2 Gjennomføring av omsetninga av fisk osv. i første hand – aktuelle saker
2.1 Salslagsstrukturen
Salslagsstrukturen er ikkje endra i perioden sidan førre melding til Stortinget. Det er framleis fem salslag i kvitfisksektoren; Skagerakfisk, Rogaland Fiskesalgslag, Vest-Norges Fiskesalslag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Norges Råfisklag, forutan eitt i pelagisk sektor; Norges Sildesalgslag.
Tabell 2.1 Fangstmengd i rund vekt og fangstverdi frå norske fartøy i 2009 og 2010, fordelte etter salslag i tonn og 1000 kroner.
Fiskesalslaga | 2009 tonn | 2009 verdi | 2010 tonn | 2010 verdi |
---|---|---|---|---|
Skagerakfisk | 10 909 | 260 572 | 9 735 | 270 668 |
Rogaland Fiskesalgslag | 9 022 | 155 742 | 8 574 | 161 092 |
Vest-Norges Fiskesalslag | 31 241 | 314 754 | 34 400 | 396 727 |
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag | 202 306 | 1 730 361 | 221 975 | 2 084 785 |
Norges Råfisklag | 473 636 | 4 102 045 | 603 810 | 4 573 258 |
Norges Sildesalgslag | 1 809 728 | 4 747 102 | 1 792 453 | 5 828 487 |
Fangst registrert på anna vis | 291 | 0 | 2 796 | 0 |
Totalt | 2 537 134 | 11 310 576 | 2 673 742 | 13 315 018 |
Kjelde: Fiskeridirektoratet.
Tabell 2.2 Fangstmengd i rund vekt og fangstverdi frå utanlandske fartøy i 2009 og 2010, fordelte etter salslag i tonn og 1000 kroner.
Fiskesalslaga | 2009 tonn | 2009 verdi | 2010 tonn | 2010 verdi |
---|---|---|---|---|
Skagerakfisk | 1 | 66 | 14 | 700 |
Rogaland Fiskesalgslag | 72 | 2 060 | 40 | 761 |
Vest-Norges Fiskesalslag | 126 | 1 127 | 0 | 0 |
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag | 3 533 | 30 961 | 5 903 | 44 082 |
Norges Råfisklag | 111 952 | 973 693 | 119 546 | 909 163 |
Norges Sildesalgslag | 184 170 | 927 298 | 169 357 | 791 340 |
Totalt | 299 853 | 1 935 204 | 294 859 | 1 746 046 |
Kjelde: Fiskeridirektoratet
2.2 Salslaga si rolle som offentleg forvaltar
Dei seks fiskesalslaga er private rettssubjekt, organiserte som samvirke der berre fiskarar kan vere medlemer. Formålet var opphavleg å vere ein salsorganisasjon for fiskarane som på deira vegne skulle stå for omsetninga i første hand av fangsten. I si rolle som salsorganisasjon for fiskarane opptrer salslaget som privat forretningsaktør.
Gjennom råfisklova med tilhøyrande råfiskforskrift har salslaga einerett på all omsetning av råfisk mv. i første hand i Noreg, fordelt mellom laga etter fiskeslag, og etter kva for ein stad fisken er bringa i land. Råfisklova gir i tillegg laga høve til å fastsetje forretningsreglar som er bindande for alle som kjøper fisk i første hand. Sjølv om denne typen aktivitet ber preg av å vere privat forretningsverksemd, har han i nokre tilfelle også preg av å vere offentleg forvaltningsverksemd, til dømes dersom salslaga fastset forretningsvilkår som er bindande for ein ikkje avgrensa krins av fiskekjøparar. Departementet har ingen kompetanse til å instruere laga i slike saker.
Fiskesalslaga har ut over dette ei rolle som offentleg forvaltar. Gjennom klare føresegner i råfisklova har dei kompetanse til å utøve offentleg forvaltning, mellom anna gjere vedtak. Det gjeld til dømes regulering og dirigering av fangstar for å sikre avtak av fisk i første hand, jf. råfisklova §§ 5 og 6. Vidare har laga kompetanse til å inndra oppgjer for produkt levert i strid med slike reguleringar eller dirigeringar, og til å kontrollere at fiskarane held føresegnene i lova og tilhøyrande regelverk. I inndragingssaker er Fiskeridirektoratet klageinstans.
