Meld. St. 4 (2022–2023)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2021–2022

Til innholdsfortegnelse

11 Kunnskapsdepartmentet

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2021–2022 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 141 S (2021–2022) meinte ikkje var følgde opp ferdig (50 stk.).

I kolonnen lengst til høgre i tabell 11.1 er det ført opp om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no blir avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt først bli avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa blir avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan til dømes gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle blir Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 11.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Følgt opp (ja/nei)

2021–2022

35, pkt. 44

Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett til barnehage

Nei

2021–2022

35, pkt. 45

Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn med private barnehagar

Nei

2021–2022

35, pkt. 53

Kartlegging av utfordringar for praktisk opplæring i skulen

Nei

2021–2022

374

Styrking av praktisk læring

Nei

2021–2022

494

Konsekvensar av covid-19-pandemien

Ja

2021–2022

526

Følge opp intensjonane om berekraft i læreplanane

Ja

2021–2022

655

Tilbod til ukrainske barn før registrering og/eller busetjing

Ja

2020–2021

16

Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

Nei

2020–2021

30

Ordning i Statens lånekasse for utdanning for autorisasjon av helsepersonell

Ja

2020–2021

79

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Nei

2020–2021

182

Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Nei

2020–2021

684

Finansiering av studieopphald i utlandet

Ja

2020–2021

685

Auka studiemobilitet for studentar med tilretteleggingsbehov

Ja

2020–2021

687

Betre godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

Ja

2020–2021

832

Skuleskip i Nord-Noreg

Ja

2020–2021

937

Fråfall og forseinkingar i høgare utdanning

Ja

2020–2021

941

Opptrappingsplan for studieplassar i medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Nei

2020–2021

942

Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Nei

2020–2021

943

Krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag

Ja

2020–2021

944

Kunnskap om fagskuleutdanning i rådgivingstenesta

Ja

2020–2021

945

Rekrutteringsstipend for yrkesfaglærarutdanning

Ja

2020–2021

946

Hospiteringsordning for yrkesfaglærarar

Ja

2020–2021

947

Yrkesopplæringa tilpassa arbeidslivet

Ja

2020–2021

948

Prøveforsøk i yrkesfag etter Steigen-modellen

Ja

2020–2021

949

Undervisningsutstyr i tekniske fag i vidaregåande

Ja

2020–2021

950

Auka utstyrsstipend

Ja

2020–2021

971

Tilgang til skulebygg for organisasjonar

Ja

2020–2021

1016

Eksamensoppgåver og skriftspråk

Ja

2020–2021

1017

Opplæringslova, barnehagelova og FNs barnekonvensjon

Nei

2020–2021

1018

Fjernundervisning og opplæringslova

Nei

2020–2021

1069

Rett til innføringsfag i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1070

Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Nei

2020–2021

1071

Overgangskurs i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1072

Overgangstilbod i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1073

Vektlegge opplæringstilbod som fører til læreplass

Ja

2020–2021

1074

Tilbod om praksisbrev i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1075

Vekslingsmodellar i vidaregåande opplæring

Ja

2020–2021

1076

Forsterka oppfølgingsansvar i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1078

Opplæringskontor og lærebedrifter

Nei

2020–2021

1080

Produksjonsskular

Ja

2020–2021

1104

Heilskaplege og koordinerte tenester

Ja

2019–2020

697

Kompetansefunn Digital

Ja

2019–2020

698

Rett til kompetanseheving i arbeidslivet

Nei

2019–2020

699

Finansieringssystem for universitet og høgskular

Nei

2019–2020

700

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2019–2020

701

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Nei

2018–2019

51

Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Nei

2018–2019

197

Fritak frå skulefag

Nei

2017–2018

461

Vilkår for private barnehagar

Nei

2017–2018

802

Finansieringssystemet for private barnehagar

Nei

2017–2018

887

Rangering av søkarar til høgare utdanning

Nei

2016–2017

67

Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskulen

Nei

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Nei

2016–2017

643

Evaluering av fagskulereforma

Nei

2016–2017

900

Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Nei

2016–2017

901

Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Nei

2016–2017

903

Spesialundervisning og lærarkompetanse

Nei

2015–2016

796

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Nei

11.1 Stortingssesjon 2021–2022

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett til barnehage

Vedtak nr. 35, pkt. 44 (2021–2022), 2. desember 2021

Stortinget ber regjeringen i forskrift og lovforslag innføre meldeplikt til kommunen når eiendomsrett til barnehage i kommunen blir overført til andre enn staten eller den fylkeskommune der eiendommen ligger, og utrede hvordan det kan innføres en forkjøpsrett for kommuner.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket om å innføre meldeplikt til kommunen blei våren 2022 følgt opp i Prop. 82 L (2021–2022) Endringer i barnehageloven (selvstendig rettssubjekt, forbud mot annen virksomhet, meldeplikt m.m.). I proposisjonen blei det foreslått krav om at private barnehagar skal melde frå til kommunen og Utdanningsdirektoratet ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar. Stortinget behandla forslaget 31. mai 2022, jf. Innst. 403 L (2021–2022).

Departementet vil følge opp vedtaket om å greie ut ein forkjøpsrett for kommunane i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn med private barnehagar

Vedtak nr. 35, pkt. 45 (2021–2022), 2. desember 2021

Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige forslag for å gjeninnføre kommunenes rett til å føre tilsyn med private barnehager, herunder gi kommunene innsyn i alle økonomiske disposisjoner i barnehager i kommunen som mottar tilskudd.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Kartlegging av utfordringar for praktisk opplæring i skulen

Vedtak nr. 35, pkt. 53 (2021–2022), 2. desember 2021

Stortinget ber regjeringen kartlegge hva som er de største utfordringene for praktisk opplæring både i de praktiske og estetiske fagene- og andre fag i skolen, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Kartleggingen må blant annet vurdere kompetanse, fysiske fasiliteter og utstyrssituasjonen, særlig i de praktiske og estetiske fagene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket vil bli følgt opp i den varsla meldinga om ungdomstid og 5.–10. trinn i grunnskulen.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Styrking av praktisk læring

Vedtak nr. 374 (2021–2022), 1. februar 2022

Stortinget ber regjeringen i sitt varslede arbeid med en helhetlig ungdomsskolereform vektlegge endringer som skal bidra til å øke elevenes motivasjon, læring og trivsel og styrke den praktiske læringen, og videre at regjeringen inkluderer sektoren tett i arbeidet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:18 S (2021–2022) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erna Solberg, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup, Mathilde Tybring-Gjedde og Turid Kristensen, jf. Innst. 129 S (2021–2022).

Vedtaket vil bli følgt opp i den varsla meldinga om ungdomstid og 5.–10. trinn i grunnskulen.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Konsekvensar av covid-19-pandemien

Vedtak nr. 494 (2021–2022), 26. april 2022

Stortinget ber regjeringen om å ha dialog med kommuner og fylkeskommuner om tiltak for å bøte på negative konsekvenser av pandemien for elever i norsk skole. I dialogen skal anbefalingene frå Parr-rapporten vektlegges.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:131 S (2021–2022) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Abid Raja, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes og Margret Hagerup, jf. Innst. 252 S (2021–2022).

Regjeringa har hatt dialog med kommunesektoren om konsekvensane av covid-19-pandemien. Pandemien har slått ulikt ut, og kommunesektoren har til liks med Parr-rapporten peika på behovet for ulike tiltak ulike stadar. Regjeringa har derfor gitt kommunane og fylkeskommunane stort handlingsrom til å utforme og målrette tiltak etter lokale behov framfor å setje inn nasjonale tiltak. Regjeringa har òg styrkt dei frie inntektene til kommunesektoren med 4,5 mrd. kroner i 2022, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 16 S (2021–2022). I revidert budsjett for 2022 løyvde Stortinget 75 mill. kroner til tiltak for å motverke negative konsekvensar av pandemien, jf. Innst. 450 S (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022. Midlane er fordelte til kommunar og fylkeskommunar som har hatt strenge smitteverntiltak over tid. Regjeringa jobbar òg for å styrke kunnskapsgrunnlaget om konsekvensane av pandemien for barn og unge, mellom anna gjennom fleire oppdrag til Utdanningsdirektoratet.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Følge opp intensjonane om berekraft i læreplanane

Vedtak nr. 526 (2021–2022), 3. mai 2022

Stortinget ber regjeringen følge opp at intensjonene i læreplanene om bærekraft, som sirkulærøkonomi og gjenbruk innen demontering og bygg blir fulgt opp i fag- og yrkesopplæringen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:131 S (2021–2022) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Liv Kari Eskeland, Kari-Anne Jønnes og Mathilde Tybring-Gjedde, jf. Innst. 263 S (2021–2022).

I fagfornyinga er tre tverrfaglege tema valde ut fordi dei handlar om sentrale samfunnsutfordringar. Berekraftig utvikling er det eine. Dei to andre er folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Dei tverrfaglege temaa blir spegla i læreplanane og arbeidd med ut frå premissane til dei einskilde faga. Læreplanane er innførte frå skuleåret 2020–21. Hausten 2022 vil dei nye Vg3-planane bli tekne i bruk. Regjeringa legg til grunn at læreplanar og intensjonane bak dei blir følgde. Det er òg mange lærefag som har viktig kompetanse innan gjenvinning og resirkulering. I mars 2022 blei byggmontasjefaget nytt lærefag. Faget handlar om å produsere nye bygningar og konstruksjonar og demontere konstruksjonar for ombruk i nye bygg.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 526 3. mai 2022 med dette er følgt opp.

Tilbod til ukrainske barn før registrering og/eller busetjing

Vedtak 655 (2021–2022), 3. juni 2022

Stortinget ber regjeringen anmode kommunene om å tilby og legge til rette for barnehage, skole og fritidsaktiviteter for ukrainske barn i påvente av registrering og/eller bosetting. Kommunene vil bli fullt ut kompensert for disse kostnadene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 107 L (2021–2022) Midlertidige endringer i lovverket som følge av ankomst av fordrevne fra Ukraina, jf. Innst. 352 L (2021–2022).

Det er i dag lagt til rette for at barn og unge skal ha eit tilbod om barnehage, skule og fritidsaktivitetar fram til dei er busette i ein kommune.

Det er ei rekke ordningar som kompenserer kommunane fram til asylsøkarane er busette. Kommunar som har asylmottak eller eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar, får eit vertskommunetilskot. Kommunar som inngår avtale med Utlendingsdirektoratet om mellombels alternativ mottaksplass får eit månadleg tilskot som skal dekke buutgifter og ytingar til livsopphald, og dessutan barnehageplass dersom kommunen tilbyr det. Det blir i tillegg også gitt tilskot til grunnskuleopplæring til barn og unge som søker opphald i Noreg.

Barn som oppheld seg i akuttinnkvarteringar og ordinære mottak, kan få tilbod om heildagsplass i barnehage etter søknad frå mottaka. Frå 2021 blir det gitt tilskot til heildagsplass i barnehage for alle barn i asylmottak frå eitt år og oppover. Tilskotet inkluderer foreldrebetaling og kostpengar. Om barn i asylmottak får tilbod om barnehageplass i den aktuelle kommunen, er avhengig av barnehagekapasiteten i kommunen eller moglegheita for raskt å oppskalere tilbodet. Kunnskapsdepartementet har ikkje inngåande kjennskap til barnehagekapasiteten i dei aktuelle kommunane.

Retten til grunnskuleopplæring skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader etter at barnet har kome til Noreg, jf. Prop 107 L (2021–2022). Fristen gjeld uavhengig av om barnet oppheld seg på asylmottak/omsorgssenter, er i alternativ mottaksplassering eller er busett.

Ved behandlinga av Prop. 78 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet og Forsvarsdepartementet (økonomiske tiltak som følge av krigen i Ukraina) blei det løyvd 50 mill. kroner som eit mellombels tilskot til frivillige organisasjonar i samband med fordrivne personar frå krigen i Ukraina som er komne til Noreg. Tilskotet skal gå til frivillige organisasjonar som tilbyr aktivitetar for bebuarane i asylmottak og ved busetjing i kommunane. Regjeringa har i møter med KS informert om tilskotet og oppfordra til samarbeid mellom kommunane og dei frivillige organisasjonane i arbeidet med å legge til rette og gjennomføre fritidstilbodet. Mottaka har eit kontraktsfesta ansvar for å legge til rette for at frivillige organisasjonar kan gjennomføre slike aktivitetar og fritidstilbod for bebuarane i mottaka.

Utlendingsdirektoratet forvaltar ei tilskotsordning til aktivitetar for barn og unge i mottak. Aktivitetane som får tilskot, skal vere tilpassa alderen, behova og interessene til barna og bidra til at barna får ein meir meiningsfull kvardag.

Samla sett meiner departementet at det er tiltak som gjeld barnehage, skule og fritidsaktivitetar for ukrainske barn i påvente av registrering og/eller busetjing for at dei skal få eit tilfredsstillande tilbod i tråd med oppmodingsvedtaket. Departementet vil følge med på utviklinga framover.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

11.2 Stortingssesjon 2020–2021

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Vedtak nr. 79 (2020–2021), 12. november 2020

Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:113 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hanne Dyveke Søttar, Kari Kjønaas Kjos, Silje Hjemdal og Roy Steffensen om nødvendige regelendringer om politiattest for ansettelsesforhold i skoler og barnehager, jf. Innst. 64 S (2020–2021).

Opplæringslovutvalet foreslo i NOU 2019: 3 Ny opplæringslov å utvide kva for straffbare forhold som skal kome fram på ein politiattest i skulen. Utvalet foreslo at ein del valdslovbrot som ikkje kjem fram i dag, fridomsrøving, tvang, kjønnslemlesting, brot på teieplikt og brot på avverjingsplikta, skal vere omfatta. Utgreiinga har vore på offentleg høyring, og departementet har følgt opp forslaget frå utvalet i forslag til ei ny opplæringslov som blei send på høyring 26. august 2021. Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023. Dersom det blir gjort endringar i reglane om politiattest på skuleområdet, vil departementet vurdere å gjere tilsvarande endringar i reglane om politiattest på barnehageområdet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Vedtak nr. 182, 3. desember 2020

Stortinget ber regjeringen utrede Østfold-modellen for lærekandidater med tilretteleggingsbehov, som er utarbeidet av ASVL (Arbeidssamvirkenes landsforening), og vurdere om dette kan gjøres til en nasjonal ordning, slik det anbefales i NIFU-rapport 18: 2018.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) Endring av Prop. 1 S (2020–2021) Statsbudsjettet 2021 (saldering), jf. Innst. 2 S (2020–2021).

I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar, og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Fylkeskommunane har ansvar for vidaregåande opplæring og er best til å vurdere kva for tiltak som er dei beste for å møte behova i dei ulike fylka. Østfold-modellen kan vere ein god modell for lærekandidatar med behov for tilrettelegging. Tilskotsmidlane til betre læreplassformidling og kvalifisering legg til rette for at fleire fylkeskommunar kan ta i bruk slike modellar.

