5 Verksemda sidan førre stortingsmelding om NSB
5.1 Den samla økonomiske utviklinga i konsernet frå 2008 til 2011
Konsernet har i fireårsperioden sidan førre stortingsmelding, som tok utgangspunkt i rekneskapen for 2007, hatt ein gjennomsnittleg årleg omsetningsvekst på 6,1 prosent og ein gjennomsnittleg driftsmargin på 2,8 prosent. Begge delar er svakare enn i førre periode. Den bokførte eigenkapitalen i konsernet var i 2008 på 6 421 millionar kroner, mens han i 2011 var på 6 502 millionar kroner. Totalkapitalen til konsernet var 17 120 millionar kroner i 2008 og 20 001 millionar kroner i 2011.
I den førre stortingsmeldinga var avkastingsmålet for konsernet sett til 7,2 prosent av den marknadsverdivurderte eigenkapitalen, som var berekna til 12,9 milliardar kroner. Deloitte AS gjennomførte ei ny verdivurdering per 31.12.2011 og har analysert utviklinga fram til då. Den marknadsverdivurderte eigenkapitalen var då berekna til 13,3 milliardar kroner. I tillegg til verdiauken på om lag 400 millionar kroner i perioden er det utbetalt 735 millionar kroner i utbyte. Til saman svarer dette til ei gjennomsnittleg årleg avkasting på den verdijusterte eigenkapitalen på om lag 2 prosent.
Avkastinga reflekterer dels oppnådde resultat og verdien av investeringane som er gjorde, og dels venta framtidig inntening ut frå aktuelle planar og prognosar. Hovudårsakene til det svake resultatet i perioden 2008–2011 er at persontrafikkverksemda med tog fekk eit høgare kostnadsnivå enn føresett då trafikkavtalen med Samferdselsdepartementet for 2007–2010 blei inngått i 2006. Godstrafikken har vore ramma av nedgang i omsetninga som følgje av finanskrisa, stengingar på grunn av feil ved infrastrukturen og auka konkurranse med vegtransport og nye togselskap. Nettbuss har hatt eit høgt investeringsnivå, blant anna som følgje av krav til investering i nye bussar i samband med anbod. Nettbuss sine resultat har vært preget av låga marginar som er gjennomgåande i bransjen. Eigedomsverksemda har gitt gode resultat. Prognosane framover vil bli drøfta i neste kapittel.
Regjeringa konstaterer at dei samla finansielle resultata for konsernet i perioden 2008–2011 ikkje er tilfredsstillande samanlikna med avkastingsmålet som blei sett i samband med førre stortingsmelding. Resultata for persontogverksemda er likevel klart forbetra i 2011, og tala for 2012 er svært gode. Det kjem ikkje minst av at offentleg kjøp auka med om lag 350 millionar kroner per år frå 2011. Godsverksemda hadde eit botnår i 2011, men tala for 2012 viser at tiltak som CargoNet har sett i verk for å auke lønnsemda, har hatt effekt. Meir punktlege tog har òg påverka resultata positivt. Eigedomsverksemda hadde store salsgevinstar i 2012, og det medverkar vesentleg til det gode konsernresultatet. Resultata for dei enkelte verksemdsområda blir drøfta nedanfor.
Tabell 5.1 Nøkkeltal for NSB-konsernet.
