4 Nærare om utviklinga dei seinare åra
Tabell 4.1 syner den prosentvise auken i grunnbeløpet, minstepensjon, gjennomsnittleg alderspensjon og uførepensjon og auken i årsløn for ulike grupper av yrkesaktive for perioden 1994-2002.
Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløp og inntekter for minstepensjonistar og lønstakarar og gjennomsnittleg alders- og uførepensjon. Årleg gjennomsnitt i perioden 1994 - 1999. Prosentvis endring frå året før og årleg gjennomsnitt i perioden 2000 - 2002.
1994-1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2000-2002 | |
Folketrygdpensjon | |||||
Grunnbeløp | 4,2 | 4,2 | 4,6 | 5,2 | 4,7 |
Minstepensjon | |||||
- Einslege | 6,5 | 4,2 | 4,6 | 5,2 | 4,7 |
- Ektepar | 6,9 | 4,2 | 4,6 | 5,2 | 4,7 |
Alderspensjon i gj.snitt | 6,1 | 5,0 | 5,5 | 6,2 | 5,6 |
Uførepensjon i gj.snitt1 | 5,5 | 4,0 | 4,3 | 7,0 | 5,1 |
Årsløn | |||||
Arbeidarar I LO/NHO-området | 4,5 | 4,5 | 4,9 | 5,6 | 5,0 |
Statstilsette | 4,6 | 4,6 | 4,2 | 5,9 | 4,9 |
Kommunetilsette | 4,4 | 4,0 | 3,5 | 6,0 | 4,5 |
Lønstakarar i alt | 4,6 | 4,5 | 4,8 | 5,7 | 5,0 |
Lønstakarar i alt korr. for lærarar2 | 4,5 | 4,6 | 5,5 | 4,9 | |
Konsumprisindeksen | 3,1 | 3,0 | 1,3 | 2,5 |
1 Gjennomsnittlig uførepensjon er berekna ut frå rekneskapstal for året dividert på gjennomsnittleg tal på uførepensjonistar i året.
2 Dei særskilde elementa i oppgjeret for skuleverket vert her halde utanom.
Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket og Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Grunnbeløpet i folketrygda auka i perioden 2000-2002 med i gjennomsnitt 4,7 prosent per år. Det er 0,2 prosentpoeng mindre per år enn for lønstakarar i alt når dei særlege elementa i oppgjeret i skuleverket vert halde utanom. Utviklinga i minstepensjonane vert bestemt av utviklinga i grunnbeløpet og i satsane for særtillegg. Satsane for særtillegget har ikkje auka i perioden slik at minstepensjonen både for einslege og for ektepar har auka i takt med grunnbeløpet.
Grunnbeløpet i folketrygda auka med kroner 2 270 frå 1. mai 2001 og kroner 2 810 frå 1. mai 2002. Den ordinære satsen for særtillegget i folketrygda er 79,33 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 1998. Minstesatsen for særtillegget er frå same tidspunkt 74 prosent.
Frå 2001 til 2002 auka grunnbeløpet, tilleggspensjonane, og minstepensjonen for einslege og for ektepar med 5,2 prosent. Med ei prisstigning på 1,3 prosent gav det ein sterk realvekst i pensjonane.
I følgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 2001 til 2002 5,7 prosent for alle grupper under eitt (jf. tilleggsrapport av 28. mars 2003). Lønsveksten for industriarbeidarar i NHO-bedrifter var 5,0 prosent, for statstilsette 5,9 prosent og for kommunetilsette 6,0 prosent.
Boks 4.1
Dersom det vert teke utgangspunkt i 2001 og ein legg til grunn at etterslepskorreksjonen på 0,6 prosent er lagt inn i dette nivået, får ein følgjande indeksseriar for løn korrigert for «lærarpakkene» og inntektsutviklinga for pensjonistar som følgje av endringane i G og grunnpensjon for ektefellar og sambuande.
Indeks for inntektsutviklinga til pensjonistar:
2001 = 100; 2002 = 105,2 (+ 5,2 %); 2003 = 110,2 (+ 4,33 % + 0,45%)
Indeks for lønsveksten korrigert for effekten av «lærarpakkene»:
2001 = 100; 2002 = 105,5 (+ 5,5 %); 2003 = 110,1 (+ 4,4 %)
I Revidert nasjonalbudsjett 2003 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2002 til 2003 på om lag 41/2 prosent for alle grupper under eitt. Skulepakke II aukar isolert sett lønsveksten for alle grupper under eitt med om lag 1/2 prosentpoeng fordelt på åra 2002 og 2003. Dei særskilde tillegga for skuleverket har sin motpost mellom anna i at lærarane skal auke undervisningstida pr veke.
