7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga inneber ei vidareføring av det eksisterande europeiske standardiseringssystemet. Forordninga samlar det rettslege grunnlaget for europeisk standardisering i éi rettsakt og legg til rette for at standardisering kan nyttast på fleire område.
Innføring og gjennomføring av forordninga er ikkje venta å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Noreg deltek allereie i det europeiske standardiseringssystemet, og dei norske standardiseringsorganisasjonane får statlege tilskot. Eventuelle auka utgifter knytt til plikter i forordninga kan dekkast innanfor dei gjeldande rammene til dei fagansvarlege departementa.
Fleire av føresegnene i forordninga er retta mot dei europeiske standardiseringsorganisasjonane og Europakommisjonen. Desse føresegnene vil ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar i Noreg.