Meld. St. 12 (2013–2014)

Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2011 og 2012

Til innhaldsliste

2 Gjennomføring av omsetning av fisk osv. i første hand – aktuelle saker

2.1 Salslagsstrukturen

Salslagsstrukturen er ikkje endra sidan førre melding til Stortinget. Det er framleis fem salslag i kvitfisksektoren; Skagerrakfisk, Rogaland Fiskesalgslag, Vest-Norges Fiskesalslag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Norges Råfisklag, forutan eitt i pelagisk sektor; Norges Sildesalgslag.

Tabell 2.1 Fangstmengd i rund vekt og fangstverdi frå norske fartøy i 2011 og 2012, fordelt etter salslag i tonn og 1000 kroner.

Fiskesalslaga

2011 tonn

2011 verdi

2012 tonn

2012 verdi

Skagerakfisk

9 285

272 238

9 060

275 799

Rogaland Fiskesalgslag

6 860

151 241

15 355

126 487

Vest-Norges Fiskesalslag

31 041

404 925

69 820

454 773

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag

248 635

2 272 865

210 891

1 915 300

Norges Råfisklag

632 106

5 775 333

739 956

5 736 109

Norges Sildesalgslag

1 370 669

7 156 906

1 236 136

5 740 217

Fangst registert på anna vis

0

0

329

0

Totalt

2 298 903

16 033 509

2 281 547

14 248 685

Kjelde: Fiskeridirektoratet

Tabell 2.2 Fangstmengd i rund vekt og fangstverdi frå utanlandske fartøy i 2011 og 2012, fordelt etter salslag i tonn og 1000 kroner.

Fiskesalslaga

2011 tonn

2011 verdi

2012 tonn

2012 verdi

Skagerakfisk

2

216

Rogaland Fiskesalgslag

20

422

6

62

Vest-Norges Fiskesalslag

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag

3 162

35 061

3 593

33 046

Norges Råfisklag

141 130

1 179 069

137 536

1 145 762

Norges Sildesalgslag

135 448

1 167 535

146 893

1 136 416

Totalt

279 762

2 382 304

288 028

2 315 287

Kjelde: Fiskeridirektoratet

2.2 Salslaga si verksemd

Dei seks fiskesalslaga er private rettssubjekt, organiserte som samvirke der berre fiskarar kan vere medlemer. Formålet var opphavleg å vere ein salsorganisasjon for fiskarane som på deira vegne skulle stå for omsetninga i første hand av fangsten. I si rolle som salsorganisasjon for fiskarane opptrer salslaget som privat forretningsaktør.

Salslaga har gjennom råfisklova med tilhøyrande råfiskforskrift monopol eller einerett på all omsetning av råfisk mv. i første hand i Noreg, fordelt mellom laga etter fiskeslag, og etter kva for ein stad fisken er bringa i land. Råfisklova gir i tillegg laga høve til å fastsetje forretningsreglar som er bindande for alle som kjøper fisk i første hand. Sjølv om denne typen aktivitet ber preg av å vere privat forretningsverksemd, har han i nokre tilfelle også preg av å vere offentleg forvaltningsverksemd, til dømes dersom salslaga fastset forretningsvilkår som er bindande for ein ikkje avgrensa krins av fiskekjøparar. Departementet har ingen kompetanse til å instruere laga i slike saker.

Minstepris for den enkelte arten blir fastsett etter konsultasjonar mellom salslaget og representantar for industrien. Dersom partana ikkje blir einige, fastset salslaget einsidige minsteprisar. Til vanleg fastset fiskesalgslaga minsteprisar før kvar hovudsesong i dei enkelte fiskeria, men praktiseringa av når og kor ofte minsteprisar blir fastsette, kan variere. Minsteprisar kan berre fastsetjast for dei fiskeslaga som fell inn under omsetningsretten til salgslaga. Både i 2011 og 2012 var det ni prisforhandlingsmøte mellom Norges Råfisklag og representantar for kjøparsida. Av desse vart det ikkje semje om prisen i eit av møta i 2011 (pris for rognkjeks) og to av møta i 2012 (pris for rognkjeksrogn og torskeprisen i septemberforhandlinga). I både 2011 og 2012 var det seks prisfohandlingsmøte mellom Norges Sildesalgslag og representantar for kjøparsida. I alle tilfelle vart det semje, og ingen av minsteprisane som Norges Sildesalgslag praktiserte i 2011 eller 2012 var diktert frå laget si side.

Fiskesalslaga har ut over dette ei rolle som offentleg forvaltar. Gjennom klare føresegner i råfisklova har dei kompetanse til å utøve offentleg forvaltning, mellom anna gjere vedtak. Det gjeld til dømes regulering og dirigering av fangstar for å sikre avtak av fisk i første hand, jf. råfisklova §§ 5 og 6. Vidare har laga kompetanse til å inndra oppgjer for produkt levert i strid med slike reguleringar eller dirigeringar, og til å kontrollere at fiskarane held føresegnene i lova og tilhøyrande regelverk. I inndragingssaker er Fiskeridirektoratet klageinstans.

Over tid har salslaga fått ei rekkje andre oppgåver med klart preg av offentleg forvaltning som ikkje går fram av råfisklova. Dei har ei rolle som forvaltar av statlege tilskot der føringstilskot til mottakarar av fisk er det mest sentrale. Føringstilskotet er finansiert av statlege midlar, og salslaga står for handsaming av søknader innafor ramma av retningslinjer godkjende av departementet etter forslag frå dei enkelte laga. I slike saker har departementet direkte instruksjonsmyndigheit overfor laga. Ramma for føringstilskot har i 2011 og 2012 vore på 33 mill. kroner begge åra.

