Meld. St. 18 (2023–2024)

Ein forbetra tilstand for villrein

Til innhaldsliste

7 Tilstand, utvikling og påverknader

7.1 Om kunnskapsgrunnlaget og uvisse

Kunnskapsgrunnlaget for villreinforvaltninga byggjer på ei lang rekkje vitskaplege arbeid, men erfaringsbasert kunnskap er også viktig. Bestandsforvaltninga er kjenneteikna av stor lokal medverknad. For eksempel medverkar villreinutval og villreinnemnder ved kunnskapsinnhenting, vurderingar og bruk av kunnskapen i praktisk forvaltning.

Vi har mykje kunnskap om villrein i Noreg. Ved siden av dei store rovdyra er villreinen den viltarten som har blitt mest overvaka i Noreg, og den viltarten som vi har samla inn mest kunnskap om. Særleg gjeld dette i dei nasjonale villreinområda. Kunnskapsgrunnlaget om bestandsforhold og konsekvensar av tidlegare inngrep og forstyrringar er ofte dårlegare i dei små områda enn i dei store.

I 1991 blei det starta eit nasjonalt bestandsovervakingsprogram for hjortevilt, der eit eige delprogram for villrein omfattar seks av dei større villreinområda. Gjennom dette programmet blir det årleg gjennomført kalveteljingar om sommaren, strukturteljingar om hausten og innsamling av kjevar og slaktevekter frå felte dyr. Dei seks områda blei valde fordi viltforskinga hadde etablert slike dataseriar frå desse områda tidlegare. Overvakinga blir hovudsakleg finansiert av Viltfondet sentralt gjennom kontrakt med Norsk institutt for naturforskning (NINA), som driftar programmet. Resultata frå slike undersøkingar er eit sentralt kunnskapsgrunnlag for forvaltninga. Derfor har også fleire av dei andre villreinområda valt å etablere slike tiltak i eigen regi. Det er likevel somme variasjonar i metodikken som blir brukt, og ikkje minst variasjonar i tilgjengelege ressursar og lokal kompetanse. Det er derfor ei utfordring at kunnskapsgrunnlaget for bestandsforvaltninga varierer i dei ulike villreinområda. Ved å innføre kvalitetsnorma for villrein tar ein sikte på at årlege kalveteljingar og strukturteljingar skal gjennomførast på same måte i alle dei 24 villreinområda.

Leveområda til villreinen har blitt kartlagde i samarbeid med lokale ressursgrupper som har systematisert kvantitativ og kvalitativ kunnskap om arealbruken til reinen over tid. Kunnskap om arealbruken er ofte basert på FoU-prosjekt med GPS-sendarar på eit utval av dyr, men det vi veit om arealbruken til bukkane og arealbruken til villrein i andre område utan GPS-data, er i hovudsak basert på lokalkunnskap.

Helseovervakingsprogrammet for vilt (ViltHOP), som blei etablert i 1998 og blir drifta av Veterinærinstituttet, gir oversikt over og kunnskap om helsetilstanden i norske viltbestandar. Kunnskap om førekomsten av sjukdommar og parasittar i norske villreinbestander er ein del av dette. Slike helsedata bidrar til ei berekraftig forvaltning av viltbestandane, god sjukdomsberedskap og dokumentasjon av helsestatus. Etter at klassisk skrantesjuke blei påvist hos villrein i Nordfjella våren 2016, blei det i tillegg etablert eit overvakings- og kontrollprogram for skrantesjuke. Formålet med dette overvakingsprogrammet er å dokumentere omfanget av skrantesjuke hos hjortedyr. Omfattande undersøkingar gir oss eit stadig betre kunnskapsgrunnlag om utbreiinga av denne sjukdommen og andre sjukdommar. Likevel er det behov for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om helsa til villreinen og framtidige helseutfordringar.

Det er gjort få konkrete studiar av tap av villrein til rovvilt i Noreg, og studiane som er gjort på tamrein i Norden eller på karibu (nordamerikansk villrein) i Nord-Amerika, har ikkje direkte overføringsverdi. Ekspertgruppa bak NINA Rapport 1400 – Miljøkvalitetsnorm for villrein: Forslag frå en ekspertgruppe (2017)1 har derfor framheva at i likskap med for eksempel dyrehelse er tap til rovvilt eit av fleire tema som det er behov for meir kunnskap om. Påverknadsanalysane som blir gjennomførte av villreinområde som ikkje når opp til kvalitetsmålet, kan bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om korleis rovvilt påverkar villrein.

I mange av villreinområda er det sau på utmarksbeite. Berekraftig utnytting av utmarka som beiteressurs for tamme og ville dyr krev kunnskap om beitedyra. For å sikre ei god utmarksforvaltning treng vi kunnskap om samanhengane mellom beiteressursane, helse og velferd hos beitedyra og dessutan forholda mellom husdyra, rovdyra og hjorteviltet. Etablert og ny teknologi gir oss moglegheit for å overvake og innhente informasjon om husdyra og hjorteviltet sin arealbruk, beiteåtferd, produksjon, respons på menneskeleg aktivitet og inngrep og krav til habitat i økosystemet. Det er behov for å sjå nærmare på i kva grad beitedyr påverkar arealbruken til villreinen og kva for beiteplanter han vel. Valet av beiteplanter vil òg vere påverka av andre faktorar som næringsinnhaldet i jord og planter og ikkje minst tettleiken av beitedyr som påverkar dette. Dette treng vi meir kunnskap om.

Funn av saueparasitter hos villrein og utbrotet av skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda har gjort det aktuelt å sjå nærmare på i kor stor grad salteplassar og bruk av saltslikkesteinar for sau kan bidra til auka spreiing av sjukdom og parasittar mellom artane. Det er sett i gang forsking for å auke kunnskapen om denne problemstillinga. Det er òg nødvendig å sjå på ulike førebyggjande tiltak, for eksempel om behandling mot parasitter før utslepp på beite kan vere bøtande tiltak.

I mange av leveområda til villreinen har lite merksemd rundt konsekvensane av såkalla «bit for bit»-utbygging og utviding av fritidsbustadområde ført til ei manglande heilskapleg arealforvaltninga på tvers av kommunegrensene. Kvalitetsnorma for villrein gir eit viktig grunnlag for å vurdere den samla belastninga i villreinområda. Kvalitetsnorma vil gi god kunnskap om effekten av ulike tiltak i leveområda til villreinen, og dette vil gi grunnlag for ei betre og meir treffsikker forvaltning. Gjennom påverknadsanalysar og eventuelle tiltaksplanar vil ein få endå betre oversikt over den samla belastninga villreinen blir eller vil bli utsett for (sjå også kapittel 7.3 og 7.4). Lokal og regional forvaltning for dei enkelte villreinområda blir trekt inn i arbeidet med tiltaksplanar for å sikre tilstrekkeleg lokalkunnskap.

Det er dei siste åra også utarbeidd ei rekkje digitale verktøy som kan nyttast i villreinforvaltninga, mellom anna statistiske modellar som estimerer funksjonen til ulike villreinområde, effektar av menneskeleg påverknad og funksjonelle trekkvegar og anna grøn infrastruktur. Den vidare utviklinga av slike verktøy vil vere viktig for at den lokale forvaltninga av villrein skal bli meir treffsikker, men også for at vi skal få betre kontroll på den samla belastninga i villreinområda.

7.2 Villrein i eit globalt perspektiv

I dag finn vi villrein mellom 50 og 81 grader nord i Canada, Finland, Grønland, Mongolia, Noreg, Russland og USA.

I 2016 blei villreinen for første gong klassifisert som trua på den globale raudlista for artar (VU – sårbar).2 Bakgrunnen for denne klassifiseringa er ein vedvarande, global bestandsnedgang, frå om lag 4,8 millionar til 2,9 millionar individ dei siste 21 til 27 åra. Det er fleire årsaker til nedgangen, men arealendringar, uregulert jakt og konkurranse med tamrein blir lyfte fram som faktorar som globalt har påverka villrein negativt.

Slik som i Noreg har den globale utbreiinga til villreinen blitt redusert og fragmentert dei siste hundreåra. På begynninga av 1900-tallet forsvann som eksempel skogreinen frå Finland, sjølv om eit lite område blei rekolonisert frå Russland på 1950-talet. I Russland er utbreiinga av villrein redusert med over 85 prosent. I Canada har det geografiske leveområdet til karibu (nordamerikansk villrein) blitt redusert til omtrent halvparten dei siste 150 åra. Elles er det mykje vi ikkje veit om tilbakegangen av villrein i verda.

I dag finn vi om lag 80 til 90 prosent av den ville, europeiske fjellreinbestanden innanfor Noregs grenser. I tillegg til villreinen vi finn i Fastlands-Noreg, det vi også omtaler som fjellrein eller tundrarein, finst det ein eigen underart på Svalbard. Den såkalla svalbardreinen finn vi berre på Svalbard.

Villreinen er dermed ein av rundt 800 norske ansvarsartar for Noreg, fordi meir enn 25 prosent av den europeiske totalbestanden finst i Noreg. Omgrepet ansvarsart er ikkje eit juridisk omgrep, men blir brukt for å melde at ein art har ein vesentleg del av den naturlege utbreiinga si i Noreg. I naturmangfaldlova blir ikkje ansvarsart brukt som omgrep, men lova har denne formuleringa: «arten har en vesentlig andel av sin naturlige utbredelse eller genetiske særtrekk i Norge». I foredraget til kongeleg resolusjon om prioriterte artar av 20. mai 2011 blir «vesentleg del» definert slik: «25 prosent eller mer av den europeiske utbredelsen er i Norge».

Det betyr med andre ord at Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å sørgje for levedyktige bestandar av villrein i Noreg.

7.3 Tilstand og utvikling for villrein som art i Noreg

Kapittel 3 skildrar den historiske utviklinga til villreinen i Noreg og tar føre seg tilstanden i dag.

Det er vanskeleg å seie konkret kor mange villrein som fanst i Noreg frå den siste istida og fram til nyare tid. På starten av 1900-talet var likevel den norske villreinbestanden sterkt redusert, i hovudsak på grunn av hard jakt og fangst. Rundt år 1900 var det kanskje berre nokre få tusen villrein igjen i Noreg.

Utover det tidlege 1900-talet begynte talet på villrein gradvis å auke. Dette kom i første rekkje av ulike forvaltnings- og bevaringstiltak som blei sette i gang, mellom anna blei villrein freda i nokre år. Fram mot 1950- og 60-talet var veksten så stor at enkelte bestandar var større enn det beitegrunnlaget kunne bere. Dette må også sjåast i samanheng med ein gradvis aukande menneskeleg påverknad som reduserte leveområda til villreinen frå rundt midten av 1900-talet, i første rekkje veg- og vasskraftutbyggingar, seinare kombinert med mellom anna aukande hytteutbyggingar og ferdsel.

Dei siste tiåra er det sett i gang ei lang rekkje tiltak for å betre tilstanden for villrein. Mellom anna har det blitt oppretta fleire nasjonalparkar og andre verneområde der villrein er ein del av verneformålet; ein har etablert Norsk villreinsenter, som mellom anna har jobba med å formidle kunnskap om villrein; fylkeskommunane har regionale planar for villreinfjella for å få ei meir berekraftig arealforvaltning; og det er etablert europeiske villreinregionar med eit eige verdiskapingsprogram for å spreie informasjon og stimulere til brei berekraftig verdiskaping. Lista er ikkje uttømmande. Likevel har den negative utviklinga halde fram til i dag.

Norsk villrein er i dag fordelt på 24 ulike villreinområde med eit samla areal på om lag 50 000 km2, der 10 av områda er peikte ut til nasjonale villreinområde (figur 7.1). Fleire av dei større nasjonale villreinområda består i tillegg allereie av to eller fleire delbestandar, og det er fare for ytterlegare fragmentering i framtida. På grunn av trekkbarrierar og andre forstyrringar som hindrar områdebruken til villreinen, er det i dei fleste av dagens villreinområde ikkje eit balansert forhold mellom viktige funksjonsområde som sommarbeite, vinterbeite og gode kalvingsområde. Villreinen er i stor grad hindra i å bruke desse områda på ein optimal måte, og dyretalet er derfor tilpassa mattilgangen innanfor dei ulike områda. Den norske totalbestanden av villrein i Noreg er på om lag 25 000 dyr vinterstid.

Figur 7.1 Kart over dei 24 villreinområda i Noreg, med avgrensing av dei 10 nasjonale villreinområda, 14 andre villreinområde, 2 europeiske villreinregionar og område med tamreindrift.

Figur 7.1 Kart over dei 24 villreinområda i Noreg, med avgrensing av dei 10 nasjonale villreinområda, 14 andre villreinområde, 2 europeiske villreinregionar og område med tamreindrift.

Kjelde: Norsk Villreinsenter.

Opphavet til villrein i dei ulike villreinområda viser eit noko brokete bilete, sidan det i mange område tidlegare har vore tamreindrift i periodar, i nokre område heilt fram til midten av førre hundreår. I tre av dei større villreinområda – Forollhogna, Reinheimen-Breheimen og Setesdal Austhei – samt i Norefjell-Reinsjøfjell er bestanden heilt eller delvis grunnlagd på forvilla tamrein. Det ser ein framleis i dag ved at reinen er mindre sky enn vanleg. Fleire av dei mindre villreinområda på Vestlandet har opphavet sitt i innkjøpt tamrein som har blitt sett ut.

Vi har i dag god kunnskap om den økologiske tilstanden i dei norske villreinområda og effekten av ulike påverknader, basert på ei lang rekkje med informasjon frå utgreiingar, FoU-arbeid og overvaking, slik det blei gjort greie for i kapittel 7.1. Kunnskapen viser at den samla belastninga på villrein i dag er stor, og at det er svært mange påverknader som bidrar til det.

Den økologiske tilstanden i norske fjell blei vurdert i 2021.3 Denne vurderinga viser at den økologiske tilstanden for fjell i heile Noreg ligg litt over grenseverdien for god økologisk tilstand. Sørlandet har litt lågare verdi enn Noreg som heilskap. Det er særleg tre indikatorar som trekkjer ned tilstandsverdien for fjell: fjellrev, smågnagarar og jerv, mens indikatorverdien for rein (felles verdi for villrein og tamrein) ligg omtrent på grenseverdien for god økologisk tilstand.

I 2021 blei villrein for første gong klassifisert som nær trua på Norsk raudlister for artar.4 Raudlistevurderinga viser til ei rekkje faktorar som påverkar villrein negativt, men den direkte årsaka til klassifiseringa er at talet på norske villrein blei redusert som følgje av tiltak mot skrantesjuke.

Meir detaljert kunnskap om tilstanden i villreinområda er gjort greie for i dei to første klassifiseringane av dei 24 villreinområda etter kvalitetsnorma, som blei gjennomført i 20225 og 20236. Klassifiseringane viser at seks av dei ti nasjonale områda har dårleg kvalitet, fire har middels kvalitet, mens ingen har god tilstand. Av dei 14 ikkje-nasjonale villreinområda har seks dårleg kvalitet, sju har middels kvalitet og eitt har god kvalitet. Til samen vil det seie at 12 av 24 villreinområde i Noreg har dårleg kvalitet, 11 har middels kvalitet og 1 har god kvalitet (figur 7.2).

Figur 7.2 Heilskapsvurdering av alle dei 24 villreinområda klassifiserte i 2022 (nasjonale villreinområde) og 2023 (ikkje-nasjonale villreinområde). Fargekoden raud angir at villreinområdet har dårleg kvalitet. Fargekoden gul og fargekoden grøn angir at villre...

Figur 7.2 Heilskapsvurdering av alle dei 24 villreinområda klassifiserte i 2022 (nasjonale villreinområde) og 2023 (ikkje-nasjonale villreinområde). Fargekoden raud angir at villreinområdet har dårleg kvalitet. Fargekoden gul og fargekoden grøn angir at villreinområdet har høvesvis middels og god kvalitet.

Kjelde: NINA Rapport 2327 – Klassifisering av 14 ikkje-nasjonale villreinområder etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2023.

Klassifiseringa viser også at det er forskjell på villreinområda med tanke på kva som er dei største utfordringane (sjå også figur 7.3). Fleire villreinområde har eit samansett utfordringsbilete:

  • Sju villreinområde har dårleg kvalitet på trekkpassasjer: Sunnfjord, Fjellheimen, Brattfjell-Vindeggen, Snøhetta, Setesdal Ryfylke, Rondane og Nordfjella.

  • Tre villreinområde har dårleg kvalitet på arealutnytting: Skaulen-Etnefjell, Brattfjell-Vindeggen og Hardangervidda.

  • Eitt villreinområde har dårleg kvalitet på lavbeite: Sunnfjord.

  • To villreinområde har dårleg kvalitet som følgje av meldepliktig sjukdom: Hardangervidda og Nordfjella.

  • Fire villreinområde har dårleg kvalitet knytt til genetisk variasjon: Svartebotnen, Skaulen-Etnefjell, Førdefjella og Fjellheimen.

  • Tre villreinområde har dårleg kvalitet når det gjeld talet på vaksen bukk per simle: Setesdal Ryfylke, Nordfjella og Hardangervidda,

  • To villreinområde har dårleg kvalitet når det gjeld talet på kalv per simle og ungdyr: Sunnfjord og Snøhetta.

  • Tre villreinområde har dårleg kvalitet når det gjeld slaktevekt på kalv: Snøhetta, Knutshø og Hardangervidda.

Figur 7.3 Klassifisering av alle dei 24 villreinområda etter delnorm 1 (bestandsforhold), delnorm 2 (lavbeite) og delnorm 3 (leveområde og menneskeleg påverknad) vist i kart. Fargekodane grøn, gul og raud angir høvesvis god, middels og dårleg tilstand/kvalitet...

Figur 7.3 Klassifisering av alle dei 24 villreinområda etter delnorm 1 (bestandsforhold), delnorm 2 (lavbeite) og delnorm 3 (leveområde og menneskeleg påverknad) vist i kart. Fargekodane grøn, gul og raud angir høvesvis god, middels og dårleg tilstand/kvalitet. Grått angir villreinområde som ikkje hadde datagrunnlag for å bli klassifiserte.

Kjelde: NINA Rapport 2327 – Klassifisering av 14 ikke-nasjonale villreinområder etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2023.

I kapittel 7.4 gjer vi nærmare greie for dei ulike faktorane som påverkar villrein, og som har medverka til dagens tilstand i dei ulike villreinområda.

7.4 Påverknad på villrein i dag og forventa utvikling

Utfordringsbiletet i villreinfjellet er samansett, og det er mange ulike former for menneskeleg bruk og andre former for påverknader som har ei negativ effekt på villrein. Nedanfor gjer vi greie for dei ulike formene for arealbruk og andre påverknader i villreinfjellet i dag, og vi tar føre oss korleis utviklinga er venta å bli fram mot år 2050 utan ny politikk.

Vurderingane er skrivne ut frå best tilgjengeleg kunnskap og fagleg skjønn. Det er lagt særleg stor vekt på

  • NINA Rapport 1400 – Miljøkvalitetsnorm for villrein: Forslag fra en ekspertgruppe.7

  • NINA Rapport 2126 – Klassifisering av de ti nasjonale villreinområdene etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2022.8

  • NINA Rapport 2327 – Klassifisering av 14 ikke-nasjonale villreinområder etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2023.9

7.4.1 Energi og vassdrag

Bruk og påverknad i dag

Noreg har som mål å ha ein høg del fornybar energi, og i dag utgjer vasskraft om lag 88 prosent av den fornybare energiproduksjonen i Noreg. I eit gjennomsnittleg vær-år er vasskraftproduksjonen 137 TWh (referert 1991–2020). Totalt er normalårsproduksjonen i Noreg 156 TWh. Til samanlikning var det årlege forbruket i 2022 på 133 TWh. Fordi fjellområda i Noreg inneheld ein stor del av vassressursane i landet og er godt eigna for vasskraftproduksjon, finn vi mange av dei store vasskraftutbyggingane i høgfjellet. Vindkraft og solkraft er i liten grad bygd ut i desse områda.

Energisektoren påverkar villrein hovudsakleg gjennom oppdemming av vassdrag og bygging av kraftleidningar som hindrar dei funksjonelle trekkpassasjane til reinen. I tillegg blir anleggsvegar til utbygging av vasskraft nytta som utfartsårer av mellom anna fotturistar, jegerar og fiskarar, noko som fører til auka menneskeleg aktivitet som påverkar villrein. Ved eldre kraftutbyggingar er det òg bygd mange hytter langs anleggsvegane langt innover i snaufjellet. Reguleringsmagasina legg til rette for trafikk med fritidsbåtar lenger innover i fjellet enn kva som opphavleg var mogleg.

Av villreinområda er det dei nasjonale villreinområda Setesdal Ryfylke, Nordfjella, Snøhetta og Hardangervidda som er mest påverka av vasskraft- og energianlegg. I desse villreinområda utgjer vasskraftmagasina om lag 2–5 prosent av det totale villreinarealet, og i enkelte av områda er det også fleire hundre kilometer med kraftleidningar (sjå tabell 7.1). Klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at ei rekkje sentrale trekkpassasjar i desse villreinområda er hindra som følgje av kraftutbygging. Saman med særleg anna infrastruktur og menneskeleg ferdsel er dette ei av hovudårsakene til at dei nemnde villreinområda blir klassifiserte som område med dårleg kvalitet. Enkelte stader, som ved Aursjømagasinet i Snøhetta og Blåsjømagasinet i Setesdal Ryfylke, utgjer magasin, anleggsvegar og kraftleidningar nær totale barrierar som hindrar sentrale trekkpassasjar og fører til at villreinen har mista tilgangen til viktige funksjonsområde.

Tabell 7.1 Tabellen viser kor mykje av dei nasjonale villreinområda som er påverka av vasskraftmagasin (km2) og kraftleidningar (km), og kor stor del av dei nasjonale villreinområda som i dag er regulert som vassmagasin (prosent).

Villreinområde

Vassmagasin (km2)

Kraftleidning (km)

Del av areal beståande av magasin (prosent)

Setesdal-Ryfylke

336

506

4,3

Setesdal-Austhei

52

67

2,1

Hardangervidda

201

202

2,3

Nordfjella

173

319

5,3

Reinheim-Breheim

68

63

1,1

Snøhetta

62

126

1,7

Rondane

5

78

0,1

Sølnkletten

0

34

0

Knutshø

22

8

1,1

Forrolhogna

6

44

0,2

I nyare tid har energi- og vassdragsstyresmaktene vore meir restriktive med å tildele konsesjon for prosjekt som kan komme i konflikt med villreinområde. I dei tilfella det ikkje har vore mogleg å seie nei til eit prosjekt, har Noregs vassdrags- og energidirektorat sett vilkår som tar omsyn til villreinen gjennom byggjefasen i samband med godkjenning av detaljplanar for eksempelvis bygging av nye kraftverk, kraftleidningar og rehabilitering av dammar. Det kan vere avgrensingar for når anleggsarbeid kan utførast, utarbeiding av støykart med tilhøyrande vurderingar, etablering av samarbeid med villreinforvaltning og stans av arbeidet dersom det blir nødvendig.

Hovudregelen for konsesjonar til vasskraft er at anleggsvegar skal kunne bli nytta av allmenta, med mindre Noregs vassdrags- og energidirektorat vedtar noko anna. Dei siste åra har Noregs vassdrags- og energidirektorat fatta vedtak om ferdselsrestriksjonar med omsyn til villrein i fleire saker, og det er også fleire saker til behandling der ferdselsrestriksjonar kan vere aktuelt.

I vasskraftkonsesjonar med moderne miljøvilkår har miljøstyresmaktene heimel i konsesjonsvilkåra til å påleggje konsesjonæren å undersøkje og setje i verk tiltak for å vege opp for negative verknader som kraftanlegga kan ha på villreinen. Det har vist seg vanskeleg å finne gode, bøtande tiltak utan at dette vesentleg råkar samfunnsnytta til vassdragsanlegga.

I dei siste vedtatte sakene om revisjon av konsesjonsvilkår for vasskraftreguleringar er det oppretta villreinfond der konsesjonæren betaler eit eingongsbeløp som kan bli nytta til å finansiere nødvendige utgreiingar og til å gjennomføre prioriterte bøtande tiltak i det aktuelle villreinområdet. Dei komande vilkårsrevisjonane vil kunne auke desse fonda.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Energi- og vassdragsstyresmaktene vil framleis vere restriktive med å gi løyve til å byggje eller utvide eksisterande energianlegg i dei nasjonale villreinområda fram mot 2050, slik det blir lagt opp til i dei regionale planane for dei enkelte villreinområda. Dei fleste av vassdraga som eignar seg for energiproduksjon, er allereie bygde ut, og det er få attverande vassdrag som kan utnyttast. Likevel kan høgfjellsområda i Sør-Noreg potensielt sett vere eigna for vindkraft- eller solkraftverk, og energistyresmaktene kan ikkje sjå bort ifrå at det blir fremja søknader om nye produksjonsanlegg eller kraftleidningar i dei nasjonale villreinområda fram mot 2050. Slike søknader er styresmaktene pliktige til å behandle. Konsesjon til vindkraft kan ikkje givast før det er vedtatt kommunal områderegulering. Det er særs streng praksis for å gi løyve til nye energianlegg i sjølve villreinområda. Dette gjeld også inngrep i randområde og bygdenære område dersom det ikkje blir tatt omsyn til villreinen. Anleggsverksemd inne i villreinområda vil likevel kunne skje i samband med vedlikehald og oppgradering av eksisterande tiltak, men tidsperioden for anleggsarbeidet vil så langt det lar seg gjere, måtte tilpasse seg etter korleis villreinen brukar området. Dette er særleg aktuelt for kraftleidningar, sidan mange av leidningane er gamle og truleg må reinvesterast fram mot 2050. I vurderinga vil omsynet til villreinen vege tungt.

I framtida skal energisektoren gå inn for å avgrense og kompensere for dei verknadene som dagens energianlegg har for villreinen. Ved å revidere vassdragskonsesjonar og etablere villreinfond vil energi- og vassdragsstyresmaktene kompensere for dei trekkhindera som energianlegga utgjer i dag. Det er viktig å sjå bøtande tiltak i lys av samfunnsnytta frå den noverande energiproduksjonen i fjellheimen i Sør-Noreg. Med eit aukande behov for fornybar energi og regulerbar kraft vil det truleg vere lite aktuelt å innføre omfattande tiltak som reduserer den fleksible og sikre kraftforsyninga som kraftanlegga bidrar til.

7.4.2 Samferdsel

Bruk og påverknad i dag

Somme overordna mål i samferdselssektoren har vore å styrkje kollektivtransporten, få betre tilgjengelegheit til Distrikts-Noreg og fremje ein meir effektiv godstransport. På grunn av topografiske forhold har det derfor vore nødvendig gjere inngrep knytte til samferdsel i villreinområda.

Samferdselssektoren påverkar villreinen hovudsakleg gjennom offentleg veg og jernbane, som i hovudsak påverkar villrein på to måtar. For det første utgjer sjølve vegen/bana og trafikken her ein barriere for vandringa til villreinen. For det andre skaper menneskeleg aktivitet i nærområda til veg og jernbanestasjonar auka ferdsel inn i villreinområda, som gjer at villreinen vik unna desse områda. Parkeringsplassar langs vegar, jernbanestasjonar og liknande fungerer også som innfallsportar for ferdsel inn i villreinområda.

Av villreinområda er det dei nasjonale villreinområda Rondane, Snøhetta, Knutshø, Hardangervidda, Nordfjella og Setesdal-Ryfylke som er mest påverka av samferdsel. Offentleg veg og jernbane er ei hovudårsak til at leveområda til villreinen er delte opp i dei administrative villreinområda vi har i dag. Klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at veg og jernbane har fragmentert leveområda til villreinen, i tillegg til auka ferdsel inn i villreinområda (sjå også kapittel 7.4.4).

I enkelte område utgjer veg ein tilnærma totalbarriere for villrein. Det er særleg har E136, E134, E16, E6, riksveg 9 og riksveg 7 som har hindra villreinen i å vandre mellom ulike villreinområde.

Når det gjeld jernbane, har særleg Bergensbana og Dovrebana hatt innverknad på villrein. Dovrebana går parallelt med E6 over fjellet og utgjer dermed ein dobbel barriere for reinstrekket. Bergensbana kryssar område på Hardangervidda som blir nytta av villrein.

Forsking viser til at utbygginga av «tung» nasjonal infrastruktur i randsoner av villreinområda, inkludert jernbanestrekninga mot Nordfjella, har redusert viktige sesongtrekk mellom viktige funksjonsområde for villrein.10 Dovrebana kryssar område som er nytta av villrein. I Hjerkinn-området har barriereeffekten av veg og jernbane ført til at villreinen har slutta å bruke ei tidlegare veldokumentert trekkrute.11

Det har totalt sett vore få villreinpåkøyrsler på veg og jernbane. Dei fleste påkøyrslene har skjedd på Rørosbana, mellom Hanestad og Alvdal.

I alle driftskontrakter er det i ytre miljø-planane krav om miljørisikovurdering av villreintrekk. Tiltak som kan minimere dei negative effektane av veg, er å minimere brøytekantar for å hindre at villreinen blir skada ved kryssing, eller for å gjere det mogleg for dyra å krysse vegen. Det er stoppforbod på enkelte strekningar for at det skal bli minimalt med ferdsel og forstyrringar i område ved vegen.

Sidan stortingsvedtaket i 2003 om å vinterbrøyte riksveg 7 over Hardangervidda har Statens vegvesen hatt ein avtale med Miljødirektoratet om å stenge vegen når villrein nærmar seg, dersom det oppstår ein situasjon der vegen kan hindre eller forstyrre villrein på trekk. Fordi det braut ut skrantesjuke i Nordfjella villreinområde, og fordi sjukdommen blei påvist på Hardangervidda, er no avtalen midlertidig ute av kraft, ettersom det ikkje er ønskjeleg med utveksling av dyr mellom villreinområde av omsyn til smittefaren.

I vurderinga om å stenge vegar vurderer ein også dei samfunnsmessige konsekvensane av stenging. Statens vegvesen har deltatt i fleire merkjeprosjekt både på Hardangervidda og i Setesdal-Ryfylke-heiene, der villrein har fått på GPS-sendarar, slik at ein kan ha oversikt over bevegelsane til villreinen. Dette har vore viktig for at ein skal kunne ha eit effektivt regime for å stenge trafikken når reinen har sett ut til å ville krysse riksveg 7, og for at ein skal kunne vurdere kva effekt trafikk og ferdsel har på villreinen.

Boks 7.1 Vinterstengde vegar – fylkesveg 2814 over Imingfjell

Vegar kan fungere som fullstendige barrierar for villrein på vandring. Hardangervidda er Noregs største villreinområde, og fleire vegar har stor effekt på arealbruken og trekkmoglegheitene til villreinen her. I nordaust ligg det to område som historisk har vore viktige vinterbeite, men som er avskorne av veg og utbygging: Dagalitangen og Lufsjåtangen. Dagalitangen er i dag rekna for å vere tapt som villreinareal. Lufsjåtangen er også sterkt bygd ut ved Imingfjell, først gjennom reguleringa av Sønstevatn og framføringa av veg over fjellet, seinare med omfattande hyttebygging på begge sider av fjellet. Alle desse faktorane gjer det svært vanskeleg for villreinen å trekkje ut og bruke områda på Lufsjåtangen. Fylkesveg 2814 over Imingfjell er derfor stengd av omsyn til villrein i perioden mellom 30. november og 1. april (eller til påske når påsken fell i mars). Vegen har likevel også blitt stengd tidlegare på hausten, mellom anna 30. oktober i 2023. Villreinstammen på Hardangervidda har vore overvakt med GPS-sendarar sidan 2001. Resultata viser at villreinen kan krysse fylkesveg 2814 i periodar når vegen er stengd, og at villreinen i slike tilfelle har vinterbeite av god kvalitet på austsida av vegen.

Figur 7.4 Kart som viser sårbart villreintrekk(grøn pil) over fylkesveg 2814 (raud strek) ved Imingfjell.

Figur 7.4 Kart som viser sårbart villreintrekk(grøn pil) over fylkesveg 2814 (raud strek) ved Imingfjell.

Figur: Norsk villreinsenter / Norsk institutt for naturforvaltning.

Bygginga av Finsetunnelen på Bergensbana har hatt ein positiv effekt på villreinen fordi rein frå Nordfjella sone 2 har begynt å trekkje over tunneltaket og dermed tatt i bruk igjen det gamle trekket over til Hardangervidda (sjå meir om dette i boks 7.2). Men ut frå det forventa investeringsnivået for riksvegar er det i dag lite rom for å leggje hovudvegar i tunnel for å forbetre leveforholda for villreinen. Ein av grunnane til at det blei gjennomført konseptvalutreiing (KVU) for Riksveg 7 over Hardangervidda, var at ein ville greie ut korleis riksveg 7 kunne utviklast for å betre forholda for villreinen. Regjeringa konkluderte ut frå KVU-en i 2022 med at det foreløpig ikkje er aktuelt å gjere større veginvesteringar på riksveg 7.

Boks 7.2 Finsetunnelen

Områda mellom Hardangervidda og Nordfjella var i historisk tid eit viktig område for villreinen, men har gått ut av bruk fordi infrastruktur for samferdsel har hindra villreinvandringane. I lang tid var områda mellom riksveg 7 og Bergensbana utan kjend bruk av villrein. Då ein vedtok å byggje Finsetunnelen, var det både for å lette drifta av togtrafikken på Bergensbana og for å redusere barriereeffekten som togtrafikken hadde på villrein. Finsetunnelen er omtrent 10 km lang og stod ferdig i 1993. Villreinen har i ettertid brukt tunneltaket som vandringsområde, og villrein frå Nordfjella har i løpet av dei siste 10–20 åra tatt i bruk området sør for jernbana. Det er laga planar om ein tilsvarande tunnel på riksveg 7, også her med argument om å forbetre og skape sikrare samferdsel, samtidig som det er eit tiltak som er forventa å ha positiv effekt for villrein.

Figur 7.5 Kart som viser sårbart villreintrekk (grøn pil) over Finsetunnelen (grøn strek).

Figur 7.5 Kart som viser sårbart villreintrekk (grøn pil) over Finsetunnelen (grøn strek).

Figur: Norsk villreinsenter / Norsk institutt for naturforvaltning.

Statens vegvesen tar omsyn til villrein ved bygging, drift og vedlikehald av strekningar og anlegg på dei nasjonale turistvegane, som er 18 utvalde køyreruter som skal bidra til å styrkje Noreg som reisemål. Det er fleire strekningar på dei nasjonale turistvegane som ligg i villreinområde eller i nærleiken. Innanfor tre av strekningane har det vore behov for tiltak for å hindre konflikt med villrein: Hardangervidda, Gamle Strynefjellsvegen og Venabygdsfjellet. Aktuelle tiltak har vore å stenge eller på andre måtar avgrense tilgangen for dei reisande, mellom anna ved å hindre moglegheita for overnatting med bubil eller i enkelte tilfelle ikkje å gi bussar tilgang til å køyre delar av strekninga. På fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet er det innført stopp- og parkeringsforbod i perioden rundt 1. november til 1. mai, for å hindre at vegen blir brukt som utgangspunkt for skiturar ut i villreinområdet.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Standarden på det eksisterande hovudvegnettet vil bli høgare fram mot 2050, gjennom mellom anna kurveutretting, utbetring av sideterreng og tilrettelegging for høgare hastigheit. Hovudvegnettet vil dermed få ein sterkare barriereeffekt.

Auka trafikk fram mot 2050 vil også bidra til å forsterke barriereeffekten av vegen, i tillegg til at det vil kunne føre til meir stopp langs vegane og auka ferdsel inn i villreinområda. Dette vil vere negativt for villreinen.

Det kan vere positivt med nye hovudvegtrasear gjennom villreinområde dersom dei nye traseane er tilpassa reinen sin bruk av områda, og dersom gamle trasear blir lagde ned. Dersom hovudvegane blir lagde i tunnel i for staden for å gå gjennom viktige trekkvegar for villreinen, vil det ha ein ytterlegare positiv effekt. Alle tunnelar vil samstundes ha nedetid, og då er det viktig at omkøyringsvegane er tilpassa villreinen sin bruk av områda. Det er òg viktig å ha styring på ferdsel og menneskeleg aktivitet, slik at ikkje reinen blir hindra i å trekkje over tunneltaka.

Nedlegging eller stenging av hovudvegar i periodar er omfattande prosessar. Både privat og offentleg sektor har tilpassa aktiviteten etter det etablerte vegnettet, og nedlegging eller ekstra stengingar vil ofte ha store negative konsekvensar for samfunnet. Derfor er det ønskjeleg, fram mot 2050, å finne gode og langsiktige løysingar med minst mogleg negative konsekvensar for både villreinen og samfunnet.

7.4.3 Busetnad og fritidsbustader

Bruk og påverknad i dag

Fritidsbustaden er viktig for mange nordmenn. Det er ein stad for avkopling frå kvardagen og eit utgangspunkt for friluftsliv i andre omgivnader enn dei vi har heime. Fritidsbustader er viktige for mange kommunar i eit nærings- og samfunnsperspektiv. Bygging av fritidsbustader kan gi lokale arbeidsplassar og styrkje grunnlaget for fast busetnad. Vedlikehald og oppgradering av eldre fritidsbustader gir også grunnlag for lokale arbeidsplassar.

Gjennom arealplanlegginga skal kommunane sikre berekraftig utvikling med ein god arealbruk i tråd med nasjonale forventningar (sjå kapittel 5.4).

Bygging av heilårsbustader påverkar i dag i liten grad leve- og funksjonsområda til villreinen. Fritidsbustader påverkar villrein mellom anna fordi dei inneber ei direkte nedbygging av leveområda til villreinen, og dei blir då ein barriere for dyret. I tillegg til bygningane kan infrastruktur som veg, kloakkanlegg og straumnett også utgjere barrierar. Eigedommane og særleg vegane som er knytte til dei, skaper meir ferdsel og annan menneskeleg aktivitet i villreinområda, anten direkte frå bustadene eller på utfartsårene. Dette gjer at villreinen vik unna.

I dei 10 nasjonale villreinområda som er omfatta av regionale planar, har utviklinga i talet på fritidsbustader vore ulik, jf. tabell 7.3 og 7.4. Tal frå SSB viser at det i perioden 2016–2023 har vore ei auke på 1100 fritidsbustader (tabell 7.3) i villreinens leveområde slik det er avgrensa i Naturbasen, mens det innanfor områda som er definert som nasjonalt villreinområde i dei regionale planane, berre har vore ei auke på 4 fritidsbustader (tabell 7.2). Totalt er det i 2023 registrert 19 706 fritidsbustader i villreinens leveområde. Av desse ligg 3621 fritidsbustader i områda som er definert som nasjonalt villreinområde i dei regionale planane.

Tabell 7.2 Utvikling i talet på fritidsbustader innanfor områda som er avgrensa som nasjonale villreinområde i dei sju regionale planane for villreinfjella.

År

2016

2019

2023

Setesdalsheiene

662

643

636

Hardangervidda

798

828

839

Nordfjella

174

184

185

Ottadalsområdet (Reinheimen-Breheimen)

140

140

132

Rondane-Sølnkletten

833

827

824

Snøhetta-Knutshø

862

859

864

Forollhogna

148

151

141

Sum

3617

3632

3621

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Tabell 7.3 Utvikling i talet på fritidsbustader innanfor områda som er avgrensa som leveområde for villrein for dei ti nasjonale villreinområda i Naturbase.

År

2016

2019

2023

Setesdal-Ryfylke

2607

2760

3119

Setesdal-Austhei

2555

2575

2600

Hardangervidda

1715

1807

1859

Nordfjella

1183

1229

1251

Reinheimen-Breheimen

211

216

201

Snøhetta

481

475

478

Rondane

6845

6932

7055

Sølnkletten

575

591

602

Forollhogna

821

830

795

Knutshø

1613

1642

1746

Sum

18606

19057

19706

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Av villreinområda er det Rondane, Hardangervidda, Nordfjella, Snøhetta, Setesdal-Ryfylke, Brattfjell-Vindeggen, Fjellheimen og Sunnfjord som kan vere mest påverka av fritidsbustader. Klassifiseringane etter kvalitetsnorma for villrein viser at fritidsbustader med tilhøyrande ferdsel har ført til at villreinen sin bruk av trekkpassasjar og viktige funksjonsområde er redusert. Bygging av fritidsbustader er derfor ei viktig årsak til at desse områda er klassifiserte som område med dårleg kvalitet.

Det er utvikla ei rekkje rettleiingar og planverktøy for kommunane si planlegging av fritidsbustader, som er nærmare omtalte i kapittel 5.4. Desse rettleiingane og planverktøya vil kunne leggje til rette for ei meir berekraftig arealforvaltning i villreinfjellet.

Det er stor variasjon mellom kommunar i kva grad dei tar omsyn til villreinen i arealplanlegginga. Generelt sett kan det vere ulike utfordringar med arealplanlegginga til kommunane. Dette kan mellom anna ha å gjere med at fleire kommunar har avgrensa ressursar og/eller ikkje har tilstrekkeleg god plankompetanse, jf. evalueringa av plan- og bygningslova.12 I fleire tilfelle er det avdekt konsekvensutgreiingar med dårleg kvalitet, noko som også gjer det vanskelegare for kommunen å arbeide for ei berekraftig arealforvaltning. Det er også fleire tilfelle der kommunar tilsynelatande ikkje følgjer opp regionale planar for villreinfjella, ved ikkje å innarbeide arealsoner og retningslinjer frå dei regionale planane i dei juridisk bindande kommunale planane. Samordninga mellom kommunar som har areal i same villreinområda blir også opplevd som mangelfull. Situasjonen blir mindre føreseieleg fordi fleire av kommuneplanar ikkje er oppdaterte, og fordi vi får ny kunnskap om villrein som det ikkje er tatt omsyn til.

Tidlegare hyttebygging på 1950- og 60-talet, då konsekvensane for villreinen ikkje blei vektlagde, har også ført at ei rekkje hytter i dag har ei svært lite gunstig plassering med omsyn til villrein. I tillegg er det ein ikkje ubetydeleg del av hyttene som blir bygde i overgangssona mellom skog og snaufjell eller i snaufjellet.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

I nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 blir kommunane bedne om å vurdere om tidlegare godkjend arealbruk skal endrast av omsyn til klima, naturmangfald, kulturmiljø, jordvern, reindrift, klimatilpassing, samfunnstryggleik og eit formålstenleg utbyggingsmønster. Det er òg forventa at leveområda til villreinen skal bli sikra, og at vedtatte regionale planar for villreinfjella blir oppdaterte i samsvar med ny kunnskap og følgde opp i den kommunale planlegginga. Det er viktig å følgje opp desse forventningspunkta for at vi skal nå forvaltningsmåla for villreinen.

