Meld. St. 4 (2022–2023)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2021–2022

Til innholdsfortegnelse

7 Justis- og beredskapsdepartmentet

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2021–2022, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 141 S (2021–2022) meinte ikkje var følgde opp. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.

I kolonne fire i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen til neste år.

Sjølv om det i tabellen blir opplyst om at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

I enkelte tilfelle er det nødvendig å fremme forslag om at oppmodingsvedtaket blir oppheva før rapporteringa kan avsluttast. Departementet har fremma eit slikt forslag. Vi viser til forslagsdelen i denne proposisjonen.

Tabell 7.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2021–2022

35.49

Ny rettshjelpordning

Nei

2021–2022

35.56

Pilotprosjekt for notoritet i personkontrollar

Ja

2021–2022

372

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Nei

2021–2022

419

Stønad til livsopphald til flyktningar som bur utanfor asylmottak

Ja

2021–2022

420

Straffebestemming om seksuell utnytting av barn

Nei

2021-2022

462

Innføring av våpenamnesti

Ja

2021–2022

504

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

505

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

506

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

507

Nytt Oslo fengsel

Nei

2021–2022

569

Flyktningar frå Ukrainas naboland

Ja

2021–2022

571

Mottaksplan for ukrainske barn og unge

Ja

2021–2022

572

Automatisk arbeidsløyve til ukrainske flyktningar

Ja

2021–2022

573

Informasjonsarbeid om rettar og moglegheiter for ukrainske flyktningar

Ja

2021–2022

579

Vurdering av naturskadeforsikringsordningen

Nei

2021–2022

580

Dialog om digitale betalingstenester og foreldrekontroll

Nei

2021–2022

581

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Nei

2021–2022

582

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Nei

2021–2022

583

Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod

Nei

2021–2022

584

Straffenivåa for seksuallovbrot

Nei

2021–2022

585

Nedsetjing av valdtektskommisjon

Nei

2021–2022

587

Budsjettmessige konsekvensar av ny valdserstatningslov

Nei

2021–2022

588

Sikre bemanning ved og vurdere tiltak for å styrke Kontoret for voldsoffererstatning

Ja

2021–2022

589

Forseinkingsrente på statens regresskrav mot skadevaldar i valdserstatningssaker

Nei

2021–2022

647

Oversikt over land utan krav til pass eller id-kort

Ja

2021–2022

648

Høve for utvida gyldigheit på utgåtte pass

Ja

2021–2022

649

Reduksjon av passkø

Ja

2021–2022

650

Henting av pass hos passutferdar

Ja

2021–2022

651

Sikring av komponentar til pass

Ja

2021–2022

652

Strakstiltak for å redusera ventetid på nye pass

Ja

2021–2022

654

Tryggleik for funksjonshindra

Nei

2021–2022

795

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Nei

2021–2022

831

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat på Trandum

Nei

2020–2021

47

Utviding av avverjingsplikta

Nei

2020–2021

50

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Nei

2020–2021

64

Tilgjengelege dopingopplysningar

Nei

2020–2021

65

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Nei

2020–2021

140

Eigendelar etter finansavtalelova

Ja

2020–2021

206

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Nei

2020–2021

207

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Nei

2020–2021

208

Klarlegging av identitet

Nei

2020–2021

209

Skjerping av underhaldskravet

Ja

2020–2021

443

Høgare straff for barn som gjer gjenteken kriminalitet

Nei

2020–2021

446

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Nei

2020–2021

447

Besøks- og opphaldsforbod

Nei

2020–2021

452

Straff for å la verdiane til gjengkriminelle stå i eige namn

Ja

2020–2021

627

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Nei

2020–2021

628

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Nei

2020–2021

676

Ny politihøgskule

Ja

2020–2021

680

Gjenopning av arrestar

Ja

2020–2021

681

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Nei

2020–2021

682

Identitetsskjerming for polititilsette

Nei

2020–2021

712

Straff for å tvinge barn til utlandet

Nei

2020–2021

729

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Nei

2020–2021

730

Totalberedskapsutval

Nei

2020–2021

739

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Nei

2020–2021

740

Sivilforsvaret

Ja

2020–2021

741

Frivillige organisasjonar

Ja

2020–2021

742

Brann til sjøs

Nei

2020–2021

743

Tilfluktsrom

Nei

2020–2021

745

Objektsikring

Ja

2020–2021

746

Kompetanseheving innanfor IKT-tryggleik

Ja

2020–2021

748

Inkludering av frivillige organisasjonar i beredskapsplanar

Ja

2020–2021

799

ADR-kontroll

Nei

2020–2021

814

Nasjonalt eigarskap og kontroll

Nei

2020–2021

848

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Nei

2020–2021

883

Økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar

Ja

2020–2021

928

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Nei

2020–2021

983

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Nei

2020–2021

1038

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggingslova og evaluering av tryggleiksforståing

Nei

2020–2021

1040

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Nei

2020–2021

1041

Nytt Oslo fengsel

Nei

2020–2021

1115

Forfølging av narkotikalovbrot i nødssituasjonar

Ja

2020–2021

1116

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Nei

2020–2021

1117

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Nei

2020–2021

1159

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Nei

2020–2021

1161

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Nei

2020–2021

1162

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Nei

2020–2021

1343

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Nei

2019–2020

436

Elektroniske fraktbrev

Nei

2019–2020

515

Reklamasjonsfrist på bustader

Nei

2019–2020

669

Deling av registerinformasjon

Nei

2018–2019

98

Rettshjelpsordninga

Nei

2017–2018

539

Alternativ til fengsling av barn

Ja

2017–2018

540

Einslege mindreårige asylsøkarar

Ja

2017–2018

541

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Ja

2017–2018

788

Utanlandsopphald

Nei

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

Nei

2017–2018

798

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Nei

2017–2018

899

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Nei

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Nei

2016–2017

630

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Nei

2016–2017

631

Besøksforbod

Nei

2016–2017

1043

Omvend valdsalarm

Nei

2015–2016

921

Tilsyn med drift av asylmottak

Ja

7.1 Stortingssesjon 2021–2022

Ny rettshjelpsordning

Vedtak nr. 35.49, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om å legge frem forslag til ny lov om støtte til rettshjelp i løpet av våren 2023, og vurdere ulike tiltak som kan forsterke rettshjelpsordningen for befolkningen, herunder forslagene i NOU 2020:5»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022), Prop. 1 S (2021–2022), Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Pilotprosjekt for notoritet i personkontrollar

Vedtak nr. 35.56, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om å gjennomføre en pilotordning i Oslo med teknisk løsning for sikring av notoritet for personkontroller som politiet foretar dersom den som blir kontrollert vil la seg registrere. Ordningen skal innebære at den som blir stoppet kan motta en bekreftelse på kontrollen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Oppfølging er igangsett med oppdraget som blei gitt til Politidirektoratet og det pågåande arbeidet i Oslo politidistrikt med planleggjing og oppstart av eit pilotprosjekt med utprøving av teknisk løysing for tilbod om og utferding av stadfesting på gjennomført personkontroll.

