3 Lokalpolitisk behandling
Finansieringa av Jondalstunnelen blei behandla på møte i fylkestinget 8. juni 2004. Det blei fatta følgjande vedtak:
Fylkestinget godkjenner prosjektet Jondalstunnelen, alternativ S1+S9+N2, tunnelprofil T8.
Fylkestinget godkjenner slik finansieringsplan for prosjektet:
Tabell 3.1
I løpande kroner Mill. kr Statstilskot (overgangsordninga for store fylkesvegprosjekt) 50,0 Kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift/ innbetalingar frå verksemder i Hardanger/ Sunnhordland 75,6 Tilskot frå kommunane Kvam, Odda og Jondal 55,1 Bompengar 110,6 Driftsmidlar 19,5 Lån 218,6 Sum 529,4 Finansieringsplanen for Jondalstunnelen føreset følgjande:
at Stortinget løyver 50 mill. kr til Jondalstunnelen i 2005, jf. overgangsordninga for store fylkesvegprosjekt.
at verksemder i Hardanger og Sunnhordland garanterer som sjølvskuldnarkausjonistar for eventuell svikt i kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift med inntil 75,6 mill. kr.
at tilskota på i alt 55,05 mill. kr frå kommunane Kvam, Odda og Jondal vert innbetalt til fylkeskommunen i 2007.
at kommunane Odda, Kvinnherad og Jondal stiller til rådvelde inntil 30 mill. kr av eventuelle overskotsmidlar frå bompengeinntektene i Folgefonntunnelen for å redusera uvissa i prosjektet Jondalstunnelen. Summen vert utløyst om bompengeinntektene i Jondalstunnelprosjektet sviktar i høve til føresetnadene.
Fylkestinget vedtek at 30 % av konsesjonskraftinntektene utanom 8,5 mill. kr til utviklingsprosjekt skal gå til Jondalstunnelen frå og med 2007 og til og med 2012.
Det skal skaffast 117 mill. kr frå konsesjonskraftmidlar til finansieringsopplegget for Jondalstunnelen i perioden etter 2009. Fylkestinget føreset at denne summen vert nådd ved å reservera midlar som nemnt i første avsnitt til og med 2012 og deretter skal heile konsesjonskraftinntekta med unnatak av 8,5 mill. kr til utviklingsprosjekt reserverast inntil 117 mill. kr er skaffa.»
Med grunnlag i dette vedtaket utarbeidde fylkesrådmannen forslag til bompengesøknad i samråd med kommunane Jondal, Odda, Kvam og Kvinnherad. Søknaden blei behandla av Jondal formannskap 15. november 2004. Formannskapet gjorde følgjande vedtak:
Jondal kommune støttar opp om premissar og konklusjonar som ligg nedfelt i Hordaland fylke sin søknad om bompengar for Fv 107 Jondalstunnelen.
Jondal kommune finn at søknaden sikrar økonomien for Folgefonntunnelen AS på ein god måte og at avtalen både er dynamisk og presis med tanke på å fanga opp den trafikkutviklinga som skjer både fram til opninga av Jondalstunnelen og etter at den er opna.
Jondal kommune viser til dei store kommunale tilskot og garantiar som er gjevne til Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen, og ser på Jondalstunnelen som:
Del 2 i arbeidet med å realisera Folgefonnhalvøya som ein ny og funksjonell BAS- (bu,arbeids og service) region i Hordaland.
Ei kvalitativ betring av Folgefonnregionen sin kommunikasjon med Bergensregionen/Kyststamvegen.
Ei realisering av diagonalen i Hordalandsringen og betra kommunikasjon for områda nord og vest for Hardangerfjorden med det sørlege Austlandet og Sørlandet/kontinentet.
Jondal kommune ynskjer å vera med i eit bompengeselskap for Jondalstunnelen utforma på dei vilkår som går fram av søknaden sitt pkt 5 Bompengeselskap.»
Søknaden blei behandla av Odda kommunestyre 17. november 2004. Kommunestyret gjorde følgjande vedtak:
Odda kommune stør opp om premisser og konklusjonar som ligg nedfelt i Hordaland fylke sin søknad om bompengar for Fv 107 Jondalstunnelen
Odda kommune finn at søknaden sikrar økonomien for Folgefonntunnelen AS på ein god måte og at avtalen både er dynamisk og presis med tanke på å fanga opp den trafikkutviklinga som skjer både fram til opning av Jondalstunnelen og etter at den er opna.
