2 Statens eigarskap i NSB
2.1 Forretningsmessige mål
NSB er i Meld. St. 13 (2010–2011) Aktivt eierskap – norsk statlig eierskap i en global økonomi, som Nærings- og handelsdepartementet la fram, definert i statens selskapsportefølje som eit selskap med både forretningsmessige mål og andre spesifikt definerte mål. Konsernet driv i konkurranse på fleire verksemdsområde. Persontogverksemda konkurrerer i første rekkje mot andre transportmiddel og berre i svært liten grad mot andre togselskap. Dei andre togselskapa er Flytoget på strekninga Drammen–Gardermoen og det svenske SJ på strekninga Oslo–Kongsvinger. Godstransporten med tog er i sterk konkurranse både med andre togselskap og andre transportmiddel. Eigedomsverksemda og vedlikehaldsverksemda opererer både på den eksterne marknaden og internt, mens bussdrifta driv i konkurranse på lik linje med private busselskap. Interne leveransar mellom selskapa i konsernet skal skje på marknadsvilkår.
Staten ventar tilfredsstillande lønnsemd i statlege selskap som driv forretningsverksemd. Det blir sett avkastningsmål som er tilpassa dei bransjane selskapa driv i. Slik òg for NSB-konsernet. Samferdselsdepartementet set eit mål for avkasting på den marknadsverdivurderte eigenkapitalen i konsernet, basert på ei vekting av tilrådde mål for dei enkelte verksemdsområda. Dette blei sist gjort i den førre stortingsmeldinga om NSB, og det nye målet går fram av denne meldinga. For NSB er ein stor del av inntektene knytt til offentleg kjøp av persontransporttenester med tog. Ved avtalen om kjøp legg ein til grunn at det skal vere råd å oppnå normal forteneste på denne delen av verksemda.
2.2 Transportpolitisk grunngiving for eigarskapen
Hovudgrunngivinga for at staten skal eige NSB, er at staten gjennom eigarstyringa har eit verkemiddel for å nå dei transportpolitiske måla som Stortinget og regjeringa har sett, i tillegg til regulering gjennom lover og forskrifter og kjøp av transporttenester. Sidan den transportpolitiske grunngivinga for eigarskapen er framtredande, er forvaltinga av eigarskapen til NSB lagd til Samferdselsdepartementet.
Regjeringa sitt overordna mål for transportpolitikken, slik det er formulert i Nasjonal transportplan 2014–2023 er:
Å tilby et effektivt, tilgjengelig, sikkert og miljøvennlig transportsystem som dekker samfunnets behov for transport og fremmer regional utvikling.
Dette kjem til uttrykk i vedtektene til NSB på denne måten:
Selskapets samfunnsoppdrag er å sørge for effektiv, tilgjengelig, sikker og miljøvennlig transport av personer og gods.
Selskapet skal drive persontrafikk med tog i Norge, transport av personer og gods i Norge og øvrige nordiske land samt virksomhet som står i naturlig sammenheng med dette.
Virksomheten kan drives av selskapet selv, av heleide datterselskaper eller gjennom andre selskaper det har eierandeler i eller samarbeider med. Selskapet kan drive virksomhet i øvrige nordiske land i den grad det bidrar til å styrke selskapets konkurranseevne på det norske markedet og/eller bidrar til å styrke selskapets evne til å løse de samfunnsmessige oppgavene som begrunner statens eierskap.
Transport er ein viktig føresetnad for eit velfungerande næringsliv og for velferda til folk. Transporttilbodet må dekkje både individuelle og samfunnsmessige behov og skal vere kostnadseffektivt for brukarane. Samtidig skal dei direkte og dei indirekte kostnadene samfunnet har som følgje av transportverksemda, vere så låge som mogleg.
Regjeringa meiner at persontransport og godstransport med jernbane i mange tilfelle er eigna til å oppnå dei overordna måla i transportpolitikken som er presentert i NTP. Persontrafikken på jernbanen er særleg eigna til å ta store trafikkstraumar på middels lange avstandar. Godstrafikken er særleg eigna til å ta store, regelmessige transportar over lange avstandar.
For å leggje til rette for jernbanetransport bruker staten årleg over 14 milliardar kroner til jernbaneinfrastruktur og offentleg kjøp av persontransport. Regjeringa er oppteken av at samfunnet skal få størst mogleg nytte av desse midlane. Det er derfor viktig at samspelet mellom NSB og Jernbaneverket er godt, slik at transportbehova blir dekte og infrastrukturen blir utnytta effektivt.
Gjennom eigarskapen til NSB sikrar staten seg at det er ein seriøs og langsiktig leverandør av togtransporttenester over heile landet. Jernbanetransport er karakterisert av store faste kostnader, og NSBs storleik og samanhengande rutetilbod for passasjerar og gods gir føremonar. At selskapet er statseigd, inneber også at ein ikkje risikerer sal til utlandet, med risiko for nedprioritering av den norske marknaden. Dette gjeld òg bussverksemda.
