skatte- og trekkbeløp. Denne skattebetalingsordninga er ikkje omfatta av staten si konsernkontoordning.
6.3 Rentebyteavtaler
Staten tok i juni 2005 i bruk rentebyteavtalar i den innanlandske gjeldsforvaltninga.
Ein rentebyteavtale (renteswap) er ein avtale mellom to partar om å byte framtidige rentebetalingar knytte til ein bestemt hovudstol. Sjølve hovudstolen blir normalt ikkje veksla. Slike avtalar gjer det i prinsippet mogleg å skilje valet av rentebinding frå valet av låneinstrument. Bruk av rentebyteavtalar gir dermed staten fleksibilitet til å endre gjennomsnittleg rentebinding på gjeldsporteføljen utan at opplåningsstrategien blir endra, jf. avsnitt 3.3.1.
Departementet har til no inngått nye rammeavtalar med 14 motpartar. Desse avtalane regulerer rammene for rentebyteavtalane. For å minske statens potensielle kredittrisiko knytt til slike avtalar krev staten ein sikkerheit. Sikkerheitsbeløpet, som varierer med den kredittvurderinga motparten har hos dei største kredittvurderingsselskapa, vil halde kreditteksponeringa på eit lågt nivå, jf. avsnitt 3.3.2. Departementet har etablert slike avtalar med alle motpartar det no blir inngått rentebyteavtaler med.
Noregs Bank utfører dei operative funksjonane i samband med at det blir inngått avtalar på vegne av departementet. Dei kommersielle avgjerdene blir tekne av Finansdepartementet. Staten avstår frå å inngå avtalar i perioden frå og med sju verkedagar før eit rentemøte i Noregs Bank til og med den dagen renteavgjerda blir kunngjord. Departementet legg vekt på at avtalane blir så økonomisk gunstige som mogleg for staten, og at ein ikkje i vesentleg grad påverkar marknadsprisane eller på annan måte påverkar marknaden på ein uheldig måte.
Ved utgangen av 3. kvartal var det inngått avtalar for til saman 28,05 mrd. kroner med 10 forskjellige motpartar. Hovudstol på dei inngåtte avtalene har vore på mellom 200 og 750 mill. kroner, med løpetider frå 5 til 10 år.
Statens pensjonsfond – Noreg kan også inngå rentebyteavtalar eller tilsvarande derivatavtalar med statskassen for å justere rentebindinga på fondets portefølje av kontolån. Statens pensjonsfond – Noreg har så langt berre nytta denne ordninga til å gjere terminforretningar med staten. Desse terminforretningane blir gjorde opp gjennom ein kontanttransaksjon ved forfall og liknar såleis på rentebyteavtalar. Forretningane er blitt rekna inn under Finansdepartementet si generelle fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar. Desse terminforretningane vil opphøre ved utgangen av 2006 når alle kontolåna skal innløysast.