Meld. St. 18 (2023–2024)

Ein forbetra tilstand for villrein

Til innhaldsliste

2 Innleiing

2.1 Bevaring av villrein – eit særleg ansvar for Noreg

Villreinen (Rangifer tarandus) er ein art som står i ei særstilling i Noreg. Han har vore i landet vårt heilt sidan innlandsisen trekte seg tilbake for om lag 10 000 år sidan, og han skapte store delar av livsgrunnlaget for dei aller første menneska som slo seg ned i landet vårt. Sidan den gongen har villreinen og mennesket i Noreg hatt ei tett samanvoven historie. Samtidig som villreinen skapte store delar av livsgrunnlaget for dei aller første menneska, har jakt og fangst utvilsamt hatt påverknad på villreinen. Villreinen har framleis ein stor verdi både lokalt og nasjonalt, både som haustbar viltressurs og som tradisjons- og kulturberar. Noreg er også eit av få land i verda med ville bestandar av rein, og nesten 90 prosent av vill fjellrein i Europa lever i Noreg.

Villreinen og fjellområda der han lever, er ein viktig del av norsk naturarv og eit symbol på norsk kultur og historie. Likevel har utviklinga over lang tid gått i feil retning, til tross for at mange tiltak er sette i verk. Derfor er det viktig at det no blir tatt nye og sterkare grep for å ta vare på villrein og leveområda til villreinen, slik at arten kan fortsetje å vere ein viktig del av norsk kultur og natur for dei neste generasjonane.

I Noreg fanst villreinen opphavleg i heile Fjell-Noreg, og villreinen kunne vandre fritt mellom ulike sesongbeite innanfor større regionar. I moderne tid har leveområda til villreinen blitt fragmenterte av menneskeleg påverknad og bruk av areal i fjellet, og villreinen har blitt utrydda frå fleire område. I dag lever den norske villreinen i 24 ulike villreinområde i Sør-Noreg, med eit samla areal på om lag 50 000 km². Fleire av villreinområda er ytterlegare delte opp på grunn av menneskeleg påverknad. Dette gjer areala sårbare for inngrep frå svært mange hald.

Figur 2.1 Villreinen er eit typisk flokkdyr. Storleiken på villreinflokkane varierer mykje, men dei største kan telle godt over tusen dyr.

Figur 2.1 Villreinen er eit typisk flokkdyr. Storleiken på villreinflokkane varierer mykje, men dei største kan telle godt over tusen dyr.

Foto: Petter Braaten.

Det er særleg utbygging av vasskraft, kraftlinjer, hytter, reiselivsanlegg, vegar, jernbane og annan infrastruktur som har ført til at leveområda til villreinen har blitt kraftig reduserte i dag. Utbygginga har avskore mange av dei tradisjonelle trekka til villreinen mellom viktige bruksområde.

Ein auke i ferdselen har forstyrra villrein og påverka korleis villreinen brukar fjellet. Ferdsel har mellom anna ført til at villreinen har tapt leveområde. Bygging av hytter i og inntil villreinområda fører også med seg auka menneskeleg ferdsel inn i villreinområda.

Dei siste åra har òg den smittsame og alvorlege viltsjukdommen klassisk skrantesjuke (CWD) blitt påvist i Noreg. Derfor måtte ein ta ut bestanden i eit av dei største villreinområda våre, Nordfjella sone 1. I 2021 blei det avgjort at ein skulle redusere villreinbestanden og talet på bukkar på Hardangervidda for å nå målet om å avgrense smitte og om mogleg utrydde klassisk skrantesjuke.

Dei siste tiåra har Noreg planlagt og gjennomført viktige grep i villreinforvaltninga. Det er oppretta fleire verneområde der omsyn til villrein inngår i verneformålet. Norsk villreinsenter er etablert som eit uavhengig fagleg kompetansesenter, som mellom anna arbeider med dokumentasjon og formidling av kunnskap om villrein. Det er utarbeidd regionale planar for villreinfjella for ei meir berekraftig arealforvaltning, og det er etablert to europeiske villreinregionar med eit eige verdiskapingsprogram for å spreie informasjon og stimulere til brei berekraftig verdiskaping, for å nemne noko. Likevel har situasjonen for villrein samla sett blitt stadig verre.

Fordi det blei tatt ut så mykje villrein i kampen mot skrantesjuke, blei villreinen i 2021 for første gong klassifisert som nær trua på Norsk raudliste for artar.1

I 2020 blei det etablert ei kvalitetsnorm for villrein etter naturmangfaldlova. Kvalitetsnorma fastset grenseverdiar for god, middels og dårleg kvalitet for villrein i villreinområda, basert på bestandsforhold, lavbeite og leveområde og menneskeleg påverknad. Kvalitetsnorma er bygd opp på ein måte som gjer ho godt eigna til å seie noko om tilstanden til villreinen, kva utfordringar arten møter i dei enkelte villreinområda, og kva for tiltak forvaltninga kan setje i verk for å betre tilstanden.

Den første klassifiseringa av dei 10 nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma blei publisert i 2022,2 og klassifiseringa av dei 14 andre områda blei publisert i 2023.3 Klassifiseringane viser at 1 av 24 villreinområde har god kvalitet (Tolga Østfjell), 11 område har middels kvalitet, og 12 område har dårleg kvalitet. Av dei ti nasjonale villreinområda, som er dei største og mest intakte villreinområda i landet, har seks område dårleg kvalitet, fire har middels kvalitet, og ingen område har god kvalitet.

Tilstand på villreinområda i dag og kunnskapen vi har fått mellom anna gjennom kvalitetsnorma for villrein, viser at den noverande innsatsen for villrein ikkje er tilstrekkeleg for å betre tilstanden for arten. Dersom det ikkje blir gjort ein styrkt innsats for villrein, er det sannsynleg at den negative utviklinga vil halde fram, og det er stor risiko for at det vil bli vanskeleg å endre den negative trenden. På sikt kan dette føre til at villreinen ikkje lenger vil vere levedyktig i enkelte villreinområde.

Regjeringa meiner derfor det er behov for ei styrkt satsing på villrein og ønskjer med denne stortingsmeldinga å forankre nødvendige og langsiktige endringar i den gjeldande politikken og det gjeldande rammeverket for å kunne betre situasjonen for villrein. Dette betyr endringar i politikken for heile villreinfjellet, det vil seie både for dei 24 villreinområda og for dei områda utanfor villreinområda som påverkar areal som brukast av villreinen.

Tiltaka i denne meldinga gjeld ikkje for tamrein eller svalbardrein.

2.2 Mål og visjon for regjeringa

For å forvalte villrein best mogleg har regjeringa fastsett mål for tilstanden til villreinen. Måla reflekterer det regjeringa meiner er eit riktig nivå mellom berekraftig bruk og ivaretaking av villreinfjellet, og som gir stor nytte for heile samfunnet.

Regjeringa har desse måla for tilstanden til villreinen for alle dei 24 villreinområda i Noreg:

  • å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030

  • å oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområde innan 2050

  • å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100

Vi har usikker og mangelfull kunnskap om naturen, og vi veit ikkje nøyaktig korleis tiltak og verkemiddelbruk påverkar tilstanden. Likevel har vi mykje kunnskap om villrein og kva som påverkar han. Med unntak av dei store rovdyra er det ingen andre viltartar i Noreg som er og har vore meir overvaka. Villreinen er den viltarten vi har samla inn mest kunnskap om. Det er fleire årsaker til dette, men det er i første rekkje på grunn av den særskilde posisjonen villreinen har blant dei norske viltartane. I tillegg har vi fått meir innsikt i kor påverka villreinen blir av arealinngrep, menneskelege forstyrringar og klimaendringar. Noregs internasjonale ansvar for å ta vare på villrein gir òg føringar for korleis vi forvaltar bestandane og leveområda deira. Kvalitetsnorma for villrein har også gitt meir oppdatert og systematisert informasjon om tilstanden til villreinen, kva utfordringar arten møter i dei enkelte villreinområda, og kva tiltak forvaltninga kan setje i gang for å betre tilstanden. Det betyr at regjeringa har hatt eit godt utgangspunkt for å fastsetje relativt eksakte mål for tilstanden til villreinen.

Regjeringa har vurdert ulike mål for tilstanden til villreinen. Mellom anna har ein vurdert om dagens negative utvikling bør vidareførast (null-alternativet), eller om ein bør forbetre dagens tilstand.

Regjeringa har fastsett måla for tilstanden til villreinen med utgangspunkt i kvalitetsmålet i kvalitetsnorma for villrein (les meir om kvalitetsnorma i kapittel 5.4). Årsaka til dette er at kvalitetsnorma allereie er godt etablert i forvaltninga, og at det vil vere lite hensiktsmessig å fastsetje eit parallelt mål for villreinen sin tilstand.

