Meld. St. 18 (2023–2024)

Ein forbetra tilstand for villrein

Til innhaldsliste

4 Økosystemtenester i villreinfjellet

4.1 Om dei ulike økosystemtenestene

Villreinfjellet gir oss eit mangfald av økosystemtenester, det vi ofte også kallar for naturgode. Med omgrepet villreinfjellet meiner vi alt areal som ligg innanfor grensene til dei 24 villreinområda i Fastlands-Noreg samt dei områda utanfor villreinområda som på ulike måtar påverkar areal som brukast av villreinen.

Villreinfjellet er dermed ikkje berre fjell. Sjølv om villreinfjellet hovudsakleg består av hovudøkosystemet fjell, omfattar det også fire av dei andre sju hovudøkosystema1 i Noreg:

  1. elver og innsjøar

  2. våtmark

  3. skog

  4. kulturlandskap og opent lågland

Med ein så stor naturvariasjon er det naturleg at villreinfjellet gir oss eit vidt spekter av ulike økosystemtenester. I den samanhengen skil vi normalt mellom regulerande tenester, forsynande tenester og opplevings- og kunnskapstenester, i tillegg til grunnleggande livsprosessar.

Boks 4.1 Kva er økosystemtenester?

Ein av dei mest brukte definisjonane på økosystemtenester er økosystema sine direkte og indirekte bidrag til menneskeleg velferd.1 Økosystemtenestene blir ofte delte i fire kategoriar: forsynande tenester, regulerande tenester, opplevings- og kunnskapstenester og grunnleggande livsprosessar (figur 4.1).

Figur 4.1 Kategorisering av økosystemtenester.

Figur 4.1 Kategorisering av økosystemtenester.

Kilde: NOU 2013: 10 Naturens goder – om verdien av økosystemtjenester.

1 TEEB (2010). The economics of ecosystems and biodiversity: ecological and economic foundations. Edited by Pushpam Kumar. Earthscan, London and Washington.

Dei regulerande tenestene i villreinfjellet er særleg viktige for storsamfunnet, og her finn vi også stor variasjon i økosystemtenestene. Våtmark og fjellskog er for eksempel viktige karbonlager. Innsjøar, elver, våtmark og mark med ei viss jorddjupn har mellom anna ei viktig rolle i klimatilpassing, for eksempel gjennom flaumdemping. Våtmark står også i ei særstilling når det gjeld vassreinsing. Isbrear og snøleie har også stor effekt på mellom anna den lokale klimareguleringa. Pollinering gjer det mogleg for dei fleste blomstrar å setje frø og gir dermed også grunnlag for frukt og bær i villreinfjellet. Slike eksempel er det mange av.

Også dei forsynande tenestene har ofte ein stor verdi for enkeltpersonar og samfunnet. Villreinfjellet er i første rekkje eit viktig leveområde for mange artar, der ein gjerne trekkjer fram ulike dyr, sopp og plantar. Mange av desse er haustbare, som lirype, aure, steinsopp og molte. I tillegg er hausting og uttak av materiale viktig i somme område, slik som trevirke. Villreinfjellet har elles i fleire tusen år vore viktig beitemark for husdyr og til dels tamrein.

Dei mest kjende økosystemtenestene i villreinfjellet er sannsynlegvis knytte til opplevings- og kunnskapstenester. Villreinfjellet er viktig for rekreasjon, friluftsliv og naturbasert reiseliv. Mange har eit sterkt personleg forhold til fjellet og knyter mykje av identiteten sin til dette området. Dette blir understreka mellom anna av levekårsundersøkingar til Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2011, som viste at så mykje som 56 prosent av den norske befolkninga den gongen hadde vore på fottur og 32 prosent på skitur i fjellet dei siste 12 månadene. Tal frå SSB viser at heile åtte av ti nordmenn hadde vore på ein kortare fottur i skogen eller på fjellet i 2017, og fem av ti hadde vore på ein lengre fottur, mens 23 prosent hadde vore på ein lengre skitur i skogen eller på fjellet i løpet av dei siste 12 månadene.

Villreinen har også ein eigenverdi, det vil seie at arten har ein verdi i seg sjølv, uavhengig av nytteverdien han har for menneske. Det betyr at det er viktig å ta vare på villrein for arten si eiga skuld og å respektere at arten har rett til å eksistere og leve fritt. Dette inneber at vi må ta tilstrekkeleg omsyn til at arten har behov for livsmiljø og leveområde. Dette er mellom anna forankra i formålet med naturmangfaldlova (§ 1) og forvaltarmåla for artar (§ 5), som går ut på at naturen har ein eigenverdi. Det går òg ut på at vi tar vare på artane og det genetiske mangfaldet deira på lang sikt, og at artane finst i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde.

Økosystemtenester basert på eit rikt naturmangfald kan vere eit viktig grunnlag for verdiskaping. Det er derfor behov for å sjå miljømessig, sosial og økonomisk verdiskaping i samanheng med arbeidet for å ta vare på naturmangfald. Velfungerande økosystem er nødvendig for at naturen framleis skal gi oss desse tenestene. Ein antar derfor at det er ein direkte samanheng mellom den økologiske tilstanden og mengda av og kvaliteten på økosystemtenestene, sjølv om det ikkje er eit ein-til-ein-forhold mellom den økologiske tilstanden og potensialet for økosystemtenester. Økosystem i god tilstand er derfor eit godt tiltak for å sjå til at denne naturen leverer eit mangfald av viktige økosystemtenester.2 Dette gjeld også for villreinfjellet, sidan villreinfjellet er habitat for ulike artar og avgjerande for mange av dei andre økosystemtenestene.3 Ivaretaking av villrein må derfor også sjåast i samanheng med at villreinen er ein nøkkelart4 i Noreg, det vil seie ein art som er spesielt viktig for økosystemet som han lever i. Tar vi vare på villreinen, tar vi også vare på ei lang rekkje av dei artane som lever i desse områda, og dei økosystemtenestene som dette store området gir til samfunnet.

Dei to europeiske villreinregionane, som omfattar alle dei nasjonale villreinområda, blei formelt etablert av Klima- og miljødepartementet hausten 2017. Formålet med dei er mellom anna å synleggjere at Noreg tar det internasjonale ansvaret sitt for villreinen på alvor, å setje fokus på behovet til villreinen for større samanhengande leveområde, og å skape grunnlag for auka verdiskaping i dei aktuelle fjellbygdene med villreinfjellet som merkevare. Verdiskapingsprogrammet som blei starta i 2017, «Villreinfjellet som verdiskapar», er geografisk avgrensa til dei 60 kommunane i 8 fylke som har areal innanfor dei to europeiske villreinregionane.

4.2 Økosystemtenester frå villreinfjellet

Utrekningar av verdien til økosystemtenestene vil variere mykje avhengig av naturtype, omfanget av naturtypen og tilstanden på naturtypen. Det er også store sprik i kunnskapsgrunnlaget knytte til ei slik utrekning av verdi.

I Noreg er økosystemtenester og verdien deira mellom anna behandla i NOU 2013: 10 Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester. Rapporten inneheld anbefalingar på ei rekkje område, medrekna kunnskap, økonomiske verkemiddel og kvalitative, kvantitative og økonomiske verdsetjingsmetodar.

Rapporten Villreinen og villreinfjellet som kilde til verdiskaping og samfunnsutvikling gir ei skildring av økosystemtenester frå villreinen i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.5

På hovudøkosystemnivå er verdien av økosystemtenester mellom anna vurderte for våtmark, jf. rapporten Verdien av økosystemtjenester fra våtmark.6

Som ein del av arbeidet med denne stortingsmeldinga om villrein har Norsk institutt for naturforskning (NINA) greidd ut dei ulike formene for økosystemtenester i villreinfjellet. Rapporten Økosystemtenester frå villreinfjellet i Noreg – Ei vurdering basert på eksisterande datagrunnlag (NINA Rapport 2373), blei publisert i desember 2023.7 I denne rapporten blir det gitt ei biofysisk vurdering av bruk og kapasitet knytt til 16 viktige økosystemtenester frå villreinfjellet i Noreg. Vurderinga er basert på eksisterande og offentleg tilgjengeleg data.

