St.prp. nr. 73 (2002-2003)

Om trygdeoppgjeret 2003

Til innhaldsliste

9 Ytingar til yrkesretta attføring

Løyvinga for 2003 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring er på 8 843 mill. kroner fordelt med 6 908 mill. kroner til attføringspengar og 1 935 mill. kroner til attføringsstønader.

Attføringspengar

Med utgangspunkt i eksisterande informasjon om utbetalingane hittil i år og anslag på utbetalingane ut året vert det rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 216 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det vert derfor gjort framlegg omå auke løyvinga for 2003 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 70 attføringspengar med 216 mill. kroner.

Attføringsstønader

Endringa i G rører i første rekke ved stønad til hushaldsutgifter. Den sentrale faktoren i ordninga med stønad til hushaldsutgifter er ein sjablonberekna levekostnadsfaktor som skal dekke andre utgifter enn buutgifter. Dersom til dømes ein attføringssøkjar og eventuell ektefelle har samla nettoinntekter som er lågare enn levekostnadsfaktoren og buutgiftene til saman, skal det gis månadlege tilskott for å dekke differansen.

Levekostnadsfaktoren vert sjablonberekna. Per 1.9.03 vert satsane i levekostnadsfaktoren auka til:

kroner 5 180 per månad for trygda, ein auke på kroner 150

kroner 3 110 per månad for ektefelle, ein auke på kroner 90

kroner 1 860 per månad for kvart barn, ein auke på kroner 60.

Tilskottet kan maksimalt utgjere kroner 5 780 pr. månad, ein auke på kroner 170. Stønadsbeløp på under kroner 100 per månad vert ikkje utbetalt.

Verknaden av justering av levekostnadsfaktoren vil gi eit meirbehov på om lag 3 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2003.

På bakgrunn av dette vert løyvinga for 2003 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 71 attføringsstønad auka med 3 mill. kroner.