6 Departementet sine vurderingar
6.1 Vurdering av forordninga
Standardar er viktige for å sikre at produkt og produksjonsprosessar har tilsikta kvalitet og eigenskapar i samsvar med krav frå marknaden og styresmaktene. Å leggje til rette for å bruke standardar i ulike deler av samfunnet er ein del av næringspolitikken og medverkar til meir effektiv utnytting av samfunnet sine ressursar. Standardar er eit kollektivt gode som mange aktørar kan nytte seg av. Marknaden vil ikkje nødvendigvis av seg sjølv få fram det settet av standardar som er ønskjeleg for samfunnet som heilskap.
Europeisk standardisering er viktig for å harmonisere tekniske krav til varer i EØS, og det har hatt mykje å seie for realiseringa av den indre marknaden. Felles standardar på EØS-området er viktig for å lette handelen med varer og tenester. Forordning (EU) nr. 1025/2012 vidarefører det eksisterande europeiske standardiseringssystemet, oppdaterer det rettslege grunnlaget for europeisk standardisering og dannar grunnlag for at standardisering kan nyttast på fleire område enn i dag. Departementet meiner at forordninga er eit viktig bidrag til å takle framtidige utfordringar på dette området.
Sidan standardar blir nytta på mange område, har det også mykje å seie at kunnskapen og behova til dei ulike aktørane tel med når nye standardar blir utvikla og at standardane, så langt råd er, er i samsvar med norske interesser i vid forstand. Det er viktig at utvikling og bruk av standardar fremmar interessene til norsk næringsliv, ikkje minst gjeld det interessene til små og mellomstore bedrifter. Dette vil også gjere norske bedrifter meir konkurransedyktige.
Departementet meiner difor at føresegnene i forordninga om betre involvering i standardiseringsprosessane av små og mellomstore bedrifter og andre partar som saka vedkjem, er viktige. Gjennomgangen av det europeiske standardiseringssystemet i 2008–2010, viste at det er behov for dette. Etter kvart som standardar blir nytta på stadig fleire område, er det behov for at organisasjonar som representerer ulike interesser blir godt involvert. Det gjeld til dømes forbrukarar, miljøorganisasjonar og partane i arbeidslivet.
Tenester er eit område der fordelane med ein felles europeisk marknad er langt mindre utnytta enn for varer sin del. På tenesteområdet har utviklinga gått sakte. Standardar for tenester blir i hovudsak utvikla nasjonalt i staden for at det blir laga felles europeiske tenestestandardar. Utbreiinga av nasjonale standardar kan skape hindringar i flyten av tenester i den indre marknaden fordi næringsdrivande møter stadig fleire ulike nasjonale standardar. Større bruk av europeiske standardar kan styrke den europeiske tenestesektoren og gjere han meir innovativ og konkurransedyktig, ved at tenestene blir meir samstemde og kvaliteten blir betre. Slik departementet ser det er det viktig at tenestesektoren blir inkludert i det rettslege rammeverket for europeisk standardisering.
Det har mykje å seie for konkurranseevna til europeiske bedrifter at det europeiske standardiseringssystemet er tilpassa den teknologiske utviklinga. Det er ønskjeleg at tida det tek å utvikle ein europeisk standard blir redusert. Departementet meiner at det er positivt med føresegnene om årlege arbeidsprogram for Europakommisjonen som skal effektivisere samarbeidet mellom Europakommisjonen og dei europeiske standardiseringsorganisasjonane. Når programma skal utformast vil ein tidleg dialog mellom partar som saka vedkjem også vere med å sikre betre kvalitet på standardiseringsmandata.
Den norske legeforening peikar på at det er viktig at unntaket for helsetenester går klart fram, og viser til at definisjonen av tenester i artikkel 2 nr. 7 ikkje avgrensar mot helsetenester. Som Legeforeningen også viser til, går det fram av punkt 12 i fortalen at forordninga ikkje skal påverke medlemsstatane sin eksklusive kompetanse til å regulere helsetenester. Etter departementet sitt syn tyder dette at føresegna ikkje vil bli tolka slik at ho grip inn i medlemsstatane sin kompetanse til å regulere helsetenester.
Standard Norge stiller seg noko avventande til bruk av tekniske spesifikasjonar på IKT-området som er utvikla av globale fora og konsortium, og viser til at desse prosessane ikkje alltid følgjer prinsippa om openheit og konsensus. Departementet viser til at forordninga avgrensar bruken av denne typen tekniske spesifikasjonar til offentlege innkjøp og at dei må oppfylle krava i vedlegg II om mellom anna openheit, semje og innsyn. I artikkel 13 nr. 3 er det vidare fastsett at vedtak om denne typen tekniske spesifikasjonar skal gjerast etter samråd med det europeiske fleirpartsforumet om IKT-standardisering. Dette omfattar dei europeiske standardiseringsorganisasjonane, medlemsstatane og relevante partar som saka vedkjem. Det skal også skje etter samråd med den komitéen som er sett ned ved tilsvarande unionsregelverk, dersom ein slik komité finst, og elles etter andre former for samråd med sektorekspertar.
6.2 Om den lovtekniske gjennomføringa
I EU gjeld forordningar som overnasjonale lover i den enkelte medlemsstat i kraft av å vere vedtekne av dei kompetente EU-organa. Sidan EØS-avtalen ikkje inneber overføring av lovgjevingsmyndigheit til fellesskapsorgana, må regelverket gjennomførast i nasjonal rett. Det følgjer av artikkel 7 i EØS-avtalen at gjennomføringsplikta gjeld rettsakter som er «omhandlet i eller inntatt i vedlegg til denne avtale eller i EØS-komiteens vedtak». Ei forordning som er innlemma i EØS-avtalen skal såleis gjerast til ein del av den interne rettsorden.
Etter artikkel 7 bokstav a skal ei forordning «som sådan gjøres til del av avtalepartenes interne rettsorden». Dette inneber at forordninga skal gjennomførast ved inkorporasjon. Inkorporasjon inneber at ein vedtek ei lov- eller forskriftsføresegn som fastset at forordninga i EØS-tilpassa form skal gjelde direkte i norsk rett. Dette tek vare på omsynet til rettseinskap.
Departementet legg til grunn at det ikkje ligg føre heimel i gjeldande norsk rett for å gjennomføre forordning (EU) nr. 1025/2012. EØS-høringsloven gjennomfører direktiv 98/34/EF om informasjonsprosedyre for standardar og tekniske forskrifter og reglar for informasjonssamfunnstenester. EØS-høringsloven § 14 gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift om meldeplikt m.m. ved nasjonal utarbeiding av standardar. Men EØS-høringsloven § 14 gjev ikkje departementet heimel til å vedta forskrift som gjennomfører den nye forordninga i norsk rett. Departementet meiner det ligg til rette for å omstrukturere EØS-høringsloven slik at ho gjev heimel til å gjennomføre forordninga. Det er gjort nærare greie for dei konkrete endringsforslaga i merknader til føresegner i lovutkastet.
Ingen høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget til implementeringsmåte i departementet sitt høyringsnotat av 2. april 2013. Departementet viser elles til at høyringsinstansane i begge høyringsrundane i all hovudsak har vore positive til forslaget. Departementet held difor fast på forslaget i høyringsnotatet om å endre EØS-høringsloven. Sidan forordninga allereie har tredd i kraft i EU, foreslår departementet at lovendringa trer i kraft straks.