3 Marknad og rammevilkår
NSB har hovudverksemda si i den norske marknaden, men er òg til stades i den svenske og danske marknaden. I 2011 var fordelinga mellom desse marknadene slik: 87 prosent av omsetninga i Noreg, 11 prosent i Sverige og 2 prosent i Danmark. NSB har verksemd innanfor fem verksemdsområde: persontog, buss, gods, eigedom og togvedlikehald. Persontogverksemda, godsverksemda og (tog)vedlikehaldsverksemda blir driven i Noreg og Sverige, bussverksemda i Noreg, Sverige og Danmark og eigedomsverksemda i Noreg.
3.1 Marknadsutviklinga i Noreg
Totalmarknaden for persontransport i Noreg er i vekst. Frå 2000 til 2011 auka talet på reiser med 19 prosent til i underkant av 5,2 milliardar reiser årleg fordelt på alle transportmiddel – personbil, buss, ferje, tog og fly, jf. TØI-rapport 1227/2012. I personkilometer voks marknaden med 16 prosent i den same perioden. Deloitte estimerer at marknaden for persontransport kjem til å auke med 10 prosent frå 2011 til 2017 målt i reiser og i personkilometer. Faktorar som påverkar persontransportmarknaden er økonomisk vekst, befolkningsutvikling, urbanisering, tilgjengelegheit, reisetid, kapasitet og pris. Marknadsdelen for kollektivtransport har vore på om lag 12 prosent dei seinare åra.
Godstransportmarknaden har hatt ein auke frå 2000 til 2011 med 19 prosent målt i tonnkilometer, frå 28,4 milliardar tonnkilometer til 33,7 milliardar tonnkilometer. Men frå 2008 til 2011 har det vore ein nedgang i godstransporten på 8 prosent. Gods på veg hadde den største delen av marknaden i 2011 med 50 prosent av marknaden målt i tonnkilometer. Det er ein auke frå 2000 då veg hadde 46 prosent av marknaden. Marknadsdelen til sjøtransport har gått ned frå 48 prosent i 2000 til 42 prosent i 2011. Marknadsdelen til jernbane har gått noko opp frå 6,3 prosent i 2000 til 7,2 prosent i 2011. For lufttransport har marknadsdelen vore stabil på 0,1 prosent.
Persontransport på jernbane
Persontransport på jernbane har hatt ei positiv utvikling sidan 2003 målt i reiser og personkilometer (figur 3.1). Frå 2000 til 2011 har talet på reiser på jernbane auka med 16 prosent til litt under 60 millionar jernbanepassasjerar i 2011. Personkilometertalet har auka frå 2,7 milliardar i 2000 til 3 milliardar i 2011. Det har vore ein nedgang i personkilometer frå 2010, noko som tyder på at gjennomsnittslengda på togreiser er på veg ned. Marknadsdelen for persontransport på jernbane for heile landet var 3,8 prosent av talet på reiser og 4,8 prosent av personkilometertalet i 2011.
SSB sitt hovudalternativ for befolkningsutvikling viser at befolkningsveksten vil halde fram i ein god del år framover, for så å bli mindre. Det er venta at befolkninga vil nå seks millionar i 2029. Prognosane er svært usikre. Store delar av veksten er venta å komme i storbyregionane.
Godstransport på jernbane
Godstransport på jernbane har sett ein auke frå 2000 til 2011 på 76 prosent målt i TEU (eit mål basert på volumet til ein 20-fots konteinar) og 19 prosent målt i tonnkilometer (figur 3.2). Sidan 2009 har det vore ein fallande trend i TEU, som er eit relevant mål for NSB sidan hovuddelen av transportarbeidet til CargoNet er å frakte konteinarar og semitrailerar. Tonnkilometer er sterkt påverka av malmtransporten på Ofotbanen, som CargoNet ikkje driv.
Det har vore ein nedgang i den samla godstransporten i den norske marknaden dei siste åra. Nedgangen har vore større for gods på bane enn i marknaden elles på grunn av auka konkurransekraft frå vegtransport og manglande stabilitet i jernbaneinfrastrukturen. Dei tradisjonelle industrivarene har ikkje auka nemneverdig i omfang. Veksten dei siste åra har vore på varer med høg verdi, noko som gir høge kvalitetskrav til transporten og krav om rask og punktleg levering. Det har vore med på å styrkje konkurransekrafta til lastebilar.
