1 Innleiing og samandrag
1.1 Bakgrunn
Regjeringa legg med dette fram ei stortingsmelding om verksemda til NSB AS med dotterselskap. Formålet er å orientere Stortinget om utviklinga i selskapet og rammevilkåra etter førre stortingsmelding, orientere om planane til selskapet, presisere regjeringa sine transportpolitiske mål med eigarskapen, avklare kva forventingar regjeringa har til selskapet si økonomiske avkasting og gjere greie for utbytepolitikken til regjeringa.
Den generelle transportpolitikken til regjeringa går fram av Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan, NTP. I stortingsmeldinga om NSB gir NTP og klimaforliket sentrale premissar. Regjeringa si satsing på infrastrukturen til jernbanen og offentleg kjøp av persontransport med tog er viktige transportpolitiske verkemiddel som er omtalt i meldinga, men som ikkje blir behandla i denne meldinga. Stortingsmeldinga om NSB er knytt til den statlege eigarskapen i selskapet.
Ordninga med å leggje fram ei stortingsmelding om NSB blei etablert i 1996, då forvaltingsbedrifta NSB blei delt i trafikkselskapet NSB BA og Jernbaneverket. I stortingsproposisjonen om endra tilknytingsform for trafikkdelen blei det lagt til grunn at det kvart andre år skulle leggjast fram ei melding om verksemda til NSB for Stortinget. Denne ordninga blei vidareført etter at NSB blei aksjeselskap i 2002. Den førre stortingsmeldinga om NSB, St.meld. nr. 21 (2008–2009) Om virksomheten til NSB AS, blei lagd fram våren 2009. Her blei det foreslått at det for framtida normalt berre skulle leggjast fram éi melding per stortingsperiode, og at ein mellom stortingsmeldingane kunne gi annan nødvendig informasjon i samband med statsbudsjettet.
Regjeringa varslar i denne meldinga ingen vesentlege endringar i regjeringa sin politikk for eigarskapen i NSB. NSB-konsernet speler ei viktig rolle i norsk samferdsel, og regjeringa ønskjer å bruke eigarskapen som ein del av transportpolitikken. Det er for tida ingen planar om å endre selskapsstrukturen eller innføre konkurranse på innanlands persontrafikk med tog.
1.2 Grunnlag
Meldinga byggjer på NSB sine årsrapportar frå 2008 til 2011 og NSB sin strategiplan for perioden 2013–2017. Denne planen er ein rullerande femårsplan som skal leggjast fram for samferdselsministeren i samsvar med § 10 i vedtektene til selskapet («§ 10-planen»). § 10-planen ligg ved denne meldinga. Opplysningar som gjeld året 2012, blir i nokon grad nytta for å utfylle biletet.
Samferdselsdepartementet har engasjert Deloitte AS til å gjere ei verdivurdering av NSB. Denne vurderinga byggjer på NSB sine rekneskapar frå 2008 til 2011 og prognosar for 2012 til 2017. Verdivurderinga omfattar historisk analyse av og venta utvikling i marknadene konsernet opererer i, beskriving av utviklinga og resultata til konsernet frå 2008 til 2011, vurdering av planar og prognosar fram til 2017, forslag til avkastingsmål, marknadsverdivurdering av konsernet og vurdering av kapitalsituasjonen.
1.3 Samandrag
Kapittel to omhandlar statleg eigarskap i NSB. Det blir trekt fram at hovudgrunngivinga for at staten eig NSB, er at staten gjennom eigarstyringa har eit verkemiddel for å nå dei transportpolitiske måla som Stortinget og regjeringa har sett. Samfunnsoppdraget til selskapet er å sørgje for effektiv, tilgjengeleg, sikker og miljøvennleg transport av personar og gods. Kapitlet beskriv òg viktige element ved eigarstyringa.
Kapittel tre presenterer marknaden og rammevilkåra. Transportmarknaden for persontransport er i vekst, mens godstransportmarknaden på jernbane har hatt ei negativ utvikling dei siste åra. Trafikkavtalen med staten for 2012–2017 legg opp til at NSB Persontog tilbyr auka transportkapasitet i perioden. Overføring av driftsansvaret for godsterminalane til Jernbaneverket er venta å sikre like konkurransetilhøve på terminalane.
Kapittel fire omtaler organiseringa av NSB. NSB-konsernet er organisert med NSB AS som morselskap med persontogverksemd, konsernstab og fellestenester for konsernet. Dotterselskapa CargoNet, Nettbuss, Rom Eiendom og Mantena er ansvarlege for dei fire andre verksemdsområda til konsernet: gods, buss, eigedom og togvedlikehald.
Kapittel fem presenterer utviklinga i NSB i perioden 2008–2011. Konsernet hadde i perioden ein omsetningsvekst på 6,1 prosent per år og ei gjennomsnittleg årleg avkasting på verdijustert eigenkapital på om lag 2 prosent per år. Persontogverksemda og godstransportverksemda hadde negative driftsresultat i perioden, mellom anna på grunn av dårleg pålitelegheit i infrastrukturen. Bussverksemda, eigedomsverksemda og vedlikehaldsverksemda hadde positive driftsresultat i perioden. Kapitlet gir også ein del opplysningar om året 2012.
Kapittel seks orienterer om planane til selskapet for 2013–2017, og korleis Samferdselsdepartementet vurderer dei. Samferdselsdepartementet støttar opp om NSB som eit breitt transportkonsern og meiner det er formålstenleg å halde fram med dei verksemdsområda konsernet har i dag. Regjeringa legg likevel vekt på at det primære målet til staten med eigarskapen i NSB er å sørgje for eit velfungerande transporttilbod for personar og gods på jernbane i Noreg, og at andre aktivitetar i Noreg og utlandet må støtte dette målet. I perioden skal det skaffast fleire nye persontog for å auke kapasiteten og bidra til å handtere befolkningsveksten i dei største byane. CargoNet skal vidareførast som eit viktig selskap for gods på bane. For bussverksemda vil ein fokusere på lønnsemd i anbodskontraktar og på å utnytte moglege synergieffektar mellom buss og tog når det ikkje kjem i konflikt med konkurranselovgivinga, regelverket for offentlege anskaffingar og statsstøttereglane. I eigedomsverksemda blir det lagt større vekt på å behalde eigedommar, særleg eigedommar som er strategisk viktige, og som kan brukast til å støtte opp om transportverksemda til konsernet og annan kollektivtrafikk. Vedlikehaldsverksemda planlegg ein å vidareføre om lag på dagens nivå.
Kapittel sju omfattar vurderingar av økonomien til NSB for 2013–2017. Lønnsemda for NSB Persontog, CargoNet og Nettbuss er venta å bli betre. Lønnsemda for Rom Eiendom og Mantena er venta å vere stabil. NSB-konsernet planlegg å investere 16 milliardar kroner i perioden. Dersom desse investeringane skulle gjennomførast, ville eigenkapitaldelen bli redusert til om lag 28 prosent med dagens utbytepolitikk. Tilrådd nivå for eigenkapitaldel er 30–35 prosent. Regjeringa held fast ved dagens utbytepolitikk med å taka utbyte på 50 prosent av konsernresultatet etter skatt. Regjeringa legg til grunn at investeringane i NSB blir tilpassa slik at ein opprettheld ein eigenkapitaldel på 30–35 prosent samtidig som Regjeringas utbyttepolitikk blir gjennomført. Vidare meiner Regjeringa at investeringane må vere bedriftsøkonomisk lønnsame.