3 Verknader av framlegget til pensjonsregulering
Meirutgiftene ved framlegget om ei auke i grunnbeløpet på kroner 2 374 frå 1. mai 2003 jamnført med reglar og satsar før 1. mai 2003, vert på om lag 4 249 mill. kroner i 2003, inkludert reguleringa av statspensjonane per 1. mai 2003, jf. St.prp. nr. 72 (2002-2003).
Ei auke i gjennomsnittleg grunnbeløp på 0,1 prosent frå 2002 til 2003 kostar 143 mill. kroner over statsbudsjettet i 2003. Fordi auken vert gitt frå 1. mai krev det ei auke i grunnbeløpet på 0,15 prosent frå denne datoen. Det fører i sin tur til at årsverknaden av ei slik auke i 2003 vert om lag 215 mill. kroner i 2004. Kostnadene for kommunane mellom anna grunngjeve i auka pensjonskostnader er ikkje medrekna her.
Tabell 3.1 syner utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering, medan tabell 4.1 viser inntektsutviklinga før skatt for pensjonistar og lønstakarar frå 2000 til 2002.
Tabell 3.1 Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1.1.1990 - 30.04.2004. Kroner
Minstepensjon | Unge uføre født før | |||||
Einslege | Ektepar | 1941 | ||||
Per år | Per mnd. | Per år | Per mnd. | Per år | Per mnd. | |
1.01.90-30.04.90 | 51 839 | 4 320 | 83 972 | 6 998 | 56 748 | 4 729 |
1.05.90-30.11.90 | 54 220 | 4 518 | 87 960 | 7 330 | 58 980 | 4 915 |
1.12.90-30.04.91 | 54 378 | 4 532 | 88 217 | 7 351 | 65 2901 | 5 4411 |
1.05.91-30.04.92 | 56 978 | 4 748 | 92 158 | 7 680 | 75 6882 | 6 3072 |
1.05.92-30.04.93 | 58 583 | 4 882 | 94 752 | 7 896 | 85 7753 | 7 1483 |
1.05.93-31.12.93 | 59 868 | 4 989 | 96 816 | 8 068 | 87 6484 | 7 3044 |
1.01.94-30.04.94 | 59 868 | 4 989 | 101 0885 | 8 4245 | 87 6484 | 7 3044 |
1.05.94-31.12.94 | 61 116 | 5 093 | 103 200 | 8 600 | 89 4844 | 7 4574 |
1.01.95-30.04.956 | 61 512 | 5 126 | 103 992 | 8 666 | 89 4844 | 7 4574 |
1.05.95-30.04.96 | 63 372 | 5 281 | 107 136 | 8 928 | 92 184 | 7 682 |
1.05.96-30.04.97 | 66 240 | 5 520 | 111 984 | 9 332 | 96 360 | 8 030 |
1.05.97-30.04.987 | 69 360 | 5 780 | 117 456 | 9 788 | 105 612 | 8 8018 |
1.05.98-30.04.999 | 81 360 | 6 780 | 140 040 | 11 670 | 112 752 | 9 396 |
1.05.99-30.04.00 | 84 204 | 7 017 | 144 912 | 12 076 | 116 676 | 9 723 |
1.05.00-30.04.01 | 88 032 | 7 336 | 151 512 | 12 626 | 121 992 | 10 166 |
1.05.01-30.04.02 | 92 100 | 7 675 | 158 520 | 13 210 | 127 632 | 10 636 |
1.05.02-30.04.03 | 97 140 | 8 095 | 167 208 | 13 934 | 134 616 | 11 218 |
1.05.03-30.04.0410 | 101 400 | 8 450 | 180 19211 | 15 016 | 140 508 | 11 709 |
1 Frå 1.01.1991.
2 Frå 1.01.1992.
3 Frå 1.01.1993 (p.g.a. hevinga av aldersgrensa).
4 Født før 1943 (1.01.26-31.12.42).
5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1.01.94. Ny sats 2 x 60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.
6 Heving av sats for særtillegget frå 1.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.
7 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.97. Ordinær sats utgjorde 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst).
8 Auking av garantert poengtal frå 3 til 3,3.
9 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 pst. av grunnbeløpet.
10 Med atterhald om vedtak i Stortinget.
11 Utrekninga tek utgangspunkt i at grunnpensjonen for ektepar er økt frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003
Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket