4 Organisering av NSB
NSB AS er eit aksjeselskap som staten ved Samferdselsdepartementet eig fullt ut. NSB blei etablert i 1996 som eit selskap med avgrensa ansvar (BA) då forvaltingsbedrifta NSB blei delt i trafikkselskapet NSB BA og infrastrukturforvaltaren Jernbaneverket. NSB blei omgjort til aksjeselskap i 2002 og blir i samsvar med aksjelova styrt som statsaksjeselskap. Samferdselsministeren er generalforsamlinga til NSB.
NSB-konsernet er organisert med NSB AS som morselskap med verksemdsområdet persontog , konsernstab og fellestenester for konsernet. NSB AS har 100 prosent eigarskap til dotterselskapa CargoNet AS, Nettbuss AS, Rom Eiendom AS og Mantena AS, som er ansvarlege for verksemdsområda til konsernet for høvesvis gods, buss, eigedom og togvedlikehald. Dotterselskapa har eigne styre. Konsernleiinga består av konsernsjef, visekonsernsjef, direktør for økonomi og finans samt øvste leiar av dei fem verksemdsområda til NSB.
Finse Forsikring AS og NSB Trafikkservice AS reknast som støttefunksjonar. Finse Forsikring AS arbeider med NSB-konsernets risikohandtering. NSB Trafikkservice AS leverer reinhaldstenester på togmateriell til NSB Persontog. NSB Trafikkservice er 55 prosent eigd av NSB AS og 45 prosent eigd av ISS Facility Services AS. Selskapet har 220 tilsette.
Persontogverksemda består av NSB Persontog, som inngår i NSB AS, og dotterselskapa Svenska Tågkompaniet AB som driv trafikk i Midt-Sverige og NSB Gjøvikbanen AS som trafikkerer Gjøvikbanen. Det blir årleg gjennomført 54 millionar reiser med NSB i Noreg. NSB AS har om lag 3300 tilsette i Noreg. Svenska Tågkompaniet har 325 tilsette, og NSB Gjøvikbanen har om lag 90 tilsette.
Bussverksemda består av Nettbuss AS med dotterselskap som utfører busstransport i Noreg, Sverige og Danmark. Nettbuss har i den siste fireårsperioden kjøpt opp ei rekkje busselskap – det største av dei er bussverksemda til Fjord1. Selskapet driv lokal og regional rutetrafikk på anbod frå fylkeskommunane, kommersielle ekspressbussruter og Team Verksted for intern og ekstern vedlikehaldsverksemd. I Noreg har selskapet aktivitet over det meste av Midt- og Sør-Noreg. I Sverige har selskapet det meste av verksemda si i Sørvest-Sverige, og i Danmark rundt København og i Ålborg-området. I 2012 hadde Nettbuss-konsernet 7800 tilsette. Av desse var 1084 tilsette i den svenske verksemda og 495 i den danske.
CargoNet AS driv godsverksemda til NSB. CargoNet er den største godstransportøren på jernbane i Noreg og tilbyr togpendlar i Noreg og til og frå utlandet for konteinartransport. Selskapet tilbyr òg systemtog som er spesialtilpassa industri med store regelmessige transportvolum. Selskapet fraktar om lag 435 000 TEU per år i Noreg, noko som svarer til om lag 217 000 vogntog. Dotterselskapet CargoNet AB har avvikla innanriks transport i Sverige i eigen regi, men har 40 prosent eigarskap i Real Rail AB, som tilbyr godstransport i Sverige. CargoNet AB leiger ut vogner til Real Rail AB. CargoNet AS er frå 2010 eit 100 prosent NSB-eigd selskap etter at NSB AS kjøpte dei resterande 45 prosentane av aksjane frå det svenske selskapet Green Cargo AB. CargoNet har om lag 630 tilsette.
Det er Rom Eiendom AS som driv eigedomsverksemda til NSB-konsernet. Selskapet eig og forvaltar om lag 2200 eigedommar til ein samla verdi av rundt 9 milliardar kroner. Eigedomsporteføljen er på 990 bygg, av desse er 330 jernbanestasjonar, med ein total bygningsmasse på om lag 720 000 kvadratmeter som blir forvalta, drifta og halde ved like i regi av selskapet. Publikumsareal på stasjonar blir leigd ut til Jernbaneverket for sjølvkost. Rom Eiendom har ein utviklingsportefølje med eit utbyggingspotensial på om lag to millionar kvadratmeter. Rom Eiendom har fokus på knutepunktsutvikling og fortetting av stasjonsområde og stasjonsnære område for å gi auka trafikkgrunnlag for toget og andre kollektivmiddel. Selskapet har 95 tilsette. Rom Eiendom har eigarpostar i ei rekkje selskap. Det største er Oslo S Utvikling AS, der Rom Eiendom, Linstow Eiendom og Entra Eiendom eig 1/3 kvar. Oslo S Utvikling utviklar og sel eigedommar i Bjørvika i Oslo.
Vedlikehaldsverksemda til NSB-konsernet blir driven av Mantena AS. Hovuddelen av verksemda til selskapet er vedlikehald av tog for NSB, CargoNet, NSB Gjøvikbanen, Flytoget og Jernbaneverket. Dotterselskapet Mantena AB driv tilsvarande tenester i Sverige. Saman med det Hong Kong-baserte MTR eig Mantena selskapet Tunnelbanan Teknik Stockholm AB (TBT), som held toga på tunellbanen i Stockholm ved like. Mantenas dotterselskap Mitrans AS har utført ombyggingar og modifiseringar for togmateriell og vedlikehald av skinnegåande anleggsmaskiner. Verksemda i Mitrans AS ble overført til Mantena AS per 1.1.2013. Mantena-konsernet har om lag 1150 tilsette i Noreg og Sverige.