NOK millionar | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totale inntekter | 8 634 | 9 168 | 9 994 | 10 329 | 10 917 | 11 179 | 12 328 | 13 780 |
Vekst i prosent | 6,2 | 9,0 | 3,4 | 5,7 | 2,4 | 10,3 | 11,8 | |
Driftsresultat | 687 | 668 | 731 | 105 | 550 | 379 | 207 | 1 192 |
Driftsmargin | 8,0 | 7,3 | 7,3 | 1,0 | 5,0 | 3,4 | 1,7 | 8,7 |
Årsresultat | 442 | 511 | 545 | 3 | 311 | 254 | –126 | 729 |
Resultatmargin | 5,1 | 5,6 | 5,5 | 0 | 2,8 | 2,3 | –1 | 5,3 |
Eigedelar | 12 425 | 13 339 | 14 220 | 17 120 | 18 283 | 19 421 | 20 001 | 24 051 |
Renteberande gjeld | 2 102 | 2 088 | 2 156 | 5 453 | 5 908 | 7 603 | 8 094 | 9 166 |
Eigenkapital | 6 378 | 6 659 | 6 821 | 6 421 | 6 737 | 6 796 | 6 502 | 7 302 |
EK-del | 51 | 50 | 48 | 38 | 37 | 35 | 33 | 30 |
5.2 Resultat for verksemdsområda for perioden 2008–2011
Persontogverksemda
Persontogverksemda omfattar verksemda i NSB AS og dei heileigde dotterselskapa NSB Gjøvikbanen AS og Svenska Tågkompaniet AB.
Punktlegheit og nøgde kundar høyrer nøye saman. I perioden 2008–2010 var punktlegheita for persontog i Noreg (inkludert Flytoget) vesentleg under målet om 90 prosent punktlege tog, særleg som følgje av problem med infrastrukturen. Men i 2011 og 2012 er det registrert kraftige forbetringar. Desse åra var høvesvis 87,1 og 89,7 prosent av persontoga til NSB i rute. Betre vinterberedskap, fornying av Oslotunnelen og betre vedlikehaldsrutinar i NSB har bidrege til det. Kundetilfredsheitindeksen (KTI) steig frå 66 i 2010 til 68 i 2011 og 69 i 2012. Det viser at innsatsen til Jernbaneverket og NSB gir gode resultat, samtidig som det er rom for ytterlegare forbetringar.
Mellom 2008 og 2011 har NSB gjennomført viktige moderniseringsprogram for både lokaltog og langdistansemateriell. Frå 2011 starta leveransane av 50 togsett av typen FLIRT for kort- og mellomdistanse, ei investering på vel 4 milliardar kroner. Togsetta er gradvis sette inn i trafikk. Dei nye togsetta vil delvis erstatte gammalt materiell og delvis gi auka kapasitet. Togsetta er ein føresetnad for å gjennomføre ny grunnrutemodell på Austlandet. NSB har i tillegg, etter tilsegn frå Samferdselsdepartementet om restverdigaranti, utløyst opsjon på ytterlegare 16 togsett, som vil bli leverte frå 2014.
Etter ein periode med god vekst frå 2003 til 2008 var trafikkvolumet, både målt i reisande og passasjerkilometer, om lag det same fram til 2011. Problem med infrastrukturen og toga vintrane 2009 og 2010, i tillegg til lange stengingsperiodar for å utbetre Oslotunnelen, er truleg viktige årsaker til dette. I 2012 auka trafikkvolumet med om lag 3 prosent samanlikna med 2011, til 54 milliardar personkilometer.
Då den førre stortingsmeldinga om NSB blei lagd fram, var det inngått avtale mellom staten og NSB om kjøp av persontrafikk med tog for perioden 2007–2010 for om lag 1,6 milliardar kroner per år. Denne avtalen viste seg å ikkje bidra nok til at persontrafikken for NSB AS blei lønnsam, mellom anna på grunn av uventa høgare personalkostnader og vesentleg større kostnader knytte til alternativ transport ved avvik i togtrafikken enn dei førre åra.
Det blei inngått ein ettårskontrakt for 2011 som retta opp den skeive utviklinga. Offentleg kjøp auka frå om lag 1,6 milliardar til 2,1 milliardar kroner, noko som førte til at offentleg kjøp sin del av transportinntektene auka frå om lag 38 prosent til 45 prosent. I 2011 blei det inngått ein ny trafikkavtale for perioden 2012–2017 der avvik i venta utvikling delvis kan korrigerast begge vegar. For staten, både som eigar og kjøpar, er det viktig at avtalen er balansert og føreseieleg, samtidig som han inneheld insentiv som stimulerer til både inntektsvekst og kostnadsdisiplin.