Kvalitetsmålet står i artikkel 3 i kvalitetsnorma, og det lyder slik:

«Målet er at minimum middels kvalitet for det enkelte villreinområdet opprettholdes eller nås snarest mulig. På lengre sikt er det også et mål at de nasjonale villreinområdene skal ha god kvalitet. Klima- og miljødepartementet og andre berørte departementer kan i samråd beslutte at målet fravikes for hele villreinområdet når viktige samfunnsinteresser veier tyngre enn hensynet til villreinen. Hensynet til villrein veier særlig tungt i fastsatte nasjonale villreinområder.»

Kvalitetsnorma seier likevel lite om når kvalitetsmålet skal vere nådd, men brukar omgrep som «snarest mulig» og «på lengre sikt». I denne meldinga har regjeringa ønskt å fastsetje ambisiøse, men realistiske mål. Regjeringa meiner at dette vil gjere det lettare å sjå når ulike tiltak bør gjennomførast, og at det kan gjere politikken og forvaltninga betydeleg meir målretta og føreseieleg. Derfor har regjeringa sett eit mål om å stoppe den negative utviklinga i alle dei 24 villreinområda innan 2030 og oppnå minimum middels kvalitet for alle dei 24 villreinområda innan 2050. Når det gjeld målet i kvalitetsnorma om god kvalitet i dei ti nasjonale villreinområda, er det i nokre høve vanskeleg å vurdere om målet er realistisk, og regjeringa vil derfor ikkje fastsetje eit konkret mål for når alle nasjonale villreinområde skal ha god kvalitet. Likevel har regjeringa ein strategisk og langsiktig visjon om å oppnå god kvalitet i alle dei ti nasjonale villreinområde innan år 2100.

Figur 2.2. illustrerer forventa utvikling for det nasjonale villreinområdet med til ei kvar tid dårlegast kvalitet med høvesvis null-alternativet, ny politikk for å flate ut trenden og ny politikk i tråd med måla for tilstanden til villreinen.

Figur 2.2 Illustrasjon av forventa utvikling i kvalitet fram mot år 2030, 2050 og 2100 for det nasjonale villreinområdet som til ei kvar tid har den dårlegaste kvaliteten, med høvesvis ingen ny politikk (null-alternativet), politikk for å flate ut trenden og n...

Figur 2.2 Illustrasjon av forventa utvikling i kvalitet fram mot år 2030, 2050 og 2100 for det nasjonale villreinområdet som til ei kvar tid har den dårlegaste kvaliteten, med høvesvis ingen ny politikk (null-alternativet), politikk for å flate ut trenden og ny politikk i tråd med måla for tilstanden til villreinen.

Regjeringa har ikkje fullt ut berekna kostnadene ved alle verkemidla som er nødvendige for at ein skal nå kvalitetsmålet i kvalitetsnorma for villrein, men vurderer samstundes at måla for villreinen i hovudsak kan bli gjennomførte med effektiv bruk av etablerte verkemiddel innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene. Ved å vurdere konsekvensane av verkemidla vil regjeringa sjå til at næringslivet, hushald og andre aktørar ikkje får urimelege byrder.

Kostnaden av å oppnå eit mål om å stoppe den negative utviklinga innan 2030, vil i første rekke vere knytt til ein høg terskel for etablering av ny eller vidare utvikling av menneskeleg aktivitet som er negativ for villrein. Dette gjeld både offentlege styresmakter, organisasjonar, privatpersonar og andre aktørar. Det kan i enkelte tilfelle bli sett på som ei tapt moglegheit til å hente inn nye inntekter og ressursar for samfunnet. Når det gjeld målet om middels kvalitet i alle villreinområda innan 2050 og god tilstand i alle nasjonale villreinområde innan 2100, vil det vere ein ytterlegare kostnad ved å gjennomføre ulike tiltak som forbetrar tilstanden for villrein. Dette vil mellom anna kunne vere naturrestaurering, og det fører med seg ein kostnad for samfunnet. Det kan også vere bøtande tiltak knytte til eksisterande eller ny aktivitet, noko som igjen kan bety at den relative kostnaden for tiltakshavaren eller andre brukarar kan bli større enn i dag.

Eit mål om å forbetre tilstanden for villreinen og villreinområda vil også ha ei rekkje fordelar for samfunnet. Ei målretta forvalting skal mellom anna bidra til å forenkle og effektivisere sektorsamarbeidet, og vil føre til ei meir tydeleg og føreseieleg forvaltning av villrein og villreinområda i Noreg. Verkemiddel som påverkar villrein, skal bli sette meir i samanheng og utnyttast heilskapleg og effektivt. Nytten ved å forbetre kvaliteten på tilstanden til villreinen og villreinområda vil elles særleg vere meir berekraftige villreinbestandar, med mellom anna eit redusert sannsyn for at villreinen skal døy ut i enkelte villreinområde. Det betyr igjen at naturgode knytte til villrein ikkje forsvinn og kan auke med tida. Høgare kvalitet i villreinområda vil også vere gunstig for økosystema i villreinfjella i sin heilskap, og særleg artar og naturtypar som i dag er negativt påverka av ulike former for menneskeleg aktivitet. Eit økosystem i god tilstand gir ei lang rekkje naturgode som har stor verdi for samfunnet. Dette er nærmare omtalt i kapittel 4.

For at ein skal nå dei måla regjeringa har sett for tilstanden til villreinen, er det nødvendig å gjere endringar som reduserer den negative påverknaden på villrein og/eller aukar den positive påverknaden. Ein kombinasjon av slike endringar vil truleg vere det beste for at ein skal få tilstrekkeleg effekt. For å lukkast med dette vil regjeringa fastsetje ein ny, heilskapleg politikk for villreinfjellet (kapittel 8).

Regjeringa legg til grunn at dersom vi når måla for tilstanden til villreinen, vil det også kunne gi eit positivt bidrag til arbeidet med å nå ei rekkje andre nasjonale mål innan naturmangfald, kulturmiljø, friluftsliv og klima. Dette gjeld særleg mål om økologisk tilstand i fjell, bevaring av trua og nær trua artar i villreinfjellet, representativ bevaring av norsk natur, ivaretaking av kulturmiljø og friluftslivsområde, lågare klimagassutslepp, klimanøytralitet og klimatilpassing.

Arbeidet med å nå måla for tilstanden til villreinen vil også kunne vere ein del av regjeringa sin politikk for nasjonal oppfølging av det globale Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald frå 2022 (den såkalla «naturavtalen»). Då særleg knytt til mål om ivaretaking av trua artar og minst 30 prosent bevaring av natur. Arbeidet med å nå måla om tilstanden til villrein vil også vere eit viktig bidrag for å følgje opp FNs berekraftsmål, og særleg mål delmål 15.4 om å bevare økosystema i fjellområda.

2.3 Nærmare om meldinga si oppbygging

Denne meldinga inneheld regjeringa sin politikk for å forbetre tilstanden til villrein i Noreg.

Kapittel 1 er eit samandrag av denne stortingsmeldinga.

Kapittel 2 gjer greie for bakgrunnen for meldinga og regjeringa sine mål om ein forbetra tilstand for villrein i Noreg, og det blir gjort greie for arbeidet med meldinga, mellom anna om konsultasjonar og innspelsmøte som er gjennomført.

Kapittel 3 handlar om villreinen si historie, frå førre istid og fram til i dag, og er skrive av seniorforskar Olav Strand og professor Reidar Andersen.

Kapittel 4 er ei omtale av økosystemtenester i villreinfjellet, opplevings- og kunnskapstenester og forsynande økosystemtenester direkte knytte til villrein.

Kapittel 5 klargjer dagens rammer for forvaltning av villrein og villreinområda i form av fastsett politikk, lover og reglar, retningslinjer, rettleiingar og internasjonalt ansvar.

Kapittel 6 har ei meir inngåande omtale av relevante aktørar i forvaltninga av villrein og villreinområda, særleg knytt til bestandsforvaltning og arealplanlegging.

Kapittel 7 gjer greie for dagens tilstand for villrein og villreinområda, drivkrefter som påverkar tilstanden, og kva som er den forventa utviklinga med dagens politikk. Den negative utviklinga i villreinområda blir omtalt nærmare, og det blir forklart kvifor 12 av 24 villreinområde no er klassifiserte som område med dårleg kvalitet. Her blir det også gjort greie for påverknaden ulike former for menneskeleg aktivitet har på villrein i dag, og kva som er den forventa utviklinga i framtida dersom vi held fram som i dag.

Kapittel 8 viser regjeringa si politikk med tiltak og endringar i verkemiddelbruk for å nå måla om tilstanden til villrein, innanfor desse fem strategiske områda:

  1. heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet

  2. auka tilrettelegging av villreinvennleg ferdsel

  3. betre villreinhelse

  4. meir berekraftig bestandsforvaltning av villrein

  5. målretta restaurering av leveområda til villreinen

Kapittelet gjer også greie for konsekvensane av ein ny politikk og for korleis regjeringa vil gjennomføre og evaluere den nye politikken.

Kapittel 9 handlar om administrative og økonomiske konsekvensar. Tiltaka i stortingsmeldinga skal i første rekkje rette seg inn mot 2030 og så vidare fram mot 2050 og 2100, i tråd med måla for tilstanden til villreinen.