Fram mot 2050 vil det i liten grad vere bygging av heilårsbustader som påverkar villrein. Likevel kan det at stadig fleire fritidsbustader blir gjorde om til heilårsbustader, føre til auka påverknad på villrein.

Kommunar i heile landet har sett av store areal til ytterlegare hyttebygging i arealplanane sine. Dette kan gi eit estimat på kva ein kan vente av vidare utbygging fram mot 2050. På oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet har Norsk institutt for naturforskning (NINA) kartlagt tomtereserven for fritidsbustader i norske kommunar, det vil seie areal som er sett av til nye fritidsbustader i dei gjeldande planane.13 NINA konkluderer med at tomtereserven er på 1479 km2, som er nesten det same som det samla arealet til Rondane og Femundsmarka nasjonalparkar (1538 km2). Samla tomtereserve innanfor leveområda til villrein i Sør-Noreg er 109,2 km², noko som er 8 prosent av kjend arealreserve. Berekningsgrunnlaget og metoden er nærmare beskrivne i rapporten. Det er totalt 3293 planområde som ligg heilt eller delvis i leveområda til villreinen, definert som leveområde og funksjonsområde. Tyngdepunkta er i fylka Innlandet, Vestfold og Telemark og Agder (figur 7.6). Dersom dette arealet blir realisert til fritidsbustader fram mot 2050, vil det kunne få alvorlege konsekvensar for villreinen i desse områda.

Figur 7.6 Kartet viser samla overlapp mellom tomtereserve for fritidsbustader og villreinområde i dekar, aggregert på kommunenivå.

Figur 7.6 Kartet viser samla overlapp mellom tomtereserve for fritidsbustader og villreinområde i dekar, aggregert på kommunenivå.

Kjelde: NINA Rapport 2171. Kartlegging av tomtereserver for fritidsbolig i Norge.

7.4.4 Friluftsliv

Bruk og påverknad i dag

Eit av de nasjonale måla innanfor friluftsliv er at vi skal hegne om friluftslivet og utvikle det vidare ved å ta vare på allemannsretten, bevare og leggje til rette viktige friluftslivsområde og stimulere til meir friluftslivaktivitet for alle. SSBs siste levekårsundersøking (2021) viste at 82 prosent av den norske befolkninga hadde vore på fottur og 38 prosent på skitur dei siste 12 månadene.14 Mange av villreinområda er blant dei mest populære områda for ferdsel og friluftsliv.

Den største delen av ferdselen skjer til fots, og mellom 80–90 prosent av turgåarane følgjer i hovudsak merkte stiar og løyper.15 Mykje ferdsel langs stiar og løyper har i fleire tilfelle ført til at villreintrekka har stansa opp eller blitt kraftig svekte.

Kiting er ein «ny» ferdselsform som potensielt kan ha stor rekkjevidde, og det er mellom anna vist at villreinen kan reagere meir på kitarar enn på skigåarar.16 Mykje av aktiviteten med kiting går føre seg nær veg på fjellovergangar, og dette kan skape barrierar for trekka til villreinen.

Andre aktivitetar med aukande omfang som kan ha betydning for villrein, er køyring med hundespann og toppturar på ski. Sykling i naturomgivnader er ein stabil aktivitet på landsbasis, men bruk av el-sykkel er likevel ein aukande trend, også blant terrengsyklistane. El-syklar gir ei betydeleg auka rekkjevidde inn i villreinområda.

Summen av ulike former for aktivitet knytt til friluftsliv og ferdsel har i dag stor negativ effekt på villreinen i dei fleste nasjonale villreinområda samt i fleire av dei mindre områda. Det er klare teikn til at villreinen held seg unna på grunn ferdsel frå mange typar infrastruktur, mellom anna offentlege og private vegar, fritidsbustader, turisthytter, hotell, reiselivssenter og liknande. I tillegg kjem utviklinga av sti- og løypenett i villreinområda. Ferdsel er derfor ein viktig del av vurderinga i samband med dei fleste formene for menneskeleg påverknad som er nemnde i kapittel 7.4. Skal vi betre forholda som er knytte til ferdsel, er det viktig med ei meir heilskapleg planlegging og samordning og eit meir heilskapleg samarbeid i både offentleg og privat sektor, og mellom offentleg og privat sektor.

Figur 7.7 Villrein har samla seg nær ei merkt turløype.

Figur 7.7 Villrein har samla seg nær ei merkt turløype.

Foto: Sveinung Olsnes.

Friluftsliv og ferdsel skjer i alle villreinområda våre. Klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at ferdsel har fått villreinen til å slutte å bruke viktige trekkpassasjer og funksjonsområde. Ferdsel er også ein medverkande årsak til låge kalvevekter. Klassifiseringa av dei 14 ikkje-nasjonale villreinområda viser at ferdsel er ein årsak til dårleg kvalitet i mellom anna Brattefjell-Vindeggen, Fjellheimen og Sunnfjord.

Det finst eksempel på at aktiv tilrettelegging av ferdsel utanom viktige villreintrekk har ført til noko betring. Det er mellom anna vist at fjerning av merkinga av stiar i Rondane har ført til redusert ferdsel i viktige funksjonsområde for villreinen.17 Då turisthytta Breitjønnbu på Ringebufjellet blei flytt saman med det tilhøyrande løypenettet, tok villreinen relativt raskt opp att å bruke beiteområdet der hytta hadde lege (sjå også boks 7.3).18

Boks 7.3 Omlegging av hytte- og stinett i Rondane

Rondane er eit langt og smalt villreinområde der hovudutfordringa er utbyggingspress i randområda og omfattande ferdsel sommar som vinter. Her har to turisthytter med uheldig plassering blitt flytte, Breitjønnbu i 1996 og Gråhøgdbu i 2020. Prosjektet i 2020 kom i stand som eit spleiselag med midlar Fylkeskommunen fekk frå Miljødirektoratet, spelemidlar og eigne midlar frå DNT Oslo og Omegn. Hovudpoenget med å flytte desse hyttene og leggje om det tilhøyrande sti- og løypenettet har vore å flytte ferdsel og dermed forstyrringar frå sentrale område, ut til meir bygdenære område på vestsida av området. Erstatningshytter er etablerte meir bygdenært. I tillegg er det etablert ei preparert skiløype, «Troll-løypa», som har bidratt til å kanalisere ferdselen til utkanten av fjellområdet. Villreinen brukar i dag områda der gamle Breitjønnbu låg. Kva effektar flyttinga av Gråhøgdbu til den nye plasseringa (Veslefjellbua) har hatt, blir framleis overvakt ved hjelp av ferdselsteljarar og GPS-merkt villrein. Ferdselsteljarar viser at nedlegging av merkte stiar har vore effektivt, og at ferdselen i desse områda er redusert. Sjølve bygningen frå Gråhøgdbu er flytt til Maihaugen friluftsmuseum ved Lillehammer og blir i dag brukt som formidlingsarena for lokallaget til DNT. Ved den nye DNT-hytta er det laga ei eiga lita utstilling om flyttinga, og på dugnad formidlar lokallaget historia til hytta og kvifor ho blei flytt.

Figur 7.8 Kart som viser hyttane Breitjønnbu og Gråhøgdbu (raude prikkar) og to bygdenære erstatningshytter (grøne prikkar).

Figur 7.8 Kart som viser hyttane Breitjønnbu og Gråhøgdbu (raude prikkar) og to bygdenære erstatningshytter (grøne prikkar).

Figur: Norsk villreinsenter / Norsk institutt for naturforvaltning.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Det er mykje som tyder på at dagens omfang av ferdsel til fots i fleire av villreinområda blir oppretthalde eller aukar fram 2050, både langs eksisterande stiar, løyper og vegar og utanfor denne infrastrukturen. Dette kan påverke villreinen negativt i alle villreinområda, særleg fordi det vil forsterke uønskte endringar som arealunnviking eller stengde trekkpassasjar.

Talet på personar som driv med kiting i villreinområde, har auka det siste tiåret, og dersom dette held fram mot 2050, vil det forsterke dei negative konsekvensane for villrein.

Det er stor uvisse rundt bruken av ny teknologi framover mot 2050, og det er ny etterspørsel etter bestemde typar opplevingar. Både i Noreg og internasjonalt ser vi ein auke i salet av elektriske terrengsyklar. Vi må vente at terrengsyklistar på el-sykkel kjem til å ville bruke fjellområda meir. El-sykkel gir syklistane nye moglegheiter, og ein kan sykle fortare og lenger og forsere større høgdeforskjellar. Saman med stadig betre batteriteknologi gir det syklistane ei betydeleg større rekkjevidde, slik at dei kjem seg til fjerntliggjande stiar og inn i kjerneområda av fjellet.

Ei av dei største utfordringane for villrein i tida framover er knytt til den vidare utbygginga av ulike former for infrastruktur i randsonene til villreinområda. Denne utbygginga vil bidra til meir ferdsel inn i villreinområda. Den forventa utbygginga av fritidsbustader er særleg aktuelle i denne samanhengen, som vi har beskrive i kapittel 7.4.3. Dersom denne utbygginga held fram som i dag fram mot 2050, med påfølgjande aktivitet og ferdsel, vil dette kunne få store negative konsekvensar for tilstanden til villreinen.

Vidare tilrettelegging og kanalisering fram mot 2050 kan bidra til å redusere dei negative effektane av auka ferdsel langs stiar, løypar og vegar. Det same gjeld for bøtande tiltak knytte til infrastruktur som skaper ferdsel inn i villreinområda, og for bøtande tiltak mot den negative påverknaden frå ferdsel i oppfølginga av Handlingsplan for styrket forvaltning av verneområdene. Held denne aktiviteten fram som i dag, er han likevel ikkje tilstrekkeleg til å motverke den auka negative effekten av andre påverknader som skaper ferdsel i villreinområda.

7.4.5 Motorferdsel i utmark

Bruk og påverknad i dag

Motorferdsel i utmark er i mange tilfelle både nyttig og nødvendig, mellom anna i samanheng med jordbruk og skogbruk. Samtidig kan motorisert ferdsel i utmark føre til skadar og ulemper for natur og friluftsliv. Motorferdsel i utmark er derfor i utgangspunktet forbode etter motorferdsellova.

Motorferdsellova frå 1977 blei vedtatt på grunn av den store auken i motorisert ferdsel i utmark. Målet med lova var å regulere og avgrense den motoriserte ferdselen, og særleg å avgrense motorferdsel i utmark til formål og behov som har ein allment akseptert nytteverdi.

Omfanget av motorferdsel i utmark har auka mykje også etter at lova blei vedtatt, og dette gjeld både lovleg og ulovleg køyring.

Hovudutfordringa for villreinen er at motorkøyretøy har ei betydeleg auka rekkjevidde og kan ta seg inn i sesongbeiteområde der villreinen bør ha ro i kritiske periodar av året, slik som ettervinteren og i kalvings- og oppvekstperioden. Dersom det samla omfanget av ferdsel blir for stort, kan villreinen sky viktige funksjonsområde og trekkje til mindre gunstige område, der tettleiken av rein kan bli for stor i forhold til ressurstilgangen.

Det er ein del unntak frå forbodet mot motorferdsel i utmark, som i hovudsak er knytte til nyttekøyring. Ein del av unntaka frå forbod mot motorferdsel går direkte fram av motorferdsellova eller av forskrifta til lova.

I tillegg kan kommunen gi løyve eller dispensasjon frå forbodet til nærmare angitte formål. Kommunane har i aukande grad fått høve til å fastsetje rekreasjonsløyper for snøskuter, men i det gjeldande regelverket for dette er det ikkje høve til å leggje slike løyper inn i nasjonale villreinområde.

I nasjonalparkar og andre verneområde gjeld reglane i verneforskrifta for motorferdsel i tillegg til motorferdsellova. For dei fleste verneområda er motorferdsel forbode ifølgje verneforskrifta. Det er likevel gjort unntak for køyring til visse formål. I tillegg kan verneområdestyre (og på Hardangervidda tilsynsutval) dispensere frå forbod i forskriftene.

Klassifiseringane av villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser mellom anna at motorferdsel på ettervinter og vår på Hardangervidda, saman med annan ferdsel, blir rekna for å vere ein viktig årsak til at villreinen ikkje lenger brukar det tidlegare kalvingsområdet i nordvest.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Det er grunn til å tro at denne utviklinga vil halde fram mot 2050, sett i lys av den teknologiutviklinga og velferdsutviklinga som skjer i samfunnet. Truleg vil ein sjå stadig nye innretningar for ferdsel i naturen. Slik det har vore med utviklinga av el-syklar, vil slike innretningar kunne auke ferdselen til fjerntliggjande område. Teknologien vil truleg også bli meir miljøvennleg, for eksempel ved at innretningane er meir stillegåande og utsleppsfrie. Det er kommunane som i stor grad forvaltar arealbruken og omfanget av motorferdsel i områda sine. Det er derfor viktig at kommunane tar omsyn til den kunnskapen som finst om villrein, når dei skal ta avgjerder om motorferdsel.

Hausten 2021 blei det sett ned eit offentleg lovutval, motorferdsellovutvalet, som skal gå gjennom regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i det. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 21. mai 2024.

7.4.6 Reiselivsaktivitet i Noreg

Bruk og påverknad i dag

Villreinfjellet tiltrekkjer seg turistar frå heile verda. Fjellet, saman med mellom anna fjordlandskapet, har ein konkurransefordel i den internasjonale reiselivsmarknaden. Samtidig er naturopplevingar og friluftsliv i fjellet viktige reiselivsmål nasjonalt, og reiseliv knytt til opplevingar og aktivitet er ein veksande del av reiselivsnæringa. Det er ønskjeleg å stimulere til auka verdiskaping og sysselsetjing i reiselivsnæringa. Samtidig er det særs viktig å ta omsyn til naturen.