Dotterselskapet NSB Gjøvikbanen AS driv trafikken på Gjøvikbanen etter at selskapet vann anbodskonkurransen i 2005. Kundetilfredsheita er god. Det samla driftsresultatet i perioden 2008–2011 er -4,3 millionar kroner. Mellom anna har vognslitasjen vore større enn venta som følgje av problem med skinnegangen. Rekneskapen for 2012 viser likevel eit positivt resultat på om lag 1 million kroner.
Dotterselskapet Svenska Tågkompaniet AB hadde i same perioden eit samla resultat på -40 millionar kroner. Det var ikkje tilfredsstillande, men i 2012 blei det eit positivt resultat på 10 millionar kroner.
Det samla driftsresultatet i persontogverksemda i NSB-konsernet i perioden 2008–2011 blei -76 millionar kroner, som ikkje er tilfredsstillande. For 2012 var det samla driftsresultat for persontogverksemda 372 millionar kroner.
Godstransportverksemda
Godstransportverksemda omfattar CargoNet AS med dotterselskap. Fram til 2012 dreiv CargoNet transportar i eigen regi i Sverige gjennom dotterselskapet CargoNet AB. CargoNet AB leiger i dag ut vogner til det nyetablerte selskapet Real Rail AB, der CargoNet AB eig 40 prosent. Dotterselskapet Terminaldrift AS har frå 2008 drive godsterminalen på Ganddal ved Stavanger.
Det viktigaste tilbodet til CargoNet er transport av konteinarar og semitrailerar, og selskapet har om lag 90 prosent marknadsdel i Noreg av slike jernbanetransportar. Talet på TEU (Twenty-foot equivalent unit) er derfor den mest relevante volumindikatoren. Volumet har gått ned frå 557 000 TEU i 2008 til 460 000 TEU i 2011, ein nedgang på 17,5 prosent. Årsakene er redusert etterspurnad som følgje av finanskrisa, svekt tillit frå transportkjøparar grunna dårleg punktlegheit og regularitet, særleg på grunn av problem med infrastrukturen, og prispress frå lastebil. Med store faste kostnader slår inntektssvikt kraftig ut i lønnsemda for godstransport på jernbane. Det samla driftsresultatet for godsverksemda i perioden var -366 millionar kroner.
Driftsresultatet i 2011 var på -224 millionar kroner. I 2011 og 2012 tok ein kraftig grep for å betre økonomien i CargoNet med reduksjon av ulønnsame transporttilbod og avvikling av innanrikstrafikken i eige regi i Sverige. Det har òg ført til omstillingskostnader. Bortsett frå at Dovrebanen var stengd i nesten to månader i 2012 på grunn av ras, har det vore forbetringar i regularitet og punktlegheit for godstrafikken òg. I 2012 blei driftsresultatet på -70 millionar kroner. Det vil soleis vere nødvendig med ytterlegare tiltak. Eit dilemma er at politiske ønske om å halde oppe eit omfattande transporttilbod på jernbanen av omsyn til miljø og trafikktryggleik kan vere vanskelege å kombinere med behovet for ei tilfredsstillande bedriftsøkonomisk lønnsemd, gitt mellom anna den harde konkurransen som kjem frå vegtransporten. Ei av dei viktigaste statlege oppgåvene vil vere å sørgje for at infrastrukturen gir grunnlag for ei lønnsam godstransportverksemd.
Bussverksemda
Nettbuss-konsernet driv busstrafikk i Noreg, Sverige og Danmark. Hovudaktiviteten er rutekøyring etter anbod for lokale og regionale myndigheiter, mens ekspressbussruter på kommersielt grunnlag utgjer om lag 15 prosent av omsetninga. Nettbuss er det største busselskapet i Noreg med ein marknadsdel på vel 30 prosent.
Talet på reisande innanfor Nettbuss-konsernet i perioden 2008–2011 auka frå 104 til 126 millionar, det vil seie ein gjennomsnittleg auke på om lag 6 prosent per år. Tala reflekterer meir utviklinga av kontraktvolum og oppkjøp enn trafikkutviklinga i marknaden. Til samanlikning viser statistikken for den norske bussbransjen samla sett ein gjennomsnittleg årleg auke i passasjertalet på om lag 1,5 prosent frå 2005 til 2010.
