1 Innleiing
1.1 Hovudinnhaldet i meldinga
Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram melding om gjennomføring av lov av 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfisklova) og lov av 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksport av fisk og fiskevarer (fiskeeksportlova) i 2011 og 2012. Meldinga omtalar enkelte aktuelle saker av interesse for Stortinget. Meldinga omtalar forutan saker frå åra 2011 og 2012, enkelte saker frå 2013.
Den førre meldinga om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova vart lagt fram for Stortinget 30. mars 2012, jf. Meld. St. 16 (2011–2012) Om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010 og Innst. 324 S (2011–2012).
Meldinga er stort sett utforma på same vis som den førre meldinga. Meldinga greier ut i kapittel 2 om gjennomføringa av omsetninga i første hand. I tillegg omtalar meldinga arbeidet med ny fiskesalslagslov, som vil erstatte råfisklova frå 1. januar 2014. I kap. 3 blir salslagas arbeid med ressurskontroll omtala. Vidare er det ei utgreiing om gjennomføringa av eksporten i kapittel 4. Årsmeldingane for 2011 og 2012 frå styret til Noregs sjømatråd (tidlegare Eksportutvalet for fisk) utgjer vedlegg 1 til meldinga, medan tilsvarande årsmeldingar frå styra til dei ulike salslaga utgjer vedlegga 2 – 7.
1.2 Bakgrunnen for meldinga
For å sikre Stortinget regelmessig orientering om gjennomføringa av råfisklova er det ei eiga føresegn i råfisklova § 10 om at ansvarleg departement årleg skal leggje fram ei melding for Stortinget om gjennomføringa av lova, jf. Ot.prp. nr. 63 (1951) om lov om omsetning av råfisk.
Den første meldinga kom i 1953, jf. St.meld. nr. 42 (1953) Råfisklovens gjennomføring i 1952. Den eittårlege meldinga utvikla seg over tid til ei toårleg melding. Etter kvart vart ho dessutan slått saman med meldingar om andre lover, dei seinare år gjeld det fiskeeksportlova.
Meldinga har hovudsakleg innehalde ei deskriptiv framstelling av nokre aktuelle saker om salslaga eller fiskeeksporten, forutan at omfattande utdrag frå årsmeldingane til Noregs sjømatråd og salslaga er tekne inn som vedlegg.
1.3 Status i lovverket
Sidan den siste meldinga vart lagt fram har det vore ein omfattende prosess knytt til høyring og framlegg for Stortinget av den nye fiskesalslagslova, lov 21. juni 2013 nr. 75 om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Lova erstattar råfisklova og trer i kraft 1. januar 2014. To nye forskrifter vil tre i kraft samtidig, ei samleforskrift som skal erstatte råfiskforskrifta og ei forskrift om oppdraget til staten sine kontrollørar for fiskesalslaga, som er ny.
I perioden som meldinga dekkjer, 2011 og 2012, har det berre vore mindre endringar. Det kan nemnast at Eksportutvalet for fisk AS skifta namn til Noregs sjømatråd AS 1. januar 2012. Bakgrunnen for endringa er at Noregs sjømatråd (Norwegian Seafood Council) er eit meir dekkande namn for selskapet si samla verksemd, medrekna den auka satsinga i den norske marknaden. Vidare vart marknadsavgifta i medhald av fiskeeksportlova auka frå 5 promille til 7,5 promille frå 1. januar 2011.