2 Bakgrunnen for forslaget
Standardar definerer tekniske krav eller kvalitetskrav som eksisterande eller framtidige produkt, produksjonsprosessar eller tenester kan vere i samsvar med. Standardisering har mykje å seie for harmoniseringa av tekniske krav til varer i EØS og medverkar på den måten til å fjerne tekniske handelshindringar i den indre marknaden. Når krav som vedkjem helse-, miljø- og sikkerheitsider ved ei vare blir felt ned i direktiv eller forordningar, blir ofte dei tekniske krava spesifisert i standardar. Standardar som er utarbeidde på bakgrunn av rettsakter som harmoniserer tekniske krav til varer, blir omtalte som harmoniserte standardar. Dei blir utarbeidde av europeiske standardiseringsorganisasjonar på oppdrag fra EU og EFTA.
I perioden 2008–2010 gjekk Europakommisjonen gjennom det europeiske standardiseringssystemet. Gjennomgangen munna ut i ein strategi for europeisk standardisering (KOM(2011) 311) og eit forslag til forordning om europeisk standardisering. Forordninga vart vedteken 25. oktober 2012 med verknad i EU-medlemslanda frå 1. januar 2013. Gjennom forordninga blir det rettslege grunnlaget for europeisk standardisering samla i éi rettsakt og det blir innført reglar som skal utvikle det europeiske standardiseringssystemet.
EØS-komiteen vedtok den 14. februar 2014 å innlemme Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 om europeisk standardisering i EØS-avtalen. Noreg var med på vedtaket med atterhald om samtykke i Stortinget, jf. kgl. res. av 7. februar 2014. Utanriksdepartementet fremmar parallelt med dette lovforslaget ein prop. S om samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Dersom Stortinget samtykkjer, vil det innebere ei plikt til å gjennomføre forordninga i norsk rett. Etter EØS-avtalen artikkel 103 skal eit vedtak i EØS-komiteen som ein hovudregel gjennomførast innan utgangen av seks månader etter vedtaket i EØS-komiteen, dvs. innan 14. august 2014 i dette tilfellet. Ei uoffisiell norsk omsetting av forordninga er teken inn som vedlegg i denne proposisjonen.