NINA Rapport 2373 viser til at bruken av fleire av dei forsynande økosystemtenestene dei siste åra har auka, og peiker mellom anna på energiproduksjon frå vasskraft, matproduksjon, uttak av mineral og drikkevasskjelder. Rapporten peiker også på at kulturelle økosystemtenester frå villreinfjellområda er i endring, og det har særleg vore ein sterk auke i bruk av fjellområda til rekreasjonsformål i samband med private hytter og kommersielt reiseliv. Det blir også vist til at fjelløkosystema utgjer ei viktig kjelde til karbonopptak på grunn av det store arealet. Rapporten peiker også på at villreinfjellet si rolle som habitat for ulike artar er avgjerande for mange av dei andre økosystemtenestene, og villreinfjellet utgjer 56 prosent av det totale arealet av villmarksprega område i Sør-Noreg. Rapporten finn at auka bruk av nokre forsynande og kulturelle tenester fører med seg infrastruktur og ferdsel som særleg kan bidra til å redusere villmarksfjellet sin kapasitet til å vere habitat for villreinen og andre artar. For å fremje eit breiare spekter av økosystemtenester frå villreinfjellet i framtida er det ifølgje rapporten viktig å

  • styrkje kunnskapen om kulturelle, regulerande og støttande tenester

  • vurdere berekraftig balanse i bruk og kapasitet knytt til ulike tenester

  • kartleggje maktdynamikkar knytte til kva verdiar og tenester som vinn fram i avgjerdstaking

  • opne for alternativ til dagens dominerande «grøn vekst» berekraftsbane

Tabellen nedanfor viser dei viktigaste verdiane for økosystemtenester frå hovudøkosystemet fjell og villreinfjellet, henta rett frå NINA Rapport 2373.

Tabell 4.1 Økosystemtenester frå villreinfjellet: omtale av kapasitet og bruk og dessutan innspel til mogleg kartlegging og/eller verdsetjing. Innhaldet i tabellen er henta rett frå NINA Rapport 2373, og figurtilvisingane i tabellen siktar til kapitla 3.1. til 3.4 i rapporten.

Hovudtype

Undertype av økosystemteneste

Kort oppsummering: omtale av økosystemtenesta, og samanstilling av tilgjengeleg data på kapasitet og bruk

Forslag til kartlegging eller verdsetting

Forsynande tenester – fysiske godar frå fjelløkosystema

Råmateriale

Ved og tømmer

16,68 % av villreinfjellområdet består av skog av ulikt slag, noko som indikerer relevant kapasitet for både ved og tømmer i ein del av områda. Samstundes er villreinfjellområda i relativt liten grad nytta til kommersiell hogst av ved og tømmer.

Det er m.a. relevant å samanstille informasjon om hogst av ved og tømmer på kommunenivå.

Mineral- og steinutvinning

Innanfor villreinområda er det er til saman 33 registrerte uttak for mineral og stein som er i aktiv drift, eit uttak for mineral som ikkje er påbegynt, og 11 tidlegare uttak som er nedlagt (Figur 8). Blant uttaka finst masse- og grustak, steinbrot, skiferbrot og granittbrot.

Data frå Direktorat for Mineralforvaltning på mengde og salsverdi av uttak kan skaffast for kvart mineraluttak innanfor villreinområda.

Materiale til dekorasjonsbruk

Det er få formelle marknadar for gevir, skinn, stein og lav til dekorasjonsbruk. Gevir og skinn frå villrein vert m.a. omsett på marknadsplassar som Finn.no. Norske Moseprodukt plukka 300 000 brett med lavarten kvitkrull (Cladonia stellaris) i 2021 (m.a. innanfor villreinområda), og omset for 50 millionar årleg.

Det er relevant å samanstille informasjon frå formelle og uformelle marknadsplassar. Ein kan også vurdere intervju og kvalitative vurderingar.

Matproduksjon

Beitebruk

I gjennomsnitt inngår 63,3 % av arealet i villreinområda i beitelagsområde, men det er stor variasjon mellom villreinområda, frå 14,5 til 95,8 % (Figur 10a). Det gjennomsnittlege beitetrykket i beitelagsområda innanfor villreinområda er 27,4 saueeiningar per km2., med ein variasjon frå 5 til 56 saueeiningar per km2 mellom villreinområda (Figur 10b).

I 2022 estimerer vi at det vart produsert 6 103 938 kg kjøt frå sau og lam (slaktevekt) som har beiteområde sitt i eller på grensa til villreinfjellet.

Det er aktuelt med meir detaljerte undersøkingar for å vurdere korleis beitetrykk frå husdyr påverkar fjelløkosystema sin kapasitet for ulike økosystemtenester.