Globaliseringa av produksjon og varetransport vil truleg halde fram med å vere ei sterk drivkraft dei kommande tiåra. Det vil føre til auka handel og transport over lengre avstandar. Norsk import og eksport er venta å auke med 35–40 prosent i tonnkilometer fram til 2040. Det er grunn til å vente at reallønnsveksten i befolkninga kjem til å auke krava til rettidige og sikre leveransar.
Busstransport
Buss er den mest brukte forma for kollektivtransport i Noreg med om lag 60 prosent av kollektivpassasjerane og om lag 50 prosent av produserte kollektivpassasjerkilometer i 2010. Bussmarknaden voks med om lag 8 prosent frå 2005 til 2010, målt i passasjerar, til om lag 350 millionar passasjerar. I passasjerkilometer voks bussmarknaden med om lag 4,5 prosent til 4,5 milliardar passasjerkilometer.
Eigedom
Etterspørselen etter bustader har vore høg de seinare år, noko som også ventes i åra framover. Høg befolkningsvekst, god vekst i hushaldsinntektene og låge renter har bidrege til ein markert vekst i bustadprisane. Ein venter ein gradvis renteauke i åra framover som, saman med ei innstramming i utlånspolitikken vil kunne virke dempande på oppgangen i bustadprisane. I leigemarknaden for kontorlokale reknar ein med at prisane vil auke noko det første året på grunn av auka etterspørsel, for deretter å flate ut. Dette er serleg merkbart i Oslo-området, men kan også ses i resten av landet. I transaksjonsmarknaden for næringsareal har det i 2012 vore ein svak prisauke. Ein venter likevel utflating og priskorreksjon.
3.2 Marknadsutviklinga i Sverige
Sverige er den største kollektivtransportmarknaden målt i passasjerkilometer i Skandinavia. Persontransport på jernbane har størst kollektivmarknadsdel med 60 prosent av marknaden. Buss har om lag 38,5 prosent og ferje om lag 1,5 prosent av dei kollektivreisande i Sverige. Persontransport på jernbane har auka med om lag 4,3 prosent målt i passasjerkilometer frå 2005 til 2010. Buss har hatt ein tilbakegang på 0,5 prosent målt i passasjerkilometer frå 2005 til 2010. Sverige er òg den største marknaden for godstransport målt i tonnkilometer i Skandinavia. Godstransport på bane har ein marknadsdel på 36,5 prosent (2010), nest størst etter veg med 51 prosent.
3.3 Rammevilkår
Juridiske rammevilkår for NSB
Frå 2007 blei godstrafikk på jernbane liberalisert. Alle selskap som oppfyller fastsette tryggleikskrav, kan operere på jernbanen. For tida har åtte godsselskap løyve til å køyre på det norske jernbanenettet. Utanlandske persontogselskap har frå 1. januar 2010 rett til å gjennomføre grensekryssande trafikk. NSB har einerett på å køyre persontog i Noreg, med unntak av Gardermobanen, der Flytoget har fortrinnsrett.
30. januar 2013 blei EU-kommisjonen sitt forslag til Jernbanepakke IV offentleggjort. Der blir det gjort framlegg om at innanlands persontransport på bane skal liberaliserast innan desember 2019. Det blir òg foreslått at alt offentleg kjøp av persontransporttenester skal ut på anbod. Denne lovgivingspakken skal behandlast i EU-parlamentet og Rådet. Det er usikkert kor lang tid behandlinga vil ta, og kva som blir det endelege resultatet.
Lov og forskrift om universell utforming er viktige rammevilkår for persontransport på bane, bussverksemda og eigedomsverksemda i NSB. Universell utforming går ut på å leggje til rette slik at flest mogleg kan nytte funksjonen til verksemda. Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova inneheld ei aktivitetsplikt til å fremje universell utforming innanfor verksemder som er retta mot allmenta, også når det gjeld eksisterande bygg og togmateriell, så lenge det ikkje er ei urimeleg byrde. Plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift inneheld krav til universell utforming ved nybygg. Tilrettelegging for universell utforming gir fleire høve til å nytte ei teneste og kan dermed bidra til ein større kundebase. Universell utforming gjer det òg enklare for alle å nytte tenesta, og kundane blir meir nøgde.