2.4 Bruk av omgrep og definisjonar

Omgrep

Forklaring

Ansvarsart

Ein art der 25 prosent eller meir av den europeiske bestanden er i Noreg.

Art

Bestemde grupper av levande organismar etter biologiske kriterium.

Berekraftig bruk

Utnytting av ressursar, produkt eller tenester i økosystema på ein slik måte at naturmangfaldet blir tatt vare på og økosystemtenestene blir haldne ved like i eit langsiktig perspektiv.

Bestand

Ei gruppe individ av same art som lever innanfor eit avgrensa område til same tid.

CWD – Chronic Wasting Disease

Sjå skrantesjuke.

Europeiske villreinregionar

Dei ti nasjonale villreinområda inngår i to europeiske villreinregionar som blei etablerte i 2017. Målet med dei europeiske villreinregionane er å synleggjere Noregs internasjonale ansvar og styrkje regional heilskapleg forvaltning og berekraftig verdiskaping. Sjå også omtalen i kapittel 4.1 og mellom anna figur 7.1 i kapittel 7.3.

Fjellrein

Sjå villrein.

Fokusområde

Særlege sårbare villreinareal der det er konflikt mellom omsynet til villreinen og menneskeleg aktivitet. Omgrepet blir mellom anna brukt i kvalitetsnorma for villrein.

Kvalitetsnorm for villrein

Kvalitetsnorma er fastsett med heimel i naturmangfaldlova. Ho er retningsgivande for styresmaktene når dei skal forvalte saker som har betydning for villrein, og ho skal gi styresmaktene eit best grunnlag for å forvalte bestandane, leveområda og faktorane som påverkar dei. Kvalitetsnorma fastset grenseverdiar for god, middels og dårleg kvalitet for villrein i villreinområde. Målet er å oppretthalde eller snarast mogleg å nå minimum middels kvalitet for det enkelte villreinområdet. På lengre sikt er det òg eit mål at dei nasjonale villreinområda skal ha god kvalitet. Sjå også omtalen av kvalitetsnorma i kapittel 5.4.

Leveområde

Det området der ein art finn nødvendige ressursar for å overleve og forplante seg. Leveområdet avheng av korleis arten er tilpassa, og kva for krav han har. Omgrepa leveområde for villrein og villreinområde blir ofte nytta om kvarandre, men leveområde er ei meir generell beskriving av alle områda der villreinen lever og får dekt dei grunnleggande behova sine, mens villreinområde er ei geografisk forvaltningseining. Sjå også villreinområde.

Nasjonale villreinområde

Ti nasjonale villreinområde blei peikte ut i 2007. Dei blei valde ut etter ei heilskapsvurdering av kor store dei var, kva for kvalitet dei hadde, og kor viktige dei var for villreinen. Det blei òg lagt vekt på det genetiske opphavet og historikken til dei ulike bestandane, og det blei lagt vekt på om det var mogleg å sikre eit breitt habitattilbod for villreinen i framtida. Fylkeskommunane blei bedne om å utarbeide regionale planar for desse villreinfjella. Arealsona nasjonalt villreinområde er avgrensa på plankartet til dei regionale planane. Sjå også villreinområde.

Naturtype

Einsarta type natur som omfattar organismar og miljøfaktorar som finst der, eller spesielle naturførekomstar og spesielle typar av geologiske førekomstar.

Norsk raudliste for artar

Ei oversikt over artar som har risiko for å døy ut i Noreg. Raudlista er utarbeidd av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar. Den siste raudlista for artar blei utarbeida i 2021.

Regionale planar for villreinfjella

Regionale planar (tidlegare fylkesdelplanar) for bruk og vern av areala i villreinfjella har heimel i plan- og bygningslova. Planane avgrensar dei ti nasjonale villreinområda med randsoner og skal sørgje for ein balansegang mellom omsynet til villreinen og omsynet til næringsutvikling og lokale interesser. Målet med planane er å leggje til rette for livskraftige fjellbygder med eit aktivt næringsliv og eit fjellbasert friluftsliv og samtidig sikre leveområda til villreinen. Dei regionale planane skal etter lova leggjast til grunn for fylkeskommunane og kommunane si verksemd og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i villreinområda. Sjå også omtalen av regionale planar i kapittel 5.3.

Skrantesjuke

Skrantesjuke, eller chronic wasting disease (CWD), er ein smittsam prionsjukdom som kan ramme hjortedyr som elg, hjort, rådyr og rein. Sjukdommen er alltid dødeleg for dyr som er smitta.

Tamrein

Tamrein er semi-domestisert rein, og som i dag blir forvalta gjennom ulike former for reindrift. Reindrifta omfattar samisk tamreindrift, tamreinlag og reinselskap. Tamreindrift er i hovudsak regulert gjennom reindriftslova.

Tundrarein

Sjå villrein.

Verdsarv

Kultur- og naturarv som har ein framifrå, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. Verdsarvlista viser område som er valde ut fordi dei har ei slik særskild kulturell eller naturhistorisk betydning for menneskja.

Villrein

Villrein er viltlevande bestandar av arten Rangifer tarandus. Vi finn villrein på store delar av den nordlege halvkula, både i Europa, Asia og Nord-Amerika. Det er fleire ulike underarter av villrein. Den underarten vi finn i Fastlands-Noreg, blir av og til også kalla fjellrein eller tundrarein. På Svalbard lever det ein annan underart, den såkalla svalbardreinen. I nokre villreinområde har villreinen opphav i tamrein. Villreinen er i hovudsak regulert gjennom viltlova og naturmangfaldlova.

Villreinfjell

Omgrepet «villreinfjell» er ikkje eit juridisk omgrep, men er eit etablert omgrep for å angi alle dei 24 villreinområda og dei områda utanfor villreinområda som på ulike måtar påverkar areal som brukast av villreinen. Sjå også regionale planar for villreinfjella og omtale i kapittel 4.1.

Villreinområde

Eit område som er avgrensa som geografisk forvaltningseining for villreinbestanden. Norsk villrein er i dag fordelt på 24 ulike villreinområde med eit samla areal på om lag 50 000 km2. Ti av desse områda er peikte ut som nasjonale villreinområde. Sjå også omtalen i kapittel 7, mellom anna figur 7.1.

Økosystem

Eit samfunn av planter, dyr og mikroorganismar og samspelet med miljøet som omgir dei. Økosystemet fungerer gjennom samspel både oppover og nedover i næringskjeda og med det fysiske og kjemiske miljøet som omgir det. Økosystemet kan variere mykje i storleik og kompleksitet.

Økosystemtenester

Gode og tenester som vi får frå naturen. Det er fire hovudkategoriar av økosystemtenester. Vi skil mellom forsynande, regulerande, kulturelle og støttande tenester. Sjå også omtalen i kapittel 4.

2.5 Arbeidet med meldinga

For at vi skal lukkast med måla i denne meldinga om tilstanden til villreinen, meiner regjeringa det har vore viktig å leggje opp til ein involverande prosess med lokale og regionale villreininteresser i arbeidet med meldinga. Regjeringa har derfor lagt stor vekt på lokal og regional medverking gjennom dialog og ulike møte i samband med meldingsarbeidet. Tidleg dialog og involvering, med felles eigarskap og innsats for å møte utfordringane, har etter regjeringa sitt syn vore viktig for arbeidet med ein meir kraftfull og effektiv innsats for å betre situasjonen for villrein.

Regjeringa har lagt særleg stor vekt på å involvere kommunane og fylkeskommunane, som har eit omfattande ansvar for arealforvaltninga i villreinområda. Det blei 15. juni 2023 sendt politiske brev til alle villreinkommunar og aktuelle fylkeskommunar i Noreg, kor prosessane for utarbeiding av stortingsmelding for villrein og tiltaksplanar etter kvalitetsnorm for villrein blei omtalt og forklart. Det blei og beskrive og omtalt korleis kommunane og fylkeskommunane skulle bli involverte i dei ulike arbeida. I samband med meldingsarbeidet er det og gjennomført to årlege konsultasjonsmøte med Kommunesektorens organisasjon (KS), kor det blant anna blei informert om arbeidet med stortingsmeldinga. Det er også gjennomført fleire bilaterale møte med andre kommunar og interkommunale interesseorganisasjoner.

I samband med meldinga har det også vore gjennomført tre innspelsmøte for områda sør for Sognefjorden og tre møte for områda nord for Sognefjorden, til saman seks møte. Dei inviterte til innspelsmøta har vore mellom anna aktuelle kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarar, villreinnemnder og villreinutval, organisasjonar og forskings- og kompetansemiljø. I samband med desse innspelsmøta har det også blitt lagt til rette for skriftlege innspel. Alle som har ønskt det, har fått moglegheiter til å sende inn slike innspel. Kapittel 2.7 gir eit samandrag av innspela.

