St.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland

Til innhaldsliste

2 Omtale av utbygginga

Hovudmålet med prosjektet er å gi Jondal kommune betre og kortare samband mot Kvinnherad og vidare via Folgefonntunnelen mot Odda og E134. Jondal kommune har vel 1 000 innbyggjarar. Jondalstunnelen blir også vurdert som viktig for den regionale utviklinga i kommunane på og rundt Folgefonnhalvøya i Hardanger.

Figur 2.1 Kart som viser ei prinsippskisse av utbygginga med bomstasjonar
 for Jondalstunnelen og 
 Folgefonntunnelen

Figur 2.1 Kart som viser ei prinsippskisse av utbygginga med bomstasjonar for Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen

Konsekvensutgreiinga med ei rekke alternative løysingar blei godkjent i 2004. Det ligg føre godkjente reguleringsplanar for prosjektet etter alternativ S1 + S9 i Kvinnherad kommune og alternativ N2 i Jondal kommune. Det er i tillegg utarbeidd forslag til reguleringsplan for alternativ S6 i Kvinnherad kommune og alternativ N6 i Jondal kommune. Ved full utbygging inngår S1 i alle alternativa. Dette gir følgjande kombinasjonar:

1) S1 + S9 + N2

2) S1 + S9 + N6

3) S1 + S6 + N2

4) S1 + S6 + N6

Figur 2.2 Kart som viser alternative løysingar for Jondalstunnelen

Figur 2.2 Kart som viser alternative løysingar for Jondalstunnelen

Dei godkjente reguleringsplanane omfattar kombinasjonen S1+S9+N2. Med denne kombinasjonen blir lengda på tunnelen 8,3 km, og dette er den løysinga som gir den kortaste tunnelen. Kombinasjonen S1 + S6 + N6 gir den lengste tunnelen på om lag 10 km.

Totalkostnadene ved full utbygging av kvar av dei fire kombinasjonane varierer frå om lag 1 000 mill. kr til om lag 1 200 mill. kr. Dette omfattar utbygging av tofelts veg på heile strekninga frå rv 551 i Kvinnherad til Belsnes i Jondal.

Frå rv 551 går traséen i hovudsak langs dagens fylkesveg 51 eller nærare strandlinja fram til Nordrepollen. På denne strekninga er det planlagt å strosse ut den om lag 0,8 km lange Bergfjelltunnelen. Ved Øyre skil alternativa lag: Alternativ S9 går i dagen gjennom bygda ovanfor busetjinga i Øyre og Flatabø med tunnelpåhogg på nordsida av Nordrepollen. Alternativ S6 går opp langs Øyresdalen med tunnelpåhogg under anleggsvegen frå kraftutbygginga. På Jondalsida kjem alternativ N2 ut i dagen før kryss med eksisterande fylkesveg 107 ved Skiparvik. Alternativ N2 følgjer fylkesvegen om lag 0,5 km før det blir ein om lag 2,5 km lang tunnel fram til Saltkjelen. Vidare mot Belsnes går traséen langs dagens fylkesveg 107. Alternativ N6 kjem ut i dagen i Torsnesdalen og går i ein om lag 0,6 km lang tunnel. Vidare følgjer alternativ N6 same trasé som alternativ N2.

Reguleringsplanen i Kvinnherad kommune blei kalla inn av Miljøverndepartementet, jf. § 27 – 2 nr. 3 andre ledd. Etter ei samla vurdering kom departementet i juni 2007 til at reguleringsplanen ikkje blir endra eller oppheva.

På grunn av vanskar med å krysse Tveitelva i Kvinnherad er påhogget for alternativ S9 flytta vel 50 m til austsida av elva slik at tunnelen blir lengre. Senterlinja er ikkje endra, men vegen er senka. I tillegg er det lagt opp til å etablere ein midlertidig anleggsveg inntil så mykje tunnelmassar er utsprengt at det kan etablerast anleggsveg i regulert/framtidig vegtrasé. Gjennom vedtak i forvaltningskomiteen 7. november 2007 har Kvinnherad kommune fatta vedtak om mindre vesentleg endring i reguleringsplanen.

Til grunn for finansieringsplanen ligg ei redusert utbygging innanfor dei godkjente reguleringsplanane på dagstrekninga frå Øyre til tunnelpåhogget på nordsida av Nordrepollen og sjølve Jondalstunnelen. I tillegg er det berre føresett mindre tiltak på eksisterande fylkesvegar som har dårleg standard. På strekninga mellom Austrepollen og Øyre omfattar dette etablering av møteplassar, utbetring av elektroinstallasjonar og signalregulering for einvegstrafikk i Bergfjelltunnelen. På strekninga i Jondal omfattar tiltaka etablering av møteplassar.

Fylkeskommunen har lagt opp til eit mindre tunneltverrsnitt for Jondalstunnelen enn det som følgjer av gjeldande tunnelnormalar, men tverrsnittet blir det same som i Folgefonntunnelen. Tunnelnormalane er endra på dette punktet sidan Folgefonntunnelen blei opna i 2001.

Fylkeskommunen legg til grunn at det skal hentast inn tilbod for alle dei fire kombinasjonane. Dersom tilboda fører til at andre alternativ enn S1+S9+N2 kan realiserast innanfor finansieringsopplegget som er lagt til grunn, går fylkeskommunen inn for at trasévalet/reguleringsplanane blir behandla på nytt.

I denne proposisjonen er det lagt til grunn anleggsstart hausten 2009 og trafikkopning i 2012.

Rassikring

Statens vegvesen har vurdert rassikringstiltak langs eksisterande fv 51 mellom rv 551 og tunnelpåhogget for Jondalstunnelen. Til grunn ligg mellom anna vurderingar frå 2001 og 2004. I perioden 2001 – 2007 er det registrert om lag 20 ras på strekninga. I all hovudsak er dette steinsprang. Rassikringa blir håndtert på noko ulikt vis avhengig av omfanget på utbygginga.

Redusert utbygging: Ei strekning på til saman 2,1 km nord og sør for Bergfjelltunnelen er utsett for steinsprang og nedfall av is. Statens vegvesen vurderer det som nødvendig å gjere tiltak her. Omsynet til helse, miljø og tryggleik ved gjennomføring av anlegget vil i seg sjølv krevje dette. Statens vegvesen legg opp til å etablere rassikringsgjerde på to strekningar som til saman er om lag 1,1 km. Det er vidare lagt opp til å etablere ei brei grøft (5,0 m) på ei 500 m lang strekning. I tillegg vil det bli gjennomført sikring med boltar, reinsk og montering av nett. Ved den eksisterande Bergfjelltunnelen vil den sørlege tunnelportalen bli forlenga. Nord for Nordrepollen vil ei om lag 300 m lang strekning bli sikra ved kombinasjon av mur og voll ved utbygging av alternativ S9.

Full utbygging: På delar av strekninga ved Bergfjelltunnelen vil traséen bli flytta nærare fjorden. Dette vil redusere rasfaren. I tillegg vil den breie grøfta bli forlenga med 500 m.

Ved Austrepollen er to mindre område utsette for snøskred/sørpeskred, men det er ikkje registrert rasproblem inn på sjølve vegen. Det er ikkje lagt opp til tiltak ved redusert utbygging. Ved full utbygging vil det vere aktuelt å legge vegen nærare fjorden.

I konsekvensutgreiinga frå 2004 blei to tunnelalternativ mellom rv 551 og Nordrepollen/Jondalstunnelen vurderte. På lang sikt kan ein eventuell ny tunnel erstatte den rasutsette vegen langs fjorden.

Detaljar ved type og omfang av rassikringstiltaka vil bli vurdert nærare ved utarbeidinga av konkurransegrunnlaget for entreprisearbeida.