6 Finansieringsopplegg
Finansieringsmodellen bygger på følgjande element:
Bompengar
Statleg tilskot
Kommunale tilskot
Fylkeskommunale midlar
Bompengar
Forskotsinnkrevjing
Fylkeskommunen har lagt opp til forskotsinnkrevjing i riksvegferjesambandet Jondal – Tørvikbygd i om lag fire år frå prosjektet er godkjent av Stortinget og fram til trafikkopning. Det er føresett ein gjennomsnittstakst på om lag 23 kr, rekna om til 2008-prisnivå. I utgangspunktet svarar dette til eit tillegg på 5 takstsoner, både for kjøretøy og passasjerar. Det er føresett rabattar etter rabattordningane i riksregulativet for ferjetakstar. Det er stipulert at forskotsinnkrevjinga vil gi eit finansieringsbidrag på om lag 2,3 mill. kr pr. år, til saman om lag 9 mill. kr.
Statens vegvesen Vegdirektoratet har vist til St.meld. nr. 24 (2003 – 2004) Nasjonal transportplan 2006 – 2015 der det er lagt til grunn at forskotsinnkrevjing normalt ikkje skal godkjennast, men at unntak kan vurderast for reine ferjeavløysingsprosjekt. Vidare blir det vist til at kravet til samanheng mellom nytte og betaling er innskjerpa. Dei som betaler bompengar, skal ha nytte av vegprosjektet. I St.meld. nr. 24 er det også lagt til grunn at samanhengen må gå andre vegen, slik at dei som har nytte av prosjektet, også skal betale bompengar. Statens vegvesen Vegdirektoratet har tilrådd at forskotsinnkrevjing ikkje blir godkjent på grunn av at Jondalstunnelen ikkje er eit ferjeavløysingsprosjekt. Når Jondalstunnelen er opna for trafikk, vil det dessutan vere ein stor del av trafikantane frå ferja som ikkje får nytte av prosjektet ved at dei skal til Jondal, eller kjøre nordover eller sørover langs Hardangerfjorden.
Samferdselsdepartementet legg stor vekt på at det er lokalpolitisk tilslutning til å delfinansiere utbygginga med bompengar. Sidan dette er eit fylkesvegprosjekt må det etter departementet sitt syn leggjast spesielt stor vekt på fylkeskommunen sitt forslag til finansieringsopplegg inklusive forskotsinnkrevjing på ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd. Etter ei samla vurdering tilrår derfor Samferdselsdepartementet bompengeopplegget, inklusiv forskotsinnkrevjing i ferjesambandet.
Etterskotsinnkrevjing
Det er lagt til grunn at etterskotsinnkrevjinga vil skje i ein bomstasjon ved Øyre i Kvinnherad kommune. Bomstasjonen blir plassert etter kryss med avkjøring til Nordrepollen og Gjetingsdal. Dette fører til at innbyggjarar i Kvinnherad kommune ikkje betaler bompengar for reiser i eigen kommune. Det er føresett tovegs innkrevjing.
Det er planlagt to takstgrupper: lette kjøretøy (kjøretøy med totalvekt til og med 3 500 kg) og tunge kjøretøy (kjøretøy med totalvekt over 3 500 kg). Det er føresett ein gjennomsnittstakst på 86,50 kr pr. kjøretøy, rekna om til 2008-prisnivå. Det er førebels rekna ut at takstane vil bli om lag 95 kr for lette kjøretøy og 190 kr for tunge kjøretøy. Det er føresett rabattar i samsvar med takstretningslinjene. Ved forskotsinnkrevjing er det mogleg å oppnå rabattar på 30 – 50 pst. Dagens takstar i Folgefonntunnelen er 65 kr for lette kjøretøy og 130 kr for tunge kjøretøy. Her gjeld også rabattordningar med inntil 50 pst. rabatt.
Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i 15 år i tråd med fylkestinget sin søknad. Fylkestinget ønskjer etterskotsinnkrevjing i 15 år sjølv om bompengelånet skulle bli nedbetalt tidlegare. Bompengeinnkrevjinga er likevel føresett avgrensa til å dekke bompengelånet med tillegg av kommunane sine ekstratilskot (3 mill. kr) og fylkeskommunen sitt ekstra låneopptak (18 mill. kr). Fylkeskommunen har vist til tilsvarande særordning for prosjektet rv 551 Folgefonntunnelen. Grunngjevinga var det store økonomiske ansvaret som kommunane Odda, Jondal og Kvinnherad har tatt på seg.
