Meld. St. 18 (2023–2024)

Ein forbetra tilstand for villrein

Til innhaldsliste

6 Aktørar i villreinforvaltninga

6.1 Overordna om villreinforvaltninga

Villreinforvaltninga i Noreg består av ei rekkje ulike aktørar frå privat, kommunal og statleg sektor. Organisasjonskart med dei mest relevante aktørane går fram av figur 6.1. Det er vanleg å dele forvaltninga av villrein i to hovudområde: bestandsforvaltning og arealforvaltning. Bestandsforvaltninga omfattar forenkla sett å forvalte villrein som jaktbar art og arbeid for å fremje dyrehelse og dyrevelferd. Arealforvaltninga omfattar i hovudsak å gjennomføre og følgje opp kommunale arealplanar og regionale planar for villreinfjella og å forvalte verna område. Kvalitetsnorma for villrein er retningsgivande for styresmaktene si bestands- og arealforvaltning i alle saker som har betydning for villrein.

Figur 6.1 Organisasjonskart med dei mest relevante aktørane i villreinforvaltninga. Lilla boksar er statlege verksemder. Blå boksar er sjølvstendige forvaltningsnivå med eiga folkevalt leiing. Grøne boksar er private og andre. Harde linjer viser overordna styr...

Figur 6.1 Organisasjonskart med dei mest relevante aktørane i villreinforvaltninga. Lilla boksar er statlege verksemder. Blå boksar er sjølvstendige forvaltningsnivå med eiga folkevalt leiing. Grøne boksar er private og andre. Harde linjer viser overordna styresmakt og/eller verksemd med ein godkjenningsfunksjon. Stipla linje viser verksemder og andre som gir føringar, motsegn, og/eller driver ettersyn eller oppnemning. Pilenes retning viser styringslinja.

1 Mattilsynet har ansvar for alvorlege dyresjukdomar, og har i dag ei rolle i bestandsforvaltninga på grunn av skrantesjuke.

6.2 Departementa

Det overordna ansvaret for bestands- og arealforvaltninga av villrein er i hovudsak delt mellom Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for naturmangfaldlova og for den overordna forvaltninga av økosystema, mellom anna å ta vare på leveområda til villreinen. Dette inneber også ansvar for områdevern, Norsk villreinsenter, gjennomføring og oppfølging av kvalitetsnorma for villrein og oppfølging av dei europeiske villreinregionane. Klima- og miljødepartementet har også ansvaret for kva artar som skal eller ikkje skal kunne haustast. I tillegg har departementet etatsstyringsansvaret for Miljødirektoratet og styrer statsforvaltaren sine oppgåver på naturområdet.

Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for plan- og bygningslova og har såleis det overordna ansvaret for kommunal og regional areal- og samfunnsplanlegging. Dette omfattar mellom anna ansvaret for å samordne statlege tiltak overfor den kommunale sektoren. Kommunal- og distriktsdepartementet har også ansvar for regionale villreinplanar, saman med Klima- og miljødepartementet. Departementet har også det administrative ansvaret for statsforvaltarane.

Landbruks- og matdepartementet har det overordna ansvaret for viltlova, saman med Klima- og miljødepartementet, og fjellova. Dette inneber at departementet har ansvaret for å forvalte haustbare viltressursar, mellom anna viltfondet og bestandsforvaltninga av villrein. Bestandsovervaking som grunnlag for hausting, overvakingsprogram for hjortevilt og ansvaret for villreinnemndene og villreinutval ligg òg hos Landbruks- og matdepartementet. Departementet har ein eigen styringsdialog med Miljødirektoratet om haustbare viltressursar. Landbruks- og matdepartementet har også det overordna ansvaret for dyrehelse og dyrevelferd. Departementet har òg etatsstyringsansvaret for Landbruksdirektoratet og Mattilsynet samt styring av statsforvaltaren sine oppgåver på landbruksområdet.

6.3 Direktorata

Miljødirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet. Unntaket er haustbare viltressursar, der direktoratet er underlagt Landbruks- og matdepartementet. Miljødirektoratet har det nasjonale ansvaret for den økologiske tilstanden til villreinen og villreinområda, som mellom anna omfattar å sikre kunnskapsbehov, forsking og overvaking og vurdering av å opne for jakt på villrein. Miljødirektoratet gir også faglege råd om korleis villreinen og leveområda til arten skal forvaltast. Direktoratet har også fått ansvaret for å styre statsforvaltarane sine miljøvernavdelingar og er klageinstans når det gjeld vedtak som er fatta av villreinnemnda. Statens naturoppsyn er feltapparatet til Miljødirektoratet og fører mellom anna rutinemessige kontrollar av villreinjegerar.

Landbruksdirektoratet er underlagt Landbruks- og matdepartementet. Direktoratet gir faglege råd, set i verk landbrukspolitikken og legg til rette for landbruket og matindustrien.