Reiseliv påverkar villrein gjennom aktivitetar og ferdsel i leveområda til villreinen. Derfor kan det i mange tilfelle vere vanskeleg å skilje dette frå den meir friluftsbaserte ferdselen som er beskriven i kapittel 7.4.4. Dei nasjonale turistvegane, slik beskriven i kapittel 7.4.2, er også ein viktig faktor som aukar reiselivsaktiviteten i villreinområda. Også utbygging av ulike former for infrastruktur innanfor villreinområda og i randområda, som hotell, alpinanlegg, gondolbaner, turstiar, sykkelvegar og liknande, bidrar til å skape auka ferdsel, i tillegg til at det kan skape fysiske barrierar for villrein. Det er kommunane som har ansvar for areal- og samfunnsutviklinga (sjå også kapittel 7.4.3), og dei skal sjå utviklinga av reisemåla og områdereguleringar i samanheng.

Boks 7.4 Reiseliv basert på jakt, landbruk og reindrift

Dei landbruksbaserte reiselivsbedriftene har utvikla seg mykje dei siste åra. Hovudvekta av landbruks- og tamreinbasert reiseliv per i dag er små og mellomstore familiebedrifter. Det vanlegaste tilbodet frå desse verksemdene er knytt til gardsmat, overnatting, servering og andre opplevingar og aktivitetar med utgangspunkt i landbrukseigedommen. Dei siste tiåra har ein sett eit skifte mot meir opplevingsbaserte produkt.

Sal av ulike jaktprodukt og viltkjøtt har stor økonomisk verdi for mange grunneigarar. Dette gjeld òg villreinjakt. Sett i samanheng med jaktturisme over landegrenser er villreinen ein eksklusiv viltart for Noreg, og det er betydeleg betalingsvilje i marknaden for jakt på villrein.

Det er ei målsetjing å auke verdiskapinga for mat- og reiselivsaktørar i landbruket og tamreindrifta. Denne utviklinga skal tuftast på berekraft som ein premiss og eit konkurransefortrinn. Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og utvikling er eit sentralt verkemiddel for å støtte opp om sterke mat- og reiselivsregionar.

Av villreinområda er det dei nasjonale villreinområda Rondane, Hardangervidda, Snøhetta og Setesdal-Ryfylke som er mest påverka av reiseliv. Klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at ulike former for menneskeleg aktivitet og ferdsel basert på reiseliv har ført til at villreinen ikkje brukar trekkpassasjar og enkelte viktige funksjonsområde like mykje som før, og at menneskeleg aktivitet og ferdsel er ei viktig årsak til at desse områda er klassifiserte som område med dårleg kvalitet.

Med aktiv tilrettelegging kan ferdsel frå reiseliv styrast utanom viktige funksjonsområde for villrein. Det er mellom anna gjort enkelte satsingar for å kanalisere organiserte turar og guiding vekk frå viktige bruksområde for villrein, for eksempel etableringa av moskusstien i Snøhetta (sjå også boks 7.5).

Boks 7.5 Moskusstien

Moskusstien ved Kongsvoll på Dovrefjell er eit eksempel på styring av ferdsel gjennom positiv tilrettelegging. Utfordringa her er at ferdsel i Stroplsjødalen og langs vegen inn til Snøheim turisthytte er barrierar for villreinen og seinkar reinen på trekket. I samband med restaureringa av Hjerkinn skytefelt blei Snøheimvegen stengd for allmenn ferdsel. Moskus er eit trekkplaster som skaper rikeleg ferdsel i området, både i samband med guida turar og folk som ønskjer å sjå dyra på eigen hand. I eit forsøk på å styre og redusere denne ferdselen blei det tilrettelagd ein eigen sti frå Kongsvoll til Grønbakken. Det er også sett opp informasjonsplakatar. Sommarsesongen 2023 har det vore ein informasjonsmedarbeidar til stades fem dagar i veka for å fortelje gjestene om naturverdiane i området og forklare dei kvifor dei bør halde seg til Moskusstien. Overvaking av ferdsel med ferdselsteljarar viser at Moskusstien har blitt eit populært tiltak, og at ferdselen i dei indre delane av Stroplsjødalen omtrent er halvert. Moskusstien har hatt effekt og er eit gode for dei som kjem og opplever han. Ferdselen ut frå Kongsvold og Grønbakken har likevel auka over tid, og i tråd med adaptiv forvaltning kan det vere nødvendig å ta i bruk fleire verkemiddel, som sonering, for å styre meir av den auka aktiviteten.

I nasjonalparkane skal det bli utarbeidd besøksstrategiar. Desse planane og dei regionale planane for villreinfjella vil vere viktige verktøy ved spørsmål om val av trasear for stiar og løyper og i saker som gjeld drift av turisthytter.

Programmet «Villreinfjellet som verdiskapar» har som mål å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, og det er særleg innretta mot ulike delar av reiselivet. Programmet skal medverke til at dei regionale planane for villreinfjella blir gjennomførte på ein god måte, og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper. Det er ein grunnleggjande føresetnad at prosjekt som får tilskot, ikkje skal føre til auka belastning på sårbare villreinområde.

Det er også autorisert ei rekkje besøkssenter som også skal formidle kunnskap om mellom anna berekraftig bruk av natur. Mange av desse sentra er knytte til eit villreinområde. Organiserte turar og opplegg/undervisning med naturrettleiar, kart med turforslag, informasjonstavler og godt merkte løyper er viktige tilbod til publikum og inkluderer omsyn til natur og mangfald. Fleire av besøkssentera har informasjon og undervisningsopplegg om villrein i tillegg til sine eigne tema.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Måla for reiselivsnæringa er at ho skal gi auka verdiskaping innanfor berekraftige rammer også fram i tid. Ein auke i besøk til naturen i Noreg fram mot 2050 kan gi ein viss risiko for auka tilstrøyming til villreinfjellet. Foreininga Noregs nasjonalparkkommunar har mellom anna som mål å stimulere til lokal verdiskaping og næringsutvikling med utgangspunkt i merkevara Noregs nasjonalparkar. Ein nasjonalparkkommune skal leggje aktivt til rette for besøkande som vil oppleve nasjonalparkane og områda rundt, og sørgje for at natur- og verneverdiar blir tatt vare på.

I tillegg foreslår reisemålsutvalet i NOU 2023: 10 Leve og oppleve – Reisemål for en bærekraftig fremtid tiltak for å redusere den innverknaden reiselivet har på klimaet og naturmangfaldet. Utvalet meiner at vi treng ei sterkare forvaltning av denne typen besøk i Noreg på grunn høgare besøkstal frå lokale og internasjonale besøkande over tid og den påverknaden det har på naturmangfaldet. Utvalet peiker òg på at verktøya som besøksforvaltninga har, må inn i lokalsamfunnsutviklinga, reisemålsutviklinga og natur- og kulturmiljøforvaltninga, og at verktøya må gjelde både i og utanfor verneområda. Utvalet foreslår mellom anna å sertifisere/autorisere organisert verksemd i nasjonalparkar og andre verneområde, å innføre konsesjonsordningar for kommersielle aktørar, og å halde kurs i besøksforvaltning i høgare utdanning, for kommunepolitikarar, forvaltningsorgan, verkemiddelapparat og reiselivsnæringa. Utvalet meiner at eit berekraftig reiseliv må skape verdiar og lønnsame bedrifter utan at det nødvendigvis kjem fleire besøkande.

7.4.7 Dyrehelse og dyrevelferd

Bruk og påverknad i dag

I Noreg er det eit mål at dyr skal bli handterte på ein forsvarleg måte, og at vi har best mogleg dyrevelferd. Det betyr mellom anna at dyra er frie for alvorlege sjukdommar og skadar, at dei ikkje har unødvendige lidingar, og at dei har tilstrekkeleg med gode leveområde som gir grunnlag for ei god dyrehelse. Nærvær av alvorleg meldepliktig sjukdommar kan ha store konsekvensar for villreinen, eller gi alvorleg sjukdom hos andre artar eller menneske.

Dyrevelferd heng saman med dyrehelse. Helsetilstanden til norske viltpopulasjonar er generelt god, men ulike former for menneskeleg påverknad inneber eit auka press, for eksempel auka ferdsel og arealinngrep i villreinområda. Det er gjort greie for dette tidlegare i kapittel 7.4. Generelt vil dårlegare forhold for villreinen gi dårlegare dyrevelferd og påverka sjukdomsutviklinga negativt. Mindre areal vil mellom anna føre til at dyra står tettare og får dårlegare tilgang på mat, noko som aukar faren for spreiing av sjukdommar. Klimaendringar kan òg påverke sjukdomsførekomsten i Noreg (sjå også kapittel 7.4.14).

Kortvarig auka stress i tilknyting til tiltak mot alvorlege sjukdommar må aksepterast dersom dette er med på å hindre spreiing av sjukdom. Tiltaket må i det enkelte tilfellet vegast opp mot dei konsekvensane sjølve sjukdommen utgjer.

Av villreinområda er det Hardangervidda, Nordfjella, Snøhetta, Knutshø, Skaulen-Etnefjell, Fjellheimen, Førdefjella og Svartebotnen som er mest påverka av dårleg dyrehelse og dyrevelferd. Dyrehelse og dyrevelferd er ei viktig årsak til at desse områda er klassifiserte som område med dårleg kvalitet.

Klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at meldepliktig sjukdom er ei medverkande årsak til at Nordfjella og Hardangervidda har dårleg kvalitet. Dette er som følgje av funn av klassisk skrantesjuke, som er ein av dei mest alvorlege sjukdommane vi nokon gong har hatt hos ville dyr i Noreg. Det finst inga behandling for sjukdommen, som alltid er dødeleg for dyr som er smitta. Klassisk skrantesjuke blei påvist i Noreg for første gong i 2016 i Nordfjella. For at ein skulle få bukt med sjukdommen, blei heile bestanden i Nordfjella sone 1 tatt ut. Klassisk skrantesjuke er seinare påvist to gonger hos villrein som er felt under jakt på Hardangervidda i høvesvis 2020 og i 2022. Det er eit nasjonalt mål å avgrense og om mogleg utrydde skrantesjukesmitte her i landet. Dette vil også kunne gjelde andre hjortedyrbestandar.

Figur 7.9 For at ein skulle få bukt med sjukdommen, blei heile bestanden i Nordfjella sona 1 tatt ut.

Figur 7.9 For at ein skulle få bukt med sjukdommen, blei heile bestanden i Nordfjella sona 1 tatt ut.

Foto: Petter Braaten.

Fotråte er påvist i fleire villreinstammar i Noreg sidan den første registrerte førekomsten i Rondane i 2007. Utbreiinga ser ut til å auke, og Veterinærinstituttet har derfor blitt meir merksame på denne sjukdommen. Per juli 2020 er det registrert tilfelle i Rondane, Nordfjella, Forollhogna, Snøhetta, Knutshø, Hardangervidda, Setesdal-Ryfylke og Reinheimen-Breheimen. Den alvorlege sjukdommen er dermed påvist i 8 av dei 24 villreinområda i Noreg. I tillegg har Veterinærinstituttet påvist fotråte i den viltlevande reinstammen i Rendalen.

Høg parasittbelastning kan føre til avmagring hos villreinkalvar. Svelgbrems, hudbrems og hjernemark er alvorlege parasittar hos villrein. Parasittutviklinga i miljøet om sommaren er svært temperaturavhengig. Eit forskingsprosjekt viser at villrein i Knutshø, Forollhogna og Nordfjella villreinområde har ein høgare førekomst av saueparasittar (sjå også kapittel 7.4.9), mellom anna rundormen Nematodirus battus. Dette er ein framand art som vart importert til Noreg med sau på 1950-talet, og som sidan har spreidd seg til sauebesetningar over heile landet. Parasitten kan gi sterk diaré, redusert vekst og i alvorlege tilfelle auka dødelegheit hos lam. Undersøkingar viser at det er auka førekomst av denne parasitten ved salteplassar. Sau blir vaksinert mot parasitten, men dette er ikkje mogleg med villrein. Det er grunn til å tru at saueparasitten òg kan vere ei årsak til redusert kalveproduksjon og låge slaktevekter i Knutshø villreinområde. Ved å vaksinere sau før beiteslepp, kan parasittbelastninga reduserast.

Også Snøhetta og Hardangervidda har dårleg kvalitet, mellom anna på grunn av låge kalvevekter. Årsaka ser ut til å vere tidlegare overbeite, ferdsel og ulike former for fysiske inngrep som har avgrensa villreinen sitt leveområde eller moglegheita for å trekke mellom ulike område.

Blant villrein i Langfjella er det dokumentert omfattande gevirgnaging mens geviret enno sit på dyra. Dette er eit fenomen som det blei referert til i ein fagjournal i 1973, men det ser ut til å ha auka i omfang dei seinaste tiåra. Nivåa på gnaging er høgast på Hardangervidda og i Nordfjella. Det er mistanke om at dette kan komme av mineralmangel, men det er så langt liten kunnskap om dette.

Klassifiseringa av dei 14 ikkje-nasjonale villreinområda viser at Skaulen-Etnefjell, Fjellheimen, Førdefjella og Svartebotnen har dårleg kvalitet mellom anna på grunn av lite genetisk variasjon. Det kjem lite nytt genetisk materiale til områda.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Det er stor usikkerheit knytt til den vidare utviklinga av dyrehelse og dyrevelferd fram mot 2050. Klimaet er i endring, og ein kan rekne med fleire inngrep i leveområdet til villreinen, så det er sannsynleg at presset på villrein frå sjukdommar og parasittar vil auke.

Dersom klassisk skrantesjuke ikkje blir nedkjempa, vil det få store konsekvensar for dyrehelsa, natur, kultur og næring. Konsekvensen av ei spreiing av sjukdommen kan føre til at Noreg ikkje lenger har ein berekraftig villreinstamme som kan forvaltast og ivaretakast. I tillegg vil ei vidare spreiing kunne få konsekvensar for andre hjorteviltartar, også i andre land i Europa, og for tamreinnæringa.

Det er også fleire alvorlege sjukdommar som kan ramme villrein, for eksempel munn- og klauvsjuke, miltbrann, rabies, brucellose og blåtunge. Desse sjukdommane har vi ikkje i Noreg i dag.