Over tid har salslaga fått ei rekkje andre oppgåver med klart preg av offentleg forvaltning som ikkje går fram av råfisklova. Dei har ei rolle som forvaltar av statlege tilskot der føringstilskot til mottakarar av fisk er det mest sentrale. Føringstilskotet er finansiert av statlege midlar, og salslaga står for handsaming av søknader innafor ramma av retningslinjer godkjende av departementet etter forslag frå dei enkelte laga. I slike saker har departementet direkte instruksjonsmyndigheit overfor laga.
Salslaga speler ei særs viktig rolle i den nasjonale ressurskontrollen saman med offentlege organ som Fiskeridirektoratet og Kystvakta. Dette arbeidet omfattar både kvotekontroll og inndraging av fangst ut over kvote. Eineretten til omsetning sikrar tilgang til informasjon om uttak av alle ressursar i sjøen, noko som er avgjerande for kartlegging av ressursane meir generelt. Systemet med landings- og sluttsetel som salslaga administrerer, er sentralt her. Systemet har mellom anna vist seg godt eigna for ei rask og effektiv implementering av den nye fangstsertifikatordninga som er ei følgje av EU-forordninga av 29. september 2008 om tiltak mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske), jf. nærare omtale i kapittel 2.4.
Den stendige styrkinga av rolla til salslaga som offentleg forvaltar inneber at både styresmaktene og salslaga må vere medvetne om problemstellingar som dette reiser. Ein kan reise spørsmål om det bør gå ei grense for kor stor forvaltningsmyndigheit ein organisasjon som er reservert for fiskarar bør kunne ha, slik eit fiskesalslag må vere så lenge det er organisert som eit samvirkeføretak. Departementet finn ikkje at ei slik grense er overskriden i dag, men ein skal likevel vere merksam på problemstellinga.
Tilsvarande er det viktig å vere medveten om at det går ei grense mellom den offentlege og den private verksemda til salslaga. Grensa vil vere avgjerande for når reglane som gir rettar til private rettssubjekt i høve til offentleg forvaltning, mellom anna offentleglova og forvaltningslova, kjem til bruk. Kvar denne grensa går vil såleis ha stor rettsleg verknad for næringsaktørane.
2.3 Meklingsinstans og arbeidsgruppe råfisklov
2.3.1 Omsetningsmonopolet og minsteprisen
Formålet med råfisklova var opphavleg å sikre fiskarane gode og stabile prisar for fisken, men salslagssystemet har seinare utvikla seg betydeleg. Systemet bidreg i dag til klare og føreseielege oppgjersrammer for alle som handlar med fisk i første hand, og er ei sentral kjelde for forvaltninga til informasjon om fangstaktivitet. Ordninga er avgjerande for kvotekontroll, sporing og kartlegging.
Det har likevel blitt stilt spørsmål ved enkelte sider av salslagssystemet. Dette gjeld særleg spørsmålet om korleis gi ei ordning tilstrekkeleg legitimitet når ho gir dei fiskareigde salslaga rett til einsidig å fastsetje minsteprisar som er bindande både for seljar og kjøpar av fisk i første hand.
Salslaga og fiskekjøparane sine organisasjonar vart i 2005 einige om å opprette ei prøveordning med privat meklingsinstans ved usemje om minsteprisen, under føresetnad av at fiskesalslaga fekk behalde eineretten til å fastsetje endeleg minstepris. Prøveordninga varte i to år, 2007 og 2008. Det vart totalt gjennomført åtte meklingar.
2.3.2 Oppfølging av prøveordning med meklingsinstans
På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet føretok Kontali Analyse AS i 2009 ei evaluering av prøveordninga. Det kom fram at meklingsinstansen hadde ei betre forankring på industrisida enn på fiskarsida, og ei betre forankring i pelagisk sektor enn i kvitfisksektoren. 80 prosent av dei industriaktørane i pelagisk sektor som vart intervjua ønska å gjere prøveordninga permanent, medan under halvparten av dei industriaktørane i kvitfisksektoren som vart intervjua ønska ei vidareføring. Dei meiner att meklingsinstansen har avgrensa verknad så lenge salslaga har eineretten til å fastsetje minstepris. Ingen av aktørane på fiskarsida ønska ei vidareføring av prøveordninga.