Mattilsynet er underlagt Landbruks- og matdepartementet og skal mellom anna fremje dyrehelse hos villrein. Oppgåvene til Mattilsynet er å utarbeide forslag til regelverk, forvalte regelverket og rettleie om det, føre risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap innan mellom anna dyrehelse.

6.4 Statsforvaltarane

Det er oppnemnt ein hovudansvarleg statsforvaltar for kvar villreinnemnd. Statsforvaltaren har som oppgåve å gi råd og rettleiing til villreinnemnder og villreinutval, og har ansvar for økonomi og rekneskap. Statsforvaltaren skal også sjå til at villreininteresser er varetatt i arealsaker, og kan fremje motsegn mot kommunale arealplanar og konsesjonar for energitiltak dersom dei strir mot omsyn av nasjonal og vesentleg regional betydning, for eksempel viktige funksjonsområde for villreinen. Statsforvaltarane skal samordne statlege motsegner til kommunale planar og har ansvaret for å følgje opp kommunale og regionale planar innanfor ansvarsområda sine. Dei har òg myndigheit til å avgjere klagar som er knytte til plan- og bygningslova.

6.5 Fylkeskommunane

Fylkeskommunar er sjølvstendige forvaltningsnivå med ei eiga folkevald leiing. Dei er ikkje direkte underlagde andre organ.

Fylkeskommunane er regional planstyresmakt og har ansvaret for å vedta regional planstrategi og regionale planar. Regionale og interkommunale planar er viktige for gjennomføringa av nasjonal, regional og kommunal politikk, og kan for eksempel gjelde samferdselstiltak og infrastruktur, bustad- og næringsutvikling, fjellområde og fritidsbustader.

Regionale planar sørgjer for ei heilskapleg forvaltning av fjellområde som er spesielt viktige for framtida til villreinen i Noreg. Det er laga planar for alle dei nasjonale villreinområda. Planane skal fastsetje ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda med randområde. Sjå meir om regionale planar i kapittel 5.3.

Fylkeskommunane har også ansvaret for å følgje opp handlingsprogram, og dei har det overordna ansvar for å sjå til at dei regionale planane blir følgde opp i kommunale planar og lagde til grunn for verksemda i andre organ sin verksemd. I tillegg har fylkeskommunane ansvaret for å revidere regionale planar. Fylkeskommunen er planfagleg rettleiar og kan fremje motsegn mot kommunale arealplanar dersom dei strir mot omsyn av nasjonal og vesentleg regional betydning, og dei skal rettleie kommunane i planlegging etter plan- og bygningslova.

Fylkeskommunane har også ansvar for fylkesvegane, og er regional kulturmiljø- og friluftsmyndigheit.

6.6 Kommunane

Kommunar er sjølvstendige forvaltningsnivå med ei eiga folkevald leiing. Dei er ikkje direkte underlagde andre organ.

Kommunen har ei sentral rolle i forvaltninga av villreinområda etter plan- og bygningslova. Kommunale arealplanar er juridisk bindande og styrer arealbruken i villreinområda utanfor verneområda. Desse skal følgje opp og gjennomføre både lokale, regionale og nasjonale føringar og mål, mellom anna dei som blir gitt i dei regionale planane for villreinområda. Kommunane må mellom anna vurdere verknaden på villrein med arealplanar som legg til rette for tiltak og aktivitetar i og omkring villreinområda. Verkemidla i arealplanlegginga omfattar mellom anna arealformål, omsynssoner, føresegner og retningslinjer. Det er kommunen som må vurdere kva for verkemiddel og kombinasjonar av verkemiddel som er best eigna i kvar plansak. Det er viktig å angi tydeleg kva for føringar som gjeld på kvart enkelt areal.

6.7 Villreinnemnder

Villreinnemndene skal arbeide for ei langsiktig berekraftig forvaltning av villreinen og leveområda til villreinen i samsvar med naturmangfaldlova og viltlova. Dei godkjenner dei fleirårige bestandsplanane til rettshavarane med årlege avskytingavtalar, og dei tildeler årlege fellingskvotar. Villreinnemndene er ansvarlege for at planane som blir godkjende, og kvotane som blir fastsette, er innanfor berekraftige rammer og etter gjeldande faglege råd for ein god stammestruktur og tilpassing til ressursgrunnlaget for bestandane. Dei er også ansvarlege for å rapportere til Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå og for å støtte opp under arbeidet til andre aktørar.

Nemndene har i tillegg viktige oppgåver knytte til forvaltninga av leveområda til villreinen gjennom rolla si med å gi innspel til planarbeid og vere høyringsinstans i saker som er aktuelle for arealbruken i leveområdet til villreinen. Nemnda har eit særleg ansvar for å sikre heilskap der arealforvaltninga er delt mellom fleire offentlege aktørar som kommunar og fylke.

Det er også oppgåva til nemnda å fordele midlar til villreintiltak og bidra til å vidareutvikle kunnskapen om leveområda til villreinen.

6.8 Rettshavarar, vald og villreinutval

Jaktretten er ein grunneigarrett, og rettshavarar er dei som har jaktretten i villreinområdet.

