1 Innleiing
I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om bygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland. Jondalstunnelen vil etablere eit nytt samband mellom Jondal og Kvinnherad kommunar. Finansieringa av Jondalstunnelen er basert på bompengar, statleg tilskot (overgangsordninga for store fylkesvegprosjekt), tilskot frå kommunane Kvam, Odda og Jondal og fylkeskommunale midlar.
Det ligg føre planar for fleire traséløysingar. Fylkesmannen har lagt opp til at endeleg val av løysing vil bli tatt etter at det er henta inn tilbod frå entreprenør på fleire alternativ.