St.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland

Til innhaldsliste

7 Forslag til finansieringsplan

Styringsramma for prosjektet er 760 mill. 2008-kr. Kostnadsramma er på 840 mill. 2008-kr. Finansieringsplanen som er lagt til grunn er vist i tabell 7.1.

Tabell 7.1 Finansieringsplan

  Mill. 2008-kr
Bompengar – forskotsinnkrevjing i ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd9
Bompengar – etterskotsbompengar på prosjektet*74
Statleg tilskot52
Kommunale tilskot58
Fylkeskommunale midlar – kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift60
Fylkeskommunale midlar – konsesjonskraftmidlar («driftsmidlar»)19
Fylkeskommunale midlar – låneopptak/andre midlar488
Sum760

* I tillegg kjem bompengar til dekking av renter på bompengelån, innkrevjingskostnader, drift av bompengeselskapet, etablering av automatisk innkrevjing frå 2016 og tilbake­føring av tapte trafikkinntekter for Folgefonntunnelen.

Eventuelle endringar i kostnader og/eller inntening

Fylkestinget har i vedtak av 4. mai 2005 slått fast at Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for. Fylkeskommunen har tatt på seg å dekke eventuell kostnadsauke. Samferdselsdepartementet presiserer at staten sitt økonomiske ansvar for prosjektet er avgrensa til tilskotet på 52 mill. 2008-kr.

Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i 15 år sjølv om bompengelånet skulle bli nedbetalt tidlegare. Bompengeinnkrevjinga er likevel føresett avgrensa til å dekke bompengelånet med tillegg av kommunane sine ekstratilskot (3 mill. kr) og fylkeskommunen sitt ekstra låneopptak (18 mill. kr).

Eventuell redusert inntening er ikkje eksplisitt nemnt i dei fylkeskommunale vedtaka. Statens vegvesen Vegdirektoratet tilrår at det i tråd med vanleg praksis for bompengeprosjekt blir gitt høve til at bompengeselskapet etter avtale med direktoratet kan auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlenge bompengeperioden med inntil 5 år. Samferdselsdepartementet støttar denne vurderinga.