Når etterskotsinnkrevjinga startar opp for Jondalstunnelen, vil det fram til Folgefonntunnelen er nedbetalt i 2016 vere to bomstasjonar mellom Jondal og Odda. Fylkestinget har gått inn for at dei trafikantane som passerer både Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen i løpet av ein time, berre skal betale for passeringa i Jondalstunnelen. Det er føresett at alle inntektene frå trafikkauken i Folgefonntunnelen som følgje av opninga av Jondalstunnelen skal gå til Jondalstunnelen, men at tapte inntekter for Folgefonntunnelen som følgje av timesregelen skal tilbakeførast frå Jondalstunnelen. Dette skal skje på følgjande måte: Bompengeinntektene til Folgefonntunnelen AS i det siste rekneskapsåret før opninga av Jondalstunnelen blir justerte årleg ut frå NTP-prognosane for trafikkvekst i Hordaland. Jondalstunnelen AS overfører årleg den summen som skal til for at Folgefonntunnelen AS oppnår dei inntektene som er rekna ut på grunnlag av det oppjusterte trafikkgrunnlaget. Summen som skal overførast årleg er stipulert til 0,7 mill. kr, basert på at trafikken i Folgefonntunnelen blir redusert med om lag 30 kjøretøy (ÅDT). For perioden 2012 – 2016 er det rekna med at den samla tilbakeføringa blir om lag 3 mill. kr.
Det er ikkje lagt opp til kryssubsidiering med dette opplegget, men det kan bli ein differanse mellom faktisk trafikk i Folgefonntunnelen og den trafikken som er rekna ut på grunnlag av NTP-prognosane. Det vil ikkje vere mogleg å rekne ut differansen eksakt, men Statens vegvesen Vegdirektoratet reknar med at differansen blir liten. Vegdirektoratet meiner derfor at opplegget bør kunne aksepterast, men at det må vere ein føresetnad at økonomien i dei to bompengeselskapa er adskilt.
Innkrevjinga for Folgefonntunnelen skjer i ein manuell bomstasjon. I samarbeid med Statens vegvesen Region vest vurderte styret i Folgefonntunnelen AS å automatisere innkrevjinga i 2004, men dette blei ikkje funne rekningssvarande. Etablering av automatisk bomstasjon vil føre til ei investering på om lag 5,7 mill. kr. For å sikre samordninga mellom dei to bomstasjonane har fylkestinget lagt til grunn manuell innkrevjing også for Jondalstunnelen fram til 2016. Fylkeskommunen har vist til at dagens automatiske innkrevjingssystem ikkje handterer utanlandske kjøretøy. Det er ikkje blitt vurdert som realistisk å ha automatisk innkrevjing for Jondalstunnelen og manuell innkrevjing for Folgefonntunnelen med den føresette koplinga mellom prosjekta. Fylkestinget har gått inn for effektivisering av innkrevjinga frå 2016. Manuell innkrevjing fram til 2016 vil føre til at ein stor del av inntektene vil gå til å dekke innkrevjingskostnader.
For dei to bompengeordningane samla sett vil automatisk innkrevjing gi dei lågaste kostnadene. Statens vegvesen Vegdirektoratet meiner at innføring av automatisert innkrevjing både for Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen bør vurderast nærare fram til opninga av Jondalstunnelen. Vegdirektoratet peikar på at det må arbeidast vidare med dette. Samferdselsdepartementet støttar denne vurderinga. I kostnadsoverslaget og finansieringsplanen er imidlertid fylkeskommunen sin føresetnad om manuell innkrevjing for Jondalstunnelen fram til 2016 og deretter automatisk innkrevjing lagt til grunn. Ei eventuell effektivisering på eit tidlegare tidspunkt vil komme som eit positivt bidrag til finansieringa.
Det er rekna med at inntektene frå etterskotsinnkrevjinga vil gi eit finansieringsbidrag til Jondalstunnelen på 74 mill. kr. I tillegg kjem bompengar til dekking av finansieringskostnader, innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet og etablering av automatisk innkrevjing frå 2016. Det er tatt omsyn til tilbakeføring av inntekter til Folgefonntunnelen i perioden 2012 – 2016. I reknestykket er det lagt til grunn at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.
Innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet er rekna til 44 mill. kr, og finansieringskostnadene er rekna til 48 mill. kr.
Konsulenten ved den eksterne kvalitetssikringa har også rekna ut bompengeinntektene. Sjølv om tala ikkje kan samanliknast direkte med Statens vegvesen sine utrekningar, er det klart at skilnaden er liten.