Odda kommune viser til dei store kommunale tilskot og garantiar som er gitt til Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen, og ser på Jondalstunnelen som:
del 2 i arbeidet med å realisera Folgefonnhalvøya som ein ny og funksjonell BAS – (bu, arbeids og sørvis) – region i Hordaland.
ei kvalitativ betring av Folgefonnregionen sin kommunikasjon med Bergensregionen/ Kyststamvegen.
ei realisering av diagonalen i Hordalandsringen og betra kommunikasjon for områda nord og vest for Hardangerfjorden med det sørlege Austlandet og Sørlandet / kontinentet.
eit svært viktig rassikringsprosjekt
eit prosjekt som lettar tilførsel til Turistveg Hardanger og styrker Hardanger som reisemål.
Odda kommune ynskjer å vera med i eit bompengeselskap for Jondalstunnelen utforma på dei vilkår som går fram av søknaden sitt pkt 5. Bompengeselskap.»
Søknaden blei behandla av Kvam kommunestyre 16. november 2004. Kommunestyret gjorde følgjande vedtak:
«Kvam herad gjev tilslutning til «Bompengesøknad for Fv 107 Jondalstunnelen» slik den ligg føre i notat dagsett 05.11.04. frå fylkesrådmannen i Hordaland.»
Søknaden blei behandla av Kvinnherad kommunestyre 25. november 2004. Kommunestyret gjorde følgjande vedtak:
Kvinnherad kommunestyre godkjenner forslag til bompengesøknad for Fv 107 Jondalstunnelen. Vilkåret er at prosjektet ikkje fører til reduserte trafikkinntekter for Folgefonntunnelen AS, og at også søknaden om forlenga bompengeinnkrevjing i Folgefonntunnelen no blir godkjent.
Når Kvinnherad sin del av låna til Folgefonntunnelen AS er nedbetalt, vil kommunen la trafikkinntekter ut over dette avgrensa til 14,5 mill. kr, gå til finansiering av Jondalstunnelen. Vilkåret er at bompengeinntektene i Jondalstunnelen sviktar i høve til realistiske føresetnader.
Kvinnherad kommunestyre ber om at endra føresetnader blir innarbeidd i endeleg finansieringsplan.»
Fylkeskommunen meinte at vedtaket i Kvinnherad kommunestyre ikkje gav den naudsynte tilslutninga til bompengesøknaden. Ved kommunen sitt brev av 4. desember 2004 blei innhaldet i vedtaket presisert.
I fråsegn til bompengesøknaden peika Statens vegvesen Region vest på at bygging av Jondalstunnelen vil føre til sterkare krav om utbetring av tilstøytande vegnett, som rassikring mellom Austrepollen og Nordrepollen og ombygging av ferjekaiene i Jondal og Tørvikbygd. Trafikkprognosane blei i tillegg vurderte som usikre. Statens vegvesen Region vest ville derfor arbeide vidare med å kvalitetssikre trafikktala.
Bompengesøknaden blei lagt fram for fylkestinget 15. desember 2004. Fylkestinget gjorde følgjande vedtak:
Fylkestinget viser til tidlegare vedteken finansieringsplan for Jondalstunnelen, og tilrår bompengesøknaden av 5. november 2004, med ei ramme på 110,6 mill. kr til delfinansiering av prosjektet.
Hordaland fylkeskommune gir simpel garanti for eit lån på inntil 125 mill. kr som bompengeselskapet skal ta opp.»
Statens vegvesen Region vest la i 2005 fram reviderte trafikkprognosar og nokre andre endringar med konsekvensar for finansieringa av prosjektet. Trafikkprognosane var noko nedjusterte og innkrevjingskostnadene oppjusterte og tilpassa manuell innkrevjing av bompengar. Vidare tilrådde Statens vegvesen Region vest at forskotsbompengar frå sambandet Jondal – Tørvikbygd blei tekne ut av finansieringsplanen. Endringane resulterte i eit inntektsbortfall på i storleiksorden 40 mill. kr.
Fylkesrådmannen la etter dette fram forslag til revidert finansieringsplan basert på eit kostnadsoverslag på 495 mill. kr, omrekna til 2004-prisnivå. Den gjennomsnittlege bompengetaksten pr. passering var auka frå kr 70,- til kr 75,-. Det kommunale tilskotet var justert opp med 1 mill. kr frå kvar av kommunane Jondal, Odda og Kvam. Kompensasjonsmidlane for auka arbeidsgjevaravgift var auka med 5 mill. kr, og fylkeskommunalt låneopptak var auka med 18 mill. kr. Fylkeskommunen aksepterte ikkje tilrådinga frå Statens vegvesen Region vest om å ta ut forskotsbompengane. Det reviderte forslaget til finansieringsopplegg, samanlikna med tidlegare finansieringsplan, er vist i tabellen under.