Kundetilfredsheita er svært høg. I 2011 var KTI 82 som eit snitt for selskapa i konsernet. Ekspressbusskonseptet Bus4You oppnådde i 2012 ein score på heile 91.
Det samla driftsresultatet i bussverksemda i perioden 2008 til 2011 er 357 millionar kroner.
Totalkapitalen til Nettbuss-konsernet utgjorde per 31.12.2011 3,8 milliardar kroner. Eigenkapitaldelen var om lag 16 prosent. Den årlege avkastinga på totalkapitalen har vore låg. Samanlikna med andre større aktørar i den nordiske bussbransjen har både resultatgraden og omsetningsveksten vore god, men veksten har medført store investeringar i nye bussar finansierte med lån. Driftsresultatet i 2012 er likevel svekt som følgje av nedskrivingar av goodwill og bussar og enda på -13 millionar kroner.
Eigedomsverksemda
Dotterselskapet Rom Eiendom AS forvaltar og utviklar eigedommane til NSB. Eigedommane blir brukte både finansielt og til å støtte trafikkverksemda, mellom anna ved knutepunktutvikling. Eigedommar som blir selde, vil normalt vere ferdig utvikla. Selskapet har interesser i ei rekkje heil- eller deleigde «Single Purpose»-selskap knytte til enkeltprosjekt. Oslo S Utvikling, som Rom Eiendom eig saman med Linstow Eiendom og Entra Eiendom med 1/3 kvar, har inngått avtale med DNB Liv om sal av eigedommar for 4,8 milliardar kroner.
På stasjonane eig Rom Eiendom vanlegvis bygningane, mens Jernbaneverket eig spor og plattformer og leiger offentlege areal av Rom Eiendom. På dei fleste større godsterminalane eig både Rom Eiendom og Jernbaneverket lastegater og spor. Samferdselsdepartementet vedtok i 2008 at ein skulle leggje opp til ein gradvis omlegging av både eigarskapen til og drifta av dei viktigaste godsterminalane. Vedtaket står framleis ved lag og inneber at der staten går inn med investeringsmiddel bør det, der dette vurderast som formålstenleg, bli ein direkte statleg eigarskap. Det er bestemt at Jernbaneverket skal overta areal frå Rom Eiendom i Narvik.
Hovuddelen av omsetninga til selskapet kan fordelast på utleige til andre selskap i NSB-konsernet, utleige til eksterne og resultat frå sal av eigedommar. Omsetninga steig frå 523 millionar kroner i 2008 til 797 millionar kroner i 2011. Samla driftsresultat i perioden 2008–2011 er 1 289 millionar kroner.
Den bokførte totalkapitalen til Rom Eiendom per 31.12.2011 var på 6,7 milliardar kroner, med ein eigenkapitaldel på om lag 17 prosent. Eigedomsmassen til selskapet blir vurdert av eksterne kvart år, og nettoverdien på dette grunnlaget var estimert til å vere om lag 3 milliardar kroner høgare enn bokført. Eigedommane utgjer ein viktig del av NSB-konsernet sine aktiva. Frå 2012 er det innført nye rekneskapsprinsipp som inneber at investeringseigedommar blir bokførte til verkeleg verdi.
På grunn av høge inntekter frå sal av eigedommar i Bjørvika fekk eigedomsverksemda eit svært godt driftsresultat i 2012 på 877 millionar kroner.
Vedlikehaldsverksemda
Verkstadene i NSB-konsernet blir drivne av Mantena AS. Vedlikehald var tidlegare rekna som støttefunksjon, men er frå 2012 definert som eige verksemdsområde. Hovuddelen av verksemda er togvedlikehald i Noreg for NSB-konsernet.
Omsetninga til Mantena AS med dotterselskap i Noreg og Sverige har vakse frå vel 1 milliard kroner i 2008 til vel 1,3 milliardar kroner i 2011. Selskapet har i perioden hatt eit samla driftsresultat på 54 millionar kroner.