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Skuleskip i Nord-Noreg

Vedtak nr. 832, 22. april 2021

Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å etablere et skoleskip i Nord-Norge.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, jf. Innst. 338 S (2020–2021).

Det er fylkeskommunane som har ansvar for vidaregåande opplæring, og som saman med dei vidaregåande skulane i fylket må vurdere om skuleskip er ein måte dei ønsker å organisere opplæringa på. Det er ikkje noko i vegen for slike løysingar så lenge rettane til elevane og anna regelverk blir ivareteke. Fylkeskommunane er finansierte for å gi tilbod til alle med rett til vidaregåande opplæring, og eventuell bruk av skip i opplæringa må derfor finansierast innanfor dei frie inntektene til fylkeskommunen.

Det blir gitt tilskot til landslinjer over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dersom eit tilbod oppfyller kriteria for ordninga, kan ein fylkeskommune søke Utdanningsdirektoratet om å få tilbodet godkjent som landslinje. Landslinjetilbod blir finansierte med eit trekk i rammetilskota til fylkeskommunane.

I Noreg er det to private vidaregåande skular godkjende etter privatskulelova der elevar kan ta vidaregåande opplæring i maritime fag organisert på skuleskip. Dei to skulane mottek tilskot som private skular og får i tillegg eit fast tilskot som følge av dei ekstrautgiftene som skuledrift på skip fører med seg.

Regjeringa vil satse på den offentlege fellesskulen, og Stortinget har vedteke endringar i privatskulelova, jf. Prop. 98 L (2021–2022) og Innst. 404 L (2021–2022). Det er ikkje lenger grunnlag for å få godkjenning som privatskule etter det som tidlegare var privatskulelova § 2-1 bokstav h (vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram) og bokstav i (særleg profil). Det er framleis mogleg å få godkjenning basert på andre grunnlag i privatskulelova. Departementet legg til grunn av vedtak nr. 832, 22. april 2021 med dette er følgt opp.

Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Vedtak nr. 942, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen styrke rådgivnings- og veiledningstjenesten i skolen gjennom å legge til rette for en tverrfaglig rådgivertjeneste og samarbeid mellom skoleeier, ungdomsskole, rådgivertjenesten, den videregående skolen og arbeidslivet, og gjøre det enklere for yrkesgrupper med erfaring fra annet arbeidsliv å bli ansatt i skolen som rådgivere.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag fra Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag

Vedtak nr. 943, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det innføres krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag. Minstestandarden skal utvikles i samarbeid mellom skoler og næringsliv.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Fylkeskommunane har ansvar for at dei vidaregåande skulane har tilgang til relevant utstyr, slik at undervisninga er i tråd med kompetansemåla i læreplanen. Skulane og lærarane har stor grad av fridom i val av metode, og dei har lokalt handlingsrom innanfor læreplanen i korleis opplæringa blir organisert. Regjeringa vil gjennom tillitsreforma styrke det lokale handlingsrommet, og unngå unødvendige statlege krav og styring. Fylkeskommunar og skular kan, i tråd med det lokale handlingsrommet, utvikle lokale minstestandardar ved behov for å sikre tilstrekkelig utstyr i samarbeid med lokalt næringsliv.

Minstestandardar kan bli oppfatta som ein standard, slik at skular som elles ville hatt betre utstyr, legg seg på minstestandarden. Det er utfordrande å lage nasjonale minstestandardar som varetek at det er stor variasjon mellom fylkeskommunane i kva utdanningsprogram og programområde som er tilbydd. Til dømes kan behova for utstyr i same utdanningsprogram variere mellom ulike delar av landet, basert på det lokale næringslivet. Det vil òg vere krevjande å forvalte og halde ved like ein minstestandard som er oppdatert og relevant. Ulike tilnærmingar til korleis utstyret vert gjort tilgjengeleg for elevane, til dømes gjennom ulik grad av utstyrssamarbeid eller varierande samarbeid med næringslivet, er òg ein faktor som kan gjere det vanskeleg å lage ein nasjonal minstestandard.

Regjeringa gjennomfører eit forsøk med ulike modellar for tilskot til investeringar i utstyr i vidaregåande opplæring som skal bidra til oppdatert og kvalitetssikra utstyr i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Målet er å finne ut kva modell som kan vere berekraftig på sikt, og bidra til stabil finansiering frå fylkeskommunane. Det skal forskast på forsøket, og ein rapport skal vere klar sommaren 2023. Regjeringa vil vurdere kva som bør gjerast vidare på dette området etter at rapporten er klar.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 943, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Kunnskap om fagskuleutdanning i rådgivingstenesta

Vedtak nr. 944, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å øke kunnskapen om fagskoleutdanning i rådgivningstjenestene i skolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet har gitt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i oppdrag å vurdere korleis kunnskapen om fagskulen kan aukast i rettleiingstenesta i skulen og for andre som driv karriererettleiing i vidaregåande opplæring.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 944, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Rekrutteringsstipend for yrkesfaglærarutdanning

Vedtak nr. 945, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen styrke ordningen med rekrutteringsstipend for personer utenfor skolesektoren som ønsker å ta en yrkesfaglærerutdanning for å jobbe i skolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Utdanningsdirektoratet administrerer ordninga med utdannings- og rekrutteringsstipend til kvalifisering av tilsette som har undervisningsstilling, men som manglar godkjend lærarutdanning, og rekruttering av personar som enno ikkje er tilsette i skulen. I 2022 godkjente direktoratet totalt 637 søknader om utdannings- og rekrutteringsstipend, og av desse var det 178 stipend til yrkesfaglærarutdanninga. Ifølge Utdanningsdirektoratet fekk alle skuleeigarar godkjent søknadene sine om den typen stipend som er omtalt i oppmodingsvedtaket. Departementet meiner at dette viser at dekningsgraden for stipendet er god, og at ordninga fungerer godt i dag. Departementet vurderer derfor situasjonen slik at det ikkje er behov for å styrke ordninga no. Departementet vil følge med på dekningsgraden og vurdere tiltak dersom det i framtida viser seg at det blir oversøking når det gjeld stipendet for yrkesfaglærarutdanninga.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 945, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Hospiteringsordning for yrkesfaglærarar

Vedtak nr. 946, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen styrke hospiteringsordningen for yrkesfaglærere.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet foreslår 100 mill. kroner til Yrkesfaglærarløftet i statsbudsjettet for 2023 over kap. 226, post 21. Midlane til Yrkesfaglærarløftet går mellom anna til tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa. Innanfor ordninga skal fylkeskommunane prioritere og planlegge kompetanseutvikling ut frå behova til lærebedrifter og skular lokalt. I 2021 var hospiteringsordninga blant tiltaka som blei mykje brukt i ordninga. Departementet meiner at statlege bidrag til kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa bør bygge på behova lokalt. Med satsinga på Yrkesfaglærarløftet er det lagt til rette for auka bruk av ordningar for kompetanseutvikling som hospiteringsordninga.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 946, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Yrkesopplæring tilpassa arbeidslivet

Vedtak nr. 947, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen sørge for at det etableres en tettere kobling mellom avgivende skoler og lærebedrifter også gjennom lærlingtiden, slik at innholdet i yrkesopplæringen blir best mulig tilpasset arbeidslivets behov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Yrkesfagleg opplæring er eit samarbeid mellom fylkeskommunane, skulane, verksemder og bedrifter. Det er viktig at alle partar bidreg i utarbeiding av læreplanar og tilbodsstruktur i tillegg til det løpande samarbeidet rundt elevane om kvalifisering og formidling til læreplass. Dette systemet er godt utvikla i dag. Fylkeskommunane har ansvaret for at yrkesfagelevane i Vg1 og Vg2 når kompetansemåla i læreplanane og blir kvalifiserte til læreplass, og lærebedriftene har ansvar for at lærlingen gjennom læretida når kompetansemåla i lærefaget i Vg3.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 947, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Prøveforsøk i yrkesfag etter Steigen-modellen

Vedtak nr. 948, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen sørge for at det etableres prøveforsøk i yrkesfag etter Steigen-modellen i alle fylker.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Det er fylkeskommunane som har ansvar for å tilby tilpassa opplæring og val av ulike modellar for opplæringa. Opplæringslova og rammefinansieringa av fylkeskommunane gir skuleeigarar fridom til å prøve ut ulike modellar tilpassa lokalt arbeidsliv og behova elevane og lærlingane har for opplæring, som til dømes Steigen-modellen. Det er også mogleg å søke om forsøk for å prøve modellar for opplæring som ikkje ligg innanfor lovverket.