Utviklinga av infrastrukturen til jernbanen
Kapasitet og oppetid på jernbanenettet er avgjerande for persontransport og godstransport på jernbanen. Innanfor persontransport og godstransport har punktlegheita blitt mykje betre dei siste åra. I 2012 var gjennomsnittleg punktlegheit for alle persontog 91,2 prosent innanfor fire minutt for lokaltrafikk og seks minutt for fjerntog. Det er ei betring på om lag fem prosentpoeng frå 2010. Persontoga hadde i 2012 96,8 prosent punktlegheit innanfor ti minutt. Målingar for undervegspunktlegheit ved Asker, Drammen, Ski, Lillestrøm og Oslo S for 2012 viser eit gjennomsnitt på 91,6 prosent. CargoNet hadde ei punktlegheit på 81 prosent i 2012, og ei leveringspunktlegheit på 91,1 prosent innanfor 15 minutt. Punktlegheit for godstog blir målt med ein margin på to minutt. Leveringspunktlegheit blir målt frå lossetidspunktet som kunden har fått, og til lasta er klar til å bli levert ut.
Prosjekt Oslo starta i 2009 og inneber ei full oppgradering av strekninga mellom Etterstad og Lysaker, som er den strekninga i landet med tettast trafikk. Dette prosjektet, saman med auka fokus på drift og vedlikehald og andre fornyingsprosjekt, har forbetra driftsstabiliteten i jernbanenettet kraftig. Første trinn av den nye grunnrutemodellen blei innført i desember 2012. Grunnrutemodellen vil vere fullført i desember 2014. Han vil gi fleire avgangar på ei rekkje strekningar, auke kapasiteten inn til Oslo og leggje til rette for betre overgang i knutepunkta gjennom jamn frekvens på faste minuttal. For å kunne auke frekvensen på toga er det ferdigstilt – og blir det stadig ferdigstilt – ei rekkje infrastrukturprosjekt.
I stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014–2023 blir satsinga på drift, vedlikehald og nye investeringar på jernbanen vidareført.
Kjøp av persontransporttenester med jernbane frå NSB-konsernet
Staten ved Samferdselsdepartementet kjøper bedriftsøkonomisk ulønnsame persontransporttenester med tog. Målet med den offentlege tenesteplikta er å nytte eigenskapane til toget i samspel med andre transportformer for å dekkje persontransportbehovet til befolkninga og næringslivet. Den offentlege tenesteplikta skal leggje grunnlaget for eit konkurransedyktig togtilbod for pendlarar, bidra til at servicesentra blir tilgjengelege både i og utanom rushtida, og vere med på å binde regionane og landet saman. Togtilbodet skal vere påliteleg og opplevast som enkelt og saumlaust. Funksjonen til dei ulike togprodukta, lokaltog, regiontog m.fl. avgjer vektlegginga av delmåla nemnt over.
Den noverande trafikkavtalen mellom staten og NSB AS er ein seksårig avtale for perioden 1.1.2012 til 31.12.2017. Avtalen har ein total verdi på 15,4 milliardar kroner (2012-kroner) og sikrar togpassasjerane ei vidareføring av det eksisterande togtilbodet i store delar av landet i tillegg til eit betre tilbod i form av fleire avgangar og auka setekapasitet på Austlandet. Det blir reflektert gjennom den gradvise innføringa av ny grunnrutemodell på Austlandet i desember 2012 og 2014.
Gjøvikbanen blei sett ut på konkurranse i 2005. NSB Gjøvikbanen AS, eit dotterselskap av NSB, vann konkurransen og har tilbydd togtenester frå juni 2006. Trafikkavtalen med NSB Gjøvikbanen gjeld til juni 2016, med ein opsjon staten kan utløyse for ytterlegare to års drift.
Staten kjøper òg tenester på grenseoverskridande togtilbod til Sverige. På strekninga Karlstad–Kongsvinger kjøper staten frå Svenska Tågkompaniet AB, som er eit dotterselskap av NSB, i samarbeid med det svenske Trafikverket, Hedmark fylkeskommune og Värmlands län.
Rammevilkår for godstransport på jernbanen
Det er i all hovudsak inga køyrevegsavgift på det norske jernbanenettet med unntak av Gardermobanen, der både passasjer- og godstog betaler 17,50 kroner per togkilometer. Godstog med eit aksellast på over 25 tonn betaler køyrevegsavgift på 3,13 øre per tonnkilometer. Det gjeld først og fremst malmtransportane på Ofotbanen.
Godsterminalane blir i dag i all hovudsak drivne av CargoNet. Ganddal godsterminal er ein ny terminal som var ferdigstilt i 2008. Terminalen er det Jernbaneverket som eig, og han blir driven på anbod av Terminaldrift AS, eit dotterselskap av CargoNet AS. Regjeringa foreslår å leggje ansvaret for drifta av alle terminalane til Jernbaneverket. Ei slik løysing vil sikre like konkurransevilkår mellom selskapa på terminalane og dermed leggje til rette for betre konkurranseforhold i godstogbransjen.