5.3 Samfunnsansvar
Samfunnsoppdraget til NSB-konsernet er å skape verdiar for eigaren og samfunnet gjennom å sørgje for effektiv, tilgjengeleg, sikker og miljøvennleg transport av personar og gods. I tillegg har konsernet eit samfunnsansvar som går ut over det som er lovpålagt. Ein skal unngå skadar på menneske og miljø. NSB-konsernet skal ha arbeidsplassar med lågt sjukefråvær, likestilling mellom kjønna og mangfald. Det skal vere eit høgt etisk nivå og tiltak mot korrupsjon. I tillegg til rapportar om økonomisk utvikling og trafikkutvikling utarbeider konsernet kvart år ein eigen samfunnsrekneskap.
Talet på tilsette auka i perioden 2008–2011 frå 11 324 til 12 840. Sjukefråværet i konsernet gjekk ned frå 8,7 prosent i 2008 til 7,7 prosent i 2011, omtrent på linje med transportbransjen elles.
Kvinnedelen har vore omtrent uendra dei siste fire åra. I NSB AS er han på 30 prosent, mens kvinnedelen av nyrekrutterte i NSB AS har variert mellom 37 prosent (2009) og 50 prosent (2011). Talet på medarbeidarar med innvandrarbakgrunn i NSB AS auka frå 4,4 prosent i 2008 til 6,9 prosent i 2011.
Trafikktryggleiken på norsk jernbane er generelt god. Likevel omkom i alt 20 personar i tilknyting til jernbanedrift i Noreg i åra 2008–2012. Ingen passasjerar eller tilsette omkom. Statistikken omfattar både persontrafikk og godstrafikk . Dei to alvorlegaste hendingane skjedde i 2010. Tre personar omkom og fire blei hardt skadde då ein vognstamme med tomme godsvogner trilla ukontrollert frå Alnabru til Sjursøya. Same året blei 40 passasjerar skadde, tre av dei alvorleg, då eit svensk tog i grenseoverskridande trafikk spora av på Skotterud. Ei anna alvorleg hending, utan personskadar, var då eit passasjertog køyrde inn i eit brennande snøoverbygg på Myrdal i 2011. To motorvognsett blei heilt øydelagde. NSB arbeider kontinuerleg med å halde oppe og forbetre tryggleiksnivået ut frå eigne erfaringar og på bakgrunn av tilsyn og rapportar frå Statens jernbanetilsyn og Statens havarikommisjon for transport.
NSB sitt fremste bidrag for å betre det ytre miljøet er at transportverksemda med tog og buss i seg sjølv er mindre miljøskadeleg enn andre transportformer. NSB arbeider i tillegg for at både transportverksemda og andre konsernaktivitetar skal vere så miljøvennlege som mogleg. Sidan 2005 har NSB samarbeidd med Enova om ENØK-prosjekt som omfattar både energisparing og overgang til fornybare energikjelder. Forutan tekniske forbetringar og utskiftingar omfattar tiltaka program for energiøkonomisk køyrestil både i tog- og bussverksemda.
Rom Eiendom arbeider for meir miljøvennlege bygg og fekk i 2010 sertifisert nybygget til NSB sitt kompetansesenter på Sundland i Drammen til energiklasse A, det første i denne klassen i Noreg. Vidare er det er eit mål at dei nye hovudkontora til NSB og Gjensidige Forsikring, som er under oppføring i Schweigaardsgate i Oslo, skal bli sertifiserte som «Excellent» etter den nye miljøsertifiseringsstandarden BREEAM.
Konsernet arbeider systematisk med å motarbeide korrupsjon og fremje etisk handel. Dei etiske retningslinjene til konsernet er tilgjengelege på Internett, det same gjeld dei etiske krava til leverandørane. NSB har innført formelle eigenerklæringar for toppleiarane som mellom anna skal innehalde ei stadfesting på at dei innanfor eige ansvarsområde arbeider systematisk med å etterleve NSB-konsernet sine retningslinjer for etikk og samfunnsansvar.