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Vedtak nr. 372, 3. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede en fravikelig samboerlov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2021–2022) og Innst. 121 S (2021–2022) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Stønad til livsopphald til flyktningar som bur utanfor asylmottak

Vedtak nr. 419, 8. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen raskt vurdere hvordan flyktninger med midlertidig kollektivt opphold som bor utenfor asylmottak midlertidig kan sikres stønad til livsopphold.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Prop. 14 L (2021–2022) og Innst. 175 L (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet gav 16. mars UDI instruks GI-4/2022 – Instruks om alternativ mottaksplass for personar fordrivne frå Ukraina som får midlertidig kollektiv beskyttelse, jf. utlendingsforskriften § 7-5 a, jf. utlendingsloven § 34. UDI fekk med denne instruksen fullmakt til å utvide målgruppa for ordninga med alternativ mottaksplass (AMOT) under kap. 490, post 60.

Straffebestemming om seksuell utnytting av barn

Vedtak nr. 420, 8. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere om ordet «livssituasjon» i straffeloven § 295 første ledd bokstav c bør endres til «situasjon», slik at bestemmelsen rammer det «å utnytte en person under 18 år i en særlig sårbar situasjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:26 S (2021–2022) og Innst. 177 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Som ledd i Straffelovrådets pågåande gjennomgang av straffelova kapittel 26 om seksuallovbrot, vurderar rådet òg behovet for endringar i føresegna som rammar den som skaffar seg eller ein annan seksuell omgang ved å utnytta ein person under 18 år i ein særleg sårbar livssituasjon.

Innføring av våpenamnesti

Vedtak nr. 462, 31. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen innføre våpenamnesti, der det gis fritak for straff ved besittelse av ulovlige våpen dersom disse leveres inn til relevante myndigheter i løpet av en fastsatt periode.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:54 S (2021–2022) og Innst. 208 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det vil bli innført eit tidsavgrensa våpenamnesti frå 1. november 2022 til 1. april 2023.

Advokatlova

Vedtak nr. 504, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrift etter § 19 andre ledd, hvor forsikringsselskap kan tilby advokatbistand gjennom rettshjelpforsikring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Advokatlova

Vedtak nr. 505, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre klare overgangsordninger for foretak som blir berørt av endringer i ny advokatlov, som må gi slike god nok tid til å omorganisere seg, slik det åpnes for i Prop. 214 L (2020–2021) kapittel 22.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Advokatlova

Vedtak nr. 506, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen iverksette forskrift for berørte forsikringsselskap i god tid før overgangsreglene som vil bli fremmet i forbindelse med ikraftsettingen av advokatloven, utløper i tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Nytt Oslo fengsel

Vedtak nr. 507, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med egen sak om plassering av nytt Oslo fengsel før endelig beslutning fattes.

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S, og Innst. 241 S (2021– 2022).

Vedtaket er under behandling. For å sikre snarleg erstatningskapasitet for nokre av plassane for Oslo fengsel foreslår regjeringa å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling med netto 76 plassar. Departementet vil komme tilbake med forslag for lokalisering av nye fengselsplasser til erstatning for fengselsplassane ved Oslo fengsel.

Flyktningar frå Ukrainas naboland

Vedtak nr. 569, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for raskt å respondere på anmodninger dersom Ukrainas naboland ber om bistand til å håndtere flyktninger med kollektiv beskyttelse. Planen bør inneholde en avtale om uttransport.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:152 S (2021–2022) og Innst. 292 S (2021–2022).

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dok. 8:152 S (2021–2022) og Innst. 292 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa meiner oppmodingar frå nabolanda til Ukraina om bistand til å handtere flyktningar er tilfredsstillande varetatt med gjeldande rutinar og etablerte samarbeid. Noreg deltek i dialog og samarbeid med styresmaktene i nabolanda til Ukraina, EU og mellomstatlege organisasjonar om humanitær bistand og tilrettelegging av annan bistand til flyktningar. Noreg har ein tilbaketakingsavtale (returavtale) med Ukraina som vart inngått 1. september 2011 som framleis gjeld.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.

Mottaksplan for ukrainske barn og unge

Vedtak nr. 571, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen umiddelbart utarbeide en mottaksplan for å sikre at ukrainske barn og unge blir tatt godt imot ved ankomst, herunder for mottak i skole og barnehage.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:147 S (2021–2022) og Innst. 292 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Statlege styresmakter har planar for å ta i mot barn og unge som søker vern i Noreg på en god måte. Utlendingsdirektoratet (UDI) har det operative ansvaret for å tilby et innkvarteringstilbod, og har planverk for å ta i mot barn. Barn som sannsynlegvis skal vere i landet i meir enn tre månader, har rett til grunnskuleopplæring. Kommunane kan gi tilbod om barnehageplass til barn i mottak, og barn som er busette har rett til barnehageplass. Arbeids- og inkluderingsdepartementet jobbar for at barn frå Ukraina så raskt som mogleg skal bli busett i ein kommune, og etter dette har kommunen ansvar for oppfølginga. Regjeringa har initiert ei rekke tiltak for å støtte kommunane og fylkeskommunane, bl.a. ei tilskotsordning for omsetjing og utvikling av læremiddel, utvikling av digitale ressursar og fjernundervisning, samt mellombelse regelendringar.

Automatisk arbeidsløyve til ukrainske flyktningar

Vedtak nr. 572, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å automatisk innvilge arbeidstillatelse for registrerte ukrainske flyktninger hvor det ikke er identitetstvil, for eksempel ved at søkeren har biometrisk pass.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Dokument 8:177 S (2021–2022) og Innst. 288 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har vurdert om utlendingsregelverket bør endrast for å gje fordrivne frå Ukraina rett til å arbeide frå søknadsdato, og ikkje først frå vedtaksdatoen, som i dag. Departementet vil ikkje foreslå ei slik endring. Det er lagt særleg vekt på at saksbehandlingstida for kollektivt vern no er kort. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid, frå søknadsdato til vedtak i UDI, for personar som søkte asyl i august, var i august månad 8 dagar (median 6 dagar). Det er derfor liten eller ingen gevinst å hente på å knytte retten til å arbeide til søknadstidspunktet. På dette tidspunktet veit ein heller ikkje om søkaren fyller vilkåra for mellombels kollektivt vern. Det er vanskeleg å grunngje kvifor alle ukrainske asylsøkarar, også dei som kan hende ikkje fyller vilkåra for mellombels kollektivt vern, skal få ei betre rett til å arbeide enn andre asylsøkarar. Ei slik ordning vil kunne innebere usakleg forskjellsbehandling.