Viltkjøt

Villreinbestanden i Noreg kan estimerast til å vere mellom 20 000–25 000 dyr (vinter). Nasjonale estimat på rypebestand er 100 000–200 000 par for fjellrype og 150 000 til 250 000 par for, men vi har ikkje funnet konkrete bestandstal på ryper i villreinfjellområde-kommunane. Dei siste 20 åra er det felt i gjennomsnitt 5 353 villrein per år. Estimert kg villreinkjøt over same periode er 131 100 kg per år. Salsverdi for villreinkjøt er usikkert, og kan m.a. variere frå 26,2 til 52,5 MNOK per år (200–400 NOK per kg kjøt, 65 % av slaktevekt). Det vert hausta omtrent 8 100 kg rypekjøt i gjennomsnitt per sesong i dei 86 villreinområde-kommunane. Salsverdi for rypekjøt er usikkert, men kan estimerast til 13–32 MNOK per år.

Villreinjakta er godt kartlagt, og det er særleg relevant å styrke kunnskapen rundt bestandstal for ryper lokalt. Det finnast også data frå «Norsk hekkefuglovervåkning» som gir ein indeks for endringar i bestandsstørrelse for ryper, men det vil vere ei større modelleringsøving å estimere bestandsstal for rype i villreinområdekommunane.

Fisk

Vi har ikkje hatt høve til å kartlegge tal fiskevatn i villreinfjellet i dette avgrensa prosjektet. Større fiskevatn i Noreg er estimert til å ha ein generell kapasitet for uttak av 3–5 kg fisk per hektar, og det er peika på eit potensiale for å auke verdiskapinga frå innlandsfiske i Noreg.

Det finst ikkje noko kommunevis oversikt på kapasitet (fisk) eller sal av fiskekort. Det er mogleg å definere tal fiskevatn innanfor villreinfjellet, og evt. be større distributørar av fiskekort (som Inatur) om data på omsetting i desse områda.

Hausting av sopp, bær, og ville vekstar

Det er stor grad datamangel knytt til hausting av sopp, bær, og ville vekstar frå villreinfjellet i Noreg.

Det kan m.a. vere aktuelt å supplere SSB si levekårsundersøking med resultat frå intervju og spørjeundersøkingar rundt slik hausting lokalt.

Energiproduksjon

Villreinområda har til saman 241 vasskraftverk i drift. Gjennomsnittleg maksimal yting for kraftverka er på 69 MW og den installerte effekten for vasskraft i villreinområda er på 15 382 MW. Dette utgjer til samen 46 % av Noreg sin samla installerte effekt for vasskraft (33 799 MW). Den midlere årlege kraftproduksjonen for vasskraftverka i villreinområda er berekna til 55,1 TWh/år, noko som utgjer 40 % av Noreg sin midlere årlege kraftproduksjon frå vasskraft (137,2 TWh/år).

Det er god datatilgong knytt til bruk av energiproduksjon frå villreinfjellet, og det er særleg relevant å styrke kunnskap rundt vasskrafta sin påverknad på kapasitet for ulike økosystemtenester.

Medisinresursar

Eit kjent eksempel frå norske villreinfjell er funnet av ciklosporin på Hardangervidda. I 1969 fann tilsette frå Sandoz Ltd., Basel (nå Novartis), soppen Tolypocladium inflatum på Dyranu-ten som produserte ein då ukjent ciklopeptide.

Det kan m.a. vere relevant å samanstille informasjon om kapasitet for ulike medisinressursar i villreinfjellet.

Drikkevatn

Det er mange drikkevasskjelder i Noreg som ligg innanfor villreinfjellområda, men ei kartlegging av alle desse vart for ressurskrevjande for dette avgrensa prosjektet.

Innhente informasjon om kor mange vasskjelder i villreinfjellområda som vert nytta til drikkevatn, kor mange hustandar desse vatna leverer vatn til, og kor mange m3 av vatn som vert henta ut.

Kulturelle tenester – fjelløkosystema sine bidrag til ikkje-materielle godar som resultat av relasjonar mellom menneske og økosystem

Friluftsliv

Turgåing

53 % av alle vaksne i Noreg oppgjer å ha vore på ein lengre fottur i skogen eller fjellet i løpet av eit år, og ein kan anta at denne fordelinga er relativt lik for dei 576 338 innbgyggjarane i villreinfjellområde-kommunane. I tillegg er fjellområda viktige turål for dei rundt 660 000 deltidsinnbyggjarane tilknytt kommunane. På generell basis har ferdsla i innfallsportar til villreinfjellet auka i perioden 2009–2023, og dette skuldast i all hovudsak auka dagsturturisme frå besøkande og hyttefolk. Fleirdags-turar lengre inn i fjellet har vore meir stabilt. Denne ferdselsauka er relevant for alle undertypane knytt til økosystemtensta friluftsliv.