Ei anna utfordring er auka omfang av parasittar, både parasittar som finst i miljøet i dag, og nye parasitter som kan spreie seg til nye område. Med eit varmare klima vil flått og insekt som hjortelusflue, brems og andre parasittar kunne bli eit aukande problem. Ein studie frå 2014 og 2015 tyder mellom anna på at ein varm sommar kan gi høge belastningar med brems og hjernemark, og at dette kan føre til avmagring og potensielt død blant villreinkalvar. Dette viser korleis klimaendringar med auka sommartemperaturar kan påverka villreinen negativt.

7.4.8 Jakt på villrein

Bruk og påverknad i dag

Formålet med jakt er å hauste av viltproduksjonen, til gagn for landbruksnæringa og friluftslivet, innanfor ramma av viltlova og naturmangfaldlova. Jakt er òg det primære verkemiddelet for å forvalte villreinen i samsvar med beitegrunnlaget og for å oppretthalde sunne og friske bestandar i alle norske villreinområde.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå jaktar om lag 8000–9000 jegerar på villrein kvart år. Desse jegerane har i dei siste fem åra felt mellom 4000 og om lag 5600 dyr i året. Fellingsresultatet varierer frå år til år og kjem an på bestandane i dei ulike villreinområda.

Som for annan hjorteviltforvaltning er det jegerane som står for jaktuttaket, og både jaktinnsats og seleksjon av dyr innanfor fellingsløyvet verkar inn på effekten av uttaket. Effektane av jaktseleksjon, det vil seie at jegeren vel kva for dyr som skal bli skotne, kan vere skeiv kjønns- og alderssamansetning eller endringar i arvelege eigenskapar i den attverande bestanden, men desse effektane er innfløkte å stadfeste. Jaktseleksjon kan likevel vere ein av fleire faktorar som ein må ta omsyn til i villreinforvaltninga.

Figur 7.10 Jakt er det viktigaste verkemiddelet for å sikre at talet på villrein ikkje overstig bereevna i villreinområdet.

Figur 7.10 Jakt er det viktigaste verkemiddelet for å sikre at talet på villrein ikkje overstig bereevna i villreinområdet.

Foto: Magnus Lunde.

Den offentleg fastsette jakttida for villrein i alle villreinområde er frå 20. august til og med 30. september, med visse unntak i samband med nedkjemping av skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda. I nokre villreinområde fastset rettshavarane ei kortare jakttid for å redusere den samla stressbelastninga på reinen.

Ferdsel i samband med villreinjakta, både sjølve jakta og uttransport av jaktutbytte, uroar villreinen fordi jegerane brukar terrenget på ein annan måte for å komme så nær villreinen at det er mogleg å skyte forsvarleg. Korleis jegerar og sjølve jakta forstyrrar villreinen, heng saman med mange faktorar, mellom anna jaktorganiseringa, talet på jegerar, topografien, storleiken på villreinområdet og vegdekning. Dei ulike villreinbestandane har også ulik innblanding av tamrein, og det er store forskjellar på kor redde dei er for menneskeleg ferdsel og påverknad. Jakta vil truleg forstyrre villreinen mindre i villreinområde med høg innblanding av tamrein og meir i område med låg eller inga innblanding av tamrein – andre faktorar like.

I mange område blir det nytta såkalla samjaktavtalar for at ein skal oppnå tilstrekkeleg stort jaktuttak. Dette inneber at eit jaktkort eller fellingsløyve som er skrive ut på eitt vald, òg kan nyttast på andre vald eller jaktfelt på nærmare fastsette vilkår. Ei utfordring med dette kan vere at talet på jegerar i same område til same tid kan bli for stort, og det er viktig å leggje vekt på erfaringskunnskap ved den privatrettslege fastsetjinga av slike reglar.

Av villreinområda er det Snøhetta, Hardangervidda og Sunnfjord som er mest påverka av jakt, mest fordi jakta og bestandane tidlegare ikkje har vore tilpassa beitegrunnlaget godt nok. Klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at bestandsstorleik og tidlegare overbeite kan vere medverkande årsaker til låge kalvevekter.

Fordi villreinen er eit nomadisk flokkdyr, kan organiseringa av jaktområde og tilrettelegginga for jaktutøvinga vere ein del av utfordringane, men òg ein del av løysingane for bestandsforvaltninga. Kunnskapen om villreinbestandane, med årvisse villreinteljingar, jegerobservasjonar, overvakingsprogram, kontroll og rapportering av individdata av alle felte villrein gir eit godt fagleg grunnlag for ei målretta og adaptiv bestandsforvaltning.

Utover dei krava som går fram av hjorteviltforskrifta, kan grunneigaren/kortutskrivaren – gjennom privatrettslege avtalar med jegerar som kjøper fellingsløyve på villrein – stille vilkår som kan dempe forstyrring og stress for villreinen under jaktperioden. Eit eksempel på dette er vilkår om kva tid jakta kan begynne på morgonen, og kva tid jakta skal avsluttast på kvelden. Slike vilkår har som eit viktig formål å gi reinen ro til beiting.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Jakt på villrein vil vere eit hovudverkemiddel i ei berekraftig bestandsforvaltning framover. Rekruttering av jegerar til villreinjakta er noko som alle aktørane i forvaltninga må leggje vekt på.

Organiseringa og ansvarsdelinga mellom ulike aktørar i den noverande villreinforvaltninga viser seg i store trekk å fungere godt, og det same gjeld utviklinga av kunnskapsgrunnlaget. Men dei stadig meir komplekse utfordringane i villreinfjellet gjer òg at ein kan vente høgare krav til kunnskapsgrunnlaget. Kvalitetsnorma for villrein, der alle 24 villreinområde vil bli klassifiserte kvart fjerde år, blir ein god reiskap for ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning framover. Det er likevel behov for meir spesifikk og forskingsbasert kunnskap på enkelte område, for eksempel kunnskap om dyrehelse og effektar av klimaendringar. Det vil òg vere viktig å vidareføre regionale prosjekt som kan følgje opp effektane av tiltaksplanane etter kvalitetsnorma, slik at vi får ei adaptiv forvaltning.

Miljødirektoratet er i gang med å lage ein ny strategi for forvaltning av hjortevilt som er venta å bli lagd fram i første halvår 2024. Strategien vil òg omfatte villrein. Arbeidet med å gå gjennom og modernisere viltlova vil leggje overordna rammer for den framtidige villreinforvaltninga.

7.4.9 Landbruk

Bruk og påverknad i dag

I villreinfjellet og dei fjellnære randområda finn vi landbruk i hovudsak i form av seterdrift, utmarksbeite og i nokon grad skogbruk.

Ressursutnytting og matproduksjon er grunnlaget for seterdrift og utmarksbeite i villreinfjellet. I Noreg er det eit ønskje om å bevare og vidareutvikle seterdrift som ein del av kulturarven og dei tradisjonelle næringsvegane våre. Seterkultur er no nominert til UNESCOs representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv. Når det gjeld utmarksbeite, er det også eit mål å sikre berekraftig utnytting av utmarka til beiteformål, samtidig som at kulturmiljø, landskap og naturmangfald blir tatt vare på.

Dei siste 20 åra er talet på aktive setre i Noreg omlag halvert. Uttaket av fôr frå villreinfjellet har minka mykje det siste hundreåret, men er framleis ein viktig ressurs for norsk jordbruk som sommarbeite. Dei siste 30 åra har talet på dyr i utmark vore nokolunde stabilt samla for landet, men utviklinga i fylka har vore ulik. Det meste av sauehaldet har til alle tider vore basert på utmarksbeite. Halvparten av grovfôrdelen i årsfôret kjem framleis frå utmark. Når det gjeld storfe, er det mange som legg tørrperioden for mjølkekyr til sommaren og sender dei eit par månader ut i utmark før ny kalving. Mange kviger og kalvar går òg i utmark.

Seterdrift og anna utmarksbeite skaper og held oppe spesielle natur-, kulturmiljø og landskapsverdiar. Beiting er mellom anna viktig for å motverke gjengroing. Men husdyr kan konkurrere med villreinen om beitegrunnlaget. Studiar frå Hardangervidda har vist at villrein og sau i løpet av sommaren overlappa med 60 prosent i val av beiteplanter og 76 prosent i val av plantesamfunn.19 Plantevalet er mykje likt, men reinen brukar i større grad marginale og høgtliggjande areal enn sauen.

Det blir drive skogbruk i alle kommunar som inngår i villreinområda. Skogbrukstiltak går føre seg på produktive skogareal som i hovudsak ikkje eller i mindre grad blir brukt av villrein. For hogst i fjellskogen, som kan vere meir frekvent brukt av villreinen, gjeld særskilde reglar i regionale vernskogføresegner. Det er meldeplikt på hogst i slik vernskog, og kommunen kan nekte hogst eller stille vilkår til hogstplanane.

Hogst gir meir lys til bakken og legg til rette for eit større beitegrunnlag som er viktig for særleg dei skoglevande hjorteviltartane. Om våren og utover sommaren er det vanleg at villreinbukkane i større grad brukar randområda i leveområdet, som først får næringsrike vårbeite. Det er forskjell på dei ulike villreinbestandane i kor stor utstrekning dei brukar skogen gjennom året. Villreinen i Sølnkletten og i Rondane er eksempel på bestandar som gjerne brukar skogen gjennom større delar av året. Desse villreinområda ligg i ein del av landet som òg har stor skogbruksaktivitet, noko som kan tyde på at påverknaden av skogbruk på villreinen truleg er liten.

I tillegg til at skogsvegane og andre landbruksvegar er avgjerande for at ein skal kunne drive eit lønnsamt skogbruk, og for at ein skal kunne halde fram med seterdrift og utmarksbeite, er dei òg mykje brukte ferdselsårer for allmenta til rekreasjon, jakt og fiske og anna ferdsel og friluftsliv. Både skogsvegar og andre landbruksvegar kan, utover transport til næringsformål, gi lettare tilgang til villreinfjella for ferdsel. Private skogsvegar er likevel som hovudregel stengde med bom for at omfanget av motoriserte køyretøy skal minimerast. Det blir òg lagt til grunn at kommunen kan ta omsyn til villrein i saksbehandlinga av søknader om bygging av landbruksvegar etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar der dette blir vurdert som naudsynt.

Av dei nasjonale villreinområda er det Knutshø som er mest påverka av landbruk. Klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at beitekonkurranse med husdyr kan vere ein medverkande årsak til låge kalvevekter.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Norske styresmakter har eit mål i jordbrukspolitikken om å stimulere til auka bruk av utmarksressursane.

Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon samtidig som beiting òg bidrar til vedlikehald av eit ope og artsrikt kulturlandskap. Av Hurdalsplattforma går det fram at regjeringa vil gjere følgjande:

«Sørgje for betre berekraft i landbruket gjennom auka bruk av utmarksbeite, setring, klimatilpassing, investering i jord og etablering av eit nasjonalt senter for fjellandbruk.»

Når det gjeld seterdrift, er det ei forventning om at denne held seg stabil fram mot 2050.

Skogen er ein fornybar ressurs som vil bli viktig for grønt skifte i norsk økonomi og for at vi skal nå norske klimaforpliktingar fram mot 2050. Det er potensial for å nytte større delar av den produktive skogen innanfor miljømessig akseptable rammer. Hurdalsplattforma har høge ambisjonar om at skogen og norsk tømmer skal bidra til meir verdiskaping og sysselsetjing i Noreg, mellom anna gjennom auka vidareforedling og utbetring av skogsvegnettet. Auka skogbruksaktivitet vil truleg ikkje føre til større utfordringar for villreinen.

7.4.10 Reindrift

Bruk og påverknad i dag

Reindrift er ein viktig del av samisk kulturutøving og identitet i Noreg. Reindrift er også ei viktig inntektskjelde for både samiske og ikkje-samiske reindriftsutøvarar. Det er eit mål å sikre ei berekraftig utnytting av reindriftsressursane og samtidig ta omsyn til reindrifta si kultur og tradisjon, samt ta vare på miljø og naturmangfald.

I reindriftslova § 8 er det slått fast at konsesjon ikkje bør givast til reindrift i villreinområde. Bakgrunnen for dette er nettopp ønsket om å unngå samanblanding av villrein og tamrein, noko som blir sett på som uheldig.

Det blir drive samisk reindrift i det vesentlegaste i fjell- og utmarksområda i Troms og Finnmark, Nordland og Trøndelag og i delar av Møre og Romsdal (gjeld Trollheimen) og Innlandet fylke. Sjå mellom anna figur 7.11.

I Nord-Gudbrandsdal og Valdres er det fire reinlag som utøver ei ikkje-samisk reindrift – Lom Tamreinlag, Vågå Tamreinlag, Fram Reinlag og Filefjell Reinlag. Desse fire reinlaga ligg utanfor det samiske reinbeiteområdet og blir drivne med konsesjon etter reindriftslova § 8. Generelt nyttar ein kystnære høgfjellsområde i nordvest som barmarksbeite og meir kontinentale og lågareliggjande fjell- og skogområde i søraust som vinterbeite. Det blir gjort sesongmessige flyttingar mellom beiteområda om våren og om hausten og tidleg vinter. Reinlaga Lom, Vågå, Fram og Filefjell har beiteområde som grenser mot villreinområde. Dette gjeld Reinheimen-Breheimen, Vest-Jotunheimen, Lærdal-Årdal og Nordfjella.

I tillegg til dei fire ordinære reinlaga kjem Rendal renselskap i Innlandet og Hardanger og Voss Reinsdyrlag i Vestland. Verksemda i desse laga er ein mellomting mellom tamreindrift og villreinforvaltning. Denne reinen er umerkt og beitar på nærmare avgrensa område, og blir nytta gjennom jakt. Beiteområdet til rendalsreinen grensar direkte til Tolga Østfjell villreinområde, og det er i hovudsak dei same dyra som nyttar begge områda. Reinen skiftar derfor status frå tamrein til villrein når han trekkjer nordover og kryssar grensa til Tolga kommune. Rendalen renselskap har fått ny konsesjon frå Landbruks- og matdepartementet til å halde fram med denne driftsforma fram til 2036.

Figur 7.11 Område i Noreg med tamrein (blå) og villrein (grøn).

Figur 7.11 Område i Noreg med tamrein (blå) og villrein (grøn).