Tabell 3.2
Tidlegare finansieringsplan(løpande kr) | Endring (løpande kr) | Revidert forslag (løpande kr) | Revidert forslag(2004-kr) | |
---|---|---|---|---|
Statstilskot | 50,0 | 0,0 | 50,0 | 48 |
Kompensasjonsmidlar | 75,6 | 5,0 | 80,6 | 77 |
Kommunale tilskot | 55,1 | 3,0 | 58,1 | 55 |
Bompengar | 110,6 | -23,7 | 86,9 | 82 |
Driftsmidlar | 19,5 | 0,0 | 19,5 | 18 |
Lån | 218,6 | 15,7 | 234,3 | 216 |
Sum | 529,4 | 0,0 | 529,4 | 495 |
Fylkesrådmannen sitt reviderte finansieringsforslag blei sendt kommunane Odda og Kvam som slutta seg til forslaget. Forslaget blei lagt fram for fylkestinget i møte 4. mai 2005. Fylkestinget gjorde følgjande vedtak:
Fylkestinget godkjenner justert finansieringsplan for Jondalstunnelen slik den går fram av saksførelegget.
Fylkestinget godkjenner at bompengesøknaden for Jondalstunnelen vert justert i samsvar med den endra finansieringsplanen slik den går fram av saksførelegget. Det inneber at ein søkjer om å få godkjent eit bompengeopplegg med ei ramme på 83 mill. kr (2004-kr).
Fylkestinget godkjenner at det i bompengesøknaden vert teke inn eit tillegg om bompengeinnkrevjing i ein periode på 15 år sjølv om bompengelånet er nedbetalt før denne tidsperioden. Bompengeinnkrevjinga er likevel avgrensa til å gjelda bompengelånet med tillegg av kommunane sine ekstratilskot og fylkeskommunen sitt ekstra låneopptak.
Fylkestinget viser til at før ein bompengesøknad kan fremjast for Stortinget, trengst det ei avklaring om korleis eventuelle kostnadsoverskridingar for tunnelprosjektet skal finansierast. I denne samanhengen understrekar fylkestinget at Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for. Fylkeskommunen vil såleis ta på seg å dekka eventuelle kostnadsoverskridingar. Dette punktet er likevel ikkje å sjå på som ei fullmakt til å setja i gang prosjektet uavhengig av kostnaden etter at anboda er komne inn. Dersom det vert kostnadsoverskridingar må prosjektet handsamast på nytt av fylkestinget.»
I samband med at Kvinnherad kommunestyre godkjende reguleringsplan for alternativ S6 9. februar 2006 fatta kommunestyret følgjande vedtak:
For å få ei så rask realisering av Jondalstunnelen som mogleg vil Kvinnherad kommunestyre på det sterkaste oppmode stat og kommune om å delta i fullfinansiering av den vedtekne traséløysinga S6.
Dersom grunnavståing til traséløysinga S6 tek uforutsett lang tid og samla kostnad blir langt høgare enn rekna med, kan det seinare likevel bli aktuelt for Kvinnherad kommunestyre å godkjenne traséløysinga S9.»
Med grunnlag i vedtaket i Kvinnherad kommunestyre gjorde fylkestinget 14. mars 2006 følgjande vedtak:
Fylkestinget legg til grunn alternativ S6 ved realisering av Jondalstunnelen.
Fylkestinget godkjenner auka prosjektkostnader som følgje av alternativ S6 med 38 mill. kr.
Fylkestinget legg til grunn at meirkostnaden på 38 mill. kr vert finansiert med tilskot frå Kvinnherad kommune til prosjektet på 19 mill. kr og auka fylkeskommunale midlar på 19 mill. kr.
Tunnelalternativa S6, N2 og N6 vert lagde til grunn for anbodsinnhenting av Jondalstunnelen. Også S9 vert lagt til grunn i anbodsinnhentinga.
Dersom anbodsinnhentinga gjev grunnlag for det, vert N6 lagt til grunn for gjennomføringa av prosjektet.
Fylkestinget har merka seg den justerte trafikkprognosen frå Vegdirektoratet. Fylkestinget endrar likevel ikkje summen i bompengesøknaden og viser her til utgreiinga i saka. Meir effektiv innkrevjing av bompengane og lågare rente veg opp for lågare trafikk. Fylkestinget legg framleis til grunn at det skal krevjast inn førehandsbompengar på ferja Tørvikbygd – Jondal.
Fylkestinget ber om at bompengesøknaden vert handsama snarast råd av sentrale styresmakter.
