3 Gjeldande rett
Prosessen med å utarbeide standardar er ikkje lovregulert i Norge. Derimot er bruk av standardar regulert på fleire område. Standardar er resultatet av samarbeid mellom næringslivet, styresmaktene og andre aktørar som er interesserte i å bidra. Bruk av standardar er som oftast frivillig, til dømes for å dokumentere at ei vare eller teneste er i samsvar med gjeldande krav. Nasjonalt lovverk som gjennomfører EØS-lovgjeving, kan difor vise til harmoniserte standardar som ein mogleg måte å oppfylle styresmaktene sine krav på. Standardisering kan også vere eit verktøy for nasjonale styresmakter ved regulering av område der det er behov for detaljerte krav til varer og tenester.
Europeisk standardisering er omfatta av ei særskilt rettsleg ramme som er samansett av tre ulike rettsakter:
europaparlaments- og rådsdirektiv 98/34/EF om ein informasjonsprosedyre for standardar og tekniske forskrifter
rådsvedtak 87/95/EØF om standardisering på området informasjonsteknologi og telekommunikasjon
europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1673/2006/EF om finansiering av europeisk standardisering (ikkje EØS-relevant).
Direktiv 98/34/EF og vedtak 87/95/EØF er innlemma i EØS-avtalen.
Europeisk standardisering blir organisert av Den europeiske standardiseringsorganisasjon (CEN), Den europeiske komité for elektroteknisk standardisering (CENELEC) og Det europeiske standardiseringsinstitutt for telekommunikasjon (ETSI), og byggjer på dei prinsippa som Verdas handelsorganisasjon (WTO) har godteke innanfor standardisering – samanheng, innsyn, openheit, semje, frivillig bruk, vere uavhengig av særinteresser og effektivitet. Dei tre nemnde europeiske standardiseringsorgana er lista opp i vedlegg I til 98/34-direktivet, og er dermed rettsleg godkjende av EU.
Dei enkelte standardar blir utarbeidde innanfor standardiseringsorganisasjonane i komitéar på nasjonalt og europeisk nivå. Komitéane er opne slik at offentlege styresmakter, private bedrifter og organisasjonar kan delta. I Noreg er det tre standardiseringsorgan som etter EØS-avtalen sitt vedlegg II kapittel XIX nr. 1 bokstav f, jf. EØS-komiteens vedtak nr. 146/1999, er å rekne som nasjonale standardiseringsorgan. Dette er Standard Norge, Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) og Post- og teletilsynet (PT). Desse standardiseringsorgana er medlemmer i CEN, CENELEC og ETSI. Som medlem i desse europeiske standardiseringsorgana pliktar nasjonale standardiseringsorgan å implementere alle europeiske standardar og fastsette dei som nasjonale standardar.
Etter 98/34-direktivet pliktar nasjonale standardiseringsorgan å melde frå til Kommisjonen, standardiseringsorgana i dei andre landa og dei europeiske standardiseringsorgana dersom dei har vedteke å setje i gang eit nytt standardiseringsprosjekt eller ein revisjon eller ei endring av ein eksisterande standard (informasjonsplikt). Informasjonsplikta gjeld ikkje dersom det dreiar seg om ein standard som er identisk med en internasjonal eller europeisk standard.
Alle forslag til standardar, både europeiske og nasjonale, skal gjerast tilgjengelege på nasjonalt plan, slik at næringsdrivande og andre interesserte kan kommentere forslaga og eventuelt delta i arbeidet med å forme ut standardane. I Noreg annonserer Standard Norge på heimesidene sine alle standardiseringsprosjekt og nye standardar som fell inn under CEN-området, medan NEK legg ut informasjon om nye standardar på elektroområdet. Oversikt over standardar på teleområdet er å finne på heimesida til ETSI.