Rettshavarane er underlagde statlege reguleringar gitt i lover og forskrifter. Eit krav i hjorteviltforskrifta er mellom anna at det må etablerast vald for at ein skal få tildelt fellingsløyve. Valdet må godkjennast av villreinnemnda. Eit vald kan bestå av ein eller fleire rettshavarar, men må tilfredsstille fastsette krav om arrondering og minimum storleik. Eit vald er kvotetildelingseininga og kan bestå av ei rekkje jaktfelt. Valdet har ein valdsansvarleg som også skal sørgje for å rapportere fellingsresultat til villreinnemnda.

Overbygninga til rettshavarane for heile eller delar av villreinområda blir kalla villreinutval eller villreinlag. Dette er samarbeidsorganisasjonar for valda. Utvala har ulik organisering, men bind normalt rettshavarane gjennom medlemskap.

Rettshavarane er tillagde eit stort ansvar for å organisere jaktutøvinga og forvalte jaktressursen på ein fornuftig og berekraftig måte. Det er rettshavarane, som regel gjennom villreinutvalet, som utarbeider fleirårige bestandsplanar for kvart enkelt villreinområde, og som fremjar forslag til villreinnemnda om den årlege fellingskvoten. Det er også rettshavarane som ber hovudansvaret for overvakinga av bestandane med gjennomføring av teljingar, innsamling av dataseriar frå jakta og andre overvakingstiltak, for eksempel innsamling av kjevar og slaktevekter frå felte dyr. I mange område er overvaking, jaktoppsyn og tilsyn gjennom året organisert i samarbeid med Statens naturoppsyn og/eller det lokale fjelloppsynet.

6.9 Stiftinga Norsk villreinsenter

Stiftinga Norsk villreinsenter blei oppretta av dåverande Direktoratet for naturforvaltning i 2006. Bakgrunnen for dette var to lokale initiativ som følgde opp anbefalingar frå prosjektet «Villrein og samfunn». Stiftinga har eit felles styre og to driftseiningar: på Skinnarbu i Tinn kommune og på Hjerkinn i Dovre kommune. Villreinsenteret er ikkje eit forvaltningsorgan, men har ei viktig rolle som mellom anna går ut på å formidle kunnskap om villrein i villreinområda til forvaltninga og andre. Stiftinga har som hovudformål å fremje bevaring og berekraftig forvaltning av villreinbestandane og villreinfjella i Noreg. Villreinsenteret skal arbeide for å skaffe og formidle relevant kunnskap om villreinen og villreinen sitt leveområde, til bruk nasjonalt og internasjonalt. Kunnskapen skal vere oppdatert, av høgast mogleg kvalitet og lettast mogleg tilgjengeleg for alle aktuelle brukarar. Det skal også leggjast stor vekt på å bidra til kompetanseheving i kommunar, på fylkesnivå og hos rettshavarar. Villreinsenteret driv også ei omfattande naturrettleiing. Saman med Villreinrådet i Noreg driftar Norsk villreinsenter nettstaden villrein.no, som til ei kvar tid skal vere oppdatert på det mest aktuelle stoffet i Villrein-Noreg.

6.10 Fjellstyra

Der villreinområde er statsallmenning, er bruksretten til jakt på villrein regulert av fjellova, og rettshavarinteressene blir då varetatt av fjellstyret for den aktuelle allmenningen. Fjellstyra er den samla sett største tilbydaren av villreinjakt i landet. Fjellstyret har ansvaret for tilsetjing og administrasjon av fjelloppsynet. Fjelloppsynet fører tilsyn med mellom anna villreinjakta på statsallmenningane. Ved oppgåver der oppsynet har avgrensa politimyndigheit, er det også underlagt politiet. Av fjellova og forskrift om jakt, felling, fangst og fiske i statsallmenning går det fram at fjellstyret kan skilje mellom innanbygds- og utanbygdsbuande personar når det gjeld rettar knytte til jakt. Det er vanleg praksis at innanbygdsbuande personar har fortrinnsrett til villreinjakt i statsallmenningane.

6.11 Nasjonalparkstyre og verneområdestyre

Forvaltninga av verneområda er delegert til anten kommunane, statsforvaltaren eller nasjonalpark- eller verneområdestyre. Alle større verneområde og nasjonalparkar blir forvalta av eit regionalt styre med statleg oppnemnde medlemmer, for eksempel politikarar eller representantar frå Sametinget. Kvart styre har ein eigen forvaltar, som er sekretær for styret. Styret skal forvalte verneområdet i tråd med naturmangfaldlova, verneforskrifta og forvaltningsplanen for området. Styret har mellom anna ansvaret for å utarbeide besøksstrategiar og ulike søknader knytte til verneforskrifta.

Hardangervidda nasjonalpark har ikkje eit nasjonalparkstyre og heller ikkje eigen nasjonalparkforvaltar, men er i staden forvalta av tre fylkesvise tilsynsutval og aktuelle statsforvaltare.

Til forsida