Fylkesutvalet får naudsynte fullmakter til å gjera vedtak på vegne av fylkestinget dersom det oppstår endringar i grunnlaget etter handsaminga i fylkestinget, då det er viktig med rask handsaming for å nå Stortinget i vårsesjonen.
Dersom Kvinnherad kommunestyre ikkje sluttar seg til opplegget i pkt. 1 – 7, ber fylkestinget om at kommunestyret går inn for å regulera S9.»
Dette vedtaket blei lagt til grunn for behandling i Kvinnherad kommunestyre 16. mars 2006. Kommunestyret fatta følgjande vedtak:
Kvinnherad kommunestyre vil ha bygt tunnelsambandet mellom Jondal og Kvinnherad så snart som råd.
Kvinnherad kommunestyre opphevar vedtak om S6 alternativ.
Kvinnherad kommune meiner sambandet kan og må løysast utan at det skal brukast kommunale midlar.
Kommunestyret vedtar at S9 skal regulerast. Det vert å leggja fram reguleringssak på neste kommunestyremøte på S9.
Føresetnaden er at dette alternativet, saman med S6 vert sendt ut på anbod. Det same skal S7 dersom det ikkje forseinkar prosjektet vesentleg. Alle alternativa skal vurderast dersom dei er lågare enn noverande fullfinansierte sum på 529 mill. kroner.»
I tillegg fatta Kvinnherad kommunestyre følgjande vedtak 20. april 2006:
Kvinnherad kommunestyre opphevar med heimel i § 28 – 1 i Plan- og bygningslova vedtaket frå møte den 27.05.04 om godkjenning av reguleringsplan for Jondalstunnelen etter alternativ S6.
Kvinnherad kommunestyre godkjenner med heimel i § 27 – 2 i Plan- og bygningslova reguleringsplan for Jondalstunnelen etter alternativ S9. Vilkåret for kommunal eigengodkjenning er tilstades.
Før realisering av endeleg traséval skal det utarbeidast anbodsgrunnlag og innhentast anbod for begge dei to alternativa S9 og S6. Dersom det ikkje forseinkar prosjektet vesentleg skal det også innhentast anbod for alternativ S7. Alle alternativa skal fremjast for politisk vurdering dersom dei er lågare enn noverande fullfinansierte sum på 529 mill. kroner.»
Med grunnlag i vedtaket i Kvinnherad kommunestyre gjorde fylkesutvalet 15. mai 2006 følgjande vedtak:
I medhald av fullmakt frå fylkestinget i vedtak av 14. mars 2006, pkt. 8, godkjenner fylkesutvalet traséalternativ S9 for Jondalstunnelen i Kvinnherad kommune.
Fylkesutvalet legg til grunn at bygging av alternativa N2 og N6 i Jondal kommune og S9 og S6 i Kvinnherad kommune vert lagt ut på anbod. Dersom andre traséalternativ enn S9 og N2 kan realiserast innanfor den vedtekne finansieringsplanen vert trasévalet å vurdere på nytt.»
Samferdselsdepartementet har bedt om ein ny gjennomgang av finansieringsplanen med bakgrunn i den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet. Saka blei lagt fram for fylkestinget i møte 24. april 2008. Fylkestinget gjorde følgjande vedtak:
Fylkestinget viser til nytt kostnadsoverslag for Jondalstunnelen som inneber ein kostnadsauke på 279 mill. kr, og tek dette til etterretning.
Fylkestinget står fast på sitt tidlegare vedtak (12/05) om å realisera prosjektet, og ber om at bompengeproposisjonen for Jondalstunnelen vert lagt fram, og prosjektet vert lyst ut på anbod så snart som råd for å sikra byggjestart i 2009, i tråd med finansieringsplanen.
Fylkestinget står fast på at den vedtekne finansieringsplanen for Jondalstunnelen, med råme på 529,4 mill. kr ligg inne i økonomiplanen som gjeld fram til 2011. Fram til 2011 vil det, ut frå den vedtekne finansieringsplanen, vera nok midlar frå eksterne kjelder til å dekke byggjekostnadene. Fylkestinget vil legge til grunn at auka kapitalkostnad som følgje av kostnadsauke vert finansiert med framtidig konsesjonskraftinntekt, som i stor grad er utan bindingar frå 2010.
Fylkestinget godkjenner slik ny finansieringsplan for Jondalstunnelen, i løpande kroner:
Statstilskot 50,0 mill. kr
Kompensasjonsmidlar 80,6 mill. kr
Kommunale tilskot 58,1 mill. kr
Bompengar 86,9 mill. kr
Lånemidlar 532,0 mill. kr
Sum 807,6 mill. kr»