Informasjonsarbeid om rettar og moglegheiter for ukrainske flyktningar

Vedtak 573, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre at ukrainske flyktninger og deres barn får tilgang til informasjon om sine rettigheter og muligheter i Norge i en tidlig fase i ankomsten, uavhengig av om de bor på mottak eller er innlosjert privat. Informasjonen må tilpasses barn i ulike aldre.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:177 S (2021–2022) og Innst. 288 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Departementet har bede Utlendingsdirektoratet (UDI) om status for informasjonsarbeid retta mot barn og unge, og særleg fordrivne frå Ukraina. UDI, politiet og andre instansar har etablert rutinar for å gi relevant og tilpassa informasjon etter at søkaren er kommen til Noreg. Det blir òg gitt utfyllande informasjon på nettsidene til statlege styresmakter om innreise, om registrering, om innkvartering og om rettar i Noreg. Utlendingsstyresmaktene har utarbeidd ei eiga nettside for barn: asylbarn.no. UDI har sett i verk alternative informasjonstiltak retta mot ukrainske asylsøkarar. Fleire direktorat samarbeider om informasjonstiltak retta mot ukrainarar med formål om å identifisere og førebyggje menneskehandel, inkludert tilpassa informasjon for barn.

Naturskadeforsikring

Vedtak nr. 579, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere mulighetene for å innrette naturskadeforsikringsordningen slik at den bedre ivaretar hensynet til forebygging, men likevel slik at dette ikke går på bekostning av prinsippet omen solidarisk og lik premiefastsettelse for forsikringskunder i hele landet.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Prop. 62 L (2021–2022) og Innst. 308 L (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Dialog om digitale betalingstenester og foreldrekontroll

Vedtak nr. 580, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med aktuelle leverandører av digitale betalingstjenester for å øke bevisstheten rundt foreldre og foresattes mulighet til å kontrollere transaksjoner inn og ut av betalingskontoen til deres barn samt for å finne løsninger for å styrke foreldrekontrollen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021– 2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Vedtak nr. 581, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av en plikt for norske tjenesteleverandører til å melde fra dersom de oppdager at deres tjenester brukes til straffbar oppbevaring eller distribusjon av overgrepsmateriale.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Vedtak nr. 582, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et regelverksarbeid om varsling fra kriminalomsorgen, der hensynet til fornærmede og etterlatte vektlegges sterkere enn det som ligger i dagens regler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 583, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om innføring av en ordning med elektronisk kontroll (såkalt omvendt voldsalarm) ved brudd på besøksforbud.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017 og vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

Straffenivåa for seksuallovbrot

Vedtak nr. 584, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gi Straffelovrådet i oppdrag å foreta en tilleggsutredning av straffenivåene for straffelovens bestemmelser om seksuallovbrudd. Tilleggsutredningen bes ferdigstilles før sommeren 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2021–2022) og Innst. 307S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Som ledd i Straffelovrådets pågåande gjennomgang av straffelova kapittel 26 om seksuallovbrot, vurderar rådet òg straffenivåa. Regjeringa vil vurdera om det blir behov for ein meir inngåande utgreiing av straffenivåa for seksuallovbrot etter at rådet har levert utgreiinga si, noko som skal skje seinast 15. desember.

Nedsetjing av valdtektskommisjon

Vedtak nr. 585, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen nedsette en voldtektskommisjon, som skal levere sin utredning innen september 2023. Kommisjonen bør være bredt sammensatt av ulike typer kompetanse innenfor pedagogikk, psykologi, sosialfag, politifag og juss.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2021–2022) og Innst. 307 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Valdserstatningslov

Vedtak nr. 587, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til de budsjettmessige konsekvensene av ny voldserstatningslov i forbindelse med nysalderingen av budsjettet for 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Kontoret for valdsoffererstatning

Vedtak nr. 588, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Kontoret for voldsoffererstatning i Vardø blir tilført andre oppgaver slik at bemanningen ved kontoret ikke reduseres. Stortinget ber også regjeringen vurdere tiltak for å styrke Kontoret for voldsoffererstatning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Departementet arbeider med ikraftsetjing og implementering av ny valdserstatningslov, jf. Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) og Lovvedtak 70 (2021–2022). Arbeidet med å tilføra andre oppgåver til Kontoret for valdsoffererstatning og å vurdera tiltak for å styrke kontoret, følgjast opp i styringsdialogen mellom departementet og Statens sivilrettsforvaltning og mellom Statens sivilrettforvaltning og Kontoret for valdsoffererstatning.

Forseinkingsrente på statens regresskrav mot skadevaldar i valdserstatningssaker

Vedtak nr. 589, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at det ikke skal løpe forsinkelsesrenter på statens regresskrav mot skadevolderen i voldserstatningssaker mens skadevolderen soner alminnelig fengselsstraff.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med ikraftsetjing og implementering av ny valdserstatningslov, jf. Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) og Lovvedtak 70 (2021–2022). Departementet ser på aktuelle løysingar og vil koma tilbake til Stortinget på eigna måte.

Oversikt over land utan krav til pass eller ID-kort

Vedtak nr. 647, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen lage en lett tilgjengelig og oppdatert oversikt over hvilke Schengen-land nordmenn kan reise til uten pass eller ID-kort, og hvilke land som fortsatt krever slike dokumenter ved innreise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Oppdatert oversikt følgjer av Utanriksdepartementet sin reiseinformasjon og politiet sine nettsider om pass og nasjonalt ID-kort.

Høve til utvida varigheit på utgåtte pass

Vedtak nr. 648, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen se på mulighetene for å midlertidig utvide gyldigheten på utgåtte pass, etter dialog med andre land.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp med vurderingar som vart gjorde i samband med dialogen med andre land om mellombels bruk av pass som har gått ut på dato.

Reduksjon av passkø

Vedtak nr. 649, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at de lange køene for å få hentet ut pass blir redusert ved at man lager egne køer eller midlertidige kontorer for folk som kun skal hente ut pass.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp med tiltaka som vart sette i verk i politidistrikta før sommaren 2022.

Henting av pass hos passutferdar

Vedtak nr. 650, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at alle får mulighet til å hente ut nye pass hos passutsteder, slik at man ikke må vente på å få passet i posten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp med tiltaka som vart sette i verk i politidistrikta før sommaren 2022.

