4 Nærare om forordning (EU) nr. 1025/2012
Forordning (EU) nr. 1025/2012 regulerer samarbeidet mellom dei europeiske standardiseringsorganisasjonane, nasjonale standardiseringsorganisasjonar, EØS-statane og Europakommisjonen, jf. artikkel 1 i forordninga.
Forordninga erstattar reglar om standardisering i europaparlaments- og rådsdirektiv 98/34/EF, rådsvedtak 87/95/EØF (denne rettsakta blir oppheva) og europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1673/2006/EF (blir oppheva).
I fortalen til forordninga går det fram at den rettslege ramma ikkje lenger er i samsvar med utviklinga som har skjedd innanfor europeisk standardisering dei seinaste tiåra. Ramma bør difor forenklast og tilpassast for å vere i samsvar med utviklinga og framtidige utfordringar innanfor standardisering. Dette gjeld særleg utviklinga av standardar for tenester og andre standardiseringspublikasjonar enn formelle standardar. Det går vidare fram av fortalen at for å sikre at standardar og standardisering skal vere effektive politiske reiskapar for Unionen, er det nødvendig å ha ei verknadsfull og effektiv standardiseringsordning som gjev ei fleksibel og open plattform for å oppnå semje mellom alle deltakarane, og som er økonomisk levedyktig.
Forordninga har fire hovudelement:
Tenestestandardar (kapittel I)
Forordninga utvidar det europeiske standardiseringssystemet til også å omfatte standardar for tenester. I fortalen er det mellom anna vist til at direktiv 98/34/EF ikkje gjeld for standardar for tenester og at det blir stadig mindre relevant å skilje mellom tenester og produkt i arbeidet for å verkeleggjere den indre marknaden. Mange standardar for produkt har ein tenestedel, medan standardar for tenester ofte delvis gjeld produkt. Det er difor nødvendig å utvide verkeområdet til den rettslege ramma, og i forordninga artikkel 2 nr. 4 er tenester teke inn i definisjonen av «tekniske spesifikasjoner».
Betre medverknad frå små og mellomstore bedrifter og andre samfunnsaktørar i standardiseringsarbeidet (kapittel II)
Kapittel II i forordninga handlar om innsyn og deltaking frå partar som saka vedkjem. Artikkel 3 inneheld reglar om at kvar europeisk standardiseringsorganisasjon og kvart nasjonalt standardiseringsorgan skal fastsetje eit arbeidsprogram. Dette skal innehalde opplysningar om dei standardar og standardiseringspublikasjonar som er under arbeid, som skal utarbeidast eller endrast eller som er vedtekne i perioden for det førre arbeidsprogrammet. Arbeidsprogrammet skal vere tilgjengeleg på nettstaden til organisasjonen eller organet og skal kunngjerast i ein nasjonal eller europeisk publikasjon om standardiseringsverksemd.
Artikkel 5 fastslår at dei europeiske standardiseringsorganisasjonane skal leggje til rette for høveleg representasjon frå små og mellomstore bedrifter, forbrukarorganisasjonar, miljøorganisasjonar og frå partane i arbeidslivet, når europeiske standardar og europeiske standardiseringsprodukt blir utvikla. Artikkel 6 nr. 1 i forordninga fastset at dei nasjonale standardiseringsorganisasjonane skal oppmuntre til, og leggje til rette for, at SMB-ane har tilgang til standardar og utvikling av standardar, og listar opp fleire døme på tiltak som kan gjennomførast. Artikkel 6 nr. 2 fastset at dei nasjonale standardiseringsorgana skal utveksle «beste praksis» med tanke på at det skal bli lettare for SMB-ane å delta i standardiseringsverksemd og at det skal liggje til rette for ein auke i SMB-ane sin bruk av standardar. Artikkel 6 nr. 3 pålegg dei nasjonale standardiseringsorganisasjonane å sende inn årlege rapportar til dei europeiske standardiseringsorganisasjonane om verksemda si i høve til nr. 1 og 2, og om alle andre tiltak som er sette i verk for å gjere vilkåra betre for SMB-ane til å bruke standardar og delta i utviklinga av standardar.
Etter artikkel 7 skal medlemsstatane oppmuntre offentlege styresmakter, inkludert dei som har ansvaret for marknadstilsyn, til å delta i standardiseringsaktivitetar på nasjonalt nivå, knytt til standardar som blir utforma på oppdrag frå Europakommisjonen.
Reduksjon av tida det tek å utvikle ein standard (kapittel III)
Europakommisjonen skal utforme årlege arbeidsprogram for europeisk standardisering som skal vise kva europeiske standardar og europeiske standardiseringsprodukt dei europeiske standardiseringsorganisasjonane vil bli bedde om å utvikle, jf. artikkel 8 i forordninga. Arbeidsprogrammet skal effektivisere samarbeidet mellom Europakommisjonen og dei europeiske standardiseringsorganisasjonane. Artikkel 9 handlar om samarbeid med forskingssenter, medan artikkel 10 handlar om Kommisjonen sine oppmodingar om standardisering til europeiske standardiseringsorganisasjonar.
Fleire av rettsaktene som harmoniserer vilkåra for marknadsføring av varer i EØS, inneheld føresegner om framgangsmåte dersom ein EØS-stat meiner at ein harmonisert standard ikkje oppfyller krava i den aktuelle rettsakta. Artikkel 11 i forordninga skal straumlinjeforme prosessen med innvendingar til harmoniserte standardar, og erstattar tilsvarande føresegner i ti eksisterande rettsakter, jf. artikkel 26. Artikkel 11 gjeld berre for område som ikkje blir omfatta av andre rettsakter som inneheld føresegner om framgangsmåte ved innvendingar til harmoniserte standardar, jf. artikkel 28 andre ledd. Artikkel 12 inneheld føresegner om at Kommisjonen skal opprette eit meldingssystem for alle partar som saka vedkjem før Kommisjonen mellom anna vedtek Unionens årlege arbeidsprogram, oppmodingar om standardisering og vedtak om fastsetting av tekniske spesifikasjonar på IKT-området.
Bruk av tekniske spesifikasjonar på IKT-området utvikla av globale fora og konsortium (kapittel IV)
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er eit område der mange tekniske spesifikasjonar ikkje er utvikla av dei tradisjonelle standardiseringsorganisasjonane, men av globale fora og konsortium. Ved offentlege innkjøp som er omfatta av direktiv 2004/18/EF, er det i dag berre unntaksvis mogleg å vise til slike standardar. Forordninga etablerer eit system for godkjenning av dei mest relevante tekniske spesifikasjonane på IKT-området som er utvikla av globale fora og konsortium, til bruk i samband med offentlege innkjøp, jf. artikkel 13 og 14. Slike tekniske spesifikasjonar må oppfylle kriterium sette opp i vedlegg II i forordninga.
Kapittel V i forordninga regulerer EUs finansiering av ulike aktivitetar knytt til standardisering. Bestemminga er retta mot organa i EU og inneber ikkje nokon rettslege plikter for EØS/EFTA-statane. Kapittel VI inneheld føresegner om myndigheit til å gjere endringar i vedlegga i forordninga og rapporteringsplikter for dei europeiske standardiseringsorganisasjonane, medan kapittel VII har reglar om oppdateringar i gjeldande rettsakter og ikrafttreding.