Tiltaksplanar etter kvalitetsnorm for villrein vil vere eit viktig tiltak for å forbetre tilstanden i villreinområda. Dei første tiltaksplanane skal etter planen sendast ut på allmenn høyring i 2024, og dei skal fastsetjast tidlegast i 2025. Tiltaksplanane vil bli konkrete og utforma innanfor rammene av til ei kvar tid gjeldande politikk. Det har derfor vore viktig for regjeringa å sjå arbeidet med tiltaksplanane i samanheng med stortingsmeldinga. Det er også viktig at dei regionale planane for villreinfjella blir godt koordinerte med tiltaksplanane og at fylkeskommunane og kommunane blir godt involverte i arbeidet som kjem. Gjennomføringa av tiltaksplanane er nærmare omtalt i kapittel 8.2 og 8.4.

2.6 Konsultasjon med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund

Sametinget, Norske Reindriftsamers Landsforbund og Klima- og miljødepartementet har gjennomført konsultasjonar om stortingsmelding om villrein, jf. samelova kap. 4 Konsultasjonar.

Konsultasjon med Sametinget

Sametinget ønskte å konsultere om følgjande tema:

  • 1) Skrantesjuke (CWD)

  • 2) Arealforvaltning

  • 3) Erfaringsbasert kunnskap

Det blei konsultert til einigheit.

Sametinget viser til at det i innspelsmøte i samband med arbeidet med meldinga er fleire som peikar på skrantesjuke som ei av dei største utfordringane for villrein i dag. Villreinområda både grensar til og ligg nært opptil område der det blir drive samisk tamreindrift. Ei anna utfordring, og som også har samanheng med utfordringar med skrantesjuke, er samanblandingar av villrein og tamrein. Sametinget meiner at det er utvilsamt at spreiing av skrantesjuke til den samiske tamreinnæringa vil få katastrofale følgjer for denne næringa.

Klima- og miljødepartementet viste til at skrantesjuke blir handtert utanom stortingsmeldinga om villrein. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet vil konsultere Sametinget i det arbeidet som skjer på skrantesjuke, dersom det blir planlagt sett i verk tiltak som angår reinnæringa.

I tillegg er det innarbeidd to nye avsnitt om arealinngrep og erfaringsbasert kunnskap i kapittel 8.2.

Konsultasjon med Norske Reindriftsamers Landsforbund

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) ønskte å konsultere om følgjande tema:

  • 1) Påverknaden dei aller første menneska i Noreg hadde på villrein

  • 2) Historia til villreinen

  • 3) Skrantesjuke (CWD)

  • 4) Unngå samanblanding av villrein og tamrein

Det blei langt på veg konsultert til einigheit.

NRL viser til at det i kapittel 2.1 om bevaring av villrein er ønskjeleg å synleggjere at samtidig som villreinen skapte store delar av livsgrunnlaget for dei aller første menneska, har jakt og fangst utvilsamt hatt påverknad på villreinen. NRL ønskjer vidare supplering av tekst i kapittel 3 som synleggjer at den tidlege villreinfangsten fortsette i to retningar; 1) vidare fangst på villrein og 2) gjeting av rein i flokk. NRL har også eit særleg søkjelys på handteringa av skrantesjuke, og for NRL er det viktig at målet er å utrydde sjukdomen og at verkemidla blir innretta i tråd med dette. NRL meiner også det er uheldig at det oppstår situasjonar med samanblanding av villrein og tamrein, og ønskjer at tamreinnæringa blir gitt høvet til å sette i verk nødvendige tiltak når slike situasjonar oppstår.

Klima- og miljødepartementet viste til at skrantesjuke blir handtert utanom stortingsmeldinga om villrein, og at strategien framleis er så langt det er mogleg, å avgrense spreiinga og om mogleg utrydde sjukdomen. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet vil konsultere NRL i det arbeidet som skjer på skrantesjuke, dersom det blir planlagt å sette i verk tiltak som angår reinnæringa.

I tillegg er det innarbeidd ny setning i kapittel 2.1 om kva påverknad dei aller første menneska hadde på villrein, eit nytt avsnitt om dei to vidare retningane av den tidlegare villreinfangsten i kapittel 3 og eit nytt avsnitt om å unngå samanblanding av villrein og tamrein i kapittel 8.2.

2.7 Innspel i samband med arbeidet med meldinga

Vinteren 2022/2023 blei det gjennomført to digitale innspelsmøte om utfordringane i villreinfjellet. I mai 2023 blei det gjennomført to digitale innspelsmøte om nye tiltak og endra verkemiddelbruk som kan bidra til å forbetre tilstanden for villrein i Noreg. I september 2023 blei det gjennomført to digitale innspelsmøte om det nærmare innhaldet i ny politikk for å forbetre tilstanden for villrein.

Nedanfor er det ei samanstilling av dei skriftlege innspela Klima- og miljødepartementet har mottatt i samband med desse møta.

Fleire lyfter fram at det er nødvendig å finne ein god balanse mellom løysingar, som tar omsyn til både villreinen og lokalsamfunna. Villreinen har stor kulturell betydning for lokalsamfunnet, men han er også ei inntektskjelde for mange grunneigarar. Det blir òg peikt på at villreinen og villreinfjellet er ein del av grunnen til lokal busetnad.

Ei berekraftig villreinforvaltning er avhengig av god forankring og engasjement lokalt, og mange peiker på at det er nødvendig med lokal involvering, mellom anna med aktørar som kommunen, grunneigarane og rettshavarane. Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell lyfter fram behov for eit betre samarbeid mellom forvaltning og næringsliv. Landbruksdirektoratet oppmuntrar til eit tett samarbeid mellom reindriftsstyresmaktene og villreinforvaltninga. Os kommune meiner det er viktig å danne samarbeidsforum der både offentlege og private brukarinteresser er representerte.

Utmarkskommunenes Sammenslutning viser til at regjeringa har varsla nye restriksjonar av omsyn til villreinen, og ber om at interesserte kommunar blir tettare involverte i pågåande prosessar, blant anna i samband med utarbeidinga av forslag til tiltaksplanar.

Fleire peiker på at villreinfjellet manglar ei heilskapleg forvaltning fordi dei ulike sektorinteressene ikkje trekkjer i same retning, og at stortingsmeldinga må ha ei heilskapleg og sektorovergripande tilnærming. Fleire meiner også at det må leggjast større vekt på villreinen i alle enkeltsaker. Vinje Tverrpolitiske Bygdeliste meiner at det bør strammast inn på kva ein kommune kan gi dispensasjon til i villreinområde.

Arealforvaltning med negativ påverknad på villrein blir av dei fleste trekt fram som ei av dei største utfordringane for villreinen. Mange lyfter fram behovet for tydelegare nasjonale rammer der omsynet til villreinen får større vekt, mellom anna gjennom nasjonale forventningar, statlege planretningslinjer, tydelegare regelverk for konsekvensutgreiingar og skjerpa praksis for motsegn. Fleire peiker på behovet for ei strengare regulering av villreinområda i plan- og bygningslova. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark peiker mellom anna på lovendringar, statlege planretningslinjer og føringar for bruk av motsegn, og visar også til at jordvern er eit eksempel til etterfølging. Naturvernforbundet og Villreinrådet i Norge ønskjer at statsforvaltarane skal ha lågare terskel for å gi motsegn. Norges Jeger- og Fiskerforbund ber om statlege planretningslinjer for hyttebygging. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner at ein bør vurdere byggjeforbodssoner eller andre former for bandlegging av utbygging i særleg viktige funksjonsområde for villrein som ikkje er verna, for eksempel trekkruter mellom villreinområde. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark foreslår at ein kan vurdere eit generelt byggjeforbod innanfor villreinområda, tilsvarande byggjeforbodet i strandsona. Stiftelsen Redd villreinen meiner ein moglegheit er å skjele til arbeidet som førte fram til markalova i 2009.

Mange peiker på at det er viktig å byggje vidare på ein politikk som er basert på ein god balanse mellom bruk og bevaring.

Hardangervidda villreinutval meiner villreinen og leveområda til villreinen må få eit klart vern i lovene, det vere seg naturmangfaldlova, plan- og bygningslova eller friluftslova. Foreningen Våre Rovdyr meiner regelverket for nasjonalparkane ikkje burde opne for å skyte artar som høyrer naturleg heime der. Hardangerviddarådet og Nordfjellarådet foreslår å greie ut om villreinen skal bli ein prioritert art etter naturmangfaldlova. Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag og Statsforvaltaren i Rogaland og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner det er nødvendig å gå gjennom og oppdatere eldre verneforskrifter for verneområde med villrein. Slik dei ser det, må verneformåla inkludere villrein og nødvendige reglar for å ta vare på funksjonsområde for villreinen. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner ein bør vurdere å utvide og opprette verneområde for villrein for å sikre særleg viktige funksjonsområde som ikkje er verna i dag. Statleg oppkjøp av særleg viktige område og erstatningar til grunneigarane kan ifølgje statsforvaltaren vere ein del av denne strategien. Stiftelsen Redd villreinen meiner at dei to europeiske villreinregionene må få eit strengare forvaltningsregime, og at sentrale kalvingsområde må bli regulerte og tatt vare på.