Regjeringa gjennomfører ei kraftig satsing på yrkesfaga. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Tilskotsmidlane til betre læreplassformidling og kvalifisering legg til rette for at fleire fylkeskommunar kan ta i bruk modellar som Steigen-modellen, der elevane blir utplasserte i bedrift frå første dag. Modellen er særleg relevant for spreiddbygde delar av landet.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 948, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Undervisningsutstyr i tekniske fag i vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 949, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen tilrettelegge for at det utvikles en bransjestandard med et minimumsnivå for undervisningsutstyr i tekniske fag i videregående skoler. Det er arbeidet med en bransjestandard for Teknikk og industriell produksjon (TIP). En slik standard kan følges opp med en samordning av innkjøp og vedlikehold av utstyret.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet viser til omtalen av oppfølginga av vedtak nr. 943, 20. mai 2021. Vurderingane som departementet har presentert i samband med det vedtaket, gjeld òg for vedtak nr. 949, 20. mai 2021.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 949, 20. mai med dette er følgt opp.

Auka utstyrsstipend

Vedtak nr. 950, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen øke utstyrsstipendet til de dyreste studieretningene på videregående yrkesfag.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Regjeringa er oppteken av fag- og yrkesopplæringa og av at elevane har nødvendig utstyr for å ta del i opplæringa på ein god måte. Utstyrsstipendet som elevane får frå Lånekassen, skal bidra til å dekke utgiftene elevar har til individuelt utstyr. For nokre utdanningsprogram har det ikkje vore godt nok samsvar mellom nivået på stipendet og utgiftene til elevane. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til utstyrsstipendet for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma med om lag 50 mill. kroner, jf. omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 950, 20. mai med dette er følgt opp.

Tilgang til skulebygg for organisasjonar

Vedtak nr. 971, 11. mai 2021

Stortinget ber regjeringen igjen gå i dialog med KS og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner med sikte på å sikre barne- og ungdomsorganisasjoner tilgang til skoler og andre offentlige bygninger lokalt og bidra til likebehandling ved utlån.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok 8: 193 S (2020–2021) Representantforslag fra Freddy André Øvstegård, Nicholas Wilkinson, Karin Andersen, Eirik Faret Sakariassen, Kari Elisabeth Kaski og Lars Haltbrekken om å unngå en tapt generasjon for demokratiet, kulturen og idretten, jf. Innst. 423 S (2020–2021).

Våren 2022 blei det utarbeidd eit felles brev frå KS, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet til kommunane og fylkeskommunane med oppfordring om å gi frivillige organisasjonar tilgang til kommunale lokale. Brevet blei sendt frå Kunnskapsdepartementet 24. mai 2022.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Opplæringslova, barnehagelova og FNs barnekonvensjon

Vedtak nr. 1017, 27. mai 2021

Stortinget ber regjeringa sikre at ny opplæringslov og barnehagelov er i tråd med FNs barnekonvensjon sine grunnleggjande rettar for framgangsmåte om barns rett til informasjon, til å uttale seg fritt, barns rett til privatliv og at alle handlingar og avgjerder som omhandlar barn, blir gjorde til barnets beste.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.), jf. Innst. 512 L (2020–2021).

Når det gjeld den delen av oppmodingsvedtaket som gjeld barnehagelova, meiner departementet at dei grunnleggande rettane i FNs barnekonvensjon og prinsippet om barnets beste er tekne vare på gjennom barnehagelova § 3 om barna sin rett til medverknad og omsynet til barnets beste. Føresegna er endra frå 1. januar 2021, jf. Prop. 96 L (2019–2020). Det er no lovfesta at barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda i barnehagen og i saker som gjeld dei sjølve, og at det som er best for barnet, skal vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn i barnehagen. Dei grunnleggande rettane i barnekonvensjonen er òg omtalte fleire stadar i forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.

Når det gjeld den delen av oppmodingsvedtaket som gjeld opplæringslova, meiner departementet at dette blir følgt opp i forslaget til ny opplæringslov som blei sendt på høyring 26. august 2021. I lovforslaget er det teke inn både ei føresegn om elevane sin rett til informasjon og til å uttale seg fritt og ei føresegn om eleven sitt beste. Regjeringa tek sikte på å legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Fjernundervisning og opplæringslova

Vedtak nr. 1018, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om fjernundervisning i lovproposisjonen om ny opplæringslov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova, og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.), jf. Innst. 512 L (2020–2021).

Forslag om fjernundervisning er innarbeidd i forslaget til ny opplæringslov som blei sendt på høyring 26. august 2021. Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov med mellom anna forslag om fjernundervisning for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Rett til innføringsfag i vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 1069, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen gi elever i videregående opplæring som trenger det, rett til innføringsfag. Språkopplæring i norsk skal være integrert i dette tilbudet, og opplæringen skal integreres i elevens Vg1-løp.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med opne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Vedtak nr. 1070, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med partene, konkretisere nærmere forbedringer av Vg3 i skole som gir elevene en sluttkompetanse som tilfredsstiller arbeidslivets krav og som har tillit i nærings- og arbeidslivet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil i samarbeid med partane betre tilbodet til dei som ikkje får læreplass, og følge opp vedtaket i forslag til forskrift til ny opplæringslov. Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring hausten 2021, og departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget våren 2023.

Regjeringa gjennomfører eit løft for yrkesfaga. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Midlane skal òg kunne brukast på å gi ei god opplæring til elevar som ikkje får læreplass, slik at dei kan fullføre med eit fag- eller sveinebrev som blir verdsett i arbeidslivet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Overgangskurs i vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 1071, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøk med obligatorisk overgangskurs for elever med svakt språklig grunnlag for å gjennomføre videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Overgangstilbod i vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 1072, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøk med obligatorisk overgangstilbud for elever med svakt faglig grunnlag for å gjennomføre videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vektlegge opplæringstilbod som fører til læreplass

Vedtak nr. 1073, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen legge bort forslaget om å utvide ordningen for fagbrev som elev utenfor arbeidslivet og lærlingordningen, og heller vektlegge opplæringstilbud som skal lede fram til læreplass og opplæring i arbeidslivet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet har lagt vekk forslaget om å innføre fagbrev som elev og vil jobbe vidare med at fleire søkarar skal få læreplass. I statsbudsjettet for 2023 foreslår departementet om lag 460 mill. kroner til å styrke arbeidet med å kvalifisere elevar til læreplass, formidle læreplassar og skaffe fleire læreplassar. Satsinga følger opp Samfunnskontakten for læreplassar (2022–2026), som har som mål at alle elevar som er formelt kvalifisert, skal få læreplass.