Regjeringa og organisasjonane i arbeidslivet drøfta i møte i Kontaktutvalet den 22. januar i år situasjonen føre lønsoppgjera i 2003. Det vart oppnådd semje om å tilpasse den samla veksten i lønskostnadar i 2003 til utfordringane i konkurranseutsett næringsliv og arbeidet med full sysselsetjing. I arbeidet for å nå dette målet er det avgjerande at alle grupper vert omfatta.
I LO/NHO-området vart det i år ikkje avtala sentrale generelle tillegg, men det vart avtala låglønstillegg i ein del områder. For industriarbeidarar i LO/NHO-området vil lønsoverhenget inn i 2003 og låglønstillegga gi eit bidrag til veksten i årsløna frå 2002 til 2003 på om lag 21/4 prosent. I tillegg kjem bidrag frå gliding i lønene, som i 2002 var 1,7 prosentpoeng.
I staten og i kommunane er det sentralt ikkje avtalt lønstillegg i 2003. I staten vil lønsveksten frå 2002 til 2003 difor i stor grad vere bestemt ved overhenget til 2003 som er berekna til 3,8 prosent. I kommunane (KS-området) vart det avtalt tillegg for i år under oppgjeret i 2002 slik at lønsveksten i kommunane før gliding er om lag 41/2 prosent frå 2002 til 2003. Glidinga i offentleg sektor er klart lågare enn i privat sektor. Det er venta lågare bidrag frå lønsgliding i staten i år enn i tidlegare år. I kommunane er det venta at bidraget frå lønsgliding vert om lag 1/4 prosent i år (eksklusive fristilne stillingar).
I Revidert nasjonalbudsjett 2003 legg regjeringa til grunn ein prisvekst frå 2002 til 2003 på om lag 23/4 prosent. Ei slik utvikling vil gje ein klar realvekst i pensjonane i år.
Tabell 4.2. syner pensjonen etter skatt i prosent av disponibel inntekt som yrkesaktiv (nettopensjonsdekningsprosent). Gruppene med låg inntekt får høgare disponibel pensjon som del av tidlegare yrkesinntekt enn høginntektsgruppene.
Tabell 4.2 Nettopensjondekningsprosent i 2002 for pensjonistar med opptente poeng alle år frå 1967 som vart alderspensjonistar i 2002 og ved fullt opptent pensjon. Pensjonsalder 67 år.
Brutto lønsinntekt. Kroner | ||||
159 700 | 212 933 | 266 167 | 372 633 | |
Sluttpoengtal | ||||
2,00 | 3,00 | 4,00 | 5,33/6,0 | |
Br.pensj. for einslege, 1935-kullet. Kr | 96 517 | 118 159 | 139 801 | 180 921 |
Br.pensj. for einslege, 1940-kullet. Kr | 99 950 | 123 309 | 146 668 | 193 385 |
Br.pensj. for einslege, 1975-kullet. Kr | 97 949 | 120 307 | 142 664 | 172 400 |
Netto pensjonsdekningsprosent | ||||
Einslege | ||||
1935-kullet | 80 | 72 | 65 | 59 |
1940-kullet | 82 | 74 | 67 | 63 |
1975-kullet | 81 | 73 | 66 | 57 |
Pensjonistektepar (ein minstepensjonist)1 | ||||
1935-kullet | 125 | 108 | 96 | 81 |
1940-kullet | 128 | 110 | 98 | 84 |
1975-kullet | 126 | 109 | 96 | 79 |
Pensjonistar som forsørgjer ektefelle (yngre enn 60 år) | ||||
1935-kullet | 95 | 87 | 83 | 73 |
1940-kullet | 98 | 91 | 86 | 75 |
1975-kullet | 96 | 89 | 85 | 71 |
1 Minstepensjonist utan tidligare arbeidsinntekt og utan pensjonspoeng i folketrygda
Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket
I vedlegget til proposisjonen går den historiske utviklinga av pensjonane m.v. fram. Tabellane i vedlegget syner m.a. utviklinga i minstepensjon frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst som ein må sjå saman med opptrapping av satsane for særtillegg.