Sikring av komponentar til pass

Vedtak nr. 651, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utforske mulighetene for å sikre seg nødvendig råstoff og komponenter til å produsere pass via EU eller andre kanaler, slik Solberg-regjeringen gjorde under covid-19-pandemien.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Departementet har bede Politidirektoratet om å starte eit arbeid for å sjå på tiltak som kan gjere i leveransekjeda for pass og ID-kort meir robust, bl.a. for å auke den nasjonale beredskapen.

Redusere ventetid på nye pass

Vedtak nr. 652, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre strakstiltak med sikte på å redusere ventetid for å få nytt pass, eksempelvis gjennom å utvide åpningstider på kveldstid og i helgene, samt å øke bemanningen på passkontor med stor pågang.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2021–2022) og Innst. 431 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp med tiltaka som vartsette i verk i politidistrikta før sommaren 2022.

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Vedtak nr. 654, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen se på hvordan myndighetene kan treffe nødvendige tiltak for å sikre funksjonshindrede beskyttelse og sikkerhet i risikosituasjoner i hele krisespekteret, og sikre at funksjonshindredes organisasjoner høres i forbindelse med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2021–2022), Innst. 367 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har bede Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samband med arbeidet med forprosjekt om sivile vernetiltak å vurdere behovet til funksjonshindra særskilt i utforminga av framtidig tilrådingar om sivile vernetiltak.

Forbod mot sal av forfalte fordringar

Vedtak nr. 795, 15. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å forby salg av forfalte fordringer hvor forbruker er debitor.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2021–2022) og Innst. 373 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat på Trandum

Vedtak nr. 831, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre at helsetjenesten på Politiets utlendingsinternat, Trandum, legges under den offentlige helsetjenesten og at beslutningen om dette tas i løpet av 2022 slik at overføringen kan gjennomføres senest 1. juli 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

7.2 Stortingssesjon 2020–2021

Utviding av avverjingsplikta

Vedtak nr. 47, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300, 301, 302, 304 og 305.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Vedtak nr. 50, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 1159, 7. juni 2021.

Tilgjengelege dopingopplysningar

Vedtak nr. 64, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Vedtak nr. 65, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Eigendelar etter finansavtalelova

Vedtak nr. 140, 1. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere om egenandelen i finansavtaleloven § 3-20 tredje ledd bør oppjusteres for å ta hensyn til prisstigningen de siste årene og for å sørge for at beløpet gir et godt nok initiativ til at rettighetshaverne bruker sin elektroniske signatur på en forsvarlig måte. Regjeringen bes også vurdere om beløpet bør knyttes til grunnbeløpet i folketrygden slik at det automatisk justeres for prisendringer. Disse vurderingene bør også gjøres for beløpet i § 4-30 tredje ledd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. LS 92 (2019–2020) og Innst. 104 L (2019–2020) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet sende 20. mai 2022 på høyring eit forslag til ei ny forskrift om finansavtaler. I høyringsnotatet ba departementet også om innspel frå høyringsinstansane om forslaget i oppmodingsvedtaket. I samband med dette viste departementet til at ein eigenandel på 12 000 kroner for folk flest er ein stor sum med pengar. Departementet viste også til at når ein nå innfører lovfastsette eigenandelar, kan det vere føremålstenleg å sjå på verknadene av reglane i marknaden før ein eventuelt vurderer å regulere eigenandelen. Departementet peikte dessutan på at ei regulering av eigenandelane etter grunnbeløpet, slik oppmodingsvedtaket går ut på, vil komplisere reglane fordi ein da også må ha reglar om skjeringstidspunktet for kva for eigenandel som skal gjelde. Dei av høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget, sluttar seg alle til vurderingane i høyringsnotatet. Dette gjeld Finanstilsynet, Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet og Jussbuss. I lys av omsyna det er vist til i høyringsnotatet, og høyringa, er det departementet sitt syn at eigenandelen i finansavtaleloven § 3-20 tredje ledd og § 4-30 tredje ledd for tida ikkje bør bli justert opp eller knyttast til grunnbeløpet.

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Vedtak nr. 206, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil bl.a. sjå nærmare på korleis andre land i Europa har regulert dette, og kva for erfaringar dei har gjort.

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Vedtak nr. 207, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for hvordan Norge kan bidra til mer effektiv bekjempelse av irregulær migrasjon, herunder sørge for at dagens hjemmel for å henvise asylsøkere til trygge tredjeland utenfor EU brukes aktivt. Dette forutsetter samarbeidsavtaler med tredjeland som sikrer at asylsøkere behov for beskyttelse blir ivaretatt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021) og Lovvedtak 25 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Klarlegging av identitet

Vedtak nr. 208, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen stille de samme krav til klarlegging av identitet for permanent oppholdstillatelse og familieetablering som for statsborgerskap.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Vedtaket inneber at søkaren som hovudregel må leggje fram originalt pass eller eit anna identitetsdokument med tilstrekkeleg notoritet. Dette krev truleg lovendring. Departementet er i gang med å greie ut konsekvensane, med sikte på høyring i 2023.

Skjerping av underhaldskravet

Vedtak nr. 209, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer i forskrift som sikrer selvforsørgelse gjennom en skjerping av underholdkravet samt vurdere mulig skjerping av bestemmelsen om tilknytningskravet i familieetableringssaker.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp gjennom forskriftsendring 28. juni 2021, ved at stønad etter integreringslova ikkje lenger kan reknast med som registrert inntekt ved vurderinga av om underhaldskravet er oppfylt.

Høgare straff for barn som gjer gjenteken kriminalitet

Vedtak nr. 443, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Vedtak nr. 446, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen i inneværende stortingsperiode legge fram tiltak og forslag til lovendringer for å øke omfanget av antallet inndragninger og gjøre det enklere for politiet å inndra verdier som er tilegnet gjennom kriminelle handlinger, både gjennom sivilrettslig inndragning og i straffesaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa Solberg fremma 24. september 2021 ei rekkje forslag til endringar som bidrar til eit meir effektivt og pedagogisk regelverk om inndraging, sjå Prop. 241 L (2020–2021). Forslaga i Prop. 241 L (2020–2021) vart vedtekne av Stortinget i april 2022, jf. lov 8. april 2022 nr. 22, og tredde i kraft 1. juli 2022. Forslaga følgjer opp delar av Straffelovrådet si utgreiing NOU 2020: 10, men fleire av forslaga i utgreiinga har det ikkje vore mogleg å følgje opp no. Årsaka er at fleire av forslaga har nær samanheng med ei tilleggsutgreiing som Straffelovrådet leverte 25. mai 2021, med høyringsfrist 25. oktober 2021. Regjeringa må derfor følgje opp desse forslaga i ein eigen lovproposisjon på eit seinare tidspunkt. Sjå Prop. 241 L (2020–2021) kap. 2 og 3 for nærmare detaljar om det vidare arbeidet.