For å følgje opp evalueringa, bestemte Fiskeri- og kystdepartementet å opprette ei arbeidsgruppe som skulle sjå på:
Erfaringane frå prøveordninga med meklingsinstans ved usemje om fastsetjing av minstepris på omsetning av fisk i første hand og den evalueringa som er gjort av prøveordninga, og eventuelt foreslå tiltak.
Oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga av salslagssystemet etter at lova vart vedtatt i 1951.
Mandatet for arbeidsgruppa har vore avgrensa av at hovudtrekka i salslagssystemet og omsetningsmonopolet skal liggje fast. I dette ligg det at det framleis skal fastsetjast ein minstepris for fisk i første hand, og at dette såleis skulle vere ein gjennomgang av tekniske forhold i råfisklova.
Arbeidsgruppa har hatt åtte medlemmer. To medlemmer er oppnemnt etter framlegg frå Norges Fiskarlag, eit medlem etter framlegg frå Norges Kystfiskarlag, to etter framlegg frå Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL), eit etter framlegg frå Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) og eit etter framlegg frå Landsorganisasjonen i Noreg (LO). Lagdommar Ove Midttun vart oppnemnt av Fiskeri- og kystdepartementet som leiar for gruppa.
2.3.3 Arbeidsgruppa sine konklusjonar
Arbeidsgruppa overleverte sine tilrådingar i rapport 26.10.2011. Rapporten er tilgjengeleg på Fiskeri- og kystdepartement si heimeside.
Arbeidsgruppa føreslår å erstatte dagens lov om omsetning av råfisk (råfisklova) med ei ny moderne lov som er harmonisert med havressurslova og deltakarlova: Lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova).
Salslaga si myndigheit til einsidig å fastsetje minsteprisar kan gi ein maktubalanse i minsteprisforhandlingane og dette kan vere vanskeleg for ordninga sin legitimitet. Arbeidsgruppa meiner vidare at legitimitetsutfordringa best kan løysast ved å gi industrien auka innverknad ved minsteprisfastsettinga.
Arbeidsgruppa meiner at det framleis som hovudregel skal fastsetjast ein minstepris. Føremålet med minstepris skal vere å oppnå ei rimeleg fordeling av inntekt frå marknaden mellom fiskar og industri. Ei samla arbeidsgruppe føreslår at minstepris skal bestemmast etter forhandlingar mellom fiskesalslaget og dei andre partane, dvs. industriorganisasjonane.
Dersom partane ikkje oppnår semje under forhandlinga, føreslår medlemmane følgjande:
Fire medlemmer, representantane frå FHL, representanten frå NSL og leiar av arbeidsgruppa, går inn for ei ordning der minsteprisen vert fastsett av ein uavhengig tredjeperson (oppmann).
Tre medlemmer, representantane frå Norges Fiskarlag og representanten frå Norges Kystfiskarlag, går inn for ei meklingsordning. Men dersom meklinga ikkje fører fram kan salslaget sjølv bestemme minstepris.
Ein representant, frå LO, føreslår at ein nyttar ei meklingsnemnd der resultatet av meklinga skal vere bindande for partane.
Eit mindretal, representantane frå FHL og NSL, ønskjer også at dei andre salsvilkåra, under dette omsetningsform, skal verte bestemt av partane i fellesskap og av ein uavhengig oppmann ved usemje. Desse ønskjer også at avgjersler om regulering og dirigering skal kunne leggjast fram for oppmannen for lovlegheitskontroll.
Rapporten har vore på høyring og departementet arbeider no med å følgje opp høyringa.