Mange meiner at ein må stoppe utbyggingar i område som er viktige for villreinen, for eksempel utbygging av hytter, vegar og anlegg for reiseliv, eller at ein må leggje strengare føringar for utbyggingane. Naturvernforbundet, Norges Fjellstyresamband og Villreinrådet i Norge har peikt på behovet for å etablere mål og rammer for forvaltninga av villrein. Nordfjellarådet og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner arealnøytralitet er ei positiv løysing for villreinen. WWF Verdens naturfond meiner at kvalitetsnorma for villrein burde bli gjort bindande. Nokre peiker også på eit forbod mot utbygging i randsoner. Naturvernforbundet og NOAH – for dyrs rettigheter meiner det må prioriterast å etablere store intakte område med minst mogleg menneskeleg påverknad.

Mange lyfter særleg fram utbygging av fritidsbustader som eit stadig veksande problem, også i randsonene, fordi dette fører til meir ferdsel inn i villreinområda. Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag og Statsforvaltaren i Rogaland meiner mellom anna at det bør komme endringar i den nasjonale hyttepolitikken ved at nye hyttefelt skal byggjast utanfor område som gir auka aktivitet og ferdsel inn i nasjonale villreinområde. Villreinrådet i Norge meiner det bør innførast krav om gode tiltak som kan bøte på eventuelle hyttefelt som er planlagt i villreinområde.

Naturvernforbundet, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er nokre av dei som meiner at kommunane bør gå gjennom areal- og reguleringsplanar av omsyn til villreinen. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner det bør bli utarbeidd ei oversikt over dei vedtatte, ikkje-realiserte reguleringsplanane som er mest negative for villreinen. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark peiker på at når ein rullerer kommuneplanar, bør ein vurdere om kommunane skal vere pålagde å vurdere eldre, ikkje-realiserte byggjeområde på nytt og synleggjere dei i høyringa. Oppdal kommune ved mindretalet i kommunestyret meiner mellom anna at arealstrategien i samfunnsdelen i kommuneplanen må ha problema til villreinen som eit fokusområde.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner det er viktig at villreinområda blir eintydig avgrensa.

Fleire peiker også på kompetanse og kapasitet i kommunane. Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell og Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet meiner det er nødvendig at kommunen får styrkt apparatet sitt i plan- og byggjesaker, mellom anna ved at ein får interkommunale løysingar i staden for at kvar kommune skal ha eigne fagfolk på villrein. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark peiker på at kommunane må få meir rettleiing, særleg dei mindre kommunane.

Fleire peiker òg på behovet for styrkt regional planlegging, mellom anna ved at ein styrer og styrkjer dei regionale planane for villreinfjella. Manglande oppfølging av regionale planar for villreinfjella blir ofte lyft fram som ei utfordring, og fleire meiner at kommunane i for stor grad planlegg i strid med dei regionale planane. Innlandet fylkeskommune og Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner at dei regionale planane kan bli juridisk bindande for nokre forhold. Innlandet fylkeskommune meiner også at utarbeidinga, revideringa og oppfølginga av planar og handlingsprogram bør strukturerast betre, og peiker på vassforvaltninga og organiseringa av arbeidet der. Fleire peiker på behovet for å etablere gode arenaer for samarbeid, mellom anna interkommunalt samarbeid. Hardangerviddarådet er blant dei som foreslår å etablere interkommunale samarbeid om villrein etter kommunelova. Desse samarbeida kan få ansvaret for å følgje opp regionale planar. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner dei regionale planane må bli oppdaterte med ny kunnskap frå mellom anna kvalitetsnorma for villrein dersom dei skal vidareførast.

Det er fleire som meiner at villreinområda må vernast frå energi- og kraftutbygging i framtida. Lesja kommune ønskjer å tilpasse dei nasjonale kraftinstallasjonane med omsyn til villreinen. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner at det må leggjast meir vekt på villreinomsyn i nye konsesjonsbehandlingar, og at det bør vurderast tiltak som kan bøte på dei eksisterande utbyggingane. Statsforvaltaren meiner også at det bør vurderast føringar om at villreinomsynet skal gå føre interesser som er knytte til fornybar energi i villreinområda, slik at det ikkje blir bygd nye anlegg for energiproduksjon inne i villreinområda, og peiker på mellom anna solkraft og vindkraft. Snøhetta villreinutvalg meiner at når luftlinjer og høgspentkablar skal oppgraderast i villreinområda, må ein vurdere å leggje kablane i bakken. Ein privatperson foreslår å byggje moloar på dei regulerte vatna, slik at villreinen får tilbake gamle trekkruter. Hafslund Eco peiker på at det er mogleg å stille spesielle krav til samarbeid med villreinforvaltninga når ein skal ruste opp og utvide dei eksisterande anlegga, og at ein kan setje inn tiltak som minimerer effektane på villreinen.

Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø villreinområde meiner det bør komme ei tydeleg føring frå dei nasjonale styresmaktene om at det ikkje skal vere mineralundersøkingar eller mineralutvinning i villreinområda.

Det er også mange som ser på offentleg veg- og jernbaneutbygging i villreinområda som ei sentral utfordring. Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag og Statsforvaltaren i Rogaland meiner ein må velje løysingar som betrar forholda for villreinen ved alle større samferdselsprosjekt i villreinområda. Hardangerviddarådet, Hardangerviddatunnelene AS, Nasjonalparkstyra i Breheimen og Reinheimen, Stiftelsen Redd villreinen, Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag, Statsforvaltaren i Rogaland, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire privatpersonar meiner det kan vere nødvendig å leggje vegar i tunnel. Det gjeld særleg enkeltstrekningar ved riksveg 7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell, riksveg 15 over Strynefjellet og E6 eller jernbana over Dovrefjell. Nokre peiker også på behovet for fleire og breiare viltovergangar i trekkområda for villrein. Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner meldinga bør sjå på korleis ein kan ta betre omsyn til villreinen når ein skal utarbeide mellom anna vegtrasear og tunnelløysingar. Nokre meiner at vegane bør vere stengde om natta.

Statens vegvesen peiker på at med dei økonomiske rammene som Statens vegvesen er førespegla for neste nasjonal transportplan (NTP), er det lite sannsynleg at det vil komme tunnelprosjekt på riksveg 7 og riksveg 15 i NTP-perioden 2025–2037. Statens vegvesen viser til at riksvegane kan stengast i kritiske periodar for villreinen, men at dei fleste riksvegane har viktige funksjonar som hovudfartsårer, og at det vil ha store konsekvensar for samfunnet å stengje dei, sjølv i korte periodar. Statens vegvesen ser inga riksvegstrekningar som det er aktuelt å leggje ned for å forbetre situasjonen for villreinen. Statens vegvesen viser til at dei kan leggje inn tiltak for villrein i driftskontraktane for riksvegar. Moglege tiltak kan vere å stengje vegane i korte kritiske periodar når villreinen er på trekk, å ha fresefelt for lågare brøytekantar for gjere det lettare for reinen å krysse vegen, å redusere saltinga for å unngå at reinen går ut i vegbana, og å stengje rasteplassar i kritiske periodar for villrein. Statens vegvesen kan også leggje miljøomsyn til grunn når dei behandlar saker etter veglova der det blir søkt om avkøyrsler, dispensasjon frå byggjegrenser frå riksvegen og liknande, men det føreset at søknadene inneheld opplysningar om korleis villreinen brukar områda, eller at det finst gode og tilgjengelege databasar med desse opplysningane.

Nordfjellarådet foreslår endringar i Vegnormal N300 om bruk av offentlege trafikkskilt.

Restaurering blir òg lyft fram som eit tiltak som kan gi villreinen betre tilgang til areal, mellom anna av Foreningen Våre Rovdyr, Naturvernforbundet, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell, WWF Verdens naturfond og enkelte privatpersonar. Naturvernforbundet peiker på at vi må identifisere dei viktigaste areala og starte arbeidet med å restaurere dei, og dei meiner at noko av det første ein bør gjere, er å restaurere øydelagde trekkpassasjar. Fleire ser dette i samanheng med mellom anna offentleg veg- og jernbaneutbygging.

Dei fleste ser òg på friluftsliv og ferdsel som ei stor og aukande utfordring, også i område der det tidlegare har vore liten aktivitet. Fleire meiner det er behov for å gi tydelegare nasjonale føringar for ferdsel. Dei fleste peiker på behovet for tydelegare styring eller endra tilrettelegging av ferdsel. Mange meiner vi må ha meir regulering av ferdselen i villreinområda, mellom anna Brattefjell-Vindeggen villrein- og utmarksutval, Dovrefjell nasjonalparkstyre, Innlandet fylkeskommune, Naturvernforbundet, NOAH – for dyrs rettigheter, Nordfjellarådet, Norges- jeger og fiskerforbund, Rauland Fjellstyre, Nasjonalparkstyra i Breheimen og Reinheimen, Snøhetta villreinutvalg, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag, Statsforvaltaren i Rogaland og fleire privatpersonar. Dei fleste peiker på behovet for strengare lovregulering. Hardangervidda villreinutval og enkelte privatpersonar meiner grunneigarane eller kommunane bør kunne forby tilrettelegging for ikkje-motorisert ferdsel og organiserte aktivitetar.

