8 Pensjonstrygda for sjømenn
Etter lov av 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn yter staten visse tilskott (§15). Staten dekkjer m.a. utgiftene til krigsfartstillegg for fartsmånader mellom 1. september 1939 og 31. desember 1945. Pensjonsordninga er garantert av staten (§ 8). Etter at reguleringsfondet er brukt opp, må såleis staten dekkja dei årlege underskotta.
Under Kap 664 Pensjonstrygda for sjømenn, post 70 Tilskott, er det for 2003 løyvd 388,6 mill. kroner. I St.prp. nr. 65 (2002-2003) er det gjort framlegg om å auka løyninga til 456.6 mill. kroner.
Pensjonssatsane og krigsfartstillegget vert fastsett direkte i prosent av grunnbeløpet i folketrygda, og aukar såleis automatisk i takt med det. Ved ein auke av grunnbeløpet vil både underskottet og utgiftene til krigsfartstillegg auka. Ein reknar med at meirutgiftene i 2003 i høve til framlegget i St.prp. nr. 65 (2002-2003) vil verta 13 mill. kroner og tilskottet vert foreslått auka tilsvarande med 13 mill. kroner.