2.4 Ordninga med fangstsertifikat
Med verknad frå 1. januar 2010 innførte Den europeiske unionen (EU) ei ordning med fangstsertifikat for eksport av fisk mv. for å hindre UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske). Sjølv om kampen mot UUU-fiske har svært høg prioritet i Noreg, kunne EU sitt tiltak ha medført store praktiske konsekvensar for norsk eksport til EU. Den 3. september 2009 inngjekk derfor Noreg ein avtale med EU om norsk tilslutning til EU sitt fangstsertifikatsystem.
Eksporten frå Noreg har for det meste gått utan problem. Med verknad frå 15. august 2010 vart det innført nye retningslinjer frå EU-kommisjonen om kva for ei produktvekt som skal førast opp i det norske sertifikatet. På bakgrunn av dette har det blitt gjort nødvendige endringar i det norske fangstsertifikatet, noko som også har medført ei forenkling av det opphavlege sertifikatet. Dei problema som i ein mindre periode oppstod har dermed vorte løyste. I tillegg har ein støytt på nokre enkeltproblem frå tid til annan som i hovudsak har vorte løyste etter kort tid.
Men hausten 2011 innførte danske styresmakter eit UUU-gebyr av ein slik storleik at det vekkjer bekymring hjå næringa. Sverige har til samanlikning ikkje eit slikt gebyr. Saka er gitt høg prioritet av norske styresmakter og ein vonar å finne fram til ei rimeleg løysing.
Det sentrale i Noreg sin avtale med EU er at Noreg skal skrive ut fangstsertifikat basert på det eksisterande norske sluttsetelsystemet. Dette vert gjennomført av salslaga, ettersom all villfanga fisk skal omsettast i første hand gjennom eit salslag. Salslaga utferdar og validerer fangstsertifikata via www.catchcertificate.no, som er oppretta i fellesskap mellom salslaga. Dei utferda elektroniske dokumenta gjer det mogleg å identifisere opphavet til råvarene, og fangstsertifikata følgjer varene ved eksport til EU.
I internasjonal samanheng er det brei støtte til initiativ som har som formål å motvirke UUU-aktivitet. Frå norsk side vert det i denne samanheng arbeidd for at moglege krav som vert stilt til fangstsertifikat ved import av sjømat vert harmoniserte globalt, både for at tiltaka skal vere effektive i kampen mot UUU-fiske og for å bidra til at marknadstilgangen for norsk fisk og fiskevarer vert føreseieleg. Det er svært viktig at krav til import av sjømat ikkje verkar som unødige handelshindringar.
2.5 Ny samvirkelov
Lov av 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak trådde i kraft 1. januar 2008. Av § 168 går det fram at samvirkelag som er stifta før lova vert sett i verk, skal bringe vedtektene i samsvar med lova innan fem år etter iverksetjinga.
På bakgrunn av endringar i vedtektene sine søkte Norges Sildesalgslag, Norges Råfisklag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, Skagerakfisk og Fiskernes Agnforsyning om departementet si godkjenning av vedtektene våren 2011. I tillegg til å vurdere om vedtektene oppfylte krava i råfisklova (salslaga) og agnforsyningslova (Fiskernes Agnforsyning), vurderte departementet også om vedtektene stod i samsvar med den nye samvirkelova.
Alle vedtektene vart godkjente. Departementet hadde likevel følgjande kommentar til Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag:
«Vi vil likevel påpeke at vi er opptatt av at alle fiskere som er bosatt i lagets distrikt, og som omsetter fisk, har en rimelig mulighet til å være representert på årsmøtet. I henhold til vedtektenes § 7 er det bare årsmøtene i Møre og Romsdal Fiskarlag, Aalesund Rederiforening og Norsk Sjømannsforbund i Sunnmøre og Romsdal som kan velge representanter til årsmøtet i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag. Departementet vil uttrykke bekymring over at fiskere som ikke er medlemmer i disse lagene, ikke har mulighet til å bli representert på årsmøtet. Vi vil derfor oppfordre Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag om å åpne for at også disse fiskerne får en reell mulighet til å bli representert.»
Rogaland Fiskesalgslag og Vest-Norges Fiskesalslag har enno ikkje søkt om godkjenning av vedtektene i høve til samvirkelova. Siste frist er 1. januar 2013.