Departementet meiner at vedtak nr. 1073, 1. juni 2021 er følgt opp.

Tilbod om praksisbrev i vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 1074, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som sikrer at alle videregående skoler med yrkesfag gir tilbud om praksisbrev eller tilsvarende tilbud for elever som har behov for mer tid og et tilrettelagt opplæringsløp ute i bedrift.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vekslingsmodellar i vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 1075, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen gi fylkeskommunene incitamenter til å utvide omfanget av ulike vekslingsmodeller som alternativ til hovedmodellen med 2 år i skole + 2 år i lærebedrift, slik at flere elever får mulighet til å veksle mellom opplæring i skole og bedrift gjennom hele opplæringsløpet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Det er fylkeskommunane som har ansvar for å tilby tilpassa opplæring og val av ulike modellar for opplæringa. Opplæringslova og rammefinansieringa av fylkeskommunane gir skuleeigarar fridom til å velje modellar som er tilpassa det lokale arbeidslivet og behovet elevar og lærlingar har for opplæring. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar, og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69.

Departementet meiner at vedtak nr. 1075, 1. juni 2021 er følgt opp.

Forsterka oppfølgingsansvar i vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 1076, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen forsterke skolenes oppfølgingsansvar for eleven gjennom hele opplæringsløpet, også i den tiden eleven er lærling i en lærebedrift.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Opplæringskontor og lærebedrifter

Vedtak nr. 1078, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen videreføre lovfesting av opplæringskontorene og godkjenning som lærebedrift, samt forsterke opplæringskontorenes funksjon som bindeledd mellom skolen og lærebedriftene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i forslag til ny opplæringslov. Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring hausten 2021, og departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Produksjonsskular

Vedtak nr. 1080, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen legge til rette for etablering av flere produksjonsskoler.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

I revidert budsjett for 2021 blei det løyvd 6 mill. kroner til produksjonsskular, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Midlane gjekk til Vestland fylkeskommune. Tilskotet blei vidareført i statsbudsjettet for 2022. Tilskotet blir ikkje vidareført i 2023. Regjeringa gjennomfører ei kraftig satsing på yrkesfaga. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Fylkeskommunane kan innanfor ramma av tilskotet mellom anna etablere tilbod som produksjonsskular.

Departementet meiner at vedtak nr. 1080, 1. juni 2021 er følgt opp.

Heilskaplege og koordinerte tenester

Vedtak nr. 1104, 2. juni 2021

Stortinget ber regjeringen utrede og fremme en sak for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer for å sikre at barn som trenger det, gis en rett til helhetlige og koordinerte tjenester.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator), jf. Innst. 581 L (2020–2021).

Departementet har vurdert saka i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Regjeringa er oppteken av at barn og unge får dei tenestene dei treng, og at tenestene er godt koordinerte. 1. august 2022 tok ei rekke endringar i velferdstenestelovgivinga til å gjelde, jf. Innst. 581 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021). Endringane omfattar 14 lover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, at det er innført ei plikt for kommunen til å samordne tenestetilbodet til den einskilde, og ein rett til barnekoordinator på visse vilkår. Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.

Det er viktig at reglane legg til rette for godt samarbeid mellom tenestene. Samstundes er det viktig å arbeide med å skape ein god samarbeidskultur i tenestene, både i kommune, fylkeskommune og stat. Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Utdanningsdirektoratet arbeider med å gi god rettleiing om dei nye reglane til tenestene. Ein felles rettleiar om samarbeid på tvers av velferdstenestene blei publisert hausten 2022.

Regelendringane blir evaluerte av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Evalueringa skal ha implementeringa av lovendringane som hovudformål. NTNU skal undersøke korleis sentrale aktørar tolkar og set i verk lovendringane. Vidare skal evalueringa fange opp endringar som følger av lovendringane, og om målsetjingane for endringane blir oppfylte. Evalueringa vil halde fram til våren 2027.

Regjeringa vil vente på funn frå evalueringa før ei eventuell utgreiing av behovet for ytterlegare lovendringar for å sikre at barn og unge får heilskaplege og koordinerte tenester.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

Vedtak nr. 16, 6. oktober 2020

Stortinget ber regjeringen om en gjennomgang av finansieringskategoriene i høyere utdanning, for å sikre at utdanninger som ingeniørfag, lærerutdanninger og andre utdanninger som er etterspurt i arbeidsmarkedet har riktig finansiering.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med debatten etter Hans Majestet Kongens tale til det 165. stortinget ved opninga og melding om Noregs rikes tilstand og styring (trontaledebatten).

Kunnskapsdepartementet tok 17. mars 2022 imot rapporten frå utvalet leia av Siri Hatlen som var nemnt opp for å gå gjennom finansieringa av universiteta og høgskulane. Rapporten var på høyring fram til 10. juni 2022. Utvalet var særleg bede om å følge opp oppmodingsvedtaka frå Stortinget frå 2020 som dreidde seg om finansieringa av sektoren.

Utvalet tilrår å forenkle systemet for den resultatbaserte utteljinga og i staden legge større vekt på utviklingsavtalane i styringa. Det vil gi ei meir transparent styring som gir institusjonane større reelt handlingsrom og ansvar for budsjettdisponeringa. Utvalet meiner det er eit problem at finansieringskategoriane blir oppfatta som ei styring frå departementet av kostnadene i kvar utdanning. Det foreslår å redusere talet på kategoriar for å gjere det tydelegare at dei ikkje skal ha denne funksjonen, og at regjeringa følger opp oppmodingsvedtaket gjennom i større grad å gjere institusjonane ansvarlege for korleis dei fordeler løyvinga mellom utdanningane, mellom anna i styringsdialogen. Utvalet frårår at departementet i større grad gjennom finansieringskategoriane skal avgjere kva som er dei «riktige» kostnadene for bestemde utdanningar på tvers av institusjonane.

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2022 greie ut finansieringskategoriane vidare i dialog med sektoren, og vurdere om talet bør reduserast. Regjeringa vil vurdere heilskapen i finansieringssystemet, inkludert moglege endringar i kategoriane, før det blir gjort endringar i systemet. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Ordning i Statens lånekasse for utdanning for autorisasjon av helsepersonell

Vedtak nr. 30, 13. oktober 2020

Stortinget ber regjeringen ta initiativ til en stipend- og/eller låneordning, for eksempel gjennom Statens lånekasse for utdanning, for å dekke nødvendige kurs og fagprøver for å oppnå autorisasjon for helsepersonell.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 89 L (2019–2020) Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven), jf. Innst. 389 L (2019–2020).

Nødvendige kurs og fagprøvar for helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar frå tredjeland skil seg ut frå den typen utdanning Lånekassen gir utdanningsstøtte til, ettersom dette er ei målgruppe som ikkje har rett til støtte i dag. Denne typen kurs/fagprøvar er òg for korte til å gi rett til utdanningsstøtte for andre studentar. Ei særskild ordning for denne gruppa helsepersonell vil vere kostbart for Lånekassen å administrere, og Kunnskapsdepartementets vurdering er at det ikkje er ei god løysing at dei tek ansvar for ei slik ordning. Oppmodingsvedtaket er sendt til ei tverrdepartemental arbeidsgruppe av representantar frå Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Arbeidsgruppa vil gjere samla vurderingar av fleire tiltak for helsepersonell frå tredjeland og skal ferdigstille arbeidet sitt hausten 2022. Rapporten skal då leggast fram for politisk leiing i Helse- og omsorgsdepartementet, som vil ha ansvar for å følge opp vedtaket.

