3 Kontroll
3.1 Intern og ekstern kontroll
Alle salslaga skal revidere rekneskapane sine i samsvar med gjeldande reglar for dette.
Råfisklova § 3 (Fiskesalslagslova § 4a) fastset at fiskesalslag med einerett til omsetning av fisk osv. i første hand skal ha ei kontrollnemnd. Representantskapet vel nemnda som i perioden mellom kvart møte i representantskapet skal føre kontroll med virket til dei utøvande organa, mellom anna at vedtekter og forretningsreglar blir følgde.
Råfisklova § 3 andre ledd (Fiskesalslagslova § 5) fastset at Fiskeri- og kystdepartementet skal ha høve til å oppnemne ein offentleg kontrollør i kvart salslag. Det er i dag oppnemnde kontrollørar for alle salslag. Den viktigaste funksjonen er å føre kontroll med at den delen av verksemda til salslaget som er forvaltningsverksemd, blir utført i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett ein instruks for kontrollørane som inneber at vedkomande skal skrive årlege rapportar til departementet som mellom anna skal innehalde merknader til årsmelding og rekneskap. Rapportane er gjennomgått av departementet og det er ikkje kome fram saker som treng å bli rapportere.
I samband med ny fiskesalslagslov blir heimlane i råfisklova §§ 6 a og 7, som gir fiskesalslaga kontrollmyndigheit, vidareført. Føresegnene i instruksen for kontrollørane er nedfelt i forskrift for verksemda til kontrollørane, som skal gjelde frå 1. januar 2014. Ei slik føresegn vil synleggjere på ein betre måte at fiskesalgslaga er underlagde ekstern kontroll, og medverke til å styrkje salslaga sin legitimitet. Vidare er føresegnene om reaksjonar ved lovbrot harmonisert med føresegnene i havressurslova og deltakarlova.
3.2 Salslaga sine kontrolloppgåver
Fiskeridirektoratet har eit hovudansvar for ressurskontrollen i Noreg, med havressurslova som det sentrale rammeverket. Salslaga har sidan 1990 hatt eit ansvar for å delta i arbeidet med den nasjonale ressurskontrollen og har ei viktig rolle i dette arbeidet.
Salslaga har i dag kontrolloppgåver både for ressurskontroll etter havressurslova og omsetningskontroll etter råfisklova. Kontrollen inneber utøving av offentleg myndigheit. Ressurskontrollen er avgrensa til opplysningar som naturleg følgjer av salslaget si verksemd, til dømes kvotekontroll. I havressurslova er salslaga sine fullmakter utvida slik at dei no er betre i stand til å utføre operativ kontroll. Salslaga har mellom anna fått uhindra tilgang til fartøy, anlegg og rekneskapsopplysningar.
Då havressurslova tredde i kraft i 2009 utvida ho ansvarsområdet til fiskeriforvaltninga ved at lova no femner om all hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar og genetisk materiale. I tillegg gir lova fiskesalslaga ei større rolle i den nasjonale ressurskontrollen. Desse endringane er gjennomgått i Ot.prp. nr. 20 (2007–2008) kapittel 8.1.9.
Dette er naturleg fordi all omsetning av kommersielt viktig råfisk i første hand skjer gjennom, eller med godkjenning av, salslaga. Salslaga har blant anna eit ansvar for at fangsten blir avrekna mot kvoten til fartøyet, og det er salslaga som utferdar fangstsertifikat for eksport av fisk til EU. Salslaga har gjennom den daglege forvaltninga av fiskeressursane og kontrollen med uttaket, tileigna seg god kunnskap om dei utfordringane styremaktene og fiskarane står overfor.
Eit sentralt grep i havressurslova i denne samanhengen er den plikta fiskarane har til å føre all fangst av fisk i land. Plikta til ilandføring gjeld også dersom fangsten er teken i strid med føresegner i eller i medhald av lova, men då er det ein føresetnad at haustarane ikkje skal få ha verdien av ulovleg fangst, jf. havressurslova § 54. Dette er bakgrunnen for forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar.
Hovudpoenget i denne forskrifta er at salslaga har overteke ein del av inndragingskompetansen som tidlegare låg til Fiskeridirektoratet. Etter kvart som tekniske løysingar utviklar seg, vil dei gjennom systema sine på enkle måtar kunne avdekkje brot på reglane.
I Innst. 213 S (2009–2010) bad næringskomiteen om ei evaluering av kvaliteten og ressursbruken i salslaga sitt kontrollarbeid. Departementet har kartlagt innhaldet og omfanget av kontrollarbeidet i dei ulike salslaga. Resultatet av denne evalueringa er omtalt i Meld. St. 16 (2011–2012) Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010.
Gjennomgangen av salslaga sitt kontrollarbeid har avdekka til dels store ulikskapar salslaga i mellom med omsyn til kontroll. Årsakene til dette kan vere ulik organisering, ulik bemanning og ulik vekt på dei ulike oppgåvene. Det er viktig å harmonisere kontrollinnsatsen og arbeidsmetodikken, og sikre ein lik praksis i korleis arbeidet skal gjennomførast. Vidare er det eit potensial for kompetanseoverføring og betre økonomisk utnytting av dei midlane salslaga rår over til kontrollformål, samt eit tettare samarbeid salslaga imellom og med Fiskeridirektoratet.
Kontrollarbeidet i Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga blir samordna i ei årleg nasjonal strategisk risikovurdering. I dette dokumentet blir det gjort ei samla vurdering av risiko for ulovlege handlingar innanfor ulike område, grunna på erfaring, reguleringane for dette året, kontrollhistorikk, tilhøva på marknaden og lokal kunnskap. I vurderinga for 2012 var det mellom anna lagt særleg vekt på svart omsetning av både fisk og skaldyr, innanfor og utanfor dei formelle omsetningskanalane. Dette er eit døme på eit område som er relevant for salslaga, og som krev samarbeid med Fiskeridirektoratet, men også med toll- og avgiftsstyresmaktene og Skatteetaten. Svarte landingar og svart omsetning er av dei områda som har hatt høg prioritet i 2012.
Departementet vil undertreke at sjølv om ressurskontroll ikkje er salslaga si primære oppgåve, har dei ei svært viktig rolle i det samla ressurskontrollarbeidet. Salslaga har ofte minst like god informasjon om mange viktige tilhøve i sann tid som styresmaktene, og kan peike ut aktuelle kontrollsituasjonar. Gjennom samarbeidet med Fiskeridirektoratet har ein kome langt i å utnytte denne informasjonen.