Salslaga spelar ei særs viktig rolle i den nasjonale ressurskontrollen saman med offentlege organ som Fiskeridirektoratet og Kystvakta. Dette arbeidet omfattar både kvotekontroll og inndraging av fangst ut over kvote. Eineretten til omsetning sikrar tilgang til informasjon om uttak av alle ressursar i sjøen, noko som er avgjerande for kartlegging av ressursane meir generelt. Systemet med landings- og sluttsetel er avgjerande i dette arbeidet. Vidare er det viktig at fiskesalslaga har tilstrekkeleg legitimitet som objektiv kontrollmyndigheit, og det blir difor oppnemnt offentlege kontrollørar som skal føre ein ekstern kontroll med at salsalga utfører forvaltningsverksemda i samsvar med gjeldande regelverk. Oppgåvene til kontrollørane er regulerte i instruks, men departementet meiner det er tenleg at dette no inngår som ei eiga føresegn til fiskesalslagslova.

I den nye fiskesalslagslova er dessutan departementet gitt heimel til å tillegge salslaga oppgåver med kvalitetskontroll etter matlova.

2.3 Innføring av ny fiskesalslagslov

Stortinget vedtok 21. juni 2013 ny lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Den nye lova erstattar råfisklova frå 1951 og trer i kraft 1. januar 2014. Lova vidarefører i det mest vesentlege ordningane i dagens råfisklov, men ho har oppdateringar slik at ho blir harmonisert med dei to andre sentrale lovene som regulerer fiskerinæringa; deltakarlova og havressurslova. Den nye lova gjer det klart korleis førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar skal føregå og kva rolle fiskesalslaga har i ressursforvaltninga. Dei viktigaste nye elementa er eigen formålsparagraf, prosedyrar for å fastsetje minstepris og for mekling ved usemje om minsteprisen. I tillegg kjem utvida forvaltningsoppgåver.

Fiskesalgslagslova gjer det klart korleis minsteprisen skal fastsetjast og kva prosedyrar som skal følgjast dersom det oppstår usemje om han. Det følgjer av lova at det skal gjennomførast forhandlingar mellom fiskarsida og industrisida om minsteprisen, og at salslaget skal fastsetje den prisen som partane blir samde om. Sjølv om det ikkje er ei legal plikt til å fastsetje minsteprisar, er praksis at salslaga fastset minstepris for viltlevande marine ressursar. Det går fram av lova at minstepris formelt skal fastsetjast av salslaget etter forhandlingar med representantar for industrien. Ved usemje skal spørsmålet om minstepris leggjast fram for mekling. Dersom heller ikkje mekling fører fram kan salslaget fastsetje minsteprisen. Salgslaga har med dette framleis det siste ordet ved ei eventuell usemje. Departementet er gitt heimel til å regulere samansetninga av meklingsnemnda og gjennomføringa av meklinga. Dette vil bli forskriftsfesta i ny samleforskrift til lova som trer i kraft samstundes med lova 1. januar 2014.

2.4 Forbod mot transitt

Råfisklova inneber at fangst som er landa i Noreg av utanlandsk fartøy berre kan førast ut av landet dersom fangsten er omsett i første hand, gjennom eller med godkjenning av, eit fiskesalslag. Det gjeld med andre ord eit transittforbod. Det spelar inga rolle om fisken er tilverka. Det gjeld likevel unntak for EU-fartøy gjennom forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land fra EU-fartøy. Dette unntaket gjeld til 30. april 2014 og er eit resultat av transittavtalen mellom EU og Noreg, som igjen er knytt til regelmessige forhandlingar om marknadstilgang for fisk i lys av EØS-avtalen og finansieringsordningane i medhald av denne avtalen.

2.5 Ordninga med fangstsertifikat

Med verknad frå 1. januar 2010 innførte Den europeiske unionen (EU) ei ordning med fangstsertifikat for eksport av fisk mv. for å hindre UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske). Sjølv om kampen mot UUU-fiske har svært høgt prioritet i Noreg, kunne EU sitt tiltak ha ført til store praktiske konsekvensar for norsk eksport til EU. Den 3. september 2009 inngjekk difor Noreg ein avtale med EU om norsk tilslutning til EU sitt fangstsertifikatsystem.

Eksporten frå Noreg har for det meste gått utan problem. Det sentrale i Noreg sin avtale med EU er at Noreg skal skrive ut fangstsertifikat basert på det eksisterande norske sluttsetelsystemet. Dette blir gjennomført av salslaga, sidan all villfanga fisk skal omsettast i første hand gjennom eit salslag. Salslaga utferdar og validerer fangstsertifikata via www.catchcertificate.no, som er oppretta i fellesskap mellom salslaga. Dei utferda elektroniske dokumenta gjer det mogleg å identifisere opphavet til råvarene, og fangstsertifikata følgjer varene ved eksport til EU.

I internasjonal samanheng er det i stor grad støtte til initiativ som har som formål å motvirke UUU-aktivitet. I den seinare tid har fleire land innført krav til fangstsertifikat for visse sjømatprodukt. Med utgangspunk i framveksten av ulike sertifikatregime har det frå norsk side vore arbeidd for at moglege krav som blir stilt til fangstsertifikat ved import av sjømat blir harmoniserte globalt. Felles krav til fangstsertifikat vil vere eit bidrag i kampen mot UUU-fiske. Samstundes er det svært viktig at krav til import av sjømat ikkje verkar som unødige handelshindringar. Frå norsk side blir det arbeidd kontinuerleg og aktivt både bilateralt og i fleire internasjonale fora for harmonisering av fangstsertifikat globalt. I november 2013, i FN arbeidet med fiskeriresolusjonen, fekk Noreg gjennomslag for at Verdens matvareorganisasjon FAO, skal arbeide med ei slik harmonisering.

Til forsida