Mange meiner ferdselen i større grad må styrast mot randsonene eller andre område der ferdsel ikkje fører til utfordringar for villrein, og dei lyftar særleg fram behovet for sterkare restriksjonar i enkelte område og på enkelte tider av året. Dei som meiner det, er mellom anna Folldal kommune, Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell, Naturvernforbundet, Innlandet fylkeskommune, Nasjonalparkstyra i Breheimen og Reinheimen, Oppdal kommune ved mindretalet i kommunestyret, Snøhetta villreinutvalg, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Villreinrådet i Norge, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag, Statsforvaltaren i Rogaland og fleire privatpersonar. Enkelte nemner særleg at ferdselen må styrast vekk frå nasjonalparkane. Hardangerviddarådet meiner ein må planleggje ferdselen meir i samband med arealforvaltninga. Den Norske Turistforening meiner god tilrettelegging kan redusere trafikken i villreinområde som er spesielt sårbare. Bergen og Hordaland Turlag meiner foreiningane kan bidra til dette. Dovre kommune foreslår å styrkje fjellstyra med folk som kan drive naturrettleiing, styre ferdsel og ta imot besøkande. Hardangerviddarådet og Nordfjellarådet meiner også at det bør klargjerast kven som har ansvaret for dei ulike verkemidla, og kva for verkemiddel som skal prioriterast. Lesja kommune peiker på regional eller nasjonal finansiering av friluftstiltak utanfor leveområda til villreinen, særleg i område som kan kanalisere ferdsel vekk frå villreinen sitt leveområde. Eidfjord Fjellstyre peiker også på utfordringar med aukande «villcamping» eller telting midt inne i dei beste trekkrutene for villreinen.

Mellom anna Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell og Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet meiner at tilreisande turistar utan spesiell tilknyting til villreinområdet mange steder må kanaliserast til andre område som ikkje er sårbare med omsyn til villreinen eller andre interesser. Dovre Arbeidarparti foreslår å gjennomføre eit pilotprosjekt på Dovrefjell, der tilreisande turistar må gå med ein sertifisert guide i utvalde område. Dovre kommune meiner ein bør sjå på eit prøveprosjekt etter «Dovre-modell», med rimeleg guiding.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner det bør vurderast auka økonomisk støtte til tiltak som kanaliserer ferdsel heilt eller delvis utanfor villreinområda, mens Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell meiner ein må gi meir midlar til kunnskapsbasert besøksforvaltning og sti- og løypeplanar. Dovrefjell nasjonalparkstyre peiker på at meir ressursar til oppsyn og forvaltning er nødvendig i dei store verneområda på grunn av den aukande ferdselen.

Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell meiner også at folk kan registrere seg via ein app når dei skal gå i villreinområdet, og at talet besøkande bør kunne avgrensast. Savannah AS, Oppdal Safari og Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell viser til at relevante mottakarar i eit aktuelt villreinområde kunne få ei melding på telefonen for å hindre ferdsel som er negativ for villrein.

Fleire peiker også på konkrete løyper som bør leggjast ned. Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag og Statsforvaltaren i Rogaland meiner det er behov for ein samla revisjon av turistløypenettet i kvart villreinområde, inkludert nedlegging og flytting av turisthytter og turistløyper der det er i konflikt med villrein. Eidfjord Fjellstyre peiker på behovet for styring og stenging av delar av løypenett og areal.

Bergen og Hordaland Turlag, Den Norske Turistforening, Lesja kommune, Naturvernforbundet, Oppdal kommune ved mindretalet i kommunestyret, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag og Statsforvaltaren i Rogaland peiker på at meir kunnskapsformidling, informasjon eller rettleiing kan vere viktig for å redusere negativ påverknad frå ferdsel. Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening meiner dei fleste ønskjer å ta vare på naturen dei ferdes i, og gjere gode vegval, men mange manglar kunnskapen til å kunne gjere det. Bergen og Hordaland Turlag peiker på at Den Norske Turistforening sine aktivitetar og er ein arena for kunnskap om og haldningar til naturvern og naturforvaltning. Nokre peiker på behovet for formidling på fleire språk, mellom anna Savannah AS, Oppdal Safari og Naturvernforbundet.

Nokre lyftar også fram den uønskte effekten av den organiserte ferdselen. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner ein bør vurdere å leggje mindre til rette for aktivitet som oppkøyring av løyper og organiserte turar inn i villreinområda. Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell meiner at alle som skal sjå etter moskus, bør bli oppmoda til å vere i følgje med guide. Savannah AS, Oppdal Safari og Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell peiker på behovet for eit minstekrav til dei som skal vere guidar. Fuglehundklubbens forbund foreslår felles føringar for all organisert verksemd. Dovre kommune foreslår å etablere ein liten flokk moskus nært innfallsporten til nasjonalparken, slik at folk og guida grupper ikkje tar seg så langt inn i fjellet. Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell meiner det må vere forbod mot villreinsafari. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner staten og fylkeskommunen bør bidra til å styrkje lokal næringsutvikling som ikkje har negative effektar for villreinen.

Fleire peiker på at ulike typar turisthytter eller anna infrastruktur skaper auka ferdsel som er negativ for villrein. Dei meiner at ei rekkje enkelthytter bør rivast, stengjast eller flyttast. Mellom anna Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell meiner det i nokre tilfelle kan det vere behov for å sanere eller flytte bygningar med spesielt uheldig plassering. Eidfjord Fjellstyre registrerer at sikringsbuene til turisthyttene blir brukt til ordinær overnatting og dermed bidrar til auka kapasitet ved turisthyttene. Fjellstyret meiner også at ein bør vurdere styring av opningstider og ferdsel knytt til turisthyttene. Også Naturvernforbundet peiker på periodestenging av ulike typar hytter. Den Norske Turistforening ønskjer å fremje ei løysing der foreininga får moglegheit til noko meir tilrettelegging og utvikling i område som ikkje har villrein, eller der situasjonen for villreinen er mindre problematisk, mens dei til gjengjeld kan skjere ned på tilbodet i område som er kritiske for villreinen. Dei ber også om å få avklart erstatningsreglane eller praksisen rundt dette i samband med nedlegging eller flytting av turisthytter. Nasjonalparkstyra i Breheimen og Reinheimen meiner det bør vurderast om det skal setjast av midlar som kan kompensere for frivillig flytting eller erstatning av hytter/buer/installasjonar som kan ha mykje å seie for å betre levekåra for villreinen.

Det er også enkelte som lyfter fram ei tydelegare soneforvaltning. Savannah AS, Oppdal Safari og Den Norske Turistforening peiker på at verkemidla i større grad bør differensierast og tilpassast dei ulike sonene.

Det er mange som ønskjer restriksjonar på ferdselen på anleggsvegar, landbruksvegar eller liknande, mellom anna på dei tidene av året då effekten er best. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark foreslår mellom anna endringar i føresegna om landbruksvegar. Norges Jeger- og Fiskerforbund ber om generelle råd om vidare bruk og ferdsel på anleggsvegar. Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell, Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner at anleggsvegar og liknande som eit utgangspunkt bør vere stengde for ferdsel heile året eller delar av året. Dovre kommune meiner nattestenging kan vera eit aktuelt tiltak. Hafslund Eco peiker på anleggsvegar som må haldast opne i dag på grunn av konsesjonsvilkår. Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag og Statsforvaltaren i Rogaland meiner det må innførast eit strengare bomregime på anleggsvegar som gir ferdsel i viktige funksjonsområde for villrein. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og Hafslund Eco viser også til endra praksis for brøyting av anleggsvegar. Oppdal kommune ved mindretalet i kommunestyret peiker på at det er mogleg å redusere tilgangen til vegar til utfartspunkt for vårskiturar inn i sårbare område for villreinen. Dei viser også til at det kan vere behov for kompensasjonsordningar for inntektstap i veglaga dersom tilgangen blir redusert.

Eidfjord Fjellstyre, Innlandet fylkeskommune, Naturvernforbundet, Oppdal kommune ved mindretalet i kommunestyret, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag, Statsforvaltaren i Rogaland, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell og Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet meiner det kan vere aktuelt å vurdere tiltak mot ulike typar aktivitetar eller framkomstmiddel. Eidfjord Fjellstyre meiner nyare bruksformer av fjellet ikkje har den same rett til bruk av villreinfjellet. Dei fleste lyftar særleg fram kiting/skisegling, hundekøyring og el-sykkel. Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell og Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet: meiner i tillegg at randonee, terrengsykling, fat-biking, pack-rafting, fjellklatring og liknande er friluftslivformer som må vike for tradisjonelt og meir naturvennleg friluftsliv. Fleire peiker også på behovet for regulering av ferdsel på vassmagasina, mellom anna ved strengare reglar mot bruk av motorbåt.