Kjelde: Miljødirektoratet.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Fram mot 2050 vil det bli lagt vekt på å vareta villreinen og å leggje til rette for ei positiv utvikling av tamreindrifta gjennom god samhandling mellom lokale brukarar og dei respektive forvaltningsstyresmaktene. Det er viktig at det blir tatt omsyn både til villreininteressene og tamreindriftas interesser når konsekvensane av tiltak blir vurdert. For å sikre sameksistens er det viktig med god dialog og kunnskapsutveksling. Samtidig vil det vere behov for ein stor innsats for å redusere risikoen for spreiing av sjukdom mellom tamrein og villrein, for eksempel skrantesjuke. Meir samarbeid mellom reindriftsnæringa, forskingsmiljøa og styresmaktene vil kunne bidra til at det blir utvikla meir effektive tiltak for å beskytte både villreinområda og tamreinområda og sikre at desse kan eksistere side om side også i framtida.

7.4.11 Forsvar

Bruk og påverknad i dag

Det grunnleggjande oppdraget til forsvarssektoren er å forsvare Noreg. Forsvaret skal sikre nasjonalt sjølvstende og politisk handlefridom. Forsvaret av landet og tryggleik for befolkninga er ei av de viktigaste oppgåvene til staten. Forsvaret må trene og øve i realistiske omgivnader for å kunne halde oppe den beredskapen og kompetansen som må til i politisk vedtatte oppdrag.

Forsvaret har retningslinjer for miljøstyring som gir ansvar, oppgåver og føringar til etatane i forsvarssektoren. Retningslinjene skal sikre at miljøpolitikken til regjeringa blir følgd opp i samsvar med sektoransvaret, og at ein overheld den nasjonale og internasjonale miljølovgivinga. Sjølv om ein ikkje kan unngå belastning heilt, er det viktig å redusere belastningane ved å vere miljøbevisst når ein planlegg og gjennomfører aktivitetar.

Verksemda til forsvarssektoren kan påverke villrein og villreinområde gjennom skyteøvingar i skyte- og øvingsfelt som ligg i randsona av eit villreinområde, verksemd og drift av særskilde militære installasjonar, øvingar i vinterhalvåret og lågtflyging. Påverknadsanalysane for villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser likevel at forsvarssektoren ikkje er eit stort problem for villrein.

Forsvarssektoren har fire aktive skyte- og øvingsfelt eller skytebaner som ligg inne i eller i randsona til område definert som leveområde for villrein. Haltdalen ligg med delar av blindgjengarområdet innanfor Forollhogna villreinområde, Lieslia ligg med øvre delar av faresona til skytefeltet innanfor Reinheimen-Breheimen villreinområde, Geiskelid og Bykle skytebane blir brukt av Heimevernet og ligg heilt innanfor Setesdal Austhei villreinområde. Dette er tre nasjonale villreinområde. Mjølfjell ligg innanfor Raudafjell villreinområde. Skytefelta kan påverke omgivnadene med noko støy og aktivitet, men dei ligg i hovudsak i randsona av dei nasjonale villreinområda.

Forsvarsbygg driftar fire særskilde installasjonar innanfor villreinområda. Desse er Forsvarets attverande kommunikasjonsanlegg ved Hjerkinn, eit kommunikasjonsanlegg ved Finse, eit demoleringsanlegg for ammunisjon i Øyradalen i Lærdal i Nordfjella, og ei sikringshytte for Heimevernet ved Storenos i Setesdal Vesthei. Desse har avgrensa påverknad på villrein, men drift av installasjonane vil inkludere inn- og uttransport av personell og utstyr i periodar. Ved demoleringsanlegget i Øyradalen vil det òg vere flammar og støy til visse tider når ammunisjonen blir sprengd. Ved Forsvarets attverande anlegg ved Hjerkinn har ein saman med statsforvaltaren utvikla rutinar for varsling til Statens Naturoppsyn når ein har transport til og frå anlegget.

Sjå figur 7.12 med kart over Forsvarets anlegg i villreinområda.

Figur 7.12 Forsvarets anlegg og villreinområde.

Figur 7.12 Forsvarets anlegg og villreinområde.

Kartlagreferansar: Miljødirektoratet og Forsvarsbygg.

Forsvaret må øve i høgfjellsområde i Sør-Noreg for å gi utdanning i overleving og vinterstrid, både til eigne styrkar og allierte. Forsvarets øvingar om vinteren i villreinområde vil i hovudsak vere soldatar på ski og truger, men nokre avdelingar kan òg droppe personell frå fly. Det kan av tryggingsmessige omsyn òg bli nytta eit fåtal snøskuterar eller beltevogner.

Dei avdelingane i Forsvaret som ferdast i område med villrein, er svært godt kjende med dei utfordringane villreinen har i dag. Forsvaret gjer tiltak, både under planlegginga og under gjennomføringa av øvingar, ut frå løpande informasjon om kvar villreinen står og bevegar seg. Denne informasjonen blir henta inn frå Statens naturoppsyn, lokale villreinområde og grunneigarar. Tiltak som Forsvaret gjer ved observasjon av villrein, er at aktiviteten blir stansa, den kursen ein går på, blir broten eller endra, og ein trekkjer ut av området. Desse tiltaka er fleksible og særleg viktige i kalvingstida. Avdelingane blir i tillegg rettleia i korleis dei skal opptre viss dei skulle møte på villrein.

Luftforsvaret har behov for å trene og øve i realistiske omgivnader for å kunne halde oppe den beredskapen og kompetansen som må til i politisk vedtatte oppdrag. Luftforsvaret øver på lågtflyging med helikopter over heile Sør-Noreg. Redningshelikoptera til luftforsvaret kan ha behov for trening og øving i villreinområde i nærleiken av basane Sola, Florø og Ørland. Luftforsvaret trenar og øver òg på kontraterroroperasjonar frå Rygge. Den sistnemnde aktiviteten kan i enkelte tilfelle komme borti isolerte villreinområde aust for vasskilet i Sør-Noreg og i området mellom Gudbrandsdalen og Østerdalen. Luftforsvaret følgjer verneforskriftene som seier noko om når lågtflyging er tillate. I nokre nasjonalparkar er det opna for at Forsvaret kan utføre nødvendig lågtflyging. Utanom i verneområda er det ingen særskilde reglar som beskyttar villrein i villreinområda mot aktivitetane til Forsvaret.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Fordi kapasiteten til Forsvaret skal styrkjast, er det målsetjingar om eit høgare aktivitetsnivå for å oppretthalde og styrkje den operative evna. Ein kan derfor fram mot 2050 vente noko auka bruk av øvingsområda. Sjølv om eit høgare aktivitetsnivå kan få konsekvensar for miljøet, er det ein ambisjon å skape best mogleg øvingsutbytte samtidig som ein unngår store, negative konsekvensar for miljøet.

Forsvaret skal derfor innrette styrkjeproduksjon, øving og operativ verksemd slik at dei negative effektane på omgivnadene blir så små som mogleg. Det gjeld både for aktivitet på eigedommane til forsvarssektoren og under øving og operativ verksemd på andre eigedommar. Sjølv om dei nemnde aktivitetane i sektoren kan påverke villrein, gjer ein fleire bøtande tiltak for å skåne naturgrunnlaget generelt og villreinen spesielt. Sektoren har i mange år jobba med å ta gode omsyn til natur før, under og etter trening og øving. Forsvarsbygg er for eksempel ferdig med Noregs største restaureringsprosjekt på Hjerkinn (sjå også kapittel 7.4.13). Tilrettelegging for villreinen på Dovrefjell var ein av dei viktigaste premissane for prosjektet. Dette er eit arbeid som gjekk sidan 2006, og som sektoren haustar mykje god erfaring frå. Erfaringar i sektoren tilseier at god planlegging, dialog og koordinering med forvaltninga ofte er nøkkelen.

Ein kan vente at dei nye F-35 kampflya vil ha noko lågare behov for øving på lågtflyging (under 300 meter) enn det F-16 hadde. Det vil kunne gi noko mindre bråk og forstyrringar frå desse flya fordi ein flyr høgare oppe i lufta.

Den erfaringa og informasjon som Forsvaret har om villrein, gjer at øvingane til Forsvaret, og då særleg marsj på ski og truger, vil ha ein avgrensa påverknad på villreinen.

Ved vidareføring av rutinar og bøtande tiltak er det grunn til å meine at påverknaden frå forsvarssektoren vil halde seg nokså låg fram mot 2050, sett opp mot den relativt avgrensa bruken av villreinområda. Med målsetjingar om noko høgare aktivitetsnivå i sektoren framover kan det også vere nyttig å innføre rutinar som styrkjer omsynet til villrein ytterlegare.

7.4.12 Mineralforvaltning

Bruk og påverknad i dag

Mineralverksemd omfattar leiting, undersøkingar, prøveuttak og mineralutvinning. Slik verksemd skjer i heile landet. Målet for mineralverksemda i Noreg er å leggje til rette for berekraftig og lønnsam utvinning av mineralressursar, samtidig som miljø og andre samfunnsmessige omsyn blir ivaretatt.

Mineralutvinning inneber bruk av maskiner til uttak av masser, lasting, transport og så vidare, og kan skape støy og anna forureining. Påverknaden varierer mellom uttak. Leiting og undersøkingar kan innebere bruk av drone, helikopter eller fly til målingar frå lufta, og undersøkingar inneber prøvetaking, gjerne med bruk av borerigg og motorisert transport.

Både leiting, undersøkingar, prøveuttak og utvinning kan påverke villrein og gjere at dyra skyr område mens aktivitetane blir gjennomførte. Mineralutvinning krev mellom anna arealavklaring etter plan- og bygningslova, driftskonsesjon eller løyve til prøveuttak og utsleppsløyve etter forureiningslova. Undersøkingar krev løyve til motorferdsel dersom undersøkaren skal bruke motorisert transport, og dispensasjon frå planen dersom undersøkingane er i strid med arealplanen. Omsynet til natur og villrein vil vere blant dei forholda som er aktuelle å vurdere og leggje vekt på. Det kan også vere aktuelt å stille vilkår i driftskonsesjon om tilpassing av drifta til mellom anna villrein ved utvinning i område der villreinen kan bli påverka.

Villrein kan også bli påverka av aktivitet knytt til leiting, som målingar frå lufta eller enkel prøvetaking, fordi denne aktiviteten kan kreve ferdsel i område med villrein. Nokre gonger kan det vere aktuelt å gjennomføre leiting også i verneområde, mellom anna fordi det vil kunne gi informasjon om geologien i omkringliggjande område der det kan bli vurdert mineralutvinning. Den som leitar, er forplikta til å ta tilstrekkeleg omsyn til mellom anna dyreliv, gjennom dei generelle føresegnene i naturmangfaldlova.

Noregs geologiske undersøking (NGU) gjennomfører geologisk grunnkartlegging i heile landet i form av kartlegging og målingar frå lufta, og prøvetaking, også i verneområde i villreinområda. Formålet med kartlegginga er meir generelt, men inkluderer tilrettelegging for mineralverksemd, samferdselsprosjekt, skredkartlegging og kartlegging av lausmassar, grunnvatn og så vidare.

Det er lite mineralverksemd i villreinområde. Påverknadsanalysar for villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein tyder ikkje på at mineralnæringa er eit stort problem for villrein i desse områda i dag.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Mineralnæringa er venta å vekse moderat fram mot 2050. Større etterspørsel etter særleg metall og mineral som er kritiske for det grøne skiftet og strategiske formål, vil truleg auke interessa for mineralutvinning i Noreg. Samtidig tek utvikling av mineralprosjekt mange år.

I tråd med mineralstrategien til regjeringa skal Noreg utvikle den mest berekraftige mineralnæringa i verda. I strategien varslar regjeringa fleire tiltak for å ta betre omsyn til naturen, mellom anna skal nye mineralprosjekt vere så arealeffektive og skånsame som mogleg for naturen, gi minst mogleg naturbelastning og stille krav til tiltakshavaren om at naturen skal bli etablert igjen så raskt som mogleg. Regjeringa skriv òg at det så langt som mogleg ikkje bør planleggast mineralverksemd i konflikt med klima- og miljøinteresser av nasjonal eller vesentleg regional interesse. Samtidig skal det bli lagt til rette for lønnsam ombruk og materialgjenvinning av råvarer og for samarbeid med mellom anna Europa for å sikre kritiske verdikjeder.

Det er få tilfelle der det kan vere aktuelt med mineralutvinning innanfor verneområde. Mineralverksemd kan i nokre tilfelle gå føre seg innanfor eit verneområde, men må drivast i tråd med verneforskrifta for området. Eksempel kan vere utvinning under jorda med innslagspunkt utanfor verneområdet, eller luftesjakter eller mindre undersøking knytt til slik utvinning.

Minerallovutvalet foreslår i NOU 2022: 8 reviderte regler for undersøking, der ein i større grad enn i dag skal vurdere verknader for omgivnader og natur før det blir gitt løyve til undersøking.

7.4.13 Vern, skjøtsel og restaurering

Bruk og påverknad i dag

Dei nasjonale måla for naturmangfald er at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester, at ingen artar og naturtypar skal utrydjast, at utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast, og at ein skal ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar. Vern, skjøtsel og restaurering er viktige verkemiddel for å ta vare på natur i villreinfjellet.

I villreinområda er det etter naturmangfaldlova over 150 små og store verneområde som sikrar villreinen mot nye arealinngrep, men i mindre grad mot ulike former for menneskeleg ferdsel. Å ta vare på villrein har vore eit viktig formål med å verne fjellet i Sør-Noreg, og i alt er om lag 50 prosent av dagens villreinområde verna. Det er i stor grad kjerneområda av villreinområda som er verna i sør, mens det er stor overlapp i fleire av dei nordlegaste områda (sjå figur 7.13).

Verneforskriftene har reglar om kva bruk og aktivitetar som er tillate og ikkje i verneområda. Dei fleste har reglar om at ein skal ferdast varsamt, ta omsyn til og unngå unødig forstyrring av dyrelivet. Kva som er tillate, kan variere frå område til område. Naturmangfaldlova opnar vidare for at ein kan få unntak frå verneforskrifta til ulike tiltak. Nokre slike tiltak kan direkte eller indirekte gje negativ påverking på villrein. Til dømes kan ein etter søknad få løyve til motorferdsle til ulike formål.

Figur 7.13 Kart som viser verneområde (mørkegrønt) innanfor villreinområda (lysegrønt).

Figur 7.13 Kart som viser verneområde (mørkegrønt) innanfor villreinområda (lysegrønt).

Kjelde: Miljødirektoratet.

