Prop. 79 L (2013–2014)

Endringar i EØS-høringsloven (europeisk standardisering)

Til innhaldsliste

5 Arbeidet med regelverket i EU og Noreg

Nærings- og fiskeridepartementet har følgt arbeidet med å gjennomgå det europeiske standardiseringssystemet og utforminga av tiltak som skal gjere systemet betre, mellom anna ved å delta i Europakommisjonen si rådgjevande gruppe for standardisering og handelsforenkling.

Forslaget frå Europakommisjonen til forordning om europeisk standardisering vart sendt på nasjonal høyring 12. juli 2011. Av 21 høyringsinnspel, hadde ti høyringsinstansar konkrete merknader, og tilbakemeldingane var i all hovudsak positive. Høyringsfråsegnene er publiserte på heimesida til Nærings- og fiskeridepartementet. Med bakgrunn i innspela i høyringa, var Noreg med på å utarbeide ei felles EFTA-fråsegn, som vart send over til Europakommisjonen, Rådet og Europaparlamentet 2. desember 2011.

Nærings- og handelsdepartementet sende den vedtekne forordninga på høyring 2. april 2013 saman med forslag til endringar i EØS-høringsloven og forskrift om å gjennomføre forordninga. Høyringsnotatet omfatta også forslag til å gjennomføre europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 om administrativt samarbeid gjennom informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI). Fristen for å komme med innspel vart sett til 15. mai 2013. Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar:

  • Arbeidsdepartementet

    Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

    Finansdepartementet

    Fiskeri- og kystdepartementet

    Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

    Helse- og omsorgsdepartementet

    Justis- og beredskapsdepartementet

    Kommunal- og regionaldepartementet

    Kulturdepartementet

    Kunnskapsdepartementet

    Landbruks- og matdepartementet

    Miljøverndepartementet

    Olje- og energidepartementet

    Samferdselsdepartementet

    Utanriksdepartementet

  • Brønnøysundregistra

    Datatilsynet

    Direktoratet for arbeidstilsynet

    Direktoratet for byggkvalitet

    Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

    Direktoratet for naturforvaltning

    Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap

    Enterprise Europe Network

    Finanstilsynet

    Forbrukarombodet

    Forbrukarrådet

    Helsedirektoratet

    Innovasjon Noreg

    Justervesenet

    Klima- og forureiningsdirektoratet

    Konkurransetilsynet

    Mattilsynet

    Norsk akkreditering

    Oljedirektoratet

    Petroleumstilsynet

    Post- og teletilsynet

    Sjøfartsdirektoratet

    Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell

    Statens jernbanetilsyn

    Statens legemiddelverk

    Statens vegvesen Vegdirektoratet

    Utdanningsdirektoratet

  • Akademikerne

    Arbeidsgiverforeningen Spekter

    Bedriftsforbundet

    Den Norske Advokatforening

    Den norske legeforening

    Den norske Revisorforening

    Det Norske Veritas

    Finansnæringens Hovedorganisasjon

    Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (UNIO)

    Hovedorganisasjonen Virke

    Institutt for arbeidsliv- og velferdsforskning (FAFO)

    KS

    Landsorganisasjonen i Norge

    Nemko

    Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)

    Norges Juristforbund

    Norsk Elektroteknisk Komité

    Næringslivets Hovedorganisasjon

    Standard Norge

    Tilsynsrådet For Advokatvirksomhet

    Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

I alt seks instansar har uttalt seg, og fire av desse fråsegnene gjaldt forordninga om standardisering. Desse var frå Den norske legeforening, Norsk Elektroteknisk Komite, Norsk Industri og Standard Norge.

Følgjande hadde ingen merknader: Arbeidsdepartementet, Arbeidsgiverforeningen Spekter, Arbeidstilsynet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Brønnøysundregistra, Fiskeri- og kystdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Landsorganisasjonen i Norge, Mattilsynet, Miljøverndepartementet, Næringslivets hovedorganisasjon, Olje- og energidepartementet, Post- og teletilsynet, Samferdselsdepartementet, Sjøfartsdirektoratet, Statens autorisasjonskontor for helsepersonell, Statens legemiddelverk og Utanriksdepartementet.