Rauland Fjellstyre og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er blant dei mange som meiner at det er behov for meir heilskapleg styring eller strengare regulering av motorferdsel i villreinområda. Oppdal kommune ved mindretalet i kommunestyret meiner det kan vere nødvendig å vere restriktiv med motorisert ferdsel vinterstid i sårbare periodar. Dovre kommune meiner andre kommunar rundt Dovrefjell og Rondane bør bli meir restriktive. Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell og ein privatperson ønskjer mindre bruk av snøskuter. Mellom anna Hardangervidda grunneigarsamskipnad, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire privatpersonar foreslår at det skal bli mindre bruk av motorferdsel i overvakinga av villreinen, mellom anna mindre bruk av helikopter og snøskuter. Hardangerviddarådet og Naturvernforbundet viser til omfattande praksis knytt til motorferdsel, noko som gjer det vanskeleg å få oversikt over den totale motorferdselen. Hardangerviddarådet og Nordfjellarådet ønskjer ei felles digital plattform der dei aktuelle kan søkje og rapportere motorferdsel i utmark, og som forvaltningsstyresmaktene kan bruke til å behandle søknader. Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening peiker også på eit behov for å få på plass betre dokumentasjon av det samla omfanget av motorisert ferdsel, inkludert ulovleg køyring. Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner både ulovleg og lovleg motorisert ferdsel i villreinområda bør bli vurdert av motorferdsellovutvalet. Ein bør òg vurdere dispensasjonspraksisen til kommunane, slik at ein kan avdekkje moglegheiter for å stramme inn motorisert ferdsel i sårbare område eller tider på året der villreinen er spesielt sårbar. Nokre peiker også på at det er nødvendig å redusere bruken av fly, helikopter og dronar i villreinområda.

Snøhetta villreinutvalg synest det er uheldig at det blir gjennomført militærøvingar i villreinområda, spesielt i områda rundt Snøhetta, og oppmodar til å unngå flyging med jagarfly i tidsrommet mellom 1. mars og 15. juni. Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø meiner ein må kunne unngå øvingar med lågtflyging i villreinområde, også med luftambulanse.

Ulike bestandsforhold blir også lyfta fram av mange. Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag, Statsforvaltaren i Rogaland, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire privatpersonar meiner at ein bør gå gjennom den måten villreinjakta blir gjort på, og at ein mellom anna bør vurdere jaktforbod i enkelte område. Den norske Turistforening peiker mellom anna på manglande kunnskap om effekten av mykje forstyrring i samband med jakt. Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell foreslår også forbod mot telting i villreinområde i samband med jakt.

Rauland Fjellstyre og fleire privatpersonar ønskjer ein høgare populasjon i enkelte villreinområde. Hardangervidda blir særleg nemnd her. Snøhetta villreinutvalg meiner det må det komme nye faglege grunngjevne forslag til bestandsmål i villreinområda, og at desse måla må bli sette ut ifrå dei områda villreinen faktisk brukar.

Fleire foreslår meir selektiv jakt. Kontaktutvalet for reinlaga foreslår for eksempel å spare dei dyra som beitar i ytterkantane og utnyttar beitearealet best, større avskyting av dei reinane som er mest skye, premiert uttak av dyr som er små, gamle eller generelt sett i dårleg hold. Kontaktutvalet foreslår å vurdere om profesjonelle jegerar skal ta ein større del av jakta, med meir målretta avskyting. Andre nemner tiltak for å få ein bestandsstruktur med ein høg del eldre bukk, både for å unngå innavl og for å sikre tidleg paring, betre mattilgang for simler og ungdyr vinterstid og tidleg kalving. Stiftelsen Redd villreinen er for eksempel bekymra for det låge talet på bukk på Hardangervidda.

Mellom anna Norges Jeger- og Fiskerforbund seier at forvaltninga av villrein må vere kunnskapsbasert og adaptiv, og at ein må styrkje forskinga og oppdatere kunnskapsgrunnlaget kontinuerleg, slik at ein får ei langsiktig forvaltning. Norsk institutt for bioøkonomi meiner at finansiering av forsking på rein, inkludert tamrein, vil kunne gi ein betydeleg meirverdi for villreinforvaltninga. Stiftelsen Redd villreinen meiner det ikkje er tilfredsstillande kvalitet på data frå Hardangervidda i hjorteviltregisteret. Fleire etterlyser GPS-merking for at vi skal få betre dokumentasjon av korleis villreinen brukar arealet. Det same gjeld kunnskap om effekten av klimaendringar. Savannah AS og Oppdal Safari foreslår at moskus- og villreindata blir skjerma, slik at ein skal unngå å lokke folk djupt inn i nasjonalparken.

Landbruksdirektoratet oppmodar til at ein skal sjå meir på villreinbestandane som ein genetisk forsikringsressurs for tamreindrifta, og at det skal utarbeidast ein forvaltningsplan for den opphavlege villreingenetikken. Norsk institutt for bioøkonomi meiner at meldinga bør ta opp dagens genetiske struktur i villreinpopulasjonane og kunnskap om innblanding av tamrein.

Mattilsynet meiner at regelverket må leggje føringar for korleis den lokale villreinforvaltninga skal forhalda seg til dei fagstyresmaktene som forvaltar alvorleg smittsam sjukdom. Dei foreslår at desse føringane blir tatt inn i hjorteviltforskrifta, slik at ein unngår tvil om at tiltak mot alvorleg smittsam sjukdom er eit viktig omsyn.

Fleire peiker også på at skrantesjuke er ei av dei største utfordringane for villrein i dag, og at det er behov for betre samarbeid for å redusere spreiinga av sjukdommen. NOAH – for dyrs rettigheter meiner at strategien mot skrantesjuke må vere å byggje opp eit naturleg økosystem som tar vare på alle naturleg tilhøyrande arter som har utvikla seg saman med villreinen, og å minske all menneskeleg påverknad. Noreges bondelag meiner tiltaka mot skrantesjuken må bli gjennomførte på ein måte som sikrar at utmarksressursane framleis kan brukast til beiting. Valle kommune meiner at det må vere villreinutvala og villreinnemndene som står for bestandsforvaltninga, og ikkje Mattilsynet. Nordfjella villreinnemnd, Landbruksdirektoratet og Villreinutvalet for Nordfjella peiker på at det er mogleg å opprette ei buffersone utan rein mellom villreinområde og tamreinområde. Rauland Fjellstyre meiner ordinær jakt er det beste tiltaket mot skrantesjuken. Stiftelsen Redd villreinen er skeptisk til den sterke vektlegginga av føre-var-prinsippet knytt til skrantesjuke. Stiftinga er òg skeptisk til at Statens naturoppsyn brukar helikopter til vinterfelling av bukkar, og meiner det må etablerast BSL-3-laboratorium som er spesialiserte på norske forhold.

Mattilsynet viser til at alvorleg meldepliktig sjukdom kan ha store konsekvensar for villreinen sjølv og gi alvorleg sjukdom hos andre artar eller menneske. Dei viser også til at leveområde og menneskeleg påverknad er viktige føresetnader for bestandsforholda Mattilsynet peiker på at fotråte ser ut til å spreie seg, og at sjukdommen no er påvist i åtte villreinområde i Noreg og hos reinstammen i Rendalen. Mattilsynet spør om det er mogleg å få betre oversikt over førekomsten av sjukdom og parasitter og om førebyggjande tiltak kan vurderast. Ifølgje Mattilsynet er det heilt nødvendig for den norske villreinforvaltninga at vi set inn kunnskapsbaserte tiltak for kartlegging og nedkjemping av alvorleg smittsam dyresjukdom generelt og skrantesjuke spesielt.

Nokre fremjar forslag om å reetablere villreinen i område der han har funnest tidlegare. Ein privatperson foreslår å greie ut reetablering av villrein mellom anna i Fulufjellet. Landbruksdirektoratet peiker på at ein mogleg strategi er å fjerne bestandar av rein som blir forvalta som villrein, og å relokere individ frå bestandar med villreingenetikk. Ein privatperson meiner ein burde oppheve alle konsesjonar for tamreindrift i dei ikkje-samiske områda i Sør-Noreg og i staden reetablere desse områda som villreinområde. Ein annan privatperson meiner det må vurderast å starte tilbakeføring av genetisk villrein til Jotunheimen. Nordfjella villreinnemnd og Villreinutvalet for Nordfjella meiner ei god forvaltning og oppbygging av Nordfjella-bestanden vil vere avgjerande for å betra stoda for villreinen i Noreg. Stiftelsen Redd villreinen meiner reintroduksjon av rein i Nordfjella må baserast på villrein frå nærliggjande villreinområde.

Andre forhold som er knytte til dyrehelse, har også blitt lyfte fram. Dei fleste peiker på behovet for meir kunnskap om dyrehelse, sjukdommar og parasittar og effektive tiltak mot dei.