Besøks- og opphaldsforbod

Vedtak nr. 447, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen foreslå å endre straffeprosesslovens bestemmelser om besøks- og oppholdsforbud, slik at de som begår kriminalitet i bestemte områder, kan nektes å oppholde seg i en større omkrets og i et betydelig tidsrom, samt vurdere bruk av elektronisk kontroll for å håndheve dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017 i tillegg til vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Straff for å la verdiane til gjengkriminelle stå i eige namn

Vedtak nr. 452, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om tillegg til straffelovens bestemmelser om inndragning av økonomisk utbytte, slik at det innføres aktsomhetsplikt med straffansvar for dem som lar gjengkriminelles verdier, biler, leiligheter m.m. stå i sitt navn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Straffelovrådet fekk i oppdrag å undersøke behovet for ein slik regel og å gi forslag til korleis han ev. kan bli utforma. Frist for oppdraget var 1. november 2021. Straffelovrådet påpeikar at straffelova § 337 første ledd bokstav a om kvitvasking rammar bistand til å sikre utbyte av ei straffbar handling for ein annan. Det å ta vare på utbyte for ein annan eller å la slikt utbyte stå i eige namn framfor namnet til lovbrytaren er altså allereie ramma av straffelovgivinga, med simpel aktløyse som skuldkrav, jf. straffelova § 340. Dette utgjer nettopp ei slik plikt til å vise aktsemd med straffeansvar som oppmodningsvedtaket spør etter. Plikta til å vise aktsemd gjeld generelt – også ved gjengtilknyting.

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Vedtak nr. 627, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Vedtak nr. 628, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Ny politihøgskule

Vedtak nr. 676, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen igangsette planleggingen av ny politihøgskole og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er oppheva, jf. Prop. 115 S (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022) frå finanskomiteen. Handlingsrommet i budsjetta framover er forventa å bli vesentleg redusert, samanlikna med kva ein er blitt vant til. Regjeringa har varsla at fleire store, offentlege byggjeprosjekt må reduserast i omfang eller utsetjast. Det er samstundes nødvendig å prioritere andre byggjeprosjekt i justissektoren framover framfor ny politihøgskule.

Gjenopning av arrestar

Vedtak nr. 680, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen gjenåpne de arrester der nedleggelser under politireformen har ført til at politiet i dag bruker uforholdsmessig mye tid på transport av fanger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen. jf. òg Meld. St. 4 (2021–2022) og Innst. 141 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Politidirektoratet har ikkje gjenopna arrestar som vart fasa ut i samband med politireforma, og vurderer at politiet ikkje nyttar uforholdsmessig mykje tid på transport av innsette. Det er politimeistrane sitt ansvar å nytte ressursane på best mogleg måte. Bruken av ressursane skjer etter ei heilskapleg vurdering der mange omsyn og forhold blir omhandla. Å drifte ein politiarrest krev like stor bemanning som døgnkontinuerleg drift av éin heil politipatrulje. I samband med større hendingar eller arrangement kan gamle, lokale arrestar opnast mellombels i inntil fire timar ved behov.

Nasjonalt våpenregister

Vedtak nr. 681, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt våpenregister som legges til Brønnøysundregistrene og til Nordland politidistrikt med forvaltning i Mosjøen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å setje i gang eit prosjekt for ny digital våpenforvaltning der dette oppmodingsvedtaket blir teke omsyn til. Det er inngått avtale mellom Politidirektoratet og Brønnøysundregistera for å utvikle ei digital løysing. Brønnøysundregistera har starta arbeidet nytt nasjonalt våpenregister. Politidirektoratet har starta arbeidet med å etablere nytt nasjonalt våpenkontor i Mosjøen.

Jf. oppmodingsvedtak nr. 778, 23. mars 2021.

Identitetsskjerming for polititilsette

Vedtak nr. 682, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Det er til vurdering om det bør setjast ned eit utval som skal vurdere identitetsskjerming av polititilsette.

Straff for å tvinge barn til utlandet

Vedtak nr. 712, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede straffeforbudet mot frihetsberøvelse i situasjoner hvor barn vil bli, eller allerede er, sendt til utlandet mot sin vilje, og fremme forslag til lovendringer som sikrer at påtvungne utenlandsopphold kan straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:137 S (2019–2020) og Innst. 269 S (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Sjå òg omtale under vedtak nr. 788, 29. mai 2018.

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Vedtak nr. 729, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal langtidsplan for beredskap, som ser beredskapsressursene nasjonalt og regionalt i en sammenheng og legger grunnlaget for konkrete planer for utbedringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølging av vedtaket vil bli vurdert i lys av arbeidet til totalberedskapskommisjonen. Kommisjonen vart nemnd opp i januar 2022, og skal levere arbeidet sitt våren 2023.

Totalberedskapsutval

Vedtak nr. 730, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen etablere et fast totalberedskapsutvalg som rapporterer til regjeringen hvert år, slik at man sikrer koordinert ledelse overordnet og på tvers. Og helhetlige og koordinerte trusselvurderinger. Både beredskapsmyndigheter, samfunnets organisasjoner og næringsliv skal være representert i utvalget.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølging av vedtaket vil bli vurdert i lys av arbeidet til totalberedskapskommisjonen. Kommisjonen vart nemnd opp i januar 2022, og skal levere arbeidet sitt våren 2023.

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Vedtak nr. 739, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av muligheten for tettere samarbeid med nordiske naboland knyttet til samfunnssikkerhet og beredskap, herunder felles sikkerhetsklarering, planverk på tvers av landegrensene og øvelser på tvers av landegrensene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølginga av dette arbeidet bør sjåast i samanheng med det nordiske Haga-samarbeidet som er i gang innan samfunnstryggleik. Det blir òg vist til samarbeid mellom situasjonssentra i dei nordiske landa. I Haga-samarbeidet blir det bl.a. gjennomført fellesnordiske øvinga, sivilt-militært samarbeid gjennom Haga-NORDEFCO samarbeidet, samarbeid om skog-/naturnaturbrannar, CBRNE og Nødkommunikasjon. Knytt til Haga utviklingsmål 2022 – 2024, er det i tillegg sett i verk førebuande samarbeid innan klimaendringar, tiltak etter læring fra Covid-19 og Host Nation Support, i tillegg til vidare utvikling av det sivil-militære samarbeidet (Haga-NORDEFCO) som er i gang. I lys av utviklinga i risikobiletet og erfaringane frå korona-pandemien, er de nordiske beredskapsstyresmaktene oppmoda om å gjennomgå felles avtalar, prosedyrar m.m., for å sikre at operativ støtte på tvers av grensene kan gjennomførast effektivt.