Det kan m.a. vere aktuelt å supplere SSB si leve-kårsundersøking med resultat frå intervju og spørjeundersøkingar rundt bruk av villreinfjellet til turgåing.

Ski (langrenn, alpint, randonée)

Svært mange nyttar fjellområda til skigåing (langrenn og turar på fjellski), samt til alpint (enten i alpinanlegg eller frikøyring/ toppturar). I 2021 hadde 18,4 % av vaksne i Noreg «stått på alpinski, snowboard, randonee, eller lignende» minst ein gong. Det er noko fleire (19,2 %) som har vore på lengre «skitur i fjell, skog eller mark» (dvs. lengre enn 3 timar). Det er sannsynleg at det aller meste av dette er turar på langrenn-/turski i oppkøyrde eller merkte skiløyper. Når det gjeld utvikling over tid så viser tal for langtur på ski ein jamn nedgang: toppen var i 1970 (over 40 %), i 2011 30 % og den lågaste registreringa i 2021 med nemnde 19 %.

Ein kan samanstille oversikt over alpinanlegg og oppkøyrde skiløyper innanfor villreinområda, tal på bruk/ besøkande, og tal på omsetjing/ drift. Det kan også vere relevant å nytte intervju og spørjeundersøkingar til å kartlegge bruk av villreinfjellet til skiaktivitetar. (Strava-data kan også gi relevant informasjon)

Jakt

Gjennomsnittleg tal villreinjegerar per år dei siste 20 åra er 8 572 jegerar (SSB). Den gjennomsnittlege totalverdien per år for villreinjaktkort vert estimert til 44 MNOK (14 933 tildelte jaktkort, Hjorteviltregisteret), basert på ein gjennomsnittspris på 3 000 kr per jaktkort. I villreinområdekommunane er det i gjennomsnitt 11 007 personar registrert som aktive småviltjegerar per år frå 2019–2020 til 2022–2023, derav 6 458 personar som har jakta rype. Dersom ein antek at kvar rypejeger i gjennomsnitt jaktar 5 dagar (SSB 2017) og betalar mellom 200 og 300 kr pr dag (anslag basert på prisar frå Inatur) blir den gjennomsnittlege totalverdien pr år for jaktkort mellom 6,5–9,7 millionar kroner.

Det kan m.a. vere aktuelt å gjennomføre intervju og spørjeundersøkingar knytt til bruk av villrein-fjellet til jakt.

Fiske

Ein stor del av omsetjinga frå sal av fiskekort går gjennom salskanalen på iNatur, eller gjennom fjellstyra. Inatur, kan produsere ei oversikt over sal av fiskekort i villreinfjellområda, men dette vil krevje ein del ressursar. I tillegg vil det også vere inntekter knytt til sal av fiskeutstyr, overnatting i lokalsamfunn der fiskevatna ligg. Ei meir eksakt verdivurdering for fiske innanfor villreinområda vil krevje ei eiga kartlegging utover det vi kan levere i denne rapporten.

Det er relevant å gjennomfører samanstilling av; i) sal av fiskekort til vatn innanfor villreinfjellområdet, samt relaterte verdiskapingsaktivtetar. Det kan også vere relevant å gjennomføre intervju og spørjeundersøkingar rund bruk av villreinfjellet til fiske.

Hausting av bær, sopp, og ville vekstar

Levekårsundersøkinga finn at 42 % av befolkninga plukkar sopp og bær i løpet av eit år, og ein kan anta at denne fordelinga ei lik for dei som bur i villreinfjellområda, og at mange av innbyggjarane og deltidsinnbyggjarane nyttar fjellområda til hausting av bær og ville vekstar (kanskje særleg molte, som er eit ettertrakta bær i fjellet).

Det kan vere aktuelt å vurdere og supplere SSB si levekårsundersøking med resultat frå intervju og spørjeundersøkingar rundt slik hausting lokalt.

Reiseliv

Private hytter

Villreinområde-kommunane har til saman 166 128 hytter/ fritidsbustadar. I 2019 var det 19 057 hytter/ fritidsbustadar som låg innanfor dei 10 Nasjonale villreinområda (SSB oppdaterer desse tala desember 2023, og nye tal vil føreligge tideleg i 2024).

Det er relevant å kartleggje korleis hytteeigarar nyttar villreinfjellet, samt korleis utbygging av hytter påverkar kapasitet for ulike økosystemtenester.