Departementet meiner at vedtak nr. 30, 13. oktober 2020 er følgt opp.

Finansiering av studieopphald i utlandet

Vedtak nr. 684, 25. februar 2021

Stortinget ber regjeringen sikre gode finansieringsmekanismer for studieopphold i utlandet for å sikre lik tilgang uansett økonomisk bakgrunn – også til høyt rangerte læresteder.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

Lånekassen har gode ordningar for finansiering av studieopphald i utlandet. Alle som studerer utanfor Norden, kan få eit basislån, og 40 pst. av lånet kan gjerast om til stipend. Dei som betaler skulepengar, kan få stipend og lån til dekning av dette, opp til eit maksimalt beløp. Lånekassen gir også utdanningsstøtte til reise til og frå utlandet. Nokre lærestadar i utlandet gir i tillegg rett til utvida stipend ved høge utgifter til skulepengar.

I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å redusere stipenddelen i den ordinære skulepengestøtta ved utdanning utanfor Norden, til 40 pst. Med dette blir stipenddelen den same som for basislånet i Lånekassen. Likviditeten til studentane som er i utdanning, blir ikkje endra med forslaget, men dei vil få noko høgare gjeld etter at utdanninga er ferdig. Sjå nærare omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Departementet meiner at vedtak nr. 684, 25. februar 2021 er følgt opp.

Auka studiemobilitet for studentar med tilretteleggingsbehov

Vedtak nr. 685, 25. februar 2021

Stortinget ber regjeringen foreslå virksomme tiltak for økt studiemobilitet blant studenter med et tilretteleggingsbehov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

For å få midlar til studentutveksling gjennom Erasmus+ må universiteta og høgskulane forplikte seg til å legge til rette for personar med spesielle behov eller nedsett funksjonsevne. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) kan ved behov gi ekstra midlar til tilrettelegging. Midlane skal dekke ekstrautgifter som ikkje blir dekte av hjelpemiddel/støtte som personen har krav på å ta med seg frå Noreg.

I 2021 blei den tidlegare pådrivareininga for universell utforming og tilrettelegging, Universell, og Nasjonalkontoret for Erasmus+ samla i det nye direktoratet, HK-dir. Samorganiseringa av dei to einingane har skapt eit fagleg sterkare miljø for internasjonal mobilitet for menneske med tilretteleggingsbehov. Departementet meiner det er lagt til rette for at studentar med behov for tilrettelegging som ønsker å dra på utveksling, kan få betre oppfølging enn det dei har fått før.

Departementet meiner at vedtak nr. 685, 25. februar 2021 er følgt opp.

Betre godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

Vedtak nr. 687, 25. februar 2021

Stortinget ber regjeringen videreutvikle enklere, raskere og mer forutsigbare godkjenningsordninger for utenlandsk utdanning og kompetanse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

Stortinget har vedteke lovendringar som inneber at NOKUT ikkje lenger skal ha ansvar for godkjenning av utanlandsk utdanning etter universitets- og høgskulelova, fagskulelova og opplæringslova, jf. Prop. 74 L (2021–2022) Endringer i opplæringsloven, universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven (endring av NOKUTs oppgaver, studentrettigheter mv.) og Innst. 287 L (2021–2022). Som gjort greie for i Prop. 74 L (2021–2022) tek departementet sikte på å delegere desse oppgåvene til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) frå 1. januar 2023. Departementet meiner det vil skape eit endå meir slagkraftig miljø for kunnskap, informasjon og godkjenning av utdanning og yrkeskvalifikasjonar frå utlandet. Det er ein fordel at ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning blir organisert saman med HK-dirs oppgåver i opptakssamanheng, der utdanning frå utlandet ofte blir vurdert. Behandlinga av Prop. 74 L (2021–2022) følger òg opp Prop. 111 L (2020–2021), jf. Innst. 517 L (2020–2021), der paragrafane om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning blei grundig reviderte så det no er heilt tydeleg at dette arbeidet må følge krava i Lisboakonvensjonen.

Vidareutviklinga av godkjenningsordningane blir følgde opp i den ordinære etatsstyringa og resultatrapporteringa, sjå kap. 271, post 01.

Departementet meiner at vedtak nr. 687, 25. februar 2021 er følgt opp.

Fråfall og forseinkingar i høgare utdanning

Vedtak nr. 937, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen utrede tiltak for å forhindre frafall og forsinkelser i studiene for studenter i høyere utdanning.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandling av Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler, jf. Innst. 425 S (2020–2021).

Prosentdelen studentar som gjennomfører utdanninga på normert tid, er ein styringsparameter for målet om høg kvalitet i utdanning og forsking. Forseinking i utdanning er kostbart både for den einskilde og for samfunnet, og både Kunnskapsdepartementet og universiteta og høgskulane jobbar for at utdanningane skal legge til rette for at studentane skal lykkast. Ein viktig faktor er å bruke og utvikle undervisnings- og vurderingsformer som aktiviserer studentane og som fremjar læring på ein god måte. Vidare står et godt læringsmiljø sentralt. Hovuddelen av departementets arbeid handlar om å skape ein utdanningssektor med høg kvalitet og gode tilbod for studentane der så mange studentar som råd gjennomfører studia.

Dette er eit arbeid som held på heile tida, og som vil halde fram, og departementet meiner at vedtak nr. 937, 20. mai 2021 gjennom dette er følgt opp.

Opptrappingsplan for studieplassar innanfor medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Vedtak nr. 941, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen utarbeide en opptrappingsplan for studieplasser innenfor medisin, helsefag og psykologi. Planen skal både inneholde konkrete tiltak for opprettelse av tilstrekkelig med studieplasser ved utdanningsinstitusjonene, og tiltak som sikrer studentene praksisplass i helsesektoren. Planen bør inneholde tiltak som gjør det attraktivt for helsearbeidere å være i sektoren. Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 komme tilbake til Stortinget med innledende tiltak for å sikre flere studieplasser innen medisin, helsefag og sykepleie.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga Dok. 8:281 S (2020–2021) Representantforslag om opptrappingsplan for helseutdanningane fra stortingsrepresentantene Åshild Bruun-Gundersen, Bengt Rune Strifeldt, Morten Stordalen, Hanne Dyveke Støttar, Silje Hjemdal, Himanshu Gulati og Roy Steffensen, jf. Innst. 419 S (2020–2021).

Regjeringa vil føre ein ambisiøs og offensiv kunnskapspolitikk og bygge sterke profesjonsutdanningar av høg kvalitet i heile landet. Derfor har regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at ho vil trappe opp talet på nye studieplassar, med opptrappingsplanar for område med særleg stort kompetansebehov, som læraryrket, sjukepleie, realfag, IKT og medisin. I 2022 fekk Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) midlar til 15 fleire studieplassar i medisin, jf. Innst. 2 S (2021–2022) og Prop. 1 S (2021–2022). Regjeringa foreslår midlar til ytterlegare 30 nye studieplassar i medisin ved UiT frå 2023. Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til 300 fleire studieplassar i sjukepleiarutdanningane, og elleve statlege universitet og høgskular blei i tillegg bedne om å omprioritere for ytterlegare til saman 200 fleire plassar innanfor uendra rammeløyving, jf. Innst. 119 S (2021–2022) og Prop. 51 S (2021–2022).

Vidare oppfølging av dette oppmodingsvedtaket er under arbeid i samarbeid med relevante departement. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane.