Statleg tilskot
Gjennom overgangsordninga for store fylkesvegprosjekt var det høve til å prioritere tilskot på inntil 50 mill. kr til slike prosjekt innafor fylkesfordelt ramme for perioden 2002 – 2005. For prosjektet Jondalstunnelen blei det opna for å utvide ordninga til også å omfatte perioden 2006 – 2009. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2005 løyvde Stortinget 30 mill. 2005-kr til prosjektet Jondalstunnelen, jf. Innst. S. nr. 13 (2004 – 2005). Ved behandlinga av handlingsprogrammet for øvrige riksvegar i Hordaland for perioden 2006 – 2015, gjekk fylkestinget i møte 4. mai 2005 inn for å setje av 20 mill. 2006-kr til finansieringa av Jondalstunnelen i perioden 2006 – 2009.
Kommunale tilskot
Odda, Kvam og Jondal kommunar har sagt seg villige til å gå inn med tilskot på til saman 58 mill. kr, fordelt med ein tredel (19,35 mill. kr) på kvar kommune. Tilskota er i løpande kroner, noko som medfører at dei ikkje skal justerast for årleg prisauke. Tilskotet er føresett innbetalt til fylkeskommunen i 2009.
Av dei lokale vedtaka går det fram at kommunane i prinsippet vil yte desse midlane som tilskot. Det er lagt til grunn at dersom økonomien i prosjektet blir betre enn føresett, skal det likevel vere 15 års etterskotsinnkrevjing. Inntekta frå innkrevjinga etter at bompengelånet er nedbetalt er føresett fordelt mellom fylkeskommunen og kommunane, slik at kommunane får delar av tilskotet tilbakebetalt, jf. nærare omtale i kap. 7.
Fylkeskommunale midlar
Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift
Det er etablert ei ordning med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift. I følgje Kommunal- og regionaldepartementet sine reglar for bruken av midlane kan desse nyttast til ulike sektorar og område for å fremje næringsutvikling, mellom anna samferdsel. Midlane som er stilt til rådvelde for Hordaland er fordelte gjennom lokale prosessar. Fylkestinget har gått inn for at til saman 60,5 mill. kr for åra 2004 – 2007 skal gå til bygging av Jondalstunnelen. Berre midlar som alt er løyvde og fordelte er lagt inn i finansieringsplanen. Eventuelle ytterlegare midlar kan bli lagt inn i finansieringsplanen seinare.
Fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar (driftsmidlar)
Bakgrunnen for konsesjonskraftmidlane er at eigarane av vasskraftverk gjennom konsesjonar er pålagde å levere konsesjonskraft til dei kommunane som blir råka av kraftutbygginga. Etter gjeldande lovverk (industrikonsesjonslova § 2, 4. ledd nr. 2, og vassdragsreguleringslova § 12, nr. 15, skal inntil 10 pst. av kraftmengda gå til kommunar og fylkeskommunar der kraftverket ligg. Kommunane kan ta ut konsesjonskraft tilsvarande forbruket til allmenn forsyning i kommunen. Fylkeskommunen kan ta ut differansen mellom totalt konsesjonskraftkvantum og uttaket til kommunane. Fylkeskommunen kjøper konsesjonskrafta til ein avtalt kostpris. Fylkeskommunen sel deretter krafta i marknaden. Konsesjonskraftmidlane utgjer differansen mellom dei to prisane.
Fylkestinget har gått inn for at 30 pst. av konsesjonskraftinntektene utanom 8,5 mill. kr som er sette av til utviklingsprosjekt, skal gå til Jondalstunnelen frå og med 2007 og til og med 2012. Med ei ramme på 50 mill. kr i årlege konsesjonskraftinntekter blir det årlege tilskotet til Jondalstunnelen på 6,5 mill. kr. Førebels har fylkeskommunen lagt inn midlar for perioden 2007 – 2009 på til saman 19,5 mill. kr. Fylkeskommunen omtalar desse midlane som driftsmidlar.
Andre fylkeskommunale midlar
Basert på at totale kostnader er 730 mill. 2007-kr har fylkeskommunen lagt til grunn at behovet for midlar ut over bompengar, statleg tilskot, kommunale tilskot, kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift og fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar skal finansierast ved opptak av lån. Fylkeskommunen har lagt til grunn at låneopptaket blir på 532 mill. kr i løpande kroner. I 2008-prisnivå utgjer dette om lag 490 mill. kr. Fylkeskommunen har lagt til grunn at dersom økonomien i prosjektet blir betre enn føresett, skal det likevel vere 15 års etterskotsinnkrevjing. Inntekta frå innkrevjinga etter at bompengelånet er nedbetalt, er føresett fordelt mellom kommunane og fylkeskommunen, jf. nærare omtale i kap. 7.