Når det gjeld spørsmålet om tryggingsklarering, finst det i dag tryggingsavtalar mellom Noreg og dei nordiske nabolanda som gjer det mogleg å utveksle gradert informasjon mellom landa, irekna å anerkjenne kvarandre sine tryggingsklareringar etter nærmare kriterium.

Sivilforsvaret

Vedtak nr. 740, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ruste Sivilforsvaret for fremtidens samfunnsbehov gjennom å utrede utvidet grunnutdanning og sette av midler over statsbudsjettet til oppdatert utstyr og flere øvelser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Sivilforsvaret er styrkt med til saman 89,8 mill. kroner i 2022, jf. Prop. 78 S (2021–2022). Dette vil bidra til å auke den operative evna til Sivilforsvaret. I tillegg til at store delar av utstyrsetterslepet er teke unna i 2021 og 2022.

Frivillige organisasjonar

Vedtak nr. 741, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at frivillige organisasjoner får dekket utgifter til abonnementskostnader for nødnetterminaler, og øke støtten til mer ressurser til utstyr og trening.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. I Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022) vart tilskottet til de frivillige organisasjonane i redningstenesta auka med 10,2 mill. kroner, for å dekke årlege drifts- og abonnementskostnader for 2 000 nye Nødnett-terminalar. Ein ytterlegare auke i løyvinga til meir ressursar til utstyr og trening må eventuelt vurderast i forbindelse med dei årlege budsjettframlegga.

Brann til sjøs

Vedtak nr. 742, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke Redningsselskapet og gjennomgå hvordan de kan bistå brann- og redningsetaten ved brann til sjøs.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Tilskotet til Redningsselskapet (RS) har hatt ein jamn og kraftig auke dei seinare åra, frå om lag 56 mill. kroner i 2013 til om lag 128 mill. kroner i 2021. Ytterlegare oppfølging av vedtaket blir vurdert.

Tilfluktsrom

Vedtak nr. 743, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan eksisterende tilfluktsrom i større grad kan benyttes slik at de holdes i stand samt inngår som en del av den nasjonale beredskapen i forbindelse med for eksempel migrasjon, pandemi eller forsyningskrise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. DSB har fått i oppdrag i tildelingsbrevet for 2022 å gjennomføra eit forprosjekt der dei ser på slike forhold. Forprosjektet skal ferdigstillast innan utgangen av 2022.

Objektsikring

Vedtak nr. 745, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen forsterke fysisk sikring av prioriterte objekter på grunnlag av trusselvurderinger og ROS-analyser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom arbeidet som er i gang med grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF). Dette arbeidet inkluderer bl.a. at det blir arbeidd systematisk med å leggje grunnlag for å gjennomføre nødvendig sikring av skjermingsverdige verdiar. I tillegg lagar DFØ og NSM i fellesskap ein rettleiar for utarbeiding av betre avgjerdsgrunnlag for objekt- og infrastruktursikring i investeringsprosjekt.

Kompetanseheving innanfor IKT-tryggleik

Vedtak nr. 746, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for økt kompetanseheving for ansatte i kommuner, stat og bedrifter innenfor IKT-sikkerhet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom fleire tiltak. I Prop. 78 S (2021–2022) er det òg gitt løyving til en befolkningskampanje som NorSIS vil gjennomføre på vegne av Justis- og beredskapsdepartementet hausten 2022. Kampanjen vil mellom anna inngå i den årlege tryggleiksmånaden – Nasjonal sikkerhetsmåned, der formålet er auka engasjement, medvit og kunnskap om digital tryggleik, i befolkninga og i verksemder. Justis- og beredskapsministeren og Kommunal- og distriktsministeren har møtt over 200 kommunar, der viktigheita av digital tryggleik vart formidla, og hvor det blei vist til nasjonale oppmodingar og råd. Samtlege departement er bedt om å kartlegge sikkerhetsfaglig kompetanse. Det er verksatt eit stortingsmeldingsarbeid, hvor departementet vil sjå på oppfølginga av Nasjonal strategi for digital trygleikskompetanse som vart lansert i 2019 i tett samarbeid med Kunnskapsdepartementet. Som ei oppfølging av kommunearrangementet i februar er det gitt midlar til arbeidet med digital tryggleik i kommunesektoren, slik at kommunane skal bli i betre stand til å oppdaga, førebyggja og handtera digitale angrep. Dette inkluderer å leggja til rette for at alle kommunar er tilknytta eit handterings-/responsmiljø.

Inkludering av frivillige organisasjonar i beredskapsplanar

Vedtak nr. 748, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at politi, statsforvalter og kommuner inkluderer frivillige organisasjoner i beredskapsplaner, at disse deltar på felles øvelser, samt at politiet forpliktes til å koordinere og ivareta samvirket mellom de ulike aktørene mellom hendelsene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Frivillige organisasjoner er ein sentral del av beredskapen i Norge, og dei blir inkluderte i beredskapsplanar og i øvingar. Dette blir bl.a. sikra annet gjennom Hovudredningssentralen sitt tilsyn med dei lokale redningssentralane i kvart politidistrikt, og gjennom statsforvaltaren sitt beredskapsansvar.

ADR-kontroll

Vedtak nr. 799, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å overføre myndighet til å gjennomføre ADR-kontroll til godkjente tungbilverksteder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2020–2021) og Innst. 311 S (2020–2021) frå transport- og kommunikasjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nasjonalt eigarskap og kontroll

Vedtak nr. 814, 20. april 2021

«Stortinget ber regjeringa sikre norsk eigarskap av kritisk infrastruktur og eigedom samt nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2020–2021) og Innst. 289 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Det er under arbeid ei melding til Stortinget som behandlar desse problemstillingane. Sjå òg vedtak 1040.

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Vedtak nr. 848, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Sjå elles omtalen av oppmodingsvedtak nr. 899 (2017–2018) nedanfor.

Vedtaket er under behandling.

Økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar

Vedtak 883, 6. mai 2021

«Stortinget ber regjeringa snarest utarbeide et forslag til ei økonomisk kompensasjonsordning for våpeneiere som blir ramma av et forbud med tilbakevirkende kraft mot enkelte våpentyper, og komme tilbake til Stortinget med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:103 S (2020–2021) og Innst. 346 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det er oppretta ei ordning for mellombels destruksjonspant i perioden 2022–2024, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 6 S (2021–2022). Våpeneigarar som er ramma av forbodet, blir gitt ein eingongssum på 4 000 kroner per innlevert våpen, uavhengig av alder og tilstand på våpenet. Frå og med 1. juni 2024 vil det vere forbode å eige slike våpen, og ordninga fell bort.

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Vedtak nr. 928, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige endringer i annen lovgivning som følge av ny sivilombudslov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 21 (2020–2021), kap. 10 og Innst. 409 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp gjennom lovproposisjon i 2022.

