9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Stortingsmeldinga omtaler moglege tiltak og verkemiddel for å nå målet om ein forbetra tilstand for villrein i Noreg, medrekna Noregs nasjonale og internasjonale forpliktingar knytte til villrein og villreinen sine leveområde. Det er krevjande å vurdere dei samla økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka i meldinga. Dess lenger fram i tid mål, tiltak og verkemiddelbruk ligg, dess større er uvissa, og dess meir krevjande er det å vurdere økonomiske og administrative konsekvensar. Vidare skal ei rekkje tiltak i meldinga bli utgreidd eller vurdert. Først i den samanhengen vil det derfor vere aktuelt å vurdere økonomiske og administrative konsekvensar av desse tiltaka.
Regjeringa har i denne meldinga sett mål for tilstanden til villrein som reflekterer det regjeringa meiner er eit riktig nivå mellom berekraftig bruk og ivaretaking av villreinfjellet, og som gir nytte for heile samfunnet. Politikkgrunnlaget skal bidra til å forenkle og systematisere sektorsamarbeidet og vil føre til ei meir tydeleg og føreseieleg forvaltning av villrein og villreinområda i Noreg. Det vil på sikt kunne føre til ei meir effektiv forvaltning på alle forvaltningsnivå. På kort sikt vil innføring av nye tiltak eller vurderingar eller utreiingar av tiltak føre til auka administrative byrder for dei aktuelle statlege instansane.
Tiltaka i meldinga vil føre til ein høg terskel for nye inngrep og ein meir heilskapleg arealforvaltning. Dette vil ha konsekvensar for annan offentleg og privat verksemd, men vil samla sett verken på kort eller lang sikt medføre særlege endringar økonomisk og administrativt for fylkeskommunar, kommunar og privat verksemd. Det same gjeld ei streng praksis for å tillate ulike former for bruk og aktivitet, mellom anna også knytt til ferdsel. Generelt vil tiltak som fører til at arealinngrep og andre tillatingar og løyve til menneskeleg aktivitet blir unngått eller moderert, føre til positiv endring for villreinen eller unngått negativ endring. Dei negative konsekvensane for samfunnet kan vere at ønskte prosjekt ikkje blir realiserte, for eksempel i tilfelle der det ikkje er tungtvegande samfunnsinteresser som taler for å tillate inngrep. Det kan også bli meir krevjande å kunne få gjennomført enkelte former for aktivitetar. For eksempel kan konsekvensen av ei meir villreinvennleg ferdsel vere negative for personar som brukar villreinområda til oppleving og rekreasjon, dersom tur- og bruksmoglegheitene blir endra.
Omtalen av tiltak i meldinga vil bli dekka innanfor gjeldande budsjettrammer. Der andre tiltak blir omtalt er det tatt naudsynte atterhald om når dei kan bli gjennomført. Verkemiddelbruk som påverkar villrein, skal bli sett meir i samanheng og skal utnyttast meir heilskapleg. Politikken blir foreslått gjennomført med effektiv bruk av etablerte verkemiddel.
Gjennom konsekvensvurderingar av den konkrete bruken av verkemiddel vil regjeringa sjå til at næringslivet, hushald og andre aktørar ikkje får urimelege byrder.