Turisthytter

Ein del aktørar, som Den Norske Turistforening (DNT), fjellsyresamanbandet, og Statsskog har hytter og fjellstover i villreinområda som kan reknast som «felles» i den grad at dei er tilgjengelege til utleige for svær mange. Det er sannsynleg at desse aktørane kan bidra med ei oversikt over kor mange av deira hytter som ligg innanfor dei 24 villreinområda i Noreg, og estimat på besøkstal på desse hyttene i løpet av eitt år, men det vart ikkje tid til å lage ei slik samanstilling innanfor rammene for dette prosjektet.

Det er aktuelt å be DNT, Statskog mfl.. om ei oversikt over kor mange av deira hytter som ligg innanfor dei 24 villreinområda, samt estimat på besøkstal på desse hyttene i løpet av eitt år. Det er også mogleg å nytte UT.no til estimat. Det kan vere relevant å utforske moglege forskjellar i bruk av villreinfjellet på tvers av dei som eig privat hytte og dei som nyttar turisthytter.

Kommersielle opplevingar

Fjellområda i Noreg er attraktive også i reislivsnæringa, og det føregår kommersielt reiseliv både inn i villreinfjellet, og i randsonene. Ein av dei store reiselivssatsingane er Nasjonale turistvegar som vert drifta av Statens vegvesen, som gir viktige utfartspunkt for ferdsel inn i fjellheimen. I tillegg er det reiselivssatsingar i regi av DNT, samt private aktørar som har etablert verksemd inn i villreinområda. Det finst ikkje noko totaloversikt over alle reiselivsaktørane, og særleg private aktørar, som tilbyr moskussafari, eller andre turar inn i fjellet, og vi har heller ikkje hatt høve til å lage ei full oversikt over desse innanfor rammene til denne rapporten.

Det kan vere relevant med meir detaljerte kartleggingar av forskjellar i bruk av villreinfjellet på tvers av besøkande og lokalbefolking. Dette er særleg relevant med tanke på forstå maktdynamikkar knytt til kva verdiar/ kven sine verdiar som vert fremma i avgjerdstaking.

Stadkjensle

På tvers av dei 86 villreinområdekommunane, er det 576 338 innbyggjarar som har villrein-fjellet som sine nærområde. For mange av desse innbyggjarane vil villreinfjellet kunne ha ein stor betydning for stadkjensle, tilhøyrsle og identitet. Ein studie av Forollhogna nasjonalpark viser at mange av turistane ser på området som «villmark», mens dei lokale først og fremst legg vekt på korleis området er knytt til kulturelle tradisjonar og langvarig samanveving mellom folk og landskap. Dette indikerer at fjellområda sin kapasitet til å bidra med stadkjensel vil variere mellom desse gruppene.

For å vurdere villreinfjellet si betydning for stadkjensle er det særleg relevant å gjere undersøkingar blant innbyggjarane i dei 86 kommunane. Samstundes kan villreinfjellet også bidra til stadkjensle ut over dei som bur i områda, m.a. for deltidsinnbyggjarne eller andre besøkande.

Kulturutøving og kulturminne

Seterdrift i Norge, som også representerer ei viktig del av kulturutøvinga i villreinfjellet, har blitt redusert frå 100 000 setre i aktiv drift i 1900 til 900 aktive setre i dag. Mange av desse setrene ligg i villreinfjellområda, men vi har ikkje funnet ei oversikt over nøyaktig kor mange. Verdiskapingsprogrammet («Villreinfjellet som verdiskaper») fokuserer på dei 10 Nasjonale villreinområda som kjelde til brei verdiskaping gjennom kultur- og naturarv, har tildelt 27,48 MNOK til over 50 ulike verdiskapingsprosjekt frå 2020 til 2023. Med tanke på kulturminne, er fangstgroper, rusefangstanlegg, fangstbuer, bogestillingar og lausfunn av for eksempel pilspissar osv. funne spreidd i både eksisterande og gamle villreinområde.

Det er svært mange (og ulike) element av kulturutøving og kulturminne knyt til villreinfjellet. Det ligg m.a. mykje kunnskap om denne tenesta i dei ulike prosjekta under verdiskapingsprogrammet, som kan samanstillast i større grad.