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Vedtak nr. 983, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggingslova og evaluering av tryggleiksforståing

Vedtak nr. 1038, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre og legge frem for Stortinget på egnet måte:
en kartlegging av sikkerhetskompetansen i alle departementer
en gjennomgang utført av et offentlig utnevnt ekspertutvalg av sikkerhetslovens anvendelse, herunder mulige sårbarheter, ansvarsfordeling, status for departementenes listeføring av virksomheter som helt eller delvis skal omfattes av sikkerhetsloven
en evaluering av hvordan sikkerhetsforståelse i departementene etableres og samarbeid mellom departementene blir sikret.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er behandlinga av innstillinga frå utanriks- og forsvarskomiteen om Redegjørelse av justis- og beredskapsministeren om planlagt salg av Bergen Engines AS, jf. Innst. 503 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Vedtak nr. 1040, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om hvordan Norge kan sikre nasjonalt eierskap og kontroll over strategisk viktige bedrifter, naturressurser, infrastrukturer og teknologier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:153 S (2020–2021) og Innst. 504 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Det er under arbeid ei melding til Stortinget som behandlar desse problemstillingane. Sjå òg vedtak 814.

Nytt Oslo fengsel

Vedtak nr. 1041, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med forslag vedrørende nytt Oslo fengsel.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:142 S (2020–2021) og Innst. 470 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. For å sikre snarleg erstatningskapasitet for nokre av plassane for Oslo fengsel foreslår regjeringa å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling med netto 76 plassar. Departementet vil komme tilbake med forslag for lokalisering av nye fengselsplassar til erstatning for fengselsplassane ved Oslo fengsel.

Forfølging av narkotikalovbrot i nødssituasjonar

Vedtak nr. 1115, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at politiet ikke straffeforfølger overtredelse av legemiddelloven § 24 første ledd, der overtreder yter assistanse eller tilkaller nødetater i akutte nødssituasjoner, eller der en slik overtredelse avdekkes hos fornærmede ved anmeldelse av andre straffbare forhold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021) og Innst. 612 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Departementet har vore i dialog med Riksadvokaten, som peikar på at dei resultata Stortinget ønskjer, langt på veg følgjer av eksisterande reglar, føringar og praksis. Riksadvokaten vil klargjere dette for politiet på eigna måte.

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Vedtak nr. 1116, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at opplysninger i reaksjonsregisteret om personer som er ilagt strafferettslige reaksjoner for bruk og besittelse av narkotika til eget bruk, sperres etter tre år. Sperring forutsetter at det ikke er registrert flere straffbare forhold i den aktuelle perioden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Forslag til nødvendige regelverksendringar (endringar i politiregisterforskrifta) har vore på høyring.

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Vedtak nr. 1117, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at samfunnets reaksjoner i forbindelse med problematisk bruk av rusmidler er forholdsmessige, og kan knyttes til rusbruken. Stortinget ber regjeringen særlig gjennomgå praksis med tap av førerrett i tilfeller der man ikke ser noen sammenheng mellom personens bruk av rusmidler og føring av motorvogn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50, 3. november 2020.

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Vedtak nr. 1161, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med strengere regler dersom det nye regelverket ikke i tilstrekkelig grad hindrer etableringer av internasjonale kriminelle gjenger og mafiaorganisasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Vedtak nr. 1343, 18. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av om det bør innføres en kompensasjonsordning for tapt arbeidsfortjestene for frivillige som blir anmodet av nødetatene om å bistå i redningsoppdrag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det vil krevje ei utgreiing før ein får oversikt og kunnskap om kva eit slikt tiltak vil bety for redningstenesta, og kva utgiftene vil vere for staten. Departementet har førebels ikkje teke stilling til om ei slik utgreiing skal setjast i verk. Det er både fordelar og ulemper med å innføre ei kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane held oppe og styrker posisjonen sin innanfor norsk redningsberedskap (sjå òg Meld. St. 10 (2016–2017)). Samstundes bør det vere eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar.

7.3 Stortingssesjon 2019–2020

Elektroniske fraktbrev

Vedtak nr. 436, 31. mars 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at nye elektroniske fraktbrev som er planlagt i CRM-direktivet, gjøres obligatoriske.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 LS (2019–2020) og Innst. 214 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Reklamasjonsfrist bustader

Vedtak nr. 515, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019), Innst. 171 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Lovforslag for å sikre deling av registerinformasjon

Vedtak nr. 669, 10. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å sikre at relevant registerinformasjon deles mellom offentlige forvaltningsorgan for å avdekke og forhindre kriminalitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2019–2020) og Innst. 342 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgt opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18. juni 2021 nr. 127. Førebygging og avdekking av kriminalitet var sentrale omsyn som låg til grunn for forslaget. Ny § 13 g i forvaltningslova gir heimel til å gi forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til givar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gi forskrifter om dei emna som er nemnde i vedtaket.

7.4 Stortingssesjon 2018–2019

Rettshjelpsordninga

Vedtak nr. 98, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med den pågående utredningen av rettshjelpsordningen komme tilbake til Stortinget med tiltak i oppfølgingen av denne for å gjøre ordningen betre, mer effektiv og treffsikker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2017–2018) og Innst. 71 S (2018–2019).

Vedtaket er under behandling. Regjeringa sette i oktober 2018 ned eit offentleg utval som skulle gjennomgå rettshjelpsordninga. Utvalet leverte ei utgreiing 30. april 2020. Utvalet foreslår ei reform av rettshjelpsordninga og ein ny lov om støtte til rettshjelp. Forslaget inneber at fleire personar vil bli omfatta av ordninga, men med betydeleg bruk av eigendelar tilpassa betalingsevna til mottakaren. Utgreiinga har vore på høyring og er no til oppfølging i departementet. Frå og med 1. januar 2022 vart inntektsgrensene for fri rettshjelp heva med ca. 30 pst.

Sjå omtale under programkategori 06.70.

7.5 Stortingssesjon 2017–2018

Alternativ til fengsling av barn

Vedtak nr. 539, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge fram forslag til flere alternativer til å fengsle barn i forbindelse med uttransportering etter utlendingsloven.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Departementet sende ei utgreiing og forslag til endringar i utlendingslova på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått reglar for meldeplikt mv. som eit alternativ til internering av barn. Departementet har følgt opp vedtaket i Prop. 137 L (2021–2022) «Endringer i utlendingsloven (visitasjon og undersøkelse i forbindelse med registrering av søknad om beskyttelse mv.)», sendt over til Stortinget 22. juni 2022. Det blir ikkje fremma nye lovforslag. Departementet har ikkje identifisert målretta og formålstenlege tiltak som kan tilrådast på fagleg grunnlag.