Den norske legeforening viser til at definisjonen av tenester i artikkel 2 nr. 7 ikkje avgrensar mot helsetenester. Samtidig går det fram av fortalen punkt 12 at forordninga ikkje skal påverke medlemsstatane sin eksklusive kompetanse til å regulere helsetenester, medrekna helsetenesta sin kvalitet, finansiering og organisasjon. Legeforeningen peikar på at det er viktig at dette unntaket kjem klart fram.

Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) viser til at forordninga allereie er tredd i kraft for CENELECs EU-medlemmer og at ho også vil måtte gjelde for dei attverande CENELEC-medlemmene frå EFTA-området. Dei ser difor ingen grunn til å kommentere forordninga i og for seg. NEK trekkjer fram at krav om nye rapporteringar vil føre til nye kostnader for organisasjonen.

Norsk Industri uttalar at det er viktig at forordninga blir implementert i Noreg. Dei viser også til at i og med at saka gjeld gjennomføring av ei vedteken forordning, er det ikkje store endringar ein kan be om. Norsk Industri peikar samtidig på viktige forhold knytt til standardisering. Dette gjeld mellom anna at prinsippet om at det er frivillig å bruke standardar må førast vidare, og at dersom norske styresmakter skal finansiere SMB-ane sin standardiseringsaktivitet, bør dette gjerast gjennom den etablerte strukturen i Standard Norge. Det vil vere med å gje innsyn for alle aktørar. Ifølgje Norsk Industri er det fornuftig at styresmaktene som driv marknadstilsyn deltek aktivt i utviklinga av standardar. Norsk Industri er også opptekne av at standardar som er relevante og nødvendige for industrien blir utvikla og gjort tilgjengeleg så raskt som mogleg. Dette må likevel ikkje gå ut over høvet ein har til å komme med nasjonale innspel til arbeidet. Norsk Industri ønskjer at medlemmene deira også skal få høve til å kommentere tekniske spesifikasjonar på IKT-området som er utvikla av ikkje-europeiske standardiseringsorgan, i dei tilfelle der EU vel å godkjenne desse.

Standard Norge opplyser at det har vore ein omfattande prosess i dei europeiske standardiseringsorganisasjonane om innhaldet i forordninga og at Standard Norge har delteke i arbeidet. Sidan forordninga allereie gjeld i EUs medlemsland, ser Standard Norge det som ein fordel at forordninga trer i kraft i Noreg så snart som mogleg. Forordninga vil innebere betydelege endringar i Standard Norge si oppfølging av nasjonalt og europeisk standardiseringsarbeid. For nokre av elementa i forordninga er det allereie gjennomført gode system, medan det for andre deler er behov for eit omfattande arbeid dei neste åra. Utvikling av fleire europeiske tenestestandardar vil krevje innsats frå Standard Norge si side for å skape forståing for bruk av standardar blant tenesteleverandørar og styresmakter.

Standard Norge skriv vidare at det er ei utfordring å leggje til rette for at små og mellomstore bedrifter skal kunne delta i standardiseringsarbeidet og bruke standardar. Difor er eit godt samarbeid med ulike bransjeorganisasjonar viktig. Vidare meiner Standard Norge at dei og departementet bør ha eit tett samarbeid om korleis styresmaktene som driv marknadstilsyn på beste måte kan involverast i standardiseringsaktivitetar. Kravet om å rapportere om deltakinga til SMB-ane i standardiseringsarbeidet vil krevje store ressursar, og omfanget kan først bli avklart når dei relevante tiltaka blir sette i verk. Standard Norge vil vente og sjå litt når det gjeld bruk av tekniske spesifikasjonar på IKT-området som er utvikla av globale fora og konsortium, og viser til at desse prosessane ikkje alltid følgjer prinsippa om openheit og konsensus. Det kan difor vere vanskelegare for SMB-ar og andre samfunnsaktørar å delta i utforminga av desse spesifikasjonane. Standard Norge viser til at det vil krevje betydelege ressursar for Standard Norge å få på plass system for å utforme arbeidsprogram og rapporteringsplikt.