For eigedomsverksemda er det nær samanheng med jernbaneinfrastrukturen fordi eigedomene består av jernbanestasjonar og områder ved jernbanen. NSB-konsernet driver knutepunktsutvikling og fortetting som gir auka trafikkgrunnlag for toget og andre kollektivmiddel. Eigedomsverksemda er dessutan ein viktig inntektskjelde for NSB.
2.3 Samfunnsoppdraget til NSB
NSB skal bidra til at ein stor del av transportane skjer med kollektive transportmiddel. Staten betaler for at NSB skal utføre transportar som ikkje er bedriftsøkonomisk lønnsame, men selskapet har incentiv gjennom avtalen til å få fleire reisande gjennom å vidareutvikle transporttilbodet.
Samtidig skal NSB vareta samfunnet sitt behov for sikre og miljøvennlege transportar og redusere samfunnet sine vegtrafikk-kostnader.
Regjeringa føreset eit nært samarbeid med myndigheiter og andre aktørar, slik at transporttilbodet til NSB blir styrkt, ikkje minst ved å koordinere ruter og utvikle knutepunkt, stasjonar og godsterminalar.
2.4 Nærmare om eigarstyringa av NSB
Hovudprinsippet for eigarstyringa er at Samferdselsdepartementet fastset dei overordna måla og rammene for selskapet og peiker ut konsernstyret. Konsernstyret er ansvarleg for verksemda i morselskapet NSB AS og dotterselskapa og skal forvalte selskapet til beste for selskapet, staten som eigar og dei tilsette. Den formelle eigarstyringa skjer gjennom vedtektsutforming, val av styre og andre avgjerder på generalforsamlinga. Ein føreset likevel at styret òg følgjer opp forventingane som kjem fram i denne stortingsmeldinga og i Stortinget si behandling av henne og forventingane staten har som eigar til alle statsselskapa.
Styret har som tidligare nemnt ei vedtektsbestemt plikt til årleg å leggje fram for samferdselsministeren ein strategiplan (§ 10-planen) til orientering. Styret har òg ein plikt til å leggje fram saker som antakast være av vesentleg samfunnsmessig eller prinsipiell betyding. Det gir samferdselsministeren ein sjanse til å leggje fram synet sitt før avgjerder er tekne.
Elles er det faste kontaktmøte mellom konsernleiinga og administrasjonen i Samferdselsdepartementet for innbyrdes informasjonsutveksling om saker som kjem opp. Konsernleiinga rapporterer oppnådde resultat og legg fram prognosar. Ved avvik i forhold til mål gjer ein greie for eventuelle tiltak for å korrigere avvika.
Eigarstyringa skal vere i samsvar med eigarpolitikken til regjeringa slik han går fram av Meld. St. 13 (2010–2011). Andre viktige rammer for eigarstyringa er reglane om statsstøtte og OECD-reglane for god selskapsstyring. Både NSB med dotterselskap og eigarstyringa til departementet er underlagde forvaltingsrevisjon av Riksrevisjonen.
Samfunnsansvar
Regjeringa stiller krav til statlege selskap om at dei skal utvise samfunnsansvar som går ut over dei lovpålagde oppgåvene. NSB har som strategisk mål at verksemda til selskapet ikkje skal skade det ytre miljøet. Det blir arbeidd systematisk for å redusere utsleppa og energiforbruket og dreie forbruket av energi mot fornybare energikjelder. Det er gjort ein stor innsats både i togdrifta, bussdrifta, verkstadene og eigedomsverksemda gjennom opplæring, ombygging og nyanskaffingar som både reduserer miljøbelastingane og betrar lønnsemda på lang sikt. Det blir kvart år avlagt ein samfunnsrekneskap som er tilgjengeleg på Internett-sidene til selskapet.
NSB har utarbeidd etiske retningslinjer, inkludert krav til leverandørar, og varslingsrutinar for kritikkverdige arbeidsforhold. For å sikre auka bevisstheit skal alle toppleiarane signere ei eigenerklæring om arbeidet med etikk og samfunnsansvar i tillegg til oversikt over eigne interesser i selskap med forretningsmessig relasjon til NSB.
Leiarlønnspolitikk
Regjeringa er oppteken av at lønna til leiarane i statsselskapa skal vere konkurransedyktig, men ikkje leiande. Det er forventa at selskapet bidreg til moderasjon i leiarlønningane. NSB utarbeider kvart år ei erklæring om leiarlønnspolitikken til selskapet som blir teken inn i årsrapporten og behandla på ordinær generalforsamling. Erklæringa inneheld retningslinjer for fastsetjing av lønn og andre godtgjersler til konsernsjefen og andre leiande tilsette for det kommande rekneskapsåret, og ei utgreiing om gjennomføringa av retningslinjene for det førre året.
Målbruk og offentlegheit
NSB har vedtektsbestemt at prinsippa i mållova § 8 skal følgjast ved kunderetta informasjon om persontransporttenestene som staten kjøper. Elles skal prinsippa i mållova følgjast så langt råd er, men likevel slik at det ikkje er til nemneverdig ulempe i forhold til private selskap.
NSB AS er i utgangspunktet omfatta av offentleglova, men det er gjort unntak for korrespondanse med dotterselskapa og korrespondanse med kundar. Korrespondansen med eigaren er offentleg, med dei unntaka som går fram av lova.