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 540, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det snarest etableres reelle alternativer til frihetsberøvelse av enslige mindreårige asylsøkere, som ivaretar hensynet til barnets beste.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Justis- og beredskapsdepartementet sende 18. desember 2019 på høyring ei utgreiing om alternativ til fridomskrenking av mindreårige og forslag moglege endringar i utlendingslova. I høyringa peika fleire av høyringsinstansane på at alternativa som blir skisserte, er få og til dels lite treffsikre. Det kom heller ikkje nokon nye forslag til lovendringar.

Det er ein svært høg terskel for å internere barn, og det blir gjort som ein absolutt siste utveg. I åra 2019 t.o.m. 2021 har ingen einslege mindreårige vore internert på Haraldvangen familiesenter. Samstundes må det framleis vere ein tilgang til å internere einslege mindreårige asylsøkarar i samband med uttransportering, der dette er absolutt nødvendig. Dette er òg i samsvar med dei internasjonale forpliktingane til Noreg, irekna returdirektivet. Regjeringa foreslår at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Vedtak nr. 541, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) som et alternativ til frihetsberøvelse som internering av barnefamilier som skal tvangsreturneres, slik at frihetsberøvelse av barnefamilier bare benyttes som en siste utvei når andre alternativer er utprøvd eller vurdert. Der myndighetene kommer til at frihetsberøvelse er nødvendig, etter å ha prøvd eller vurdert andre alternativer, skal frihetsberøvelsen skje på et eget barne- og familieinternat som er familie- og barnevennlig, og som ivaretar barnets behov. Det fremmes en sak for Stortinget snarest mulig.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Det er etablert ei eiga barne- og familieeining (Haraldvangen) til bruk for både barnefamiliar og einslege mindreårige. Politidirektoratet gjennomførte i 2018 ei utgreiing for departementet. Departementet sende eit forslag på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått reglar for meldeplikt m.m. som eit alternativ til internering av barn. Det vart òg gjort greie for bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) utan at det vart foreslått å gjennomføre. Departementet har følgt opp vedtaket i Prop. 137 L (2021–2022) Endringer i utlendingsloven (visitasjon og undersøkelse i forbindelse med registrering av søknad om beskyttelse mv.), send over til Stortinget 22. juni 2022. Det blir ikkje fremma nye lovforslag. Departementet har ikkje identifisert målretta og formålstenlege tiltak som kan tilrådast på fagleg grunnlag.

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er under behandling. Eit eksternt juridisk utval har fått i oppdrag å drøfte dei samla juridiske problemstillingane i saker om negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald og vurdere om lovgivinga er god nok. Eit av spørsmåla utvalet skal sjå nærmare på, er korleis ein kan klargjere grensene for straffeansvaret i tilfelle der foreldre sender barn på utanlandsopphald mot barna sin vilje. Utvalet skal levere utgreiinga si 30. juni 2023.

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. NOVA/OsloMet har på oppdrag frå Politidirektoratet evaluert ordninga med barnehusa. Evalueringsrapporten var ferdig i januar 2022 og den har mellom anna sett på behovet for ei eiga barnehuslov. Anbefalingane frå NOVA/OsloMet inneber bl.a. å hente inn informasjon om erfaringar i andre land med lovfesting, og avklaring av vesentlege rettslege problemstillingar som gjeld barnehusverksemd. Departementet vil vurdere tilrådingane i evalueringsrapporten som eit ledd i arbeidet med opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Opptrappingsplanen skal ferdigstillast i 2023.

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Vedtak nr. 798, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede, for så å fremme et lovforslag, for å revidere og samordne regelverket knyttet til taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett, herunder reglene om samarbeid mellom ulike tjenester og etater, samt reglene om samtykke, slik at flere saker som gjelder vold og overgrep, vil kunne avdekkes og følges opp på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgt opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18. juni 2021 nr. 127. Ny § 13 g i forvaltningslova gir heimel til å gi forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til givar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gi forskrifter om emna som er nemnde i vedtaket.

Vidare har ei utgreiing som i eit heilskapleg perspektiv tek for seg emna teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett innanfor det offentlege, og som utgjer eit utkast til ei praktisk oppbygd og autoritativ rettleiing til bruk på tvers av ulike sektorar, vore på høyring. Høyringa blir følgd opp, og den endelege rettleiinga skal liggje føre hausten 2022. Det skal her slåast tydeleg fast korleis regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett skal forståast og praktiserast, og ein heilt sentral faktor som låg til grunn for dette arbeidet, var arbeidet mot vald og andre overgrep som rammar barn og unge.

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Vedtak nr. 899, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 377 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med meldinga pågår, sjå omtalen av oppmodingsvedtak nr. 894 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kulturdepartementet. Verjemål blir behandla i meldinga i samsvar med ordlyden i oppmodingsvedtaket.

Stortinget har i tillegg bede om at regjeringa skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga og fremme forslag til lovendringar som styrker og forbetrar ho, jf. vedtak nr. 848, 27. april 2021. Justis- og beredskapsdepartementet fremma hausten 2022 forslag til endringar i verjemålslova som tek sikte på å presisere tydinga og rekkevidda av sjølvråderetten, blant anna i lys av Noregs menneskerettslege plikter. Føremålet med endringane er først og fremst å tydeleggjere alminneleg verjemål som eit frivillig støttetiltak. Departementet held fram arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga.

7.6 Stortingssesjon 2016–2017

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om utvida ansvar selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og å komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021 og send på høyring 12. oktober 2021, med høyringsfrist 11. januar 2022.

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 630, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide muligheten til å ilegge omvendt voldsalarm til blant annet til tilfeller ved brudd på besøksforbud.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale under vedtak nr. 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020 og vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Besøksforbod

Vedtak nr. 631, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020 og vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Omvend valdsalarm

Vedtak nr. 1043, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:108 S (2016–2017), om å styrke oppfølginga i reetableringsfasen for personar som er utsette for vald i nære relasjonar, og Innst. 475 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er òg vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod etter straffeprosesslova og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020 og dessutan vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

7.7 Stortingssesjon 2015–2016

Tilsyn med drift av asylmottak

Vedtak nr. 921, 16. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen etablere en uavhengig tilsynsordning for asylmottaksdrift.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 30 (2015–2016) og Innst. 399 S (2015–2016).

Vedtaket er følgt opp. Det er oppretta ei tilsynsordning med omsorga for einslege mindreårige som bur i asylmottak, jf. Prop. 80 L (2021–2021) og Innst. 402 L (2021–2022). Tilsynsordninga tok til å gjelde 1. juli 2022. Statsforvaltaren er tilsynsmakt, jf. utlendingslova § 95.

Til forsiden