Det er fleire som meiner det er nødvendig å sjå på interaksjonen mellom sau og villrein, og som peiker på at det er behov for meir kunnskap. Dovre kommune meiner at også landbruksnæringa bør vera innstilt på enkelte justeringar og tilpassingar, men det er ein føresetnad at landbruket og beitenæringa ikkje blir ramma negativt av ein ny villreinpolitikk. Foreningen Våre Rovdyr, Naturvernforbundet og fleire privatpersonar ønskjer restriksjonar på husdyrbeite i villreinområda, mellom anna fordi sjukdommar og parasittar kan bli overførte. Enkelte ønskjer å gi kommunane moglegheit til å leggje band på husdyrbeiting i villreinområda, mens andre peiker på bruk av tilgjengeleg teknologi for å gjere det enklare å bruke beite som ikkje overlappar med beiteområda til villreinen. Stiftelsen Redd villreinen meiner lokal sau bør prioriterast i villreinområda, og at det ikkje bør leggjast til rette for beitelag som ikkje har lokal tilhøyring. Savannah AS, Oppdal Safari, Oppdal kommune ved mindretalet i kommunestyret, Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell villreinnemnd, Nordfjella villreinutval og ein privatperson peiker på behovet for tiltak eller alternativ knytt til saltsteinplassar. Ein privatperson viser til kalking av saltsteinplassar med Agri Hydratkalk VK. Norges Bondelag meiner det er riktig å innføre regelverk for salting dersom regelverket blir utforma i dialog med beitebrukarar. Oppdal kommune ved mindretalet i kommunestyret peiker også på andre moment som klarlegging av smittevegar og parasittbehandlingsstrategi for sau i villreinområda. Ein privatperson peiker på midlar til årlege veterinærundersøkingar som kartlegg omfanget av sjukdom og snyltarar med opphav i rein og bufe.

Statsforvaltaren i Trøndelag peiker på at tamreindrifta har mye erfaring med avl av friske bestandar, god kalvingsrate, gode slaktevekter, flokkstruktur og selektiv avl. Norsk institutt for bioøkonomi meiner erfaringsbasert kunnskap frå reindrift er viktig å inkludere i meldinga. Kontaktutvalet for villreinlaga meiner at ein bør vurdere å la enkelte område vere frie for villrein av omsyn til dyrevelferd eller produksjon, og foreslår å vurdere ei målretta driving/flytting av reinen mellom årstidsbeite der ein ser at gamle trekk ikkje blir brukte lenger.

Mange etterlyser meir kunnskap om korleis rovvilt påverkar villrein. Savannah AS, Oppdal Safari, Foreningen Våre Rovdyr og enkelte privatpersonar meiner at rovdyr bør få etablere seg i villreinområda, slik at rovdyra kan ta ut svake og sjuke dyr. Naturvernforbundet, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og WWF Verdens naturfond meiner det bør leggjast opp til meir intakt natur i villreinområda med nærvær av rovdyr, i første rekkje jerv. Lesja kommune og ein privatperson meiner det må setjast i verk tiltak for å redusere bestanden av jerv i villreinområda. Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning på Dovrefjell foreslår også å redusere rovdyrbestanden i villreinområdet.

Fleire peiker på at vi treng kunnskap for å gjere kvalitetsnorma for villrein meir presis. Sunndal kommune ønskjer meir kunnskap om beitekvalitet og ein betre metodikk for hente inn kunnskapen.

Fleire nemner også at vi treng finansiering og fleire økonomiske verkemiddel for å forbetre tilstanden for villreinen. Det er fleire som meiner at dei sentrale styresmaktene må ta hovudansvaret for å finansiere tiltak. Fleire lyftar særleg fram finansiering av tiltaksplanane etter kvalitetsnorma for villrein. Naturvernforbundet foreslår å etablere ein eigen villreinfjell-post på statsbudsjettet. Også Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner det bør vurderast å opprette ein eigen post til informasjon, tilrettelegging og andre tiltak for å betre forholda for villrein.

Fleire etterlyser også ei styrking av kommunane. Snøhetta villreinutvalg, Hardangerviddarådet, Nordfjellarådet og Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell peiker på behov for betre økonomiske føresetnader for villreinutvala. Innlandet fylkeskommune meiner staten bør gi fylkeskommunen øyremerkte midlar til personalressursar som kan følgje opp arbeidet og drive samhandling i planområdet. Norges Fjellstyresamband meiner at nødvendig økonomi for dei lokale aktørane må bli sikra.

Innlandet fylkeskommune, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag og Statsforvaltaren i Rogaland peiker også på eit meir generelt behov for auka ressursar og løyvingar til nødvendige tiltak som kan ta vare på villreinen i tida framover. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark peiker på at kraftfulle statlege føringar og tiltak bør kombinerast med økonomisk støtte og kompensasjon til aktuelle kommunar og grunneigarar. Innlandet fylkeskommune meiner også at tilskotsordninga Villreinfjellet som verdiskapar bør styrkjast. Lesja kommune peiker på ekstra finansiering til nasjonalparkkommunar som er øyremerka til arbeide med villrein og sårbar natur. Villreinrådet i Norge ønskjer betre finansiering av lokal forvaltning og overvaking og vil auke moglegheitene for ulike lokale forvaltningstiltak. Os kommune meiner at både den offentlege og den private villreinforvaltninga må bli sikra økonomiske ressursar. Andre peiker på at dei kommunane som tar eit ansvar for å ta vare på villrein, bør få ei eller annan form for kompensasjon.

Enkelte peiker særleg på villreinfonda som er oppretta i samband med revisjonen av konsesjonsvilkåra for kraftutbygging. Hafslund Eco meiner at det er viktig at det blir utarbeidd eit klart mandat for villreinfond. Både Hafslund Eco, Nordfjella villreinnemnd og Villreinutvalet for Nordfjella meiner det er viktig at villreinfonda blir nytta til konkrete tiltak som betrar leveforholda til villreinen.

Enkelte peiker på eit behov for at fleire sektorar skal bidra økonomisk for å betre tilstanden for villrein etter prinsippet om at miljøpåverkarane betaler. Villreinrådet i Norge foreslår mellom anna å formalisere eit felles ansvar på tvers av ulike sektorar etter prinsippet om at dei som påverkar villreinområda, må gjere opp for seg. Villreinrådet foreslår også ei miljøavgift ved utbygging og kommersiell bruk av villreinområda.

Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner ordninga med villreinfond må utvidast, slik at det blir mogleg med større tiltak, og peiker på behovet for ei ordning som kan dekkje nødvendige tiltak innanfor mellom anna samferdsel. Villreinrådet i Norge foreslår at det blir etablert eit statleg miljøfond der ein kan søke om midlar til diverse tiltak som betrar forholda for villrein. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner at ein kan vurdere å innføre ei avgift på nedbygging av natur, eller at ein kan krevje restaureringstiltak.

Det er fleire som meiner det er nødvendig å sjå på endringar i korleis villreinforvaltninga er organisert. Hardangervidda villreinutvalg og Naturvernforbundet meiner det må etablerast eitt forvaltningsorgan med hovudansvaret for å forvalte villreinen og villreinområda. Naturvernforbundet meiner dette bør vere Klima- og miljødepartementet. Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark meiner det bør sjåast på moglegheita for å organisere villreinforvaltninga på ein enklare måte. Stiftelsen Redd villreinen meiner at villrein ikkje bør forvaltast på regionalt nivå eller av landbruksstyresmaktene. Ein privatperson foreslår å opprette eit nytt, offentleg organ som kan sikre ei berekraftig og heilskapleg forvaltning av leveområda til villreinen, og som administrativt er knytt til Klima- og miljødepartementet.

Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, Villreinnemnda for Setesdalområde, Setesdal Ryfylke villreinlag, Setesdal Austhei villreinlag, Statsforvaltaren i Rogaland og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark foreslår å få på plass lovheimlar som gjer at rettshavarane i villreinområda har plikt til å organisere jakta betre og påføre villreinen mindre stress.

Norsk institutt for bioøkonomi meiner det burde bli utarbeidd ein standardisert arealrekneskap innan alle villreinområda, som viser endringar i arealkategorisering, arealbruk og liknande. Vinje Tverrpolitiske Bygdeliste foreslår å påleggje kommunane arealrekneskap.

Ein privatperson meiner at lovverket om ljos- og støyforureining må strammast til og praktiserast slik at ein hegnar om villreinen og anna dyreliv.

Fotnotar

1.

Artsdatabanken (2021). Norsk rødliste for arter 2021.

2.

Rolandsen, C.M., Tveraa, T., Gundersen, V., Røed, K., Tømmervik, H., Kvie, K., Våge, J., Skarin, A. og Strand, O. (2022). Klassifisering av de ti nasjonale villreinområdene etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2022. NINA Rapport 2126. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

3.

Rolandsen, C.M., Tveraa, T., Gundersen, V., Røed, K., Tømmervik, H., Våge, J., Skarin, A., Strand, O. og Hansen, B.B. (2023). Klassifisering av 14 ikke-nasjonale villreinområder etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2023. NINA Rapport 2372. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

Til forsida