Kunnskap og vitskap

Norsk villreinsenter (NVS) er ein viktig formidlar av kunnskap om villrein og villreinfjellet i Noreg. I 2023 var det ca. 23000 besøkande til Viewpoint SNØHETTA. I 2022 hadde nettsida villrein.no ca. 70 000 besøkande og 226 795 sidevisningar. Dei faste naturrettleiarane ved Hjerkinn hadde kontakt/rettleiing med 5 456 personar i 2023 (4 071 i 2022). Når det gjeld litterære publikasjonar, har det mellom anna vore 38 årgangar med publikasjonar av «Villreinen». Eit avgrensa akademisk litteratursøk på 10 dei villreinområda, gav 60 vitskaplege publikasjonar i perioden 1982–2023, noko gir ein liten smakebit av alle dei vitskaplege publikasjonane som omhandlar villreinfjellet i Noreg.

Det kan m.a. gjerast eit breitt litteratursøk med mål om å kartleggja alle vitskaplege bidrag frå villreinfjellet i Noreg.

Religion og åndlege verdiar

Villreinfjellet gir viktig bidrag til religion og åndelege verdiar, men vi har ikkje høve til kartlegge denne tenesta innanfor rammene til dette prosjektet, ut over nokre generelle vurderingar av fjellet si rolle for denne tenesta, som steinaltar på fjellet, gamle ferdselsruter til/frå Østerdalen, norske pilegrimsleier som går over fjell og gjennom villreinområde. Eit viktig eksempel er pilegrimsleia opp Gudbrandsdalen, over Dovrefjell og vidare nordover mot Nidarosdomen. Også gjennom Forollhogna går det pilegrimslei, og med det same målet. Ei anna pilegrimsrute går over Haukelifjell (om lag der villreinområdet Setesdal-Ryfylke møter villreinområdet Hardangervidda); her er turmålet Røldal kyrkje).

Det er m.a. relevant å nytta intervju og spørjeundersøkinga til å kartlegge villreinfjellet og villreinen si betydning for religion og åndelege verdiar blant både lokalbefolkning, deltidsinnbyggjarar, og besøkande.

Regulerande tenester – godar folk og samfunn mottek som resultat av regulerande prosessar i fjelløkosystema

Opptak og lagring av karbon

Det er estimert at ca. 256 Tg karbon er lagra i fjelløkosystem i Noreg - dominert av buskar, 351 Tg i alpin hei og 101 i engliknande vegetasjon. Mengda karbon i kryosfæren (isbreer, permanent snø, og permafrost) er svært usikker, og er estimert å være mellom 0,01 og 90 000 Gg karbon.

Det er relevant å stryke kunnskapen om villreinen og andre beitedyr si rolle i forhold til karbonopptak og lagring i villreinfjellet. Samstundes trengs det også meir kunnskap om korleis karboopptak- og lagring i fjelløkosystem vert påverka av m.a. infrastrukturutbygging.

Næringsstoffkretsløp

Primærproduksjon på fjellet er avgrensa av mangel på næringsstoff som nitrogen og fosfor. Fosfor er bunde opp i stein og sedimentære førekomstar, der det vert frigjort ved forvitring og utvasking (og gruvedrift). Mykorrhizasopp bidreg til opptak av forfor i karplanter også på fjellet. Villrein kan bidra til næringsstoffkretsløpet gjennom beite og avføring (fordeling av næringsstoff), samt kadaver frå døde dyr (kortvarige input av mykje næring på lokalt nivå). Studiar på Finse viser at temperaturauke har lite effekt på vegetasjonssamansetting, men at gjødsling med både nitrogen og fosfor har store og langvarige effektar på vegetasjon og botndyr. Beiting kan påverke disse effektane.

Det er relevant å stryke kunnskapen om villreinen og andre beitedyr si rolle i forhold til næringssyklus i villreinfjellet. Samstundes trengs det også meir kunnskap om korleis næringssyklusen vert påverka av m.a. infrastrukturutbygging.

Moderering av ekstremvær

Fjellområda som utgjer villreinfjellet i Noreg kan spela viktige rollar i moderering av ekstreme vêrhendingar, mellom anna gjennom at vegetasjonen i fjelløkosystema bind jorda og reduserer risiko for jordskred. Vurderingar av kapasitet og bruk knytt til fjellområda si rolle i moderering av ekstreme vêrhendingar bør gjennomførast i geografiske spesifikke område, der ein mellom anna vurderer samspelet mellom busetnad og ulike regulerande funksjonar i fjellet. Vi har ikkje hatt høve til å gjere slike lokale eller regionale vurderingar som del av dette oppdraget.

Lokale eller regionale romlege vurderingar av fjellet si rolle i å moderere ekstreme vêrhendingar, kan m.a. bli gjort i tråd med metodikk for biofysiske vurderingar utvikla som del av SEEA ES.