Eksamensoppgåver og skriftspråk

Vedtak nr. 1016, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen i den helhetlige gjennomgangen av universitets- og høyskoleloven komme tilbake med forslag om lovfesting av retten til å få eksamensoppgavene på det norske skriftspråk studentene ønsker.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 111 L (2020–2021) Endringer i universitets- og høyskoleloven, utdanningsstøtteloven, fagskoleloven og yrkeskvalifikasjonsloven mv. (samleproposisjon), jf. Innst. 517 L (2020–2021).

Stortinget har vedteke ei plikt for universitet og høgskular å gi eksamen på det norske skriftspråket som studenten ønsker, jf. Prop. 74 L (2021–2022) Endringer i opplæringsloven, universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven (endring av NOKUTs oppgaver, studentrettigheter mv.) og Innst. 287 L (2021–2022). Lovendringa har berre konsekvensar for private lærestadar, sidan statlege lærestadar allereie har plikt til å gi eksamen på begge skriftspråka som hovudregel.

Departementet meiner vedtak nr. 1016, 20. mai 2021 er følgt opp.

11.3 Stortingssesjon 2019–2020

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 701, 15. juni 2020

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å utvide retten til realkompetansevurdering til også å gjelde voksne uten rett til videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring 26. august 2021. I høyringa foreslo departementet at retten til vidaregåande opplæring blir utvida, og at retten til realkompetansevurdering blir utvida tilsvarande. I høyringa bad departementet om innspel til behov for ytterlegare utviding av retten til realkompetansevurdering. Departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon om ny opplæringslov for Stortinget våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Kompetansefunn Digital

Vedtak nr. 697, 15. juni 2020

Stortinget ber regjeringen utrede en ny insentivordning, Kompetansefunn Digital for at små og mellomstore bedrifter skal investere i økt digital-/teknologikompetanse for sine ansatte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Kunnskapsdepartementet tildelte Oslo Economics eit oppdrag for å få oversikt over insentivordningar som liknar på Kompetansefunn Digital i andre land, og korleis desse ordningane verkar. Oslo Economics leverte i 2021 rapporten Kunnskapsoppsummering som bakgrunn for vurdering av ordninga «Kompetansefunn Digital» (OE-rapport 2021-58). Rapporten summerer opp forsking om effektar av 24 insentivordningar for livslang læring i 17 vestlege land, basert på om lag 60 artiklar og rapportar. Rundt halvparten av ordningane er effektevaluert.

Forskinga tyder på at det er betydelege variasjonar i kor vellykka insentivordningane er. Sjølv om mange ordningar fører til auka deltaking i opplæring, peikar ei overvekt av studiane i retning av at ordningane har låg eller ingen effekt på arbeidsmarknadsutfall. Nokre ordningar har positiv effekt på læringsmotivasjon. I den grad ein finn effektar på arbeidsmarknadsutfall, varierer dei for ulike grupper av tilsette og avheng i stor grad av utforminga av insentivordningane og sjølve opplæringa. Rapporten summerer opp erfaring med tre skattebaserte ordningar og gir ikkje grunnlag for å hevde at skatteordningar fungerer betre enn andre ordningar.

Regjeringa meiner det er tungtvegande tilleggsargument mot tiltak på skattesida: Dei kompliserer skattesystemet og bryt med hovudprinsippa i skattepolitikken om breie grunnlag og låge satsar. Ei ordning som er tematisk avgrensa til digital kompetanse, vil i tillegg ha betydelege administrative kostnader knytte til å ta stilling til kva for opplæringstilbod som blir dekte, og at vilkåra er oppfylte.

Konklusjonen til regjeringa er at det ikkje er gode nok argument for å innføre ei skattebasert insentivordning med formål om å stimulere verksemder til digital kompetanseutvikling for tilsette. Departementet meiner at vedtak nr. 697, 15. juni 2020 er følgt opp.

Rett til kompetanseheving i arbeidslivet

Vedtak nr. 698, 15. juni 2020

Stortinget ber regjeringen nedsette et partssammensatt utvalg for å utrede hvordan arbeidstakere kan opparbeide seg en rett til kompetanseheving gjennom arbeidslivet, og sikre at tillitsvalgte tas med i drøftinger om hvilken kompetanseutvikling virksomheten trenger.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Oppmodingsvedtaket er overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, og Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.

Finansieringssystem for universitet og høgskular

Vedtak nr. 699, 15. juni 2020

Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med stortingsmeldingen om styringspolitikken for statlige universiteter og høyskoler om å legge frem forslag til nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Forslaget må utarbeides i tett samarbeid med utdanningssektoren og arbeidslivet. Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være
  • Relevant arbeid etter endt studium og arbeidslivsrelevans i studiet.

  • Ulike opplegg for etter- og videreutdanning.

  • Opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør, og som kan tas i kombinasjon med jobb.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Kunnskapsdepartementet tok 17. mars 2022 imot rapporten frå utvalet leia av Siri Hatlen som var nemnt opp for å gå gjennom finansieringa av universiteta og høgskulane. Rapporten var på høyring fram til 10. juni 2022. Utvalet var særleg bede om å følge opp oppmodingsvedtaka frå Stortinget frå 2020 som dreidde seg om finansieringa av sektoren.

Utvalet tilrår å forenkle systemet for den resultatbaserte utteljinga og berre vidareføre indikatorane for gjennomførte studiepoeng og avlagde doktorgradar. Det foreslår samstundes å legge større vekt på utviklingsavtalane i styringa. Det vil gi ei meir transparent styring som gir institusjonane større reelt handlingsrom og ansvar for budsjettdisponeringa. Gjennom å fjerne kandidatindikatoren gjer ein det meir attraktivt for universitet og høgskular å tilby vidareutdanning og mindre og fleksible tilbod. Utvalet frårår tydeleg å innføre ein indikator for arbeidslivsrelevansen i tilboda eller sysselsetjingsgraden for uteksaminerte studentar, og høyringsfråsegnene støtta dette eintydig. I tillegg til dei generelle argumenta for å forenkle systemet bygde tilrådinga på at relevansen for arbeidslivet er svært vanskeleg å måle, mellom anna fordi det er knytt til generiske ferdigheiter, og særleg når det gjeld relevansen for arbeidslivet i framtida. Ein indikator basert på sysselsetjing vil vanskeleg ta høgde for konjunktursvingingar og regionale omsyn.

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2022 greie ut finansieringskategoriane vidare i dialog med sektoren, og vurdere om talet bør reduserast. Regjeringa vil vurdere heilskapen i finansieringssystemet, inkludert moglege endringar i kategoriane, før det blir gjort endringar i systemet. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Vedtak nr. 700, 15. juni 2020

Stortinget ber regjeringen opprette inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til at de 1 000 studieplassene som regjeringen varslet i Prop. 117 S (2019–2020), skal bli permanente, og at det videre utarbeides en forpliktende opptrappingsplan med 1 000 nye studieplasser årlig over fem år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Stortinget har i 2020 og 2021 løyvd midlar til totalt 2 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Dette er den største kapasitetsveksten i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong. Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår derfor midlar til 500 nye studieplassar til fagskulane i 2023.

Midlar til nye studieplassar til fagskulane skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og kapasitet i fagskulane. Fylkeskommunane søker Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse om midlar til nye studieplassar etter ein gjennomgang av kompetansebehov og kapasitet i fagskulane i eige fylke. Systemet bygger opp under fylkeskommunane som kompetansepolitisk aktør og at fagskulane skal tilby utdanningar som arbeidslivet etterspør. Fordelinga av studieplassar skal skje i eit samspel mellom arbeidsliv, fagskular og styresmakter for å sikre at nye studieplassar treffer kompetansebehova i arbeidslivet best mogleg. Nasjonale styresmakter kan legge føringar for fordelinga av studieplassar for å sikre at det blir teke omsyn til nasjonale behov.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget med vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket i dei årlege statsbudsjetta.

