8 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget
Til tittelen til lova
Tittelen til lova blir endra for å reflektere at lova ikkje lenger berre skal gjelde europeisk meldeplikt for tekniske reglar.
Til § 1
I samband med at EØS-høringsloven blir endra slik at ho gjev heimel for å gjennomføre forordning (EU) nr. 1025/2012, blir også formålsføresegna i lova oppdatert.
Til § 2 nytt tredje ledd
Verkeområdet til lova blir utvida til også å gjelde verkeområdet til forordning (EU) nr. 1025/2012.
TIl ny paragrafoverskrift i § 15
Overskrifta i § 15 vert endra slik at ho seier meir presist kva forskriftsheimelen handlar om. Dette gjev betre samanheng med forskriftsheimelen om europeisk standardisering i ny § 15 a.
Til ny § 15 a
Den nye § 15 a gjev departementet heimel til å gjennomføre rettsakter om europeisk standardisering, slik som forordning (EU) nr. 1025/2012 og eventuelt seinare endringar i denne.
Verkeområdet og innhaldet i forordning (EU) nr. 1025/2012 talar for at ho blir gjennomført i forskrift. Gjennomføring i forskrift vil også forenkle prosessen med oppdatering av nasjonalt regelverk ved eventuelle framtidige endringar i forordninga.