Vasskretsløp

Den viktigaste hydrologiske effekten av høgfjell er endra sesongfordeling av avrenninga, med ein mindre utprega vårflaum og høgare vassføring gjennom sommaren enn tidlegare. Dette skuldast til dels omfordelinga av snø og endra smelteforhold i høgfjellet. Permafrost vil også medføre at noko av smeltevatnet refryser på og i bakken, slik at avrenninga vert forsinka. Breane i fjellområda gir også eit bidrag til avrenning seinare på sommaren. Høgfjellsområda fungerer dermed delvis som ‘vasstårn’, gjennom å avgje lagra vatn over ein større del av sommarsesongen.

Det er relevant å gjennomføre lokale eller regionale romlege vurderingar av fjellet si rolle i vasskretsløpet, m.a. i tråd med metodikk for biofysiske vurderingar utvikla som del av SEEA ES.

Støttande tenester – tenester som ligg til grunn for produksjon av alle dei andre økosystemtenestene

Habitat for arter

Både artsmangfaldet og tal truar artar er relativt lågt i fjellet. 174 fjellartar (28 % av vurderte artar) er vurdert som trua: karplanter (55 artar) og mosar (77 artar), 37 fugleartar, samt dei store pattedyra villrein, bjørn, jerv og fjellrev. Fjelløkosystem i Noreg har jamt over god økologisk tilstand, men noko dårlegare i dei sørlegaste fjellområda. Nokre indikatorar langt under grensa; smågnagarar, særleg låg førekomst av fjellrev, og langt under naturleg tettleik av jerv. Villrein ligg rett over grenseverdien for god økologisk tilstand etter denne metodikken, men vurderingane etter kvalitetsnorma viser dårleg tilstand for villreinen i fleire fjellområde. Det akkumulerte tapet av villmarksprega område i villreinområda var 0,6 % frå 2008 til 2018, og 4,1 % frå 1988 til 2018.

Det er særleg relevant å styrka kunnskapen om korleis habitat for artar bidreg til dei andre økosystemtenestene i villreinfjellet, samt kva som skal til for å styrke villreinfjellet sin kapasitet for habitat.

Kjelde: NINA Rapport 2373 – Økosystemtenester frå villreinfjellet i Noreg – Ei vurdering basert på eksisterande datagrunnlag.

Klima- og miljødepartementet har sett i gong eit arbeid med å utvikle ein naturrekneskap for Noreg. Naturrekneskapen vil vise kor mykje natur vi har (målt i areal), tilstanden på naturen, kva for økosystemtenester naturen leverer, og korleis desse økosystemtenestene utviklar seg over tid. Når dette systemet er på plass, vil det gi forvaltninga eit betre grunnlag for å vurdere verdien av økosystemtenester i villreinfjellet.

Fotnotar

1.

Her brukar vi den same inndelinga av hovudøkosystema som Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold: hav og kyst, elver og innsjøer, våtmark, skog, fjell, kulturlandskap og ope lågland og polare økosystem.

2.

Nybø, S. og Evju, M. (red) (2017). Fagsystem for fastsetting av god økologisk tilstand. Forslag fra et ekspertråd. Ekspertrådet for økologisk tilstand, 247 s.

3.

Hansen, B., Kvalnes, T., Roos, R., Rosvold, J., Rønning, B., Singsaas, F. og Mathiesen, K. (2023). Økosystemtenester frå villreinfjellet i Noreg. Ei vurdering basert på eksisterande datagrunnlag. NINA Rapport 2373. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

4.

Villrein er éin av fire nøkkelartar i vurderinga av naturindeksverdien for fjell. Les meir om dette på miljostatus.no (Miljødirektoratet).

5.

Bråtå, H.O., Hagen, S.E. og Overvåg, K. (2010). Villreinen og villreinfjellet som kilde til verdiskaping og samfunnsutvikling. Østlandsforskning (ØF-rapport 6/2010).

6.

Magnussen, K., Bjerke, J.W., Brattland, C., Nybø, S. og Vermaat, J. (2018). Verdien av økosystemer fra våtmark. Menon-publikasjon nr. 42/2018.

7.

Helseth, E., Eide, N., Hansen, B., Kvalnes, T., Roos, R., Rosvold, J., Rønning, B., Singsaas, F. og Mathiesen, K. (2023). Økosystemtenester frå villreinfjellet i Noreg. Ei vurdering basert på eksisterande datagrunnlag. NINA Rapport 2373. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

Til forsida