11.4 Stortingssesjon 2018–2019

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Vedtak nr. 51, 22. november 2018

Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:231 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagestruktur der pengene går til barnas beste, jf. Innst. 51 S (2018–2019).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar, jf. òg vedtak nr. 802, 31. mai 2018 om modellar i finansieringssystemet som varetek eit mangfald av barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Fritak frå skulefag

Vedtak nr. 197, 12. desember 2018

Stortinget ber regjeringen sørge for at fritak for skolefag ikke blir gitt dersom dette ikke er i overensstemmelse med elev og foresattes ønsker, at fritaket må være faglig begrunnet, og at konsekvensene av et fritak er gjort godt kjent for eleven og foresatte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 12 S (2018–2019).

Opplæringslovutvalet har levert NOU 2019: 23 Forslag til ny opplæringslov. NOU-en har vore på offentleg høyring, og departementet vil følge opp forslaget frå utvalet i forslag til ei ny opplæringslov som er sendt på høyring 26. august 2021. Departementet legg i høyringsnotatet til grunn at forslaget til reglar om fritak frå opplæringa, saman med reglane om elevens beste og elevens rett til å bli høyrd, svarar til intensjonen i oppmodingsvedtaket. Departementet tek sikte på å legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

11.5 Stortingssesjon 2017–2018

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Vilkår for private barnehagar

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018

Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Finansieringssystemet for private barnehagar

Vedtak nr. 802, 31. mai 2018

Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar, jf. òg vedtak nr. 51, 22. november 2018, om finansieringssystemet for private og kommunale barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Høgare utdanning

Vedtak nr. 887, 11. juni 2018

Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regelverk for rangering av søkere til høyere utdanning, inkludert utdanning som i dag ikkje gir poeng, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:196 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Knut Arild Hareide og Steinar Reiten om å gi bibelskoleelever to tilleggspoeng, jf. Innst. 387 S (2017–2018).

Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for rangering, inkludert alle kvotar og tilleggspoeng i systemet for opptak. Våren 2021 sette regjeringa ned eit offentleg utval (Opptaksutvalet) som skal sjå på heile systemet for opptak til høgare utdanning. Utvalet skal levere sin rapport i desember 2022. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

11.6 Stortingssesjon 2016–2017

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskulen

Vedtak nr. 67, 22. november 2016

Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:116 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Magne Rommetveit, Terje Breivik, Geir Sigbjørn Toskedal og Audun Lysbakken om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt, jf. Innst. 68 S (2016–2017).

Departementet viser til det førebelse overslaget som Stortinget blei orientert om i budsjettproposisjonen for 2019, for kva det vil koste dersom elevar på ungdomstrinnet skal få rett til opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe slik som elevar på barnetrinnet.

Departementet sende forslag til ei ny opplæringslov på offentleg høyring 26. august 2021 og vurderer no innspel frå høyringa. Departementet tek sikte på å legge fram ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Vedtak nr. 900, 13. juni 2017

Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtak nr. 900 er omtala i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, som blei lagd fram i november 2019. Der blei det varsla at departementet ville vurdere korleis alle barnehagar og skular kan få tilstrekkeleg tilgang til spesialpedagogisk kompetanse.

Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å greie ut dette nærare og har levert eit svar på oppdraget. Denne utgreiinga inngår i kunnskapsgrunnlaget for moglege regelverksendringar som blir behandla saman med forslaga frå opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov.

Departementet sende forslag til ny opplæringslov på høyring 26. august 2021. Forslaget bygger mellom anna på opplæringslovutvalets NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Departementet følger no opp høyringa. Forslaget i høyringa inneber at dei som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning), skal oppfylle krava for å bli tilsett i lærarstilling og krava til relevant kompetanse i undervisningsfaget. Det skal likevel kunne gjerast unntak frå krava til kompetanse for å gi individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning), men berre dersom det vil gi elevane betre opplæring. Dette gjeld både for krava til å bli tilsett i lærarstilling og kravet til relevant kompetanse i undervisningsfag. Departementet foreslår at slike unntak berre kan gjerast for personar med ei universitets- eller høgskuleutdanning som gjer dei særleg eigna til å vareta behova til elevane. Unntaket opnar for at til dømes ein barnevernspedagog eller spesialpedagog som har relevant kompetanse, men som ikkje har lærarutdanning, kan ha ansvaret for å planlegge, gjennomføre og følge opp undervisninga når det er fagleg og konkret grunngitt.

Departementet vurderer no innspel frå høyringa og tek sikte på å legge forslag til ny opplæringslov fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet viser til at det er sett i gang eit varig kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis som skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane har tilstrekkeleg kompetanse til å førebygge, fange opp og følge opp alle barn og elevar – inkludert elevar med behov for særskild tilrettelegging – slik at dei får eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skule. I tillegg skal endringane i Statped bidra til meir likeverdige tenester frå Statped over heile landet når det gjeld barn og elevar med varige, omfattande eller særleg komplekse behov.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Vedtak nr. 901, 13. juni 2017

Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Departementet viser til svaret i omtalen av oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017, og at forslaget vil bli behandla i arbeidet med ny opplæringslov. Regjeringa tek sikte på å legge forslag til ny opplæringslov fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Spesialundervisning og lærarkompetanse

Vedtak nr. 903, 13. juni 2017

Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Departementet viser til svar under oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017, og at forslaget vil bli behandla i arbeidet med ny opplæringslov. Regjeringa tek sikte på å legge forslag til ny opplæringslov fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017

Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av evaluering av innføring og verknad av tiltaka i fagskulemeldinga, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning. Ein midtvegsrapport er levert departementet i 2021. Rapporten gir i hovudsak ein status for innføring av tiltaka. Ein rapport om evaluering av finansieringssystemet for fagskular er levert departementet i 2022. Ein endeleg rapport skal vere klar i 2023 og ta omsyn til evalueringa av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Evaluering av fagskulereforma

Vedtak nr. 643, 2. mai 2017

Stortinget ber regjeringen foreta en midtveisevaluering av fagskolereformen etter 3 år og en full evaluering etter 5 år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet har i 2020 sett i gang ei evaluering av innføringa og verknadene av tiltaka i fagskulemeldinga, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning. Evalueringa vil innehalde tre leveransar. Ein midtvegsrapport er levert departementet i 2021. Rapporten gir i hovudsak ein status for innføring av tiltaka. Ein rapport om evaluering av finansieringssystemet for fagskular er levert departementet i 2022. Rapporten har vore på høyring. Ein endeleg rapport skal vere klar i 2023 og ta omsyn til evalueringa av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

11.7 Stortingssesjon 2015–2016

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016

Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) om den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, og at denne delen er følgd opp gjennom ei lovendring som tok til å gjelde 1. august 2018, jf. barnehagelova § 27.

Når det gjeld den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, heng dette saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordningar for samiske språk. Språkutvalet foreslo lovendringar og tiltak på ulike departements ansvarsområde. Som ein del av oppfølginga av rapporten har det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2021 hatt eit forslag til endringar i språkreglane i samelova på alminneleg høyring. Sametinget blir konsultert om forslaget. Regjeringa tek sikte på å fremje ein lovproposisjon våren 2023.

Regjeringa har i tillegg bestemt at den neste stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv skal handle om rekruttering og kompetanse. Her vil regjeringa sjå nærare på barnehagar, grunnopplæringa og høgare utdanning.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Til forsiden