Dei største negative påverknadsfaktorane i norske verneområde samla sett er attgroing, framande artar og forstyrringar. Det mest negative for villreinen i fjellområda er forstyrringar og fragmentering av villreinområda, også i verneområda.

På Hjerkinn blei det store skytefeltet restaurert og innlemma i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Ferdselsårer blei fjerna mellom anna for å skåne villreinen frå forstyrringar, og fjellvegetasjonen kjem tilbake. Ein del av vegnettet i skytefeltet blei likevel liggjande att av omsyn til lokal bruk og lokale interesser.

Utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova er naturtypar som er spesielt viktige å ta vare på. I villreinfjellet finn vi dei utvalde naturtypane slåttemark og slåttemyr. Dei dekker lite areal og har derfor liten betydning for villreinen.

Skjøtsel i form av beite og slått er avgjerande for ivaretaking av såkalla seminaturlege naturtypar, men desse har også liten betydning for villrein.

Klassifiseringane av villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein viser at vern, skjøtsel og restaurering ikkje har vore tilstrekkeleg for å motverke dei negative påverknadene i villreinområda.

Arbeidet med viktige systemendringar innan forvaltninga av natur vil kunne føre til ei meir langsiktig og berekraftig forvaltning av villreinfjellet. Dette gjeld mellom anna arbeidet med naturrisiko, naturrekneskap og menyar av tiltak for å få god tilstand i økosystema, og som vil bidra til å betre tilstanden for villrein (sjå meir om naturrekneskap i kapittel 4.2).

Plan- og bygningslova har verkemiddel for betre samordning mellom verneområde og tilgrensande areal. Desse verkemidla vil vere viktig å ta i bruk når kommunale og regionale planar skal reviderast, sidan utviklinga i verneområda i stor grad heng saman med arealbruken utanfor verneområda. Planrevisjonane vil måtte innebere tverrsektorielt samarbeid på tvers av forvaltningsnivåa, og dei er viktige når ein skal gjennomføre dei tverrsektorielle tiltaksplanane.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

Dagens arbeid med nytt vern etter naturmangfaldlova omfattar i liten grad areal innanfor leveområdet til villreinen. Nokre av nasjonalparkane som statsforvaltarane har foreslått å utvide ligg innanfor villreinområda. Dette gjeld utvidinga sørover av Rondane nasjonalpark og forslaget om å utvide Forollhogna nasjonalpark. Begge områda har store verneverdiar som kvalifiserer til vern, og begge områda kan sikre villreinen meir og betre areal. På grunn av lokalpolitisk motstand har ein så langt ikkje anbefalt å gå vidare med desse områda før ein har fått større lokal aksept.

Å betre tilstanden i verneområde er ei prioritert oppgåve i miljøforvaltninga framover. Dette vil innebere at vi kan få ei forbetring av tilstanden i villreinområda, og tiltaka kan isolert sett bidra til ei positiv utvikling for villreinen fram til 2050.

Dersom ein restaurerer fjellnatur ved å fjerne ferdselsårer og andre menneskeskapte hinder, kan dette opne opp store areal for villreinen, og det er verdt mykje meir enn berre det arealet som blir restaurert. Særleg vil tverrsektorielle tiltaksplanar etter kvalitetsnorm for villrein føre til at arbeidet med å betre tilstanden for villrein blir meir effektivt. Nedbygginga av villreinfjellet skjer i nokre område likevel raskare enn det som blir restaurert, slik at rekneskapen totalt sett ikkje er positiv.

Det er i dag ingen konkrete planar om å gi fleire naturtypar i fjell status som utvald naturtype.

Sjølv om arealet av seminaturlege naturtypar som blir halde i hevd i villreinområda kan bli auka fram mot 2050, vil betydninga for villreinen vere marginal.

7.4.14 Klima og klimatilpassing

Bruk og påverknad i dag

Menneskeskapte klimaendringar er blant dei største utfordringane verda står overfor. Klimaet endrar seg no raskare enn på minst to tusen år. Dei siste åtte åra er dei åtte varmaste åra som nokon gong er registrerte. Noreg skal bidra i arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar, og har ei rekkje mål knytte til dette. Mellom anna skal Noreg redusere utsleppa av klimagassar med minst 55 prosent innan 2030 samanlikna med utsleppa i 1990. Noreg har også eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. I tillegg til at utsleppa av klimagassar skal reduserast, må konsekvensane av klimaendringane handterast. Regjeringa legg vekt på å arbeide systematisk for å tilpasse og førebu naturen og samfunnet på eit klima i endring, i tråd med det nasjonale klima- og miljømålet om klimatilpassing.

Noreg har sett i gang ei rekkje tiltak for å redusere utslepp av klimagassar. Dette gjeld mellom anna redusert bruk av fossilt brensel og auka grad av fornybar energi. Satsing på teknologi og løysingar har også vore viktig, mellom anna gjennom energieffektivisering og karbonfangst og -lagring. Eit anna viktig tiltak er ein berekraftig arealpolitikk, som er særleg relevant for forvaltninga av villreinfjellet.

Klimaendringane påverkar allereie norsk natur. Vi har mellom anna fått lengre vekstsesong, auke i varmekjære artar og reduksjon i nokre kuldetolerante artar. Klimaendringane verkar ofte som ei belastning som kjem i tillegg og forsterkar negative konsekvensar av arealinngrep og andre naturinngrep, og dei er ein spesielt viktig påverknadsfaktor for naturmangfaldet i fjellet.

Villreinen lever for det meste i høgfjellet og kan få mindre leveområde når skoggrensa trekkjer høgare opp. Både tamrein og nokre villreinbestandar brukar likevel skog som leveområde gjennom året.

Dei seinare åra har villreinen sett ut til å bli oftare ramma av matmangel om vinteren, på grunn av skiftande vêrforhold der det vekslar mellom snø og regn, noko som gir is. Slik nedising fører til at dyra ikkje klarer å sparke vekk snø ned til lavet som dei et. Variasjon i klimatiske forhold i dei ulike delane av landet gir stor variasjon i beitetilgangen mellom villreinområda. Utfordringa er særleg stor i dei sørlegaste villreinområda. Det er viktig at villreinen har tilgang til alternative areal med tilgjengeleg beite i år med mykje nedising. I desse områda er det ofte menneskeskapte hindringar i form av hytteområde, vegar og skiløyper, noko som bidrar til at reinen unngår å bruke desse områda i «normale» vintrar.

Klassifiseringane av villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein har ikkje direkte vurdert korleis klimaendringar har påverka tilstanden til villreinen. I enkelte område er det uvisse om korleis klimaendringane vil påverke bestandane, men det blir samtidig peikt på at det er venta at klimaendringar vil skape betydelege utfordringar i framtida.

Fram til i dag er det i liten grad gjort systematiske vurderingar av korleis konkrete tiltak for å betre tilstanden for villrein kan sjåast i samanheng med tiltak knytte til klimagassreduksjonar og klimatilpassing, utover den meir generelle klimapolitikken. Tverrsektorielle tiltaksplanar som blir utarbeidde for villreinområde med dårleg tilstand, vil i aukande grad gjere at ein kan sjå dette meir i samanheng.

Forventa utvikling fram mot 2050 utan ny politikk

På grunn av tidlegare utslepp vil den pågåande globale oppvarminga halde fram dei nærmaste tiåra, også dersom vi lukkast med omfattande utsleppskutt. Kor kraftige klimaendringane blir fram mot slutten av dette hundreåret, avheng av kor mykje klimagassar verda slepp ut i tida framover.

FNs klimapanel brukar ulike scenario for klimaendringar til å undersøke korleis framtida kan utvikle seg, basert på eit sett med forventningar om sentrale drivkrefter og forhold. På grunn av uvissa i utviklinga av klimagassutslepp og global oppvarming er det nasjonal politikk at endringar som kjem av framleis høge utslepp, skal leggjast til grunn når konsekvensane av klimaendringane skal vurderast. Vektlegging av omsynet til klimaendringane skal i kvar enkelt sak balanserast mot andre viktige samfunnsomsyn.

Når det blir varmare, vil mange artar tilpasse seg ved å flytte nordover eller høgare opp i fjellet. For artar som allereie lever i høgfjellsområde, finst det ikkje nye område å flytte til. Artar som trivst best i eit kaldt klima, slik som villreinen, vil derfor få det vanskelegare ved høgare temperaturar.

Figur 7.14 Villrein samlar seg gjerne på snøfonner når det er varmt, mellom anna for å unngå insekt.

Figur 7.14 Villrein samlar seg gjerne på snøfonner når det er varmt, mellom anna for å unngå insekt.

Foto: Anders Mossing.

Det vil bli færre dagar med snødekke, og snømengda blir redusert, særleg i midtre og lågareliggjande strøk. Samtidig vil det bli fleire dagar der temperaturen svingar mellom pluss- og minusgradar, såkalla nullgradspasseringar, i store delar av landet. Dette vil føre til aukande nedising av lavbeita til villreinen. Fram mot 2050 ventar vi at alle villreinområda kan få utfordringar med nedising av vinterbeite, og at det jamleg vil vere periodar med utbreidd svolt og død.

I eit endra klima vil hyppigare førekomst av sjukdommar og parasittar kombinert med meir oppstykka leveområde auke den negative påverkinga på villrein.

Stigande temperaturar kan føre til åtferdsendringar hos villrein. Færre og mindre snøfonner i sommarhalvåret kan mellom anna gjere det vanskelegare for villreinen å sleppe unna insekt som også kan spreie sjukdommar (sjå også kapittel 7.4.7). Auka plagar frå insekt fører også til nedsett beitetid og svekka kondisjon hos dyra. Auka temperatur kan også føre til raskare utviklingstid for parasittar, som igjen gir ei auka belastning for reinen. Eit varmare og fuktigare klima, spesielt på sommaren, aukar faren for utbrot av fotråte hos villrein.

Fotnotar

1.

Kjørstad, M., Bøthun, S., Gundersen, V., Holand, Ø., Madslien, K., Mysterud, A., Nerhoel, I., Punsvik, T., Røed, K., Strand, O., Tveraa, T., Tømmervik, H., Ytrehus, B. og Veiberg, V. (2017). Miljøkvalitetsnorm for villrein. Forslag fra en ekspertgruppe. NINA Rapport 1400. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

2.

Gunn, A. (2016). Rangifer tarandus. The IUCN Red List of Threatened Species 2016.

3.

Framstad, E., Eide, N.E., Eide, W., Klanderud, K., Kolstad, A., Töpper, J. og Vandvik, V. (2022). Vurdering av økologisk tilstand for fjell i Norge i 2021. NINA Rapport 2050. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

4.

Artsdatabanken (2021). Norsk rødliste for arter 2021.

5.

Rolandsen, C.M., Tveraa, T., Gundersen, V., Røed, K., Tømmervik, H., Kvie, K., Våge, J., Skarin, A. og Strand, O. (2022). Klassifisering av de ti nasjonale villreinområdene etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2022. NINA Rapport 2126. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

6.

Rolandsen, C.M., Tveraa, T., Gundersen, V., Røed, K., Tømmervik, H., Våge, J., Skarin, A., Strand, O. og Hansen, B.B. (2023). Klassifisering av 14 ikke-nasjonale villreinområder etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2023. NINA Rapport 2372. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

7.

Kjørstad, M., Bøthun, S., Gundersen, V., Holand, Ø., Madslien, K., Mysterud, A., Nerhoel, I., Punsvik, T., Røed, K., Strand, O., Tveraa, T., Tømmervik, H., Ytrehus, B. og Veiberg, V. (2017). Miljøkvalitetsnorm for villrein. Forslag fra en ekspertgruppe. NINA Rapport 1400. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

8.

Rolandsen, C.M., Tveraa, T., Gundersen, V., Røed, K., Tømmervik, H., Kvie, K., Våge, J., Skarin, A. og Strand, O. (2022). Klassifisering av de ti nasjonale villreinområdene etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2022. NINA Rapport 2126. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

9.

Rolandsen, C.M., Tveraa, T., Gundersen, V., Røed, K., Tømmervik, H., Våge, J., Skarin, A., Strand, O. og Hansen, B.B. (2023). Klassifisering av 14 ikke-nasjonale villreinområder etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2023. NINA Rapport 2372. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

10.

Gundersen, V., van Moorter, B. Panzacchi, M., Rauset, G.R. og Strand, O. (2021). Villrein-ferdselsanalyser på Hardangervidda – Anbefalinger og tiltak. NINA Rapport 1903. Norsk institutt for naturforskning.

11.

Gundersen. V., Strand, O., Flemsæter, F, Nerhoel, I., Thanem, A. og Wold, L.C. (2016). Kunnskapsgrunnlag om ulike scenarier for Snøheimvegen. Effekter på villrein, ferdsel og lokalsamfunn etter åtte års forskning – NINA Rapport 1313. Norsk institutt for naturforskning.

12.

Evaluering av plan- og bygningsloven (EVAPLAN 2008). By- og regionforskningsinstituttet NIBR.

13.

Blumentrath, S., Simensen, T. og Nowell, M. (2022). Kartlegging av tomtereserver for fritidsbolig i Norge. NINA Rapport 2171. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

14.

Dalen, H. B. og Oppøyen, M. S. (2023). Friluftsliv i Norge. Status og historisk utvikling. Rapport 2023/31. Statistisk sentralbyrå.

15.

Øian, H., Andersen, O., Follestad, A., Hagen, D., Eide, N. og Kalteborn, B. (2015). Effekter av ferdsel og friluftsliv på natur. NINA rapport 1182. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

16.

Jordhøy, P. (2008). Problematikk ikring ferdsle og villrein i Rondane. NINA Rapport 331. Norsk institutt for naturforskning (NINA).

17.

Strand, O., Gundersen, V., Jordhøy, P., Andersen, R., Nerhoel, I., Panzacchi, M. & Van Moorter, B. 2014. Villrein og ferdsel i Rondane. Sluttrapport fra GPS-merkeprosjektet 2009–2014. – NINA Rapport 1013.

18.

Nellemann, C., Jordhøy, P., Støen, O. G., og Strand, O. (2000). Cumulative impacts of tourist resorts on wild reindeer (Rangifer tarandus tarandus) during winter. Arctic. 53. 1: 9-16.

19.

Skogland, T. (1994). Villrein. Fra urinnvåner til miljøbarometer. Teknologisk forlag.

Til forsida