4 Kostnadsoverslag og nytte av utbygginga
Kostnadsoverslaget er kvalitetssikra av ein ekstern konsulent i samsvar med prinsippa for styring av statlege investeringar. Kvalitetssikringa blei gjennomført sommaren 2006 og har i tillegg omfatta trafikkgrunnlaget og dei elementa i finansieringsplanen som er relaterte til dette. Den eksterne konsulenten og Statens vegvesen Vegdirektoratet var samde om ei styringsramme på 640 mill. kr omrekna til 2008-prisnivå. Dette er basert på dei godkjente reguleringsplanane med kombinasjonen S1 + S9 + N2 som har det lågaste kostnadsoverslaget.
Det er gjennomført ei fornya vurdering av behovet for rassikring på Kvinnherad-sida. I fylkeskommunen sitt opplegg var det rekna med rassikringstiltak ved alternativ S9 på om lag 10 mill. kr. Statens vegvesen har lagt til grunn at kostnadene må aukast med om lag 20 mill. kr fordi det må gjerast tiltak innanfor alternativ S1. Til saman er det dermed rekna med at kostnadene ved rassikringstiltaka er om lag 30 mill. kr.
Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 730 mill. 2007-kr og ei kostnadsramme på 810 mill. 2007-kr. Omrekna til 2008-prisnivå er styringsramma 760 mill. kr og kostnadsramma 840 mill. kr. Den viktigaste grunnen til auken frå 2006 er endringar i marknadssituasjonen. Vidare er det lagt til grunn større omfang av vass- og frostsikring, og kostnadene for prosjekt- og byggeleiing er auka på grunn av skjerpa krav til oppfølging. Kostnadene til grunnundersøkingar og konkurransegrunnlag er også auka.
Styrings- og kostnadsramma er i tråd med Vegdirektoratet si tilråding etter at det er lagt til grunn utføringsentreprise med ei oppsplitting av arbeida med veg i dagen, inkl. rassikringstiltak, i fleire entreprisar. Konsulenten har komme fram til ein vesentleg mindre kostnadsauke frå 2006 enn Statens vegvesen og har tilrådd ei styringsramme på 685 mill. 2007-kr og ei kostnadsramme på 785 mill. 2007-kr. Konsulenten sine tal er basert på totalentreprise. Av fleire faktorar som bidreg til uvisse er marknaden og einingsprisar på tunnelarbeid dei viktigaste elementa.
Basert på at prosjektet blir delvis bompengefinansiert, er samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet (NN) rekna til – 150 